Dokumentet frå 1878 er det same som i panteboka, med eit avvik og eit tillegg:
Panteboka: (etter "Udmundingen" osv.)
"og derfra fortsætte det i samme Retning til Skomo-
mærket. "
Skøytet (fotografert dokument, pdf-fil:
"og derfra fortsætte det i samme Retning til Salbo-mær[ket]. [ ] er utanfor fotografikanten.
Det er rimelegvis det siste som er rett (altså der linja i den utpeika retninga når grensa for grannegarden "Salbo").
Og så er det lagt til (s. 3) "Thinglæst den 0 September 1878 inden Retten ved
Høstthinget for Brønø Thinglag. Extraheret
og indført i Pantebog No 14.
Herfor 12 - tolv - Kroner. Betalt.
R Erlandsen"
Skøytet frå 1918 gjev ikkje grenser, men viser til forretninga i 1878 og ei ny frådeling (frå Lnr 169b/bnr.2);
men denne vil heller ikkje seie noko om grensa mot bnr.1/Lnr. 169a.
Grensespørsmål kan fort verte advokatmat ... - men når det står at grenselinja ("Mærket") går frå
eit visst punkt "til Udmundingen af Skomovigvandet", så vil det rimelegvis vere eit punkt på djupålen i
elva.
https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1940-03-15-3 (§ 2)
Det kan vere eit spørsmål kvar langs djupålen, "udmundingen" er - altså kvar vatnet sluttar og elva byrjar; og det
finst det sikkert ein rettspraksis for.
Og så har vi det interessante punktet, §6: grensa vert ikkje endra for om djupålen flyttar seg.
På den andre sida: korleis dokumentere kvar djupålen gjekk i 1878 ...?