Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Kari Østensdotter Holmestad - fødd i Luster 1734 - konfirmert i Luster 1756 - lagnaden hennar - ei kjempeutfordring? - hamna ho kanskje i Lom? - eller i Bergen? - eller i Askvoll?

Recommended Posts

Lars E. Øyane
Skrevet (endret)

Kari Østensdotter vart døypt «uekte» i Luster 26.12.1734.  Far hennar var Østen Andersson (1706-1755), sidan gardbrukar på Holmestad i Luster, medan mori Anna Pedersdotter (Sage) (1716-1782) sidan gifte seg med husmann Sølfest Ingebrigtson (1716-1763) og busette seg på plassen «ved Sjøen» under Eide i Luster.

 

Faren Østen Andersson vart gift med ei enkje som var faster til Anna Pedersdotter, men dei fekk ikkje born i lag og tok tydeleg tiln seg dotteri hans, Kari Østensdotter, som vart konfirmert frå Holmestad i 1756.

 

Men der sluttar alle spor!  Kari flytte frå Luster, og sidan me veit at foreldri hadde slekt som om lag på same tid flytte til Lom, spekulerer eg på om Kari òg kan ha flytt dit?

 

Eg ser at ei Kari Østensdotter «Elfseter» gifte seg i Lom 3.11.1760 med Ole Johnson Galde: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001184099

 

og truleg er det den same jenta som med namnet «Galde» gifte seg som enkje i Lom 11.7.1776 med Johannes Olson Gauper: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185249

 

Eg ser at ei innerst med namn Kari Østensdotter på 59 år bur på Galde i Lom i 1801, men det står ikkje noko om at ho er gift eller enkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058251001544

 

Og truleg er det ho som døydde på Galde i 1823, 83 år gamal: https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000001664529

 

Ser me på fødselseegisteri frå Lom, finn me at Østen Elveseter mellom anna hadde to døtrer:

 

* Karen Østensdotter, døypt 2.12.1740: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002154431

 

* Kari Østensdotter, døypt 28.7.1743: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002155659

 

Eg reknar med at den første av desse to døydde kort etter fødsli...(?)

 

Reint «empirisk» kan det sjå ut som om det var denne Kari Østensdotter fødd 1743 som sidan dukkar på Galde, MEN i so fall var ho berre 17 år då ho i 1760 gifte seg med Ole Johnson Galde, og det var for den tidi ganske so «ung alder» for ekteskap!  Kan det ha vore TO personar med namnet Kari Østensdotter, og at det var Kari frå Luster som stod brur i Lom i 1760?

 

Kva seier bygdeboki for Lom om dette?

 

Elles skal me ikkje gløyma at det frå 1750-åri og utover var ei stor utflytting frå indre Sogn både til Bergen og til ytre Sogn/Sunnfjord, og eg ser ein barnedåp i Domkyrkja i Bergen som vekker interesse:

 

* Anna Lovise, døypt 11.11.1759 av foreldri Johannes Larsson, bordarbeidsmann, og Karen Østensdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=6110&personpostnr=50144&merk=50144#ovre

 

Fadrane seier meg ikkje noko som helst, lg dette er einaste barnet eg kan finna registrert for dette parfolket.  Ikkje heller finn eg noki vigsle for Johannes og Kari/Karen noikon stad i landet!  Førenamnet Anna Lovise KUNNE vera ei oppkalling av Anna Pedersdotter...!?

 

Eg ser forresten ei vigsle i Askvoll 1.7.1765 for Ole Gjertson Roseth(?) og Kari Østensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/92

 

Dette parfolket fekk i alle fall desse borni (kjelde FamilySearch):

 

* Anna Olsdotter, døypt i Askvoll 15.10.1768

 

* Mathis Olson, døypt i Askvoll 7.7.1772

 

* Borni Olsdotter, døypt i Askvoll 20.5.1774

 

* Eli Olsdotter, døypt i Askvoll 3.10.1776

 

* Sara Olsdotter, døypt i Askvoll 20.8.1779

 

Her har me òg Anna-namnet, men «vår» Kari var fødd i 1734, so då vert ho kanskje litt i eldste laget for alle desse borni?

 

Det hadde vore skikkeleg «artig» om me kunne greidd å spora opp Kari Østensdotter frå Holmestad, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.