Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'arkansas'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 2 resultater

  1. Dette emnet gjeld ei svigerinne til Walter Mikesell som vert drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/223612-walter-mikesell-avliden-i-missouri-i-1953-var-gift-med-norske-ragnhild-krogen-«lena-crogan»-kven-kan-denne-mannen-vera-og-kva-tidkvar-gifte-han-seg-med-lena-ei-amerikansk-utfordring/ Christen Olson Krogen (1844) og kona Sophie Ellingsdotter Talle (1834), båe frå Luster, utvandra til Amerika i 1866 og busette seg i McFarland, Dane Co., WI der dei båe skal vera avlidne i året 1880 (ikkje stadfesta!). Dei lét etter seg sju born i alderen 4-15 år, som truleg voks opp hjå dei to søskeni som faren hadde i Grant Co., WI,.. Mellom desse borni var: Anna Christine Krogen, fødd i Dane Co., WI 14.11.1872. Ho tok i ung alder namnet Tina eller Tena Crogan, og i 1900 finn me ho som hotellarbeidar i lag med to av søstrene (mellom anna Lena Crogan Mikesell) i Mason City, Cerro Gordo Co., IA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6PCH-GGH Tina og søsteri er nemnde i city directories frå Mason City, IA i fleire år, men forsvinn so frå Mason City, for på ny å dukka opp der kring 1913. I 1915 forsvinn båe søstrene på ny, og me veit at Lena i 1916 gifte seg i Sapulpa, OK med Walter Mikesell. I 1920 dukkar dei to søstrene opp i lag på ein farm i Springdale township, Washington Co., AR: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6C-V3P Då legg me merke til at Tina Crogan er oppført som DIVORCED. Ifølgje slekt skal Tina ha butt i lag med Lena Mikesell i mange år og dei meinte Tina òg skulle vera flytt til Sheldon, Vernon Co., MO, men eg kan ikkje sjå noko til Tina der og finn heller ikkje nokon dødsattest for ho i Missouri! Eg har ein gong sett ein kort obituary for Lena Mikesell frå 1950, og då er Tina IKKJE nemnd, so ho må med andre ord vera avlidi mellom 1920 og 1950! Dersom det stemmer at Tina var skild før 1920, vil eg tru at ekteskapet hennar kan ha vore inngått ein gong mellom 1900 og 1913, og at ho tok attende jentenamnet sitt då ho vart skild og på ny dukka opp i Mason City, IA på den tidi!? To store utfordringar kjem ut av dette emnet: ** Opplysningar om ekteskapet til Tina Crogan? Kanskje finst ho i FT1910 som kona til ein eller annan...? ** Opplysningar om dødsfallet til Tina Crogan - mellom 1920 og 1950? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Gena Julia, kjend som Julia Benton (namn frå ein husmannsplass kalla Bentehilleren i Luster!), fødd i Fillmore Co., MN 11.9.1872, gifte seg i Fillmore Co., MN 20.6.1905 med: Charles L. Johnson - fødd i Noreg kring 1868 - utvandra i 1869 * busett 1910 med kona Julia i Lanesboro, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ1-WX5 * busett 1920 med kona Julia i Lanesboro, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNN-DKP Men so døydde Julia i Lanesboro, MN 6.8.1920, og slekti fortel meg at Charles då pakka sakene sine og dro til ARKANSAS! Er det mogeleg ut ifrå desse spinkle opplysningane å finna ut: ** Kven var Charles L. Johnson - norsk namn? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Utvandringsåret? ** Kven var foreldri hans - namn, yrke, bustad og opphav? ** Og endeleg, kva lagnad fekk Charles etter han dro frå Lanesboro, MN? Eg veit dette er ei ganske so utfordrande sak å løysa, men om nokon greier det, so har eg klokketru på dykk i Brukarforum! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.