Christopher Olson, som skal ha vore veteran frå den store nordiske krigen, var visstnok fødd på husmannsplassen Slottet under garden Tandla i Gaupne sokn i Luster kring 1682. Han gifte seg første gongen kring 1724 men Martha Narvesdotter frå plassen Stein under Fuhr i Luster, fødd kring 1705. Dei fekk bygsel på eit brukj på garden Bringe der Martha døydde alt kring 1729. So gifte Christopher seg straks att med Metta Tollefsdotter frå Haganes, fødd kring 1711. Men dette gjekk ikkje so bra! Alt kring 1734 vert det fortalt at Christopher «gjekk frå gard og grunn», samstundes som han skulda kona Metta for å ha vore utru mot han!
Me høyrer ikkje meir om saki, men Christopher er nok avliden, for i 1750 gifte Metta seg att med Asbjørn Østensoj i Skår i Luster og flytte dit.
Christiopher og Metta hadde to born i lag, og dei vart buande i lag med mori i Luster, men so hadde Christopher tre gutar frå første ekteskapet med Martyha Narvesdotter, og her er det me finn dei store utfordringane:
* Trond Christopherson, fødd i Luster kring 1724, budde i 1734 hjå Johannes Kolstad i Luster, som visstnok var formyndaren hans, men det er òg det siste me ser til Trond i Luster.
* Halvor Christopherson, fødd i Luster kring 1726, budde endå so seint som i 1741 hjå formyndaren sin, Erik Alme i Luster, men sidan høyrer me heller ikkje meir til han i Luster!
* Peder Christopherson, fødd i Luster kring 1728, budde i 1735 hjå formyndaren sin, Johannes Berge i Luster, men det er det siste me høyrer om han i Luster.
Ingen av gutane vart konfirmerte i Luster, so dei må vera flytte før dei kom i den alderen...! Men kvar?? Dei mest relevante alternativi er vel Bergen, ytre Sogn eller kanskje Gudbrandsdalen? Eller reiste dei nordover til Møre og Romnsdal eller Nordland?
Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!