Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

William Goble Shirrell (1868-1941) og Nels N. Kins (1880-1970) - to store utfordringar i «ville vesten»?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Eg kjem i kveld med ei ny utfordrande huslyd frå den amerikanske vestkysten:

 

William Goble SHIRRELL

skal vera fødd i Lane Co., OR i april 1868 (ukjend dato)

døydde i Santa Cruz, CA 12.8.1941

Han gifte seg i Idaho Co., ID 29.6.1899 med:

 

Alma V. DYER

fødd i Idaho Co., ID 17.10.1866

døydde i Hood River, OR 5.5.1949

 

William og Alma farma i Bethel preconct, Whitman Co., WA, men vart skilde kring 1906, og William flytte til Klamath Co., OR og sidan til Yreka, Siskiyou Co., CA, men døydde altso i Santa Cruz, CA...

 

Òrsaki til skilsmålet skal etter segni ha vore følgjande:

 

Alma forelska seg i ein ung farmarbeidar med foreldre frå Hafslo i Sogn:

 

Nels N. KINS

fødd i Buffalo Co., WI 17.8.1880

døydde i Miami, OK 26.1.1970

 

Nels og Alma «stakk av», men skal ha gift seg kring 1908, dato og stad ukjende, og busette seg først i The Dalles, Wasco Co., OR og sidan i Viento, Hood River Co., OR der dei livnærte seg som «truck farmers»!  Ein gong på 1940-talet fekk Nels nok av dette livet og «stakk av».  Ikkje ein gong søskeni hans visste kvar det vart av han, men takk vera kjempeflotte registre i ulike statar fann eg han att i Miami, Ottawa Co., OK der han kom som ein gamal blind og fattig «landstrykar» med berre ein fot, og då han døydde, vart han gravlagd på ein indianarkyrkjegard utanfor sjølve Miami.  Eg snakka for fleire år sidan med mannen frå gravferdsbyrået som stod for gravferdi, og han nemnde at ingen endå hadde gjort opp for kostnadane til gravferdi!!

 

Alma fekk ingen born i nokon av ekteskapi sine.

 

Eg har tre sentrale spørsmål:  Er det mogeleg å finna:

 

** Nøyaktig dato for fødsli til William Goble SHIRRELL?

 

** Mellomnamn for Alma V. DYER?

 

** Og det kanskje mest spennande: Dato og stad for vigsli til Nels KINS og Alma SHIRRELL, f. DYER?

 

Eg har leitt i årevis etter desse opplysningane, men står framleis «bom fast».  Kanskje andre har betre og utkvilde auge å leite med?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Ser Alma er oppført med etternavnet Harper ved vielsen i 1899?

 

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=FS1IDMarriages&indiv=try&h=183306

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FW6M-5M3

 

Alma Harper

Idaho Marriages, 1878-1898; 1903-1942
Name: William G. Shirrill
Spouse's Name: Alma Harper
Event Date: 29 Jun 1899
Event Place: , Idaho, Idaho
Endret av Sven Hjortland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

US Census 1900

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM59-XQT

 

Her er vel Alma Dyer i US Census 1870 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MZY1-9WM

Name:    Alma Dyer
Event Type:    Census
Event Year:    1870
Event Place:    Idaho, United States
Gender:    Female
Age:    3
Race:    White
Race (Original):    W
Birth Year (Estimated):    1866-1867
Birthplace:    Idaho


Household    Role    Sex    Age    Birthplace
Samuel Dyer        M    44    
Thomas Kirkpatrick        M    34    Illinois
Laura Dyer        F    37    Maine
Ina Dyer        F    8    California
Alma Dyer        F    3    Idaho
Na Oh        M    12    China
Hung Ah        M    36    China
Let Ah        M    34    China

 

US Census 1880 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MXT6-QD1

 

Name:    Alma Dyer
Event Type:    Census
Event Date:    1880
Event Place:    District 3, Columbia, Washington, United States
District:    ED 53
Gender:    Female
Age:    13
Marital Status:    Single
Race:    White
Race (Original):    W
Occupation:    At Home
Relationship to Head of Household:    Daughter
Relationship to Head of Household (Original):    Dau
Birth Year (Estimated):    1867
Birthplace:    Idaho, United States
Father's Birthplace:    Maine, United States
Mother's Birthplace:    Maine, United States


Household    Role    Sex    Age    Birthplace
S T Dyer    Self    M    51    Maine, United States
Laura Dyer    Wife    F    44    Maine, United States
Alma Dyer    Daughter    F    13    Idaho, United States

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
På 30/11/2017 den 1.34, Lars E. Øyane skrev:

** Mellomnamn for Alma V. DYER?

 

Jeg vet ikke hvor du har V fra (bortsett fra FT 1900), men ved morens testamente (1907) så skriver hun seg kun som Alma D. (Dyer) Shirrell eller bare Alma Shirrell

The Washington, Wills and Probate Records, 1851-1970 - LENKE Ancestry
Name:    Laura A Dyer
Probate Date:    21 Sep 1907
Probate Place:    Adams, Washington, USA
Inferred Death Year:    Abt 1907
Inferred Death Place:    Washington, USA
Case Number:    409
Item Description:    Probate Records, 400-415, 1907

1907_Will_Laura A Dyer_Alma D Shirrell.jpeg

 

Det samme gjelder for faren sitt testamente

The Washington, Wills and Probate Records, 1851-1970 - LENKE Ancestry
Name:    Samuel T Dyer
Probate Date:    29 Jun 1907
Probate Place:    Adams, Washington, USA
Inferred Death Year:    Abt 1907
Inferred Death Place:    Washington, USA
Case Number:    397
Item Description:    Probate Records, 383-399, 1907

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
10 timer siden, Sven Hjortland skrev:

Ser Alma er oppført med etternavnet Harper ved vielsen i 1899?

 

Adams County News (Ritzville, Washington) 14 Jun 1899, Page 3

Adams County News (Ritzville, Washington) 14 Jun 1899, Page 3.jpeg

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Hva du finner, Egil! For å sitere Lars: "Eg er mektig imponert!". 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Adams County News, Ritzville - Washington - 11. april 1900

 

Alma V. er brukt her:

almav.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Dama blir bare yngre og yngre......! F. i 1880 i FT 1930 og f. 1884 i FT 1940       9abfb72bc0033f12f9b7988012063ef5.png

The 1930 United States Federal Census
Name:    Alma Kins
Birth Year:    abt 1880
Gender:    Female
Race:    White
Birthplace:    Idaho
Marital Status:    Married
Relation to Head of House:    Wife
Homemaker?:    Yes
Home in 1930:    West, Hood River, Oregon, USA
Map of Home:    View Map
Street address:    Columbia River Highway
Dwelling Number:    96
Family Number:    98
Age at First Marriage:    28
Attended School:    No
Able to Read and Write:    Yes
Father's Birthplace:    Maine
Mother's Birthplace:    Maine
Able to Speak English:    Yes
Household Members:    
Niels N Kins    48
Alma Kins    50

 

The 1940 United States Federal Census
Name:    Alma Kens
Age:    56
Estimated birth year:    abt 1884
Gender:    Female
Race:    White
Birthplace:    Idaho
Marital Status:    Married
Relation to Head of House:    Wife
Home in 1940:    Odell, Hood River, Oregon
Map of Home in 1940:    View Map
Inferred Residence in 1935:    Rural, Hood River, Oregon
Residence in 1935:    Rural, Hood River, Oregon
Resident on farm in 1935:    Yes
Sheet Number:    8B
Attended School or College:    No
Highest Grade Completed:    College, 1st year
Weeks Worked in 1939:    0
Income:    0
Income Other Sources:    No
Neighbors:    View others on page
Household Members:    
N N Kens    54
Alma Kens    56
Herbert Snyder    68
Melissa Snyder    62

 

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

A. V. Dyer i FT 1889

The Washington State and Territorial Censuses, 1857-1892
Name:    A V Dyer
Census Date:    1 Jul 1889
Residence County:    Adams
Residence State:    Washington
Birth Location:    Idaho
Marital Status:    Single
Gender:    Female
Estimated birth year:    abt 1867
LINE:    5
Roll:    V228_1
 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

?

Santa Cruz Sentinel, Volume 54, Number 272, 14 November 1908

Santa Cruz Sentinel, Volume 54, Number 272, 14 November 1908.jpeg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen

Adams County News (Ritzville, Washington) 05 Aug 1903, Page 3

Adams County News (Ritzville, Washington) 05 Aug 1903, Page 3.jpeg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Grethe og Egil for nye imponerande innlegg om denne huslyden!  Dette er ei sak som eg meir eller mindre hadde gjeve opp å komma noko lenger i, men no skal me sjå; kanskje er det «von i hangande snøre»...

 

Dette med at Alma i 1899 skreiv seg for Alma HARPER, har eg òg lagt merke til, men so fann eg ut frå dødsattesten til Alma frå 1949 at foreldri hennar der er oppgjevne som: Truman DYER og Sarah HARPER,

 

og eg tenkte kanskje Harper-namnet var jentenamnet til mor hennar?

 

Eg ser elles at: Samuel True DYER, born at Montville, Waldo Co., ME 12.4.1826, gifte seg i Maine 1.12.1860 med Laura PHILBROOK, ogso fødd i Maine

 

MEN, eg ser no av innlegg #5 over at Alma to veker før bryllupet sitt i 1899 er referert til som Mrs. Alma HARPER, og dette vekker mistanke hjå meg om at kanskje Alma hadde vore gift ein første gong med ein «Mr.» HARPER, sjølv om både ho og William Shirrell i 1900 seiest vera gifte i første ekteskap i berre eitt år!?  Eg har ikkje framfor meg dødsattesten hennar frå 1949, men meiner å hugsa at informanten var Melissa Snyder, som budde hjå dei i 1940, men kor godt kjente ho Alma og opphavet hennar?  Kanskje ho rett og slett «got mixed up»!?

 

Elles har me òg ein liten detalj som kan vera verd å leggja merke til:  Samuel Truman DYER døydde nær HARPER, Adams Co., WA 18.6.1907!  Kanskje var dødsattesten til Alma ei ekte «samanblanding av hummer og kanari»?  Eller er stadnamnet Harper òg namnet til ein av dei første settlarane der som so gifte seg med Alma??

 

Ein annan spennande detalj som kom fram i innleggi over, er det faktum at Alma er referet til som SHIRRELL i september 1907 (innlegg #4), medan ho i november 1908 (innlegg #11) er vorti til KINS!  Vigselsåret «kring 1908» skulle det soleis vera god «dekning» for...

 

Ikkje noki enkel sak dette, men eg vil gjerne få retta ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å hjelpa skaffa fram supplerande opplysningar om denne huslyden, og so vil eg gjerne få ønskja dykk alle eit Godt Nytt År!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har søkt lite vetta etter alternativ for ein «Mr.» Harper som kan ha vore første mannen hennar Alma, og finn ein «kandidat» i denne karen:

 

Hiram Henry Harper, fødd 30.3.1863 i Lane Co., OR, men oppvaksen i Whitman Co., WA

 

Han gifte seg første gongen kring 1886 med ei Amanda, fødd i NY kring 1866, men ho ser ut til å forsvinna.  Dei budde 1887 i Whitman Co., WA: https://www.ancestry.com/interactive/1018/wav228_19-0327/174288?backurl=https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/12711953/person/12182892323/facts/citation/16970258230/edit/record

 

Han gifte seg so i Colfax, Whitman Co., WA 21.4.1906 med Nora Anderson: https://www.ancestry.com/interactive/2378/17775958_70af5a90-9fdf-4c31-b33a-0d772ffea2b1?pid=2099808&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2378%26h%3D2099808%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4497%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4497&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

og same staden 19.8.1908 med Matilda Gear: https://www.ancestry.com/interactive/2378/45654_B282645-01285?pid=5873521&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2378%26h%3D5873521%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx4498%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx4498&_phstart=successSource&usePUBJs=true

 

Dei to siste ekteskapi er rett nok nemnde som andre og tredje ekteskap, men kanskje var han gift ein gong imellom med «vår» Alma?  Kanskje vart ekteskapet deira «annulert» eller rekna som «ugyldig»?

 

Merkeleg nok er denne Hiram Henry Harper ikkje å sjå nokon stad i FT1900!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i oppklaring av denne utfordrande huslyden og fortsatt Godt Nytt År!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MM5S-KCB

Hiram H Harser

United States Census, 1900
Name: Hiram H Harser
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Harper, Hooper, Pampa, Penawawa, Sutton, Texas, and Hay Precincts, Whitman, Washington, United States
Gender: Male
Age: 37
Marital Status: Divorced
Race: White
Race (Original): W
Relationship to Head of Household: Son
Relationship to Head of Household (Original): Son
Birth Date: Sep 1863
Birthplace: Oregon
Father's Birthplace: Illinois
Mother's Birthplace: Missouri

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Sven Hjortland

Finner denne  http://abish.byui.edu/specialCollections/westernStates/westernStatesRecordDetail.cfm?recordID=212155

 

Details For Marriage ID#212155
Groom Last Name: HARPER
Groom First Name: H. H.
Groom Residence: Colfax, Whitman, Washington
Bride Last Name: OLDS
Bride First Name: Mary
Bride Residence: Colfax, Whitman, Washington
Place: Moscow
Date: 01 Jun 1886
County of Record: Nez Perce
State: Idaho
Volume: E2
Page: 275

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for dei siste spennande innleggi!

 

Det kan sjå ut som om du har finne første vigsli til Hiram Henry Harper og at første kona hans heitte Mary Olds i staden for Amanda...  Mor hans heitte Amanda, so kanskje me har å gjera med ei «samanblanding»...

 

So er Hiram Henry altso skild i 1900, men kven er han skild ifrå, Mary eller Alma?

 

Dette er ei verkeleg utfordrande huslyd, og eg takkar på ny for framifrå bistand til oppklaring av denne gåta og ønskjer eit fortsatt Godt Nytt År!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Egil Johannessen
Skrevet (endret)

?

The Washington, County Marriages, 1855-2008 - https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=FS1WashingtonCoMarriages&indiv=try&h=91379
Name:    Alena V Dyer
Gender:    Female
Marriage License Date:    8 Jul 1890
Registration Place:    , Pacific, Washington
Spouse:    Thomas D Harper
Film Number:    4143439

af25d53d357deeb4f3a682f88723989a.pngb1fece9e06fc57e3ded5d6b2615bdad6.png

 

Lenke FS - https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:FLNC-MP6

Endret av Egil Johannessen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Egil for nye spennande innlegg!

 

Du har heilt klart finne den «rette» vigsli til Alma V. Dyer, og eg les vigselsdatoen til 10.7.1890:

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3GS-DXVQ-RL?i=37&cc=1534448

 

Namnet hennar er heilt tydeleg Alma, samstundes som mannen er kalla Thumaz D. Harper!

 

Men kven var so Thumaz/Thomas D. Harper?

 

Eg finn dette ættetreet på ancestry.com for ein Thomas Dustin Harper:

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/18109761/person/28069912760/facts

 

men eigaren har ingen fleire opplysningar om Thomas Dustin enn at han framleis levde hjå mor si i 1880 på ein farm(?) nær The Dalles i Wasco Co., OR: https://www.ancestry.com/interactive/6742/4243848-00569?pid=43723104&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3D1880usfedcen%26h%3D43723104%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60545&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Denne Thomas hadde ein bror som i treet er kalla David Thomas (skal vel helst vera David Harry!?) som i 1900 var ungkar og budde i Whitman Co., WA!

 

Elles ser det ut til at Thomas Dustin Harper i 1888 var 28 år gamal, fødd i Oregon, men busett i Yuba Co., CA: https://www.ancestry.com/interactive/2221/32421_237324-00383?pid=3567346&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DCAGreatRegisters%26h%3D3567346%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60545&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Men kanskje endå meir spennande er denne innførsli frå The Dalles, Wasco Co., OR 1895 av farmar Thomas Harper: https://www.ancestry.com/interactive/2469/40407_1821100517_0964-00105?pid=1437806816&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3DUSDirectories%26h%3D1437806816%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D60545&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

Thomas Dustin Harper ser med andre ord ut til å vera «heimattkomen» til The Dalles, Wasco Co., OR, og nettopp der var det at Alma og Nels Kins busette seg då dei først kom i lag etter 1908!!  Kanskje Alma sat med eigedomsretten til denne farmen?  Kan Thomas Dustin Harper vera avliden før 1899??

 

Me har vel ikkje noko formelt PROV for at dette er «vår» mann, men «indisiane» taler for seg, og eg har sett opp følgjande reviderte manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Nels N. Kins, f. i Buffalo Co., Wis. 17.8.1880, d. i Miami, Okla. 26.1.1970.  Han gifte seg

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his marriage? – about 1908?)

 

     med Alma V.

 

     ¤¤¤¤¤ (middle name? – death cert. gives parents: Truman Dyer and Sarah Harper –

            parents were Samuel True Dyer, born Montville, Waldo Co., ME Apr. 12, 1826, married in Me Dec. 1, 1860 to Laura Philbrook, born in ME

            1870: farmers Samuel Dyer and Laura in Lewiston, Nez Perce Co., ID!

            1880: farmers S. T. Dyer and Laura in District No. 3, Columbia Co., WA

            1885: storekeeper S. T. Dyer and wife Laura in Garfield Co., WA

            1887: rancher S. D. Dyer and wife Louisa in Adams Co., WA

            1900: farmer Samuel T. Dyer and wife Laura in Cow Creek precinct, Adams Co., WA with adopted son Joseph C. Dyer, born OR Jan. 1887

            Samuel Truman Dyer d. nær Harper, Adams Co., WA 18.6.1907)

 

     f. Dyer.  Ho var f. i Idaho Co., Idaho 17.10.1866 og d. i Hood River, Ore. 5.5.1949.  Ho gifte seg første gongen i Pacific Co., Wash. 10.7.1890 med Thomas Dustin Harper, f. i Linn Co., Ore. 8.9.1859.  Han d.

 

     ¤¤¤¤¤ (verify his origin? – parents Elias Harper and Mary Amanda Kemp!?)

 

     ¤¤¤¤¤ (date and place of his death?)

 

     ¤¤¤¤¤ (occupation and place of their residence? – 1890 in Pacific Co., WA! – sidan farmarar nær The Dalles, Wasco Co., OR!?)

 

     So gifte Alma seg att i Idaho Co., Idaho 29.6.1899 med William Goble Shirrell, f. i Lane Co., Ore.

 

     ¤¤¤¤¤ (Apr. 1868)

 

     Han d. i Santa Cruz, Cal. 12.8.1941.  William og Alma farma i Bethel precinct, Whitman Co., Wash., men vart skilde kring 1906, og William farma sidan i Klamath Co., Ore., men flytte i 1920-åri til Yreka, Siskiyou Co., Cal. der han livnærte seg som vegarbeidar og gruvearebeidar («highway construction laborer and miner»).  Nels var ei tid maskinist og røyrleggjar («machinist and plumber»), men han og Alma var for det meste frukt- og grønsakfarmarar («truck farmers») og budde i The Dalles, Wasco Co., Ore. og sidan i Viento, Hood River Co., Ore.  Alt sist på 1940-talet flytte Nels so til Miami, Ottawa Co., Okla. der han sidan budde levetidi ut.  Han og Alma var barnlause, og ikkje fekk ho born i dei to første ekteskapi sine heller.

 

     ¤¤¤¤¤ (NB: kan adoptivsonen til foreldri frå 1900, Joseph C. Dyer, fødd OR Jan. 1887, vera son hennar??)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Eit anna spennande punkt i denne saki er kva rolle Joseph C. Dyer spelar.  Var han son av Alma?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å skaffa oversyn over denne huslyden og eit fortsatt Godt Nytt År!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg vil i kveld få henta fram att denne utfordringi som har lege «i dvale» sidan nyår.  Eg har diverre ingen nye opplysningar å by på, men eg er ganske so sikker på at det ein eller annan stad finst svar på dei spørsmåli som framleis står òpne om denne huslyden og som kjem fram av innlegg #21 over....?  Men det å finna desse svari, sjå det er ei kjempeutfordring...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til å løysa desse flokene!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Berit Knudsen

FS: William G. Shirrell b. 1868.

Census 1920 Midland, Klamath, Oregon.

William G. Shirrel, male, 52 y., divorced, white, head,  b.1868 Oregon, father and mothers birthplace Illinois.

Sheet lette A, sheet nr. 9.

 

? Fant også en William B. Shirrel f. fra 1867 til 1868 Oregon, bosted 1870 Oregon. Andre: William W. Sh., Marg. J. Sh., Hannah H. Sh.,

Mary E. Sh., Dulcania Sh. (kanskje foreldre og søsken?)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Berit for eit nytt innlegg!

 

Dei to William Shirrells som du har finne, er nok «vår» mann, men han er vanskeleg å verta «klok» på.  Eg ser at eit family tree på ancestry.com refererer til William som William Granville Shirrell, medan voter lists frå Santa Cruz Co., CA frå 1920-1922 klart oppgjev namnet hans som William Goble SHIRRELL.  Han er forresten komen til Whitman Co., WA alt i 1880, og der var han framleis i 1910, då kalla «widowed»!

 

Eit faktum som tydeleg har «forvirra», er at me òg har ein Granville Worth SHERRILL, fødd i Caldwell, NC 11.11.1866.  Foreldri hans heitte òg William og Mary, og denne Granville W. SHERRILL flytte før 1910 til Tacoma, WA der han døydde 13.2.1938!

 

«Vår» William SHIRRELL er nemnd i samband med  eigedomshandel i Klamath Co., OR i 1919, men må vera flytt alt i 1920 til Santa Cruz, CA.  I 1930 er han nemnd som skild og busett i Yreka, Siskiyou Co., CA, men han flytte so på ny til Santa Cruz, CA der han budde i 1940 og der han døydde i 1941.

 

Det ser ikkje ut til å vera nokon «snøggveg» til å finna fleire detaljar om «vår» William Shirrell, men eg takkar på ny for framifrå bistand til å finna svari på utfordringane som er knytte til denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.