Hjarteleg takk til Grethe for flotte opplysningar om denne huslyden!Eg har no gått gjennom desse ''barneflokkane'' og ogso lese vidare i dei kyrkjebøkene som Einar Benjaminsen ikkje har lagt ut i databaseform i Digitalarkivet. Soleis trur eg at dei fleste barneborni til Thomas er ''oppdaga'', og eg saknar berre dødsfalli til born og svigerborn av Thomas.Her følgjer eit oppdatert manuskript:~~~~~~~~~~~~~~Thomas Hess von Krogh Johannesson, f. i Hafslo 22.9.1827, flytte i ung alder til Nordland og gifte seg i Flakstad 7.9.1855 med Karen Pernille Johnsdotter frå Næss i Flakstad. Ho var dotter av gardbrukar John Fredrik Johnson på Næss og kona Johanna Johannesdotter fr?¤¤¤ (kvar gard var ho ifrå?)og f. i Flakstad 26.3.1828. Thomas og Karen vart gardbrukarar på Hermansdal i Flakstad, men flytte sidan til Rostad i Flakstad der Thomas d. som gardbrukar 14.8.1896. Kyrkjeboki fortel at han datt utfor eit fjell og miste livet. Karen d. som enkje på Rostad 28.2.1904. Dei fekk fem born i lag, men Karen fekk òg ein son med svogeren Einer:a. Tortin Johan Krans Thomassen, f. i Flakstad 23.1.1857, d. i Flakstad 13.2.1857.b. Jørgine Lorentine Krom Thomassen, f. i Flakstad 13.2.1859, d. som fiskarenkje på Reine i Flakstad (Moskenes) 28.4.1952. Jørgine gifte seg i Flakstad 7.10.1877 med Fredrik Gudmanson Myhre, opphavleg frå Molde, men oppvoksen i Bergen. Han var f. i Molde 22.10.1851 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1900!)Fredrik var fiskar, og han og Jørgine var dessutan gardbrukarar på Hermansdal i Flakstad.¤¤¤¤¤ (flytte dei sidan til Reine?)Dei fekk åtte born i lag, men Jørgine hadde òg ein son frå før.c. Tortin Johan Krans Einarsen, son av Karen og svogeren, gardbrukar Einar Johannessen på Lad i Hafslo sokn, Hafslo (1825-1878), var f. i Flakstad 23.5.1862 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1900!)Han gifte seg i Moskenes, Flakstad 28.9.1885 med Atalia Andreasdotter frå ein plass under Blikenget i Namsos. Ho var f. i Namsos 30.8.1863 og d. som gardbrukarkone på Hermansdal 12.3.1894. Tortin var fiskar, og han og Atalia var gardbrukarar på Hermansdal i Flakstad, men som enkjemann flytte Tortin til Rostad i Flakstad der han livnærte seg som strandsitjar. Han og Atalia fekk fem born i lag.d. Karoline Marie, kjend som Marie Thomassen, f. i Flakstad 20.3.1864, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1900!)Marie gifte seg i Moskenes, Flakstad 11.10.1881 med Johan Mathias Andreas Eilertsen, f. på Horseide i Flakstad 17.9.1853. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1900!)Johan var fiskar, og han og Marie var dessutan gardbrukarar på Horseide i Flakstad. Dei fekk ni born i lag.e. John Johan Frithjof, kjend som Johan Thomassen, f. i Flakstad 1.2.1866, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1912!)Han gifte seg i Moskenes, Flakstad 6.9.1891 med Trine Bergitte Andersen frå Rostad i Flakstad. Ho var f. på Bunes i Flakstad 4.12.1872 og d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1912!)Johan var fiskar, og han og Trine var gardbrukarar på Rostad i Flakstad (Moskenes). Dei fekk seks born i lag.f. Ulrikke Leonora Thomassen, f. i Flakstad 12.3.1867, d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – etter 1911!)Ulrikke gifte seg i Flakstad 11.10.1889 med Peter Mathias, kjend som Mathias Johansen, f. på Skjelfjord i Flakstad 17.8.1862, men oppvoksen på plassen Haugen under Selfjord. Han d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans? – etter 1911!)Mathias var fiskar, og han og Ulrikke var dessutan gardbrukarar på Selfjord i Flakstad. Dei fekk fem born i lag.~~~~~~~~~~~~~~Eg takkar på ny for alle ekstraopplysningar som nokon kan hjelpa meg med!Med venleg helsing,Lars E. Øyane