Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Jensson (Aasen) (1781-1875) - frå Hafslo via Bergen (fengsel?) til Lom og Bjørnør - om livet hans i Bergen og lagnaden til kona Rønnaug?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei oppfølging av to emner frå det gamle Brukarforum:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/163391-78050-ole-jensson-1781-1875-frå-åsen-hafslo-til-runningen-lom-bygdebokoppslag/?tab=comments#comment-1395647

 

https://forum.arkivverket.no/topic/103639-17891-bjørnørroan-i-s-trøndelag-oppslag-i-bygdebok-ogeller-kyrkjebok/?tab=comments#comment-852938

 

Eg slit med den siste «finpussen» av manuskriptet mitt for denne huslyden med røter frå garden Åsen i Kinsedalen, Hafslo.  Det gjeld Ole Jensson, òg kjend som «stortjuven frå Aasen».  I åri kring 1805/1810 var Ole Jensson innblanda i ei rekke tjuveri i Hafslo, og han skal ha vorte straffa for dette.  Me reknar med han sat inne ei tid på Bergenhus festning, og då faren Jens Olson døydde i 1813, står det om Ole at han var «busett» i Bergen!  Nærare detaljar er ukjende...

 

Men i 1815 finn me han Ole att i Lom, og sidan budde han òg periodevis i Bjørnør.  Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden hans:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Jensson (Aasen), døypt i Hafslo 5.8.1781,

Ole Jensson flytte i ung alder til

 

¤¤¤¤¤ (NB: var 1813 busett i Bergen! – truleg i fengsel!?)

 

og fór derifrå til Lom der han 8.11.1815 gifte seg med enkja Rønnaug Olsdotter, opphavleg frå Slålien i Lom.  Ho var dotter av gardbrukar Ole Johannesson i Slålien og kona Cathrina Hansdotter frå Flå i Lom og vart døypt i Lom 29.3.1778.  Ho gifte seg første gongen i Lom 12.7.1798 med Ole Iverson frå Runningen i Lom.  Han var son av gardbrukar Iver Pederson på Runningen, opphavleg frå Slålien, og kona Ragnhild Torgersdotter frå Suleim og vart døypt i Lom 13.12.1761.  Ole Iverson og Rønnaug var gardbrukarar på Runningen i Lom der Ole d. 30.3.1814.  Dette bruket tok Ole Jensson over då han i 1815 gifte seg med Rønnaug, og dei dreiv bruket fram til 1837.  Som kårmann flytte Ole Jensson i 1839 til Bjørnør i Sør-Trøndelag i lag med dotteri Mari.  Sidan kom han attende til Lom, for i 1848 flytte han nok ein gong til Bjørnør, då i lag med kona Rønnaug. 

 

¤¤¤¤¤ (lagnad Bjørnør? - ho må vera avlidi før 1865 i Bjørnør eller i Lom?)

 

Ole Jensson kom sist i 1850-åri på ny attende til Lom og busette seg då som husmann på Maurøygarden under Runningen der han d. som enkjemann 26.3.1875.  Rønnaug fekk i alt ti born; av dei var desse fire frå andre ekteskapet med Ole Jensson:

a. Mari Olsdotter, f. i Lom 20.12.1815, d. i Lom 20.12.1815.

b. Ole Olson, f. i Lom 25.11.1816, d. på Maurøygarden i Lom 14.4.1868.  Han gifte seg i Lom 20.3.1843 med Marit Sølfestsdotter frå Bakken nedre i Skjåk.  Ho var f. i Skjåk 14.3.1817 og d. som enkje i Eklestugu i Lom 10.9.1885.  Ole og Marit budde fleire stader i Lom, mellom anna i Bakken, i Runningshaugen og på Slettom, men flytte sidan som plassfolk attende til Maurøygarden under Runningen.  Dei fekk seks born i lag.

c. Mari Olsdotter, f. i Lom 4.12.1818, flytte med far sin til Bjørnør i 1839 og d. som kårenkje på Bessaker i Bjørnør 2.7.1886.  Mari gifte seg i Bjørnør 27.7.1841 med Nils Ingebrigtson frå Bessaker i Bjørnør, f. i Bjørnør 9.4.1815.  Han d. som kårmann på Bessaker 24.10.1880.  Nils og Mari tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Bessaker i Roan, Bjørnør og fekk ein son i lag.

d. Jens Olson, f. i Lom 14.1.1824, d. som husmann i Aukrustbakkane 3.10.1853.  Han gifte seg i Lom 13.6.1849 med Rønnaug Gudbrandsdotter frå Aukrustbakkane under Aukrust.  Ho var f. i Lom 23.8.1820 og d. som enkje og legdelem på Åmillom i Lom 28.3.1894.  Jens og Rønnaug tok over som plassfolk i Aukrustbakkane under Aukrust etter mor hennar og fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

I tillegg til problematikken om livet hans Ole i Bergen er den store uløyste utfordringi kvar det vart av kona Rønnaug!  Ho levde framleis i 1848, men var avlidi før 1865, rimelegvis i Bjørnør eller i Lom!??

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp

Jeg tror jeg har funnet dødsfallet til Rønnaug Olsdatter i klokkerboken for Lom. Hun døde hun 19.8.1858. Bosted var Maurødegaard (nr. 37): https://media.digitalarkivet.no/view/4703/215

 

I ministerialboken står hun oppført med etternavnet Iversdatter i stedet for Olsdatter (nr. 72): https://media.digitalarkivet.no/view/8916/110

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for eit kjempeflott innlegg!

 

Ingen tvil om at du har finne dødsfallet til Rønnaug i Lom, so då er det problemet løyst!

 

Då er det «berre» spørsmålet om Ole Jensson sin lagnad i Bergen og rettsvesenet frå den gongen som står att.  Men kanskje me treng bistand frå Statsarkivet i Bergen for å løysa den utfordringi?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

dette skal jeg se på .Flå og Maurøygarden er slekta mi

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torø Anita Ringebo-Roen

Iver Pederson på Runnungen er ikke fra Slålien men Flå

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torø for interessante og nyttige innlegg!

 

Eg er ikkje lokalkjend i Lom, og tek gjerne imot slike meldingar.  No er manuskriptet mitt korrigert med omsyn til Iver Pederson og opphavet hans!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ivar Moe

Hei Lars

Litt på siden, men kjenner du denne historien og disse personene ?

1849

Lars.PNG.7bdf00256b48d8dc9c960ffe8295e567.PNG

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Ivar for siste innlegget i denne debatten.

 

Eg var borti denne saki for mange år sidan, men kom den gongen aldri verkeleg «til botn» av ho.  Til skifteretten i Luster gjekk det nemlig alt seinhaustes 1848 inn ein bodskap om at Peder Pederson hadde vorte myrda, og det vart halde skifte etter han i 1849, men det stod ikkje kven som var mordaren.  So fekk eg sidan greie på at det var Ole Olson Næs, men, som sagt, nærare detaljar manglar...

 

Har du forresten resten av denne avisartikkelen?

 

For ikkje å blanda korti heilt, har eg lagt saki om dei to arbeidskameratane ut som eige tema, der eg òg har lagt inn spørsmål om lagnaden til ein bror av Peder Pederson - sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/216893-eit-mord-i-aker-november-1848-og-følgjene-av-dette-huslydane-som-var-involverte/

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i kartleggjingi av desse ættene!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.