Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Aamund Olson (Eide) «ved Vatnet» - fødd i Luster 1765 - konfirmert i Luster 1785 - vert deretter «søkk borte» - kvar i all verdi kan ha ha vorte av - kan henda Bergen eller Christiania? - ei kjempeutfordring?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ei skikkeleg «hard nøtt» som eg har jobba med i mange år, men som eg berre ikkje greier gjera noko med!

 

Kanskje nokon har tanker kring denne personen?

 

Ole Erikson (Bolstad) (1720-1771) og kona Mari Andersdotter (1725-1806), båe av «bondestand», slo seg ned som husmannsfolk «ved Vatnet» under garden Eide i Luster og fekk fire born.  Dei tre eldste vart alle gifte og busette i nabolaget, men yngstemann forsvinn:

 

Aamund Olson «ved Vatnet» vart døypt i Luster 31.3.1765: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/68,

 

Han vart konfirmert i Luster i 1785: https://digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457935

 

Det var mykje flytting på den tidi til Bergen, men det var òg ein del ungdom som reiste austafjells som soldatar, og eg meiner eg ein gong for mange år sidan var borti ein soldat Aamund Bolstad som ved hundreårsskiftet (1800) budde i Christiania og som eg mistenkte kunne ha røter frå Luster!?

 

Eg er vaken for alle gode tips om lagnaden til denne guten og takkar so mykje på førehand!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

eg meiner eg ein gong for mange år sidan var borti ein soldat Aamund Bolstad som ved hundreårsskiftet (1800) budde i Christiania og som eg mistenkte kunne ha røter frå Luster!?

 

????

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058232008075

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande og utfordrande innlegg!

 

Du har finne nettopp den Amund Bolstad i Christiania som eg hadde i tankane då eg skreiv opningsinnlegget mitt!

 

No finn eg følgjande barnedåpar hjå FamilySearch:

 

* Ingeborg Marie, døypt Vestre Aker 28.4.1790 - foreldri Amund Olson og Anne Marie Thronsdotter

 

* Ingeborg Marie, døypt Vestre Aker 29.7.1792 - foreldri Amund Larsson og Anne Marie Thronsdotter

 

* Lars, døypt Oslo 9.10.1795 - foreldri Amund Larsson Walstad og Anne Marie Tørrisdotter

 

* Anne Christine, døypt Oslo 23.12.1796 - foreldri Amund Larsson og Anne Marie Thronsdotter

 

* Martha Marie, døypt Oslo 29.3.1799 - foreldri Amund Larsson Molstad og Anne Mariue Thronsdotter

 

Den første såg jo svært so «lovande» ut, men dei følgjande passar liksom ikkje heilt...

 

So kanskje er dette ein heilt annan huslyd?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om oppsporing av Aamund Olson frå Luster!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.