Hjarteleg takk til Torbjørn for kommentarane om Hyllestad, som vel stemmer bra med kva eg òg har bragt i erfaring.
Det som for ein «utlending» gjer dette so komplisert, er at ein ikkje har fullt oversyn over geografien i dette området, at til dømes Vik, Gulen og Askvoll var tre naboprestegjeld like fram til 1807, og so denne «fram og attende» flyttingi av Kvamsøy, Kyrkjebø, Lavik, Bø og Øn sokner... I tillegg kjem utfordringi med at ein del av Gulen høyrde til Nordhordland...
Difor er det ofte òg so vanskeleg å vita kvar ein skal leita etter dei ulike datoane...
Men med omsyn til Hans Knutson og huslyden hans, so bør vel normalt alle dødsfalli her etter 1765 vera registrerte i gamle Eivindvik prestegjeld, ja bortsett ifrå Martha Hansdotter og Elling Gregoriusson, som vil vera i Askvoll(!). Dødsåret til Elling må vel forresten vera 1848 i staden for 1849. Jordfestingi var rett nok 10.3.1849, men ser me på døds- og gravferdsdatoane, ligg desse i mai, so då må dei jo skriva seg frå året før:
https://media.digitalarkivet.no/view/1974/74
Elles har eg no i dag blatt meg igjennom dødsfalli i Askvoll frå 1825 til 1865. Det næraste eg kjem Martha Hansdotter er denne som er kalla kårkone i Yttrefjorden og som døydde 20.11.1860, men ho var «berre» 88 år - skulle ha vore 96!
https://media.digitalarkivet.no/view/1974/111
Men ved oppslag i bygdeboki under Yttrefjorden ser eg at ho var gift med ein brukar der!
So me er like langt...
Men kva med dei to «kandidatane» for Hans Knutson som eg fann avlidne i Gulen? Kan ein av dei vera han som i 1794 er omskriven slm busett på «Sulelandet»?
Ved oppslag i Gulen-bøkene ser eg at Hans Knutson Kjellevoll var derifrå og budde der heile livet, so han kan det ikkje vera. Derimot finn eg ingen Hans Knutson under Rise (Risen) i Gulen, so kanskje er det «vår» Hans som har tilbragt «livskvelden» sin der?
Eg takkar å ny for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!