Gå til innhold
Arkivverket

Øyanes påskenøtt 2018 #9 - Anna Haaversdotter (1793-1873) - frå Luster til Bergen med forgreiningar til Amerika - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Heisan, det var først etter at eg skreiv førre innlegget at eg oppdaga tillegget i innlegg #23 om at Anne Smith hadde vore i Amerika i 49 år.  Eg lurer på om det kan vera rett...?  Eg har tinga ein kopi, so fær me studera den litt nærare...

 

Eg finn ingen Anne Smith i Chicago, IL i FT1860...

 

Kanskje skulle eg ta ein telefon til Mt. Olive for å høyra om ho ligg gravlagd i lag med nokon...  Kanskje finn me «kjentfolk»...!

 

So ein augneblink attende til Gabriel Smith.  Eg meiner å hugsa det var ein rute i desse folketeljingane som fortalte kva religion dei høyrde til?  I Altendorf var det nemlig både ein protestantisk OG ein katolsk kyrkjelyd, og medan den protestantiske IKKJE syner nokon Gabriel Schmidt fødd i åri kring 1817, er den katolske enno ikkje sjekka...

 

Ein ny kjempetakki for framifrå bistand til å komplettera denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har i dag fått nye opplysningar frå skiftet etter Mons Espeland frå 1880, og i samband med skiftehandsamingi vert det sagt følgjande om dotteri Anne Cecilie Larsen:

 

«.. der efter hvad der paa Skiftet etfer hendes Moder i 1873 er oplyst, udvandrende(!) til America for omtrent 27 Aar siden, uden at man senere har hørt noget fra hende, ..».

 

Ho vart soleis handsama som ei «forsvunni erving», og arveparten hennar vart delt mellom dei to borni som ho hadde etterlete seg i Bergen.

 

Dei tre borni som Anne Cecilie fekk i Bergen, var fødde 13.9.1848, 27.11.1850 og 12.12.1851.  Om ho reiste om lag 27 år før 1880, skulle det tyda på om lag 1853, og då kjem me mykje nærare det utvandringsåret som vart «estimert» for den avlidne Anna Smith i Chicago, IL, 1848!

 

Eg har forresten i dag òg motteke dødsattesten til Anne Smith, men som me ser, er det ikkje mykje å verta klok på.  Eg har alt freista ein telefon til Mt. Olive cemetery, men kom ikkje igjennom.  Eg vil freista på ny litt seinare eller i morgon...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Anna Smith death.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

20 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

So ein augneblink attende til Gabriel Smith.  Eg meiner å hugsa det var ein rute i desse folketeljingane som fortalte kva religion dei høyrde til?  I Altendorf var det nemlig både ein protestantisk OG ein katolsk kyrkjelyd, og medan den protestantiske IKKJE syner nokon Gabriel Schmidt fødd i åri kring 1817, er den katolske enno ikkje sjekka...

 

Ja, det var egne felt for dette. I 1875 er ikke feltet fylt ut, mens det i 1865 er fylt ut med "Statskirken" pluss et ord jeg er usikker på (står det "Ja"?): https://media.digitalarkivet.no/view/38310/2532

 

5acbbcf375e61_Skjermbilde2018-04-09kl_21_19_46.png.02ad3818982da3bcefb47b808d4a9605.png

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Etter samtale med Mt. Olive kyrkjegarden i Chicago, IL har eg i dag fått opplysningar som tyder på at Anna Smith IKKJE kan vera «vår» Anna Cecilie Larsen frå Bergen.  Det syner seg nemlig at Anna Smith ligg gravlagd i lag med Carl og Sarah Arneson og born og barneborn av dei i ein stor eigen «lot» på kyrkjegarden.

 

Her er Arneson-huslyden i 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB7-94C8?i=44&cc=1417683

 

Her er Arneson-huslyden i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LLS-8W?cc=1325221

 

Her er dødsattesten til Sarah Arneson frå 1929:

 

Name    Sarah Arneson
Event Type    Death
Event Date    09 Mar 1929
Event Place    Chicago, Cook, Illinois, United States                        
Address    3315 Wrightwood Ave
Gender    Female
Age    79
Marital Status    Widowed
Race    White
Occupation    Housewife
Birth Date    14 Oct 1849
Birthplace    North Cape, , Wisconsin
Burial Date    12 Mar 1929
Burial Place    Chicago, , Illinois
Cemetery    Mt Olive
Spouse's Name    Carl Arneson
Informant's Name    Harvey Arneson
Entry Number    7836

 

Ingen stader her kjem det fram at Sarah var fødd SMITH, men det kjem fram av fleire andre kjelder, og kva er då meir naturleg enn at Anna Smith var mor hennar!?  North Cape, WI er forresten i Racine Co., WI!

 

So lagnaden til Anna Ceceilie Holgine Monsdotter Larsen/Espeland, fødd i Bergen 25.7.1831 og utvandra kring 1853 er framleis ukjend, og når ikkje søstrene hennar i Chicago, IL visste kvar ho var, må ho etter alt å dømma ha butt ein heilr annan stad i Amerika, men kvar??

 

Kanskje kan Anna Cecilie finnast på ein passasjerliste???

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til komplettering av denne utfordrande biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att dette emnet etter at det har skjedd eitt og anna sidan emnet sist var oppe.

 

Eg tok opp spørsmåli kring lagnaden til Herman Johannes Hermansen (Jordanger) som eige tema:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/221262-herman-johannes-hermansen-eller-johannessenjohnson-fødd-i-bergen-1861-seglmakardreng-og-sjømann-lagnaden-hans/

 

og etter kvart dukka ogso faren Hermund Johannesson Jordanger opp i Amerika.  Han døydde på soldatheimen i Dayton, OH i 1910!

 

Eit oppdatert manuskriptutdrag for huslyden til Hermund, som vart gift med yngste dotteri til Anna Haaversdotter, er innlagt i hitt emnet og kan kanskje drøftast vidare der (s.d.), men eg vil gjerne under dette (opprinnlege) emnet få halda fram med drøftingi av Anna Haaversdotter og (resten av) huslyden hennar:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Anna Haaversdotter {Forthun}, døypt {i Luster} 24.3.1793.

Anna Haaversdotter flytte i ung alder til Bergen der ho gifte seg første gongen i Domkyrkja 1.8.1819 med Holger Christian Johannesson Holm frå Orninggard på Stord.  Han var son av husmann Johannes på Spelemannsneset under Orninggard og kona

 

##### (kven var foreldri?)

 

og vart døypt på Stord 31.5.1778.  Holger var reipslagatsvein og sidan bakarsvein i Bergen, og han og Anna budde i Kjellersmuget der Holger d. 2.6.1828.  Anna gifte seg 16.5.1830 att i Krosskyrkja i Bergen med Mons Larsson frå Espeland i Alversund, i Bergen kjend som Mons Espeland.  Han var son av gardbrukar Lars Ingebrigtson på Espeland, opphavleg frå Guldbrå på Evanger, Voss, og kona og kona Torborg Andersdotter frå Bergo på Evanger og vart døypt på Voss 14.10.1798.  Mons var sk0makar, og han og Anna budde på Engen i Bergen der Anna d. 3.3.1873.  Mons Espeland d. same staden 2.2.1880.  Anna fekk i alt sju born, tre frå kvart av ekteskapi og ho ein son før første ekteskapet:

a. Annanias Nilsson, son av Anna og ein «bortreist matros» Nils Wangen, var f. i Bergen 23.2.1817.

 

     ##### (vart dels oppalen hjå bestemori i Luster, men flytte i 1847 til Nordland – ikkje nemnd i skiftet etter mori 1873! – lagnaden hans?)

 

b. Johannes Holgerson Holm, f. i Bergen 15.10.1819, d. som skreddarsvein i Bergen 20.11.1882.  Han gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 19.6.1842 med Martine Malene Monsdotter (Bjørvigen) frå Bergen, f. i Bergen 18.5.1821.  Ho d. aom enkje i Bergen 16.1.1892.  Johannes Holm var skreddarsvein, og han og Martine budde i Bergen.  Dei fekk to døtrer i lag.

 

     ##### (borni:

            * Holgine Matilde, f. KK, Bergen 7.3.1840 – d. 23.4.1910 Bergen – gift Methlie

            * Monsine Andrine «Dina Monsine», f. NK, Bergen 23.5.1842 – gift med cigarfabrikant Hagen i København – fekk ei dotter Laura Josefine Mathilde, f. DK, Bergen 18.9.1861 – barnefar Ferdinand Amindor Nielsen, gift mann og fotograf i Christiania!)

 

c. Endre Olai, kjend som Olai Holgerson Holm, f. i Bergen 18.8.1822, d. som skreddarsvein og enkjemann i Bergen 28.6.1899.  Olai gifte seg i Domkyrkja i Bergen 16.7.1843 med Marie Pauline Nilsdotter (Østreim) frå Bergen, f. i Bergen 3.12.1816.  Ho d. i Bergen 1.9.1885.  Olai Holm var skreddarsvein, og han og Marie budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ni born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Josefine Olaisdotter Holm (1858-1911), vart gift med slaktar Anders Pederson frå Sva under Høyeim i Luster (1853-1924) (s.d.).

d. Berthe Tobine Holgersdotter Holm, f. i Bergen 29.1.1829, d. i Bergen 12.5.1875.  Berthe gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 29.12.1850 med enkjemannen Christian Larsson frå Åmål i Värmland, Sverige, i Bergen kjend som Christian Larsen. 

 

     ##### (f. Åmål, Sverige 1818 – far skipsbyggjar Lars Dünder!)

 

     Han d. som skreddarsvein i Bergen 19.6.1855.  Christian gifte seg første gongen i Krosskyrkja i Bergen 3.9.1848 med Bertha Cathrine Petersdotter Kållström

 

     ##### (f. Viby, Örebro, Sverige 1817 – far smed Peter Kållström)

 

     Ho d. på sjukehuset i Bergen 1.5.1850.  Christian var skreddarsvein, og han og Berthe budde i Bergen.  Berthe flytte som enkje til Øksnes der ho 18.11.1863 gifte seg att med Casper Olson frå ein plass under Østreim i Austrheim, Lindås, sidan kjend som Casper Olsen.  Han var f. i Austrheim 30.4.1838 og d. som murar i Bergen 12.4.1897.  Som enkjemann gifte Casper seg 21.10.1877 att i Domkyrkja i Bergen med Nicoline Andrea Torbjørnsdotter Svendsen frå Bergen, f. i Bergen 11.6.1849.  Ho d. som murmeistararkone(!) i Bergen 20.4.1891.  Casper Olsen var ei tid fiskar, og han og Berthe budde på Sørsand i Øksnes, men kring 1868 flytte dei til Bergen der Casper sidan livnærte seg som gråsteinsmurar.  Berthe fekk i alt fem born, to frå første ekteskapet og tre frå det andre, men Christian Larsson hadde tre born frå første ekteskapet sitt, medan Casper Olsen fekk fire born i andre ekteskapet sitt.

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – Berthe Tobine etterlet 1875 berre eit umyndig barn – må vera Bjurgvald!:

            * Christine Charlotte Larsen, f. DK, Bergen 22.11.1844 – gift DK, Bergen 25.9.1870 med blekkslagarsvein Jakob Ritfelt Olsen, f. NK, Bergen 1844 – mange born – ho utvandra til Utah i 1904!

            * Josephine Brittiva Larsen, f. KK, Bergen 14.3.1847 – n. Bergen 1865 – gift Vor Frue, København 22.12.1872 med mursvein Jørgen Hansen, f. 1847

            * Lars Alfrit Larsen, f. DK, Bergen 21.2.1850 – n. Bergen 1865

            * Christian Petrus Larsen, f. DK, Bergen 22.9.1851 – d. DK, Bergen 25.10.1851

            * Berte Tobine Larsen, f. DK, Bergen 23.10.1853 – n. 1865 Øksnes – må vera d. før 1875!?

            * Bjurgvald Bigvai Olsen, f. Øksnes 23.5.1864 – n. 1865 Øksnes – n. 1875 Bergen – mursvein gift DK, Bergen 11.7.1886 med Ragnhild Katarina Olsen, f. NK, Bergen 5.10.1864 – 1922: Ragnhild attgift med T. Huseby, Bg.

            * Charlotte Caspara Olsen, f. Øksnes 18.6.1867 – d. Øksnes 20.8.1867

            * Hanna Caspara Olsen, f. DK, Bergen 14.8.1869 – må vera d. før 1875!?

            * Hjalmar Lithon Olsen, f. DK, Bergen 2.6.1878 – n. 1885/1891 – d. som sjømann i Philadelphia, PA 7.1.1901

            * Berthe Caspara Olsen, f. KK, Bergen 4.3.1880 – n. 1885/1891 – n. 1901 Kaspara – gift KK, Bergen 18.12.1907 med matros Oskar Vilhelm Alfred Carlsen, f. København 1877

            * Leonora Josephine el. Arantine Olsen, f. NK, Bergen 29.3.1882 – n. 1885/1891 – 1910: kokkepike Christiania

            * Nicolai Olsen, f. NK, Bergen 3.7.1885 – d. før 1891!?)

 

e. Anna Cecilie Holgine Monsdotter Espeland, f. i Bergen 25.7.1831, utvandra til Amerika

 

     ##### (1880 vert det sagt: «utvandra for ca. 27 år sidan – opphaldsstad ukjend»)

 

     fekk tre born i Bergen.   

 

     ##### (alle borni med same far, gift mann, slaktarmeistar Gabriel Smith frå Altendorf ved Kassel, Tyskland, f. kring 1817/1819 – han d. som tidlegare slaktar og fattiglem i Trondheim 30.6.1884:

            * Georgine Elisabeth «Gine», f. NK, Bergen 13.9.1848 – gift med bokbindar Ole Johan Høyer Lambertsen i Bergen

            * Anna Gabrielle – f. i DK, Bergen 27.11.1850, d. DK, Bergen 16.2.1851

            * Anton Gabriel – f. i DK, Bergen 12.12.1851, g. SK, Bergen 20.1.1878 med Severine Petrine Lange, f. KK, Bergen 1858 – han utv. som tømmermann til Amerika 1882!

               ** Antonia Gunda, f. SK, Bergen 28.11.1879

               Antone G. Smith – died Pt. Angeles, Clallam Co., WA Dec. 18, 1917 – spouse Josephine Aageson, born Norway Dec. 18, 1861, died Pt. Angeles, WA Sep. 23, 1938 – married 1885 – lived in Chicago, IL until 1890 - then moving to Pt. Angeles, WA! - six children)

 

f. Larsine Christine Monsdotter Espeland, f. i Bergen 12.5.1834, gifte seg i Domkyrkja i Bergen 13.8.1854 med Bertel Andreassen frå Bergen, f. i Bergen 5.5.1830.  Bertel var skomakarsvein, og han og Larsine budde i Bergen til dei i

 

     ##### (year of emigration? – about 1862!?)

 

     utvandra til Amerika.  Me finn dei att under namni Berthel og Larsine Andersen i Chicago, Cook Co., Ill. der Berthel heldt fram som skomakar («shoemaker»).  Han d. i Chicago, Ill. 1.1.1884, medan Larsine Anderson d. same staden 3.10.1911.  Dei fekk fem born i lag.

 

     ##### (borni inkl.:

            * Mons Andreassen, f. DK, Bergen 29.9.1854

            * Bertine Christine, f. DK, Bergen 28.2.1857 – n. 1870 Christine – d. Chicago, IL 17.6.1907 – married Chicago, IL Oct. 26, 1878 August Carl Kraft 1856-1923 – ch. Edward and Martha buried with Larsine and Berthel!

            * Elofine Jandine, f. NK, Bergen 6.7.1860 – n. 1870 Alefine – «Fannie» married Chicago, IL Feb. 22, 1884 to Otto Mathison, born Norway 1858, cabinet finisher, died Chicago, IL Aug. 23, 1894 – dau Lillie – all buried with Larsine and Berthel!

            * Anton Bernhard, f. Our Saviors, Chicago, IL 5.10.1864 – n. 1870/1880 – buried with Larsine and Berthel!

            * Elen Marie, f. Our Saviors, Chicago, IL 3.1.1870 – n. 1870 – døypt 25.9.)

 

g. Monsine Andrine Monsdotter Espeland (1836-    ), vart gift første gongen med skreddarbeidar Hermund Johannesson frå Joranger nedre i Hafslo (1829-1910).  Hermund forsvann, og ho vart sambuande med Jens Monsson frå Hjelmeland i Gaular (1831-    ), for båe forhaldi, sjå under Joranger nedre.

 

~~~~~~~~~~~~

 

I praksis tyder dette at «hovudutfordringane» i dette emnet no er følgjande:

 

* Lagnaden til Annanias Nilsson?

 

* Avklaring om opphavet til svensken Christian Larsen og første kona Berthas Cathrine - ogso teke opp særskilt i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/221222-christian-larsson-og-bertha-cathrine-kållström-svenske-innvandrarar-vigde-i-bergen-i-1848-er-det-mogeleg-å-finna-nøyaktrige-fødselsdatoar-for-dei-to-og-kven-foreldri-deira-var/?tab=comments#comment-1869358

 

* Lagnaden til Anna Cecilie Holgine i Amerika?

 

* Utvandringi (passasjerliste?) til Larsine og Bertel Andreasson til Amerika kring 1862?

 

Ein ny kjempoetakk for framifrå bistand med komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.