Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'dna'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 19 resultater

  1. Eg vert alltid forundra når eg kjem over diskusjonar som dette i dag, både her på Brukarforumet og (som i dette tilfellet) hjå Slekt og data, jf. desse trådane (som bør konsulterast før ein les vidare): https://slektogdata.no/slektsforum/viewtopic.php?p=825026 Eg spør meg: Har ikkje folk oppdaga DNA-testing? Slike spørsmål som dette er «midt i blinken» for hypotetisk-deduktiv forsking med hjelp av DNA-testing av etterkomarar. Serleg i tilfelle som dette, når farskapet er so pass langt framme i tida, er DNA-testing eit kraftfullt verkty for å testa ulike hypotesar, av den enkle grunn at det går spill levande menneske rundt oss i dag med lykelen til desse «mysteria», i DNA-et sitt. I denne saka kunne ein t.d. fyrst freista å lokalisera etterkomarar av nokre av dei uektefødde borna åt denne skomakaren Ola Andersson Furu og testa om det dreiar seg om same mann. Det ville koma greitt fram jamvel av ein enkel autosomal test. Det beste ville vera om ein fann etterkomarar i mannslina, slik at ein kunne få fram Y-DNA-et åt barnefaren. Ein kunne so gå vidare med å testa skyldfolk langs mannslinene åt dei kandidatane som ein har lokalisert i Sunndalen, og sjølvsagt byrja med den mest opplagde kandidaten (ikkje amtmannen og heller ikkje dei som reiste til Tromsø). I beste fall kunne ein greia seg med ein par–tre Y-DNA-testar – og vipps, so har ein løyst gåta! Ikkje meir desperat leiting i kjeldene, ikke fleire endelause diskusjonar. Det gjeld noko so enkelt som å tilpassa verktya sine og kjeldebruket til det ein vil finna ut. DNA er i dag ei genealogisk kjelde på lik line med kyrkjebøker og skifteprotokollar. Og nei, det er ikkje slik at «alle i bygda» har det same (Y-)DNA-et, og at det difor er nyttelaust. Gjennom avansert testing kan ein skilja dei fleste dokumenterte mannsliner frå kvarandre. Og som «DNA-jeger» Peter Sjölund plar seia i fjernsynsruta: «DNA lyg ikkje» – det er vel eit udelt gode? Det er på høg tid at ein større del av det slektsforskande Noreg legg frå seg alle fordomar mot DNA-testing – som ofte botnar i at ein ikkje har sett seg ordentleg inn i kor nyttig det er – og i staden vert med på den nasjonale dugnaden det er å få kartlagt mest mogeleg av DNA-et i norske ætteliner. Ein god stad å byrja er å taka ein Family Finder-test hjå firmaet FamilyTreeDNA, som òg tilbyd dei avgjerande Y-DNA- og mitokondrielle testene (eller mannsline- og kvinnelinetestar), som dei er åleine om. Altfor mange testar seg hjå MyHeritage, som er betre på å marknadsføra seg, men det stengjer vegen vidare for dei mest interessante DNA-testane – og ein må eventuelt testa seg på nytt, hjå FamilyTreeDNA (derimot er det enkelt å overføra ein test frå FTDNA til MyHeritage). Om ein har foreldre i live, eller endå eldre slektninger, bør ein byrja med dei, for dei gjer det mogeleg å koma endå lenger attende i slekta. So bør alle melda testen sin (evt. testane sine) inn i Noregsprosjektet DNA, som sorterer og analyserer norske manns- og kvinneliner. Les «En appell til alle slektsgranskere» her: https://www.norwaydna.no/dna-dokumentasjonsprosjekt/ og sjå førebels resultat her: https://www.familytreedna.com/groups/norway/about Eg må heilt til slutt leggja til at eg faktisk har testa ein etterkomar i mannslina etter eitt av desse borna (Magnus, f. 1881), og det var grunnen til at eg kom borti desse diskusjonssidene. Eg visste ikkje at testpersonen hadde ei so usikker – og difor interessant – farsline, men ville testa honom av di me er skylde på morsida hans. Om det er nokon som kjenner seg kalla, er eg gjerne med på eit samarbeid om å lokalisera mogelege mottest-kandidatar! Klaus Johan Myrvoll, DNA-ættegranskar og medadministrator i Noregsprosjektet DNA
  2. Ove Gunnar Jacobsen

    Hva kan DNA bekrefte?

    Jeg har ingen kunskap om DNA. Spørsmålet dukket opp i forbindelse med Goro Povelsdatter om jeg treffer ved konfimasjonen. Har funnet en passende kandidat som døpes og figurerer i et skifte som 9 åring, og så tilsynelatene forsvinner uten å finnes som død. Jeg mener å ha funnet kandidatens morfar Knut. Vil DNA test av begge slektslinjene jeg har forsøkt å sette opp under eventuelt kunne fjerne spørsmåltegnene? Vil den "tverrgående" forbindelsen mellom Marit og Anders som er søskenbarn forstyrre resultatet? Knut Knuts barn Jon og Anne Jons sønn Knut Annes datter Goro, ?samme person? Goro Knuts sønn Jon Goros datter Anne Jons sønn Peder gift med Marit, søskenbarn til Anders Annes sønn Anders Peder og Marits barn Anne og Jon Anders sin datter Anne Gurine gift med Anders, Marits søskenbarn Flere etterkommere etter Anne og Jon Anne Gurines og Anders sin datter Olava Caroline Olava Carolines datter Anna Emilie Anna Emilies sønn, min far God helg!
  3. Tor Trondsen

    Urfolk og slekter

    I slekta mi har vi en noen øyesykdommer som har en høyere forekomst i urbefolkning i nord enn andre grupper og dette har naturligvis gjort meg nyskjerrig på om jeg har noen slektsgrener med røtter i urfolksgrupper i nord. Papirsporet har så langt ikke gitt noen svar på dette selv om vi har forfedre som kommer fra Trøndelag, Nordland, Troms og Nord-Sverige. Jeg har derfor lenge vært nysgjerrig på urfolksrettigheter og Nordkalottspørsmål. Dette har jo blitt svært aktuelt i det siste. I den forbindelse fikk jeg tilsendt et debattinnlegg fra avisen Sagat, i fra 2019. https://www.sagat.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=16194&fbclid=IwAR0PIll4S10HDicC9ieZRMsAIdodnVYf9nuC_ghlG0C9kLfubUKHA01xFWg Dette er jo politisk sett et minefelt og vepsebol, og jeg har ingen intensjon om å bære ved til det bålet i det hele tatt, men det klør likevel såpas mye i hjernen at jeg lurer på om det finnes hold i artikkelforfatterens påstander her? Finnes det noen kilder på dette som vil holde vann i en slektsforskerkontekst? Tor, Sola
  4. Eg freistar lokalisera agnatiske etterkomarar etter Iver Pederson Husum (1727-1818) - gardbrukar på Husum i Sogndal - jmf. følgjande manuskript: Kari Einersdotter (Tørvi), f. i Sogndal kring 1742, Kari Einersdotter gifte seg i Hafslo 25.6.1759 med Iver Pederson frå Ormelseng i Sogndal, f. i Sogndal kring 1727. Iver og Kari vart gardbrukarar på Husum i Sogndal der dei budde levetidi ut. Kari vart gravlagd frå Husum 14.3.1817, medan Iver vart gravlagd same staden 19.1.1818. Dei fekk elleve born - inkl. desse sønene: c. Peder Iverson d.e. (1763-1841), gardbrukar på Husum i Sogndal - ein einaste agnatisk soneson: Peder Lystrup Ellendson, kjend som Peder Lystrup Husum, f. i Sogndal 15.6.1846, flytte i 1867 til Bergen, men gifte seg i Birkelandskyrkja i Fana 23.10.1871 med Malena Nilsdotter Øvsttun, f. på Bratland i Fana 1.5.1851. Peder var militærkorporal, men vart sidan vegarbeidar og jarnbanearbeidar. På 1880-talet var dei nokre år gardbrukarar på Kolsete i Sogndal, men eller budde dei på Øvsttun i Fana der Malena d. 12.6.1893. Peder Husum d. same staden 9.5.1933. Dei fekk sju born i lag. f. Einer Iverson (1770-1834), gardbrukar på Husum i Sogndal 18.4.1834. Ein einaste son med kjend agnatisk etterslekt: Iver Einerson (1815-1867), var husmann på Skjeldestad i Sogndal - hadde søner Einer (1847), Ole (1852), Iver (1854 utv. 1878) og Skak (1859) g. Skak Iverson (1772-1826), vart gardbrukar på Hillestad i Hafslo - To søner med agnatisk etterslekt, alle i Amerika (sønesønene Henry Martin Hillestad (d. Albert Lea, MN 28.11.1957) og Samuel Start (d. Austin, MN 10.3.1933)) - OBITS? h. Erik Iverson (1774-1838), vart gardbrukar på Ølnes i Sogndal - hadde ein einaste son: Iver Erikson Mundahl, f. i Sogndal 22.9.1815, utvandra 1867 til Renville Co., MN der han d. 27.5.1893. Var gift og hadde fire born. j. Johannes Iverson, døypt i Sogndal 18.4.1779, d. som gardbrukar på Drege i Leikanger 23.6.1842. Johannes gifte seg i Leikanger 13.3.1814 m. Unni Sjursdotter frå Drege, døypt i Leikanger 24.6.1791. Ho d. som kårkone på Drege 1.12.1850. Johannes og Unni var gardbrukarar på Drege i Feios, Leikanger og fekk fem born i lag, men heile den agnatiske etterslekti deira synes vera i Amerika k. Peder Iverson d.y., døypt i Sogndal 11.5.1781, budde på Husum i Sogndal i 1801, men den seinare lagnaden hans er ukjend. Her burde det vera mogeleg å spora einskilde slekter. Eg veit ikkje kvar det vart av dei fire gutane frå Skjeldestad i Sogndal (sjå under f. over). Kanskje hamna dei alle i Amerika, men før me legg inn ein «offensiv» i Amerika, er det kanskje mogeleg å finna agnatsk etterslekt etter Peder Lystrup Husum i Bergen (1846-1933)? Han hadde i alle fall ein son med same namn; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01105551004180 Er me heldige, finn me agnatiske etterkomarar som har teke eller er interesserte i å ta ein Y-DNA-analyse? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Eg freistar lokalisera agnatiske etterkomarar etter sokneprest Jens Jensson Lemvig til Oppdal (1729-1792) - jmf. manuskript frå Gards- og Ættesoga for Luster - band II: Jens Jensson Lemvig, f. i Klæbu ?.6.1729, d. i Oppdal 6.2.1792. Jens gifte seg første gongen 15.1.1756 med Anna Bugge Knutsdotter Lem frå Trondheim. Ho var f. 2.9.1734, men d. i Oppdal alt 3.6.1773. Jens gifte seg so att 20.4.1774 med Rebekka Juliane Johansdotter Hammond, f. kring 1747. Ho d. i Oppdal 27.9.1792. Jens Lemvig var fleire år kapellan i Stjørdalen, men vart 8.7.1763 utnemnd som sokneprest til Oppdal, og der vart han altso buande levetidi ut. Han fekk i alt ti born; ein son var frå første ekteskapet, medan Rebekka vart mor til dei ni yngste. Knut Lemvig i Oppdal 1801 er nok eitt av dei ti borni: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058441002029 Er me heldige, finn me agnatiske etterkomarar som har teke eller er interesserte i å ta ein Y-DNA-analyse? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg freistar lokalisera agnatiske etterkomarar etter Johannes Pederson Lystrup - jmf. FT1910 for Christiania: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392088107 og FT1900 for Drammen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045128343 Her er minst tre søner, Peter, Hans og Johannes Jr., og er me heldige, finn me agnatiske etterkomarar som har teke eller er interesserte i å ta ein Y-DNA-analyse? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Frå ein slektning av meg i Amerika fekk i ettermiddag følgjande melding, som eg ikkje veit å svara på. Kanskje nokon andre har ei løysing? «Hi Lars, Hope all is well over there. I have a question for you. A woman notified me through 23&ME that she was adopted and knows nothing of her parentage. Through her DNA collection I am listed as her first cousin. Not sure the questions to ask her to help her discover more of her past. I have found in my Tree approximately where she fits (only 23&ME) by comparing DNA from discovered people in my Tree but not exact enough to find a parent. Any thoughts? Also of interest, while trying to help her another name popped up next to hers in the latest relative list. Another person that shows as my half sister. I messaged her and hers showed me as an uncle. A little checking on my part proved to her that I was in fact her half sister. Hope I am correct as she is recovering from the discovery and seems to be happy to learn more. Thats it for now, Cheers,» Hjarteleg takk på førehand for eventuelle kommentarar!
  8. Eg freistar finna det agnatiske opphavet til mormor mi, og i von om at ein eller annan har gjort ein DNA-analyse ser det ut til at ein av dei næraste grenene er mannlege etterkomarar etter: Erik Olson Narverud, fødd på Narverud, Lunder sokn, Norderhov 24.5.1823, som eldste son av Ole Erikson og Gunnhild Colbjørnsdotter, gardbrukarar på Narverud. Garden på Narverud vart i si tid delt mellom to brør, Erik og Colbjørn. Colbjørn var oldefar min, men han har ingen kjende agnatiske etterkomarar. Erik finn me att her: * FT1865 som ugift heime på hovudbruket: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038084001871 * FT1875 som ugift heime på hovudbruket: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052115009326 * FT1891 som gift og busett på eine helfti av garden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052782007817 * FT1900 som enkjemann på same helfti av garden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037110008170 Etter dei føreliggjande opplysningane kan det sjå ut som om Erik ikkje har etterkomarar i det heile, men sikre kan me jo ikkje vera. Kanskje hadde han nokon utanfor ekteskap? Elles lyt me kanskje gå endå ein generasjon attende? Ovannemnde Ole Erikson Narverud var fødd på Bjørke i Norderhov og døypt 1.12.1793 som son av Erik Haagenson og Ingeborg Stenersdotter, som sidan vart gardbrukarar på Narverud. Dei hadde to søner til utanom OIe som tydeleg levde opp: * Haagen Erikson, døypt i Norderhov 26.7.1801 * Stener Erikson, døypt i Norderhov 12.4.1806 - kanskje er det han som døydde på Snersrud i Krødsherad same året (mori var frå Snersrud!): https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001879262 Haagen Erikson ser eg derimot ikkje noko meir til, so kvar vart det av han? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Eg ættar ned frå ein Ole Olson som skal ha vore fødd i Norderhov i 1764 og levde som husmann i Hagen under Norderhov prestegard. Denne huslyden er drøfta i føgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/169934-ole-pederson-og-gudbjørg-iversdotter-vigde-i-norderhov-1764-opphavi-deira/ Dersom Ole høyrer til denne huslyden, hadde han mellom anna ein bror: Iver Olson, døypt i Skaustadeiget, Norderhov 12.11.1775, som gifte seg i Norderhov 23.7.1796 med Martha Engebretsdotter, fødd kring 1774. Desse budde som husmannsfolk på ein plass under Wiul i Norderhov og fekk desse borni: ** Christian Iverson, døypt 2.4.1797, vart gravlagd ?.10.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/95 ** Christiane Iversdotter, døypt 23.9.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/102 ** Inger Marie Iversdotter, døypt 8.3.1801: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/110 ** Engebret Iverson, døypt 25.7.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/113 ** Gulbrand Iverson, døypt 7.7.1805: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/123 ** Johan Iverson, døypt 16.1.1808: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/131 ** Christian Iverson, døypt 7.10.1810: https://media.digitalarkivet.no/view/8526/141 ** Marius Iverson, fødd 5.12.1816: https://media.digitalarkivet.no/view/8528/57 Eg har no fått tak i ein Y-DNA analyse for den agnatiske etterslekti etter Ole Olson, min stamfar, men då det framleis rår ein viss tvil om Ole verkeleg var son av Ole Pederson og Gudbjørg Iversdotter og bror av den nemnde Iver Olson i Wiuleiget, ønskjer eg å få dette stadfest gjennom ein tilsvarande Y-DNA analyse for agnatisk etterslekt etter den nemnde Iver Olson, og med fem søner som tydeleg levde opp, vonar eg det skal vera mogeleg å finna minst ein etterkommar for samanlikning av Y-DNA? Kan nokon hjelpa meg finna ut kvar det vart av dei fem sønene? * Engebret Iverson gifte seg i Norderhov 25.5.1827 med Maria Pedersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/425 FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=011&bnr=0006&lnr=000 søner: ** Peder, f. 12.7.1827 ** Iver, f. 12.10.1830 ** Lars, f. 13.4.1832 ** Johan, f. 17.12.1838 * Gulbrand Iverson gifte seg i Norderhov 3.3.1829 med Maren Larsdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/429 FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=007&bnr=0036&lnr=000 son: ** Iver, f. 23.12.1830 * Johan Iverson gifte seg i Norderhov 29.12.1831 med Kirsti Christiansdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8536/438 søner: ** Iver, f. 14.6.1832 ** Christian, f. 15.9.1834 ** Martin, f. 2.8.1843 * Christian Iverson gifte seg i Norderhov 28.12.1839 med Maren Andersdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/1111/309 FT1865: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0613&kenr=008&bnr=0042&lnr=000 son: ** Iver, f. 20.9.1845 * Marius Iverson finn eg ikkje mellom dei vigde i Norderhov. Her har me altso i alt NI sønesøner etter Iver Olson Wiuleiget - kan minst ein av desse sporast fram til i dag? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Frå ein slektning i Amerika med felles agnatisk opphav som mor mi har eg motteke ei lang lang liste med DNA-innførsler. Overskriften av dokumentet lyder slik: ~~~~~~~~~~~~ # This data file generated by 23andMe at: Wed Jan 13 17:18:59 2021 # # This file contains raw genotype data, including data that is not used in 23andMe reports. # This data has undergone a general quality review however only a subset of markers have been # individually validated for accuracy. As such, this data is suitable only for research, # educational, and informational use and not for medical or other use. # # Below is a text version of your data. Fields are TAB-separated # Each line corresponds to a single SNP. For each SNP, we provide its identifier # (an rsid or an internal id), its location on the reference human genome, and the # genotype call oriented with respect to the plus strand on the human reference sequence. # We are using reference human assembly build 37 (also known as Annotation Release 104). # Note that it is possible that data downloaded at different times may be different due to ongoing # improvements in our ability to call genotypes. More information about these changes can be found at: # https://you.23andme.com/p/70578f70fac27543/tools/data/download/ # # More information on reference human assembly builds: # https://www.ncbi.nlm.nih.gov/assembly/GCF_000001405.13/ # # rsid chromosome position genotype rs548049170 1 69869 TT rs9283150 1 565508 -- rs116587930 1 727841 GG rs3131972 1 752721 GG rs12184325 1 754105 CC rs12567639 1 756268 AA rs114525117 1 759036 GG rs12124819 1 776546 AG rs12127425 1 794332 GG rs79373928 1 801536 TT rs7538305 1 824398 AA rs28444699 1 830181 AA rs116452738 1 834830 GG rs72631887 1 835092 TT rs28678693 1 838665 TT rs4970382 1 840753 CT rs4475691 1 846808 CT rs72631889 1 851390 GG rs7537756 1 854250 GG rs13302982 1 861808 GG rs376747791 1 863130 AA ~~~~~~~~~~~~ Eg har her berre teke med dei første linjene - det må vera fleire tusen slike innførsler, men eg forstår ikkje bêret av dette! Frå ein kjenning i Noreg som har ganske god peiling på FTDNA, har eg motteke følgjande kommentar: «Det kan nok analyseres ved hjelp av et dataprogram, og det kan trolig hentes opp i andre Gen-programmer, slik som FTDNA, men dette er tydeligvis enkelte punkter i de autosomale genene, kromosom 1-22, pluss kanskje X-kromosomet.» Eg er absolutt på «botn-nivå» når det gjeld å forstå slike analyser, so no vonar eg at einkvan eventuelt kan hjelpa meg vidare? Eg oversender gjerne heile fili til dei som ønskjer det, om de tek kontakt pr. mail (lars@oyane.fr). Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Eg freistar finna det agnatiske opphavet til mor mi, og i von om at ein eller annan har gjort ein DNA-analyse ser det ut til at den næraste greini, er mannlege etterkomarar etter: Stener Olson (Folefoss) SVARVERUD, snikkar og gardbrukar på Svarverud i Norderhov, fødd på Gol 27.9.1857, men oppvaksen på plassen Folefoss under Trøgstad i Norderhov, gifte seg i Norderhov 26.2.1884 med Karen Marie Knutsdotter (Svarverud), fødd i Norderhov 7.3.1856. Stener var snikkar, og han og Karen tok over som gardbrukarar på Svarverud. Eg kjenner til desse borni etter dei: * Knut Oluf Stenerson Svarverud, f. Norderhov 9.12.1884 * Karen Birgitte Stenersdotter Svarverud, f. Norderhov 23.2.1887 * Iver Olaus Stenerson Svarverud, f. Norderhov 8.8.1889 - døydde 20.7.1975 og ligg gravlagd på Norderhov kyrkjegard! * Anna Hansine Stenersdotter Svarverud, f. Norderhov 5.2.1891 * Karl Sverre Stenerson Svarverud, f. Norderhov 9.1.1895 Her er huslyden i FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052782001075 Her er huslyden i FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037110001118 Her er huslyden i FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036462000064 No vonar eg det let seg gjera finna nolevande søner eller sønesøner etter Knut Oluf, Iver Olaus og/eller Karl Sverre Svarverud som kan ha teke ein DNA-test, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Eg freistar finna det agnatiske opphavet til mor mi, og i von om at ein eller annan har gjort ein DNA-analyse ser det ut til at ein av dei næraste greinene, er mannlege etterkomarar etter: Johan Christian Andersson, alias John C. IVERSON, son av Anders Iverson og Karen Kirstine Christiansdotter, i 1865 plassfolk på Utvedtbakken i Norderhov: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038084002734 Han var fødd på Hurum i Hole 26.1.1861, men utvandra til Amerika med foreldri sine kring 1866 og budde først i Fond du Lac Co., WI FT1870: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7163/images/4268459_00224?pId=8211520 Liktalen hennar frå Oshkosh, WI frå 1901 fortel oss at sonen John då budde i Glenwood, MN: https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/610392895:61843?indiv=try&o_vc=Record%3aOtherRecord&rhSource=7602 Og her finn me han att: FT1900: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120301_00109?pId=26887064 Han var tydeleg gift to gongar, første vigsli i Pope Co., MN 11.7.1887 med Amelia Benson: POPE C75 07/11/1887 IVERSON, JOHN BENSON, AMELIA Andre vigsli i Pope Co., MN 9.4.1900 med Mary Torguson: POPE E2 04/09/1900 IVERSON, JOHN C TORGUSON, MARY Meir ser eg ikkje til foreldri, og Orrin Iverson døydde i 1904. Berre sonen Hilmer Axel Iverson finn me att seinare som avliden 17.2.1950: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?dbid=60901&h=6619829&indiv=try&o_vc=Record:OtherRecord&rhSource=7884 Men kan henda var han ugift, sjå WW2 rec. frå 1942: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/44474_04_00015-00845?treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true&_ga=2.113040132.1632360155.1602372250-1442769865.1532627837&pId=17883140 Johan Christian hadde ein yngre bror Orin, fødd i Wisconsin kring 1871, men online family trees syner at han ikkje har agnatiske etterkomarar! So no vonare eg at einkvan kan hjelpa meg å eventuelt finna agnatisk etterslekt etter Hilmer Axel Iverson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Kong Olav den Digre, bedre kjent som Olav den Hellige DNA er nå kjent. Han tilhører på YDNA I-M170. På grunn av dårlig DNA kvalitet kunne man ikke se hvor mange undergrupper av I-M170. Dette er interessant funn fordi det tyder på at han ikke er av Ynglingeætten (mannslinje) når man sammenligner Olav Den Helliges DNA med etterkommere av Rurik.
  14. Jeg har slektforsket en del år og kjenner att jeg ikke kommer så mye lengre med de kildene som er tilgjengelige. En del skall kontrolleres, men ellers er det ikke så mye. Der jeg har stopp er det manglende kirkebøker og «uekte» barn som er problemet. Så for to år siden så bestilte jeg DNA test, både Y og Family Finder. Jeg har også lagt til mtDNA for å se om det løser noe på min mors side. Jeg er ikke interessert i etnisitet. Det jeg har fra min slektforskning gir meg veldig bra informasjon hvor hele min arvemasse kommer fra. Med DNA-resultatene overført til MyHeritage og Gedmatch har jeg nå drygt 6000 treffer. En del selvfølgelig duplikat, men jeg har jo en del å gjøre. Både min Y-test og mtDNA test er en stor skuffelse. Alle treffer er altfor langt tilbake for å gi resultat. Det blir jo sagt att Family Finder skall gi resultat minst fem generasjoner, men man kan ikke forvente seg så mye mer. Jeg mener nå att jeg har funnet en måte som passer meg for å finne felles slekt tilbake i tiden. På min farfars side hvor det er mange kjente navn er det flere på rundt 10 generasjoner. Nå sist ble det treff der eldste felles ane er Jon Trondsen Benkestokk og Birgitte Stenbock. Til samme person har jeg også en annen linje til Hieronymus Brüghman og Anne Sampson. Det er tre felles segment DNA så det er klart mulig att jeg har fått litt av begge disse to parene, men jeg vet ikke. Mitt slektskap er bekreftet i boken Slægten Benkestok av W. Brandt, så noe nytt tilfører ikke dette. Men, problemet er hvordan kan vi være sikre på hvilket DNA som kommer fra den enkelte forfar/-mor? Mange bruker Geni til hjelp for å finne felles ane. Det gjør jeg også. Men Geni har en del svakheter, ofte kommer det en lang komplisert linje fra min fars side, når det er en enkel rett linje på min mors side som er det rette for DNA. Og det kanskje er flere linjer, jo lengre ned på slekttreet man søker med Geni, jo sikrere er man på å få med eventuelle flere linjer. Jeg var fire generasjoner fra hovedpersonen når jeg fant mine to linjer. Vet man derimot noe om den enkelte anes kromosomer og hvor andre har funnet hvor på kromosmet man kan forvente seg å ha treff, blir det enklere. Jeg mener å ha lest att man har slik informasjon for Schanke og Blix, men kan ikke finne det igjen. Jeg tror jag har funnet det for Torber Hegge og Martha Ågesdtr, men skulle behøve andre med samme slektlinje for å sikre det. Kommentarer eller informasjon tas imot med takk, her eller med PM. PS min hjemeside ligger nede for vedlikehold
  15. Arnstein Rønning

    Den "første" Schjelderup

    Jeg har overført (gratis) min DNA-test hos FTDNA til My Heritage. Det førte til mer enn dobbelt så mange DNA-treff (matcher) enn hos FTDNA, da My Heritage produserer treff på mindre felles DNA-sekvenser enn hva FTDNA gjør. Det er selvfølgelig også slik at det er forskjellige personer som gjerne har testet seg i de to selskapene, selv om jeg finner mange som er testet hos begge. Men jeg har da fått svært mange nye "matcher", bl.a. noen kjendiser som jeg ikke har funnet ut av når det gjelder felles aner 🙂 Men grunnen til at jeg skriver, er at jeg da har fått tilgang til anegalleriet til svært mange i My Heritage (uten å betale noe som helst for det). Men da dukker det opp nye aner som jeg tidligere ikke har hørt om. Jeg får f.eks. opp denne som gjelder den "første" Schjelderup i Danmark. Er det noen som kan gi noe bakgrunnsstoff når det gjelder kona som er ført opp, hvorfor hun har dukket opp som en [Borke]? Det er ingen tvil om at denne DNA-matchen og jeg er i slekt, men jeg lurer bare på slektstavla... (jeg har flere slike som jeg kan tenke meg å lufte her etter hvert)
  16. Hei , dette er og blir ei nøtt.. (?) Eg får melding frå ei dame ca min alder via «My Heritage», at DNA syner slektskap ... Vi begge trur at utgangspunktet er Trøndelag, Trondheim.. Sjølv om navn som Sivertsen ( Seversen(?) og Paulson ( Paulsen) Strinda er kjent i mitt slektstre, eg og Kirstin Lawson ikkje kor vi eigentleg kan seie vi er frå med utgangspunkt i forfedre ...
  17. Med god hjelp fra DNA-testresultater, kirke og bygdebøker har vi funnet de felles paternale anene til en klynge av 6 menn, to norske og 4 fra USA. Alle stammer fra Kolbjørn Kristoffersen Vee, f. ca. 1555, i Flå, Hallingdal, og alle tilhører Y-DNA haplogruppen N-Y17415. Etter Kolbjørn er det flere grener, feks Gislerud, Eidal, Norderhov, osv. Jeg er ikke lokalkjent, men tror alle er nær Hallingdal. Nå har DNA-testresultater for en 7de mann kommet som har nære DNA-STR treff, med 37 markører, med mennene i Hallingdal-klyngen. Problemet er at mannen, Gene fra Kanada, ikke vet hvem hans far er. Han tok først en autosomal DNA-test og fant da "nær" slekt med en norsk Raaen familie. I Gol, Hallingdal, er det en Raaen slekt, og vi har funnet en linje mellom denne slekten og Kolbjørn Kristoffersen Vee's slekt, men ikke en direkte paternal linje - Tideman Olsen Narum ble gift med Astrid Colbjørnsdatter Hoftun Gulsvik i 1748. Mens vi venter på Big Y DNA-testresultatene for Gene, er det noen som har forsket disse familiene, eller har Gol bygdebøkene, som kan hjelpe oss å finne en direkte mannslinje fra "Hallingdal-klyngen" to Raaen familien? Hvis noen kan hjelpe vil jeg selvsagt sende all informasjon vi har funnet til nå.
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.