Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Asle Lasseson - gift i Borgund, Lærdal 1729 med Anna Sjursdotter frå Drevdal i Luster - kvar vart det av dette parfolket og dei yngre søstrene hennar, Agatha og Martha? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er etter mitt syn ein svært «merkeleg» huslyd.

 

Sjur Andersson dukka opp i Luster kort før 1700 utan at me har greidd å finna opphavet hans.  Han gifte seg to gongar og var gardbrukar på Drevdal søndre i Luster.

 

Skiftet hans vart halde i Luster 6.7.1739: https://media.digitalarkivet.no/view/24136/160?indexing=

 

Her går det mellom anna fram at dotteri Anna var gift med Axel Lasseson, men so er det at eg finn vigsli til Anna med Asle Lasseson i Borgund, Lærdal 22.5.1729: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/48

 

Og eg finn dei fekk tvillingar i Borgund 6.1.1731, Lasse og Kari: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/53

 

men deretter forsvinn dei!  Kvar kan dei ha gjort av seg?

 

Eller det denne Kari Aslesdotter som gifte seg i Borgund 7.1.1754 med Lars Thomasson: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/217

 

Den følgjande personen høyrer ikkje til her, jmf. innlegg #2 under!

 

Eg ser ein Asle Lasseson og ei Synneva Lassesdotter, båe av Tønjum sokn, gifte seg i Lærdal 19.11.1754, men det står ikkje noko om at Asle var enkjemann, so kan henda er dette ein heilt annan person...: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/218

 

Dette parfolket hadde to born i Lærdal:

 

* Martha Aslesdotter, f. i Lærdal 18.8.1754 (Anna Lassesdotter Nedre Æri bar barnet til dåpen): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/116

 

* Lasse Asleson, f. i Lærdal 10.10.1758 (Anders Lasseson og Svend Lasseson er mellom fadrane): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/145

 

Også to av dei yngre søstrene til Anna Sjursdotter, Agatha Sjursdotter og Martha Sjursdotter, som framleis var ugifte i 1739, må vera farne frå Luster.  Kanskje finn me alle søstrene att på same staden?

 

Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje jobbing med denne utfordringi i dag, er det dukka opp ein del nye opplysningar, og dette manuskriptutdraget vert erstatta av eit nytt i innlegg #3 under!

 

Eg ville vorte svært so lukkeleg om nokon kan hjelpa meg finna att desse søstrene, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

So har dugnadsarbeidet som eg i si tid starta opp for dødsfall i Lærdal før 1752:

https://forum.arkivverket.no/topic/199442-dugnad-i-lærdal-avlidne-i-lærdal-1711-1752-ei-innbjuing-til-å-arbeida-ut-ei-database/?tab=comments#comment-1685884

gjeve resultat:

 

* Asle Lasseson frå Borgund sokn vart gravlagd i Lærdal Dom.4.p.T. eller 7.7.1748, 54 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/114

 

Eg finn ikkje nokon slik person i FT1701 nokon stad i Sogn, so eg vil gissa på han må vera komen utante, mest truleg frå Hallingdal, men er det mogeleg å finna han att der?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Eg har nytta store delar av dagen i dag til å lesa kyrkjebøker frå Lærdal, og eg har finne eitt og anna, særleg når eg tek omsyn til at Asle stundom er skrive feil og det står Aslak i kyrkjebøkene!

 

Men eg forundrar meg samstundes over alt eg ikkje finn, og det gjeld særleg bygdebøkene for Lærdal.

 

* Ekstraskatten frå 1762 har Lars Thomasson og kona Kari Aslesdotter som plassfolk under Ytste Ljøsne i Lærdal, men i bygdeboki glimrar dei med sitt fråvêr: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/141

 

* Ekstraskatten frå 1762 fører Martha Aslesdotter som husmannskone under Berge i Borgund, men der kan ikkje finna ho: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/146

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Sjur Drevdal til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Sjur Andersson Drevdal, som me ikkje kjenner opphavet til, var f. kring 1659 og vart gravlagd frå Drevdalen 30.8.1739.  Sjur var gift to gonger.  Første kona hans er ukjend, men me veit at han som enkjemann vart attgift med ei Martha Johannesdotter, som òg er av ukjent opphav.  Ho var f. kring 1683 og vart gravlagd frå Drevdalen 25.3.1751.  Sjur flytte hit til Drevdal søndre som leiglending kring 1698, og dreiv bruket til einaste sonen fekk ta over i 1737.  Sjur Andersson fekk i alt sju born; truleg var tre av dei var frå første ekteskapet, medan Martha var mor til dei fire yngste:

 1. Britha Sjursdotter (1701-1750), vart gift med gardbrukar Paul Einerson i Dversdalen i Hafslo (1688-1768).

 2. Anna Sjursdotter, f. kring 1703,

Anna Sjursdotter flytte i ung alder til Lærdal og gifte seg i Borgund, Lærdal 22.5.1729 med Asle Lasseson frå

 

##### (opphavet hans? – truleg frå Hallingdal!? – f. kring 1696!?)

 

##### (busette i Borgund sokn i Lærdal)

 

der Asle vart gravlagd 7.7.1748.  Anna d. som enkje i Borgund 3.6.1771.  Dei fekk visstnok fire born i lag:

 

##### (kan det ha vore fleire? – under Nedste Heg i Borgund var 1762 til stades som «fattige» Anna Aslesdotter og Torsten Asleson!)

 

a. Martha Aslesdotter, f. i Borgund, Lærdal hausten 1728,

 

     ##### (Anna vart publ.abs. Borgund 25.p.T.1728, Asle do. 5.p.Ep.1729 – barnet ikkje innført som døypt i Lærdal, men ei Martha Aslesdotter er nemnd under Berge i Borgund 1762 – fattig husmannskone! – lagnaden hennar? – ei Martha Aslaksdotter med Torsten Sjurson døypte ein uekte son Aslak i Tønjum sokn 31.1.1752 – KAN vera ho?)

 

b. Lasse Asleson, tvilling, døypt i Borgund, Lærdal 6.1.1731,

 

     ##### (d. før 1741!)

 

c. Kari Aslesdotter, likeins tvilling og døypt i Borgund, Lærdal 6.1.1731, d. i Tønjum sokn i Lærdal 1.12.1775. 

    

     ##### (sjekka om dette er «rett» Kari, alder ved dødsfallet oppgjeven til 58 år!?)

 

     Kari gifte seg i Borgund, Lærdal 7.1.1754 med Lars Thomasson frå

 

     ##### (opphav og oppl. elles? – kan ikkje sjå at han er fødd i Lærdal!)

 

     ##### (yrke og bustad? – 1762: plassfolk under Øvste Ljøsne – n. Seltun 1765!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Kari Larsdotter, døypt (Tønjum sokn) 14.4.1752, d. (Borgund sokn) 21.4.1752

            * Britha Larsdotter, f. (Tønjum sokn) 15.5.1753 – ?konf, Tønjum 1767? – el. 1772?

            * Mari Larsdotter, f. (Tønjum sokn) 29.9.1757

            * Henrik Larsson, f. (Tønjum sokn) 3.4.1761

            * Ole Larsson, f. Seltun (Tønjum sokn) 13.6.1765)

 

d. Lasse Asleson, døypt i Borgund, Lærdal 4.3.1741,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

 3. Knud Sjurson (1706-1754), fekk som nemnt ta over heimebruket her på Drevdal søndre etter faren og stemori.

 4. Agatha Sjursdotter, f. kring 1711,

Agatha Sjursdotter flytte i ung alder

 

##### (lagnaden hennar? – levde ugift i 1739, men budde ikkje i Luster!)

 

 5. Martha Sjursdotter, f. kring 1714,

Martha Sjursdotter flytte i ung alder

 

##### (lagnaden hennar? - levde ugift i 1739, men budde ikkje i Luster!)

 

 6. Kari Sjursdotter (1716-1741), d. ugift i Drevdalen.

 7. Johanna Sjursdotter (1720-1797), vart gift med husmann og enkjemann Nils Olson på Veberg under Kroken i Hafslo (1719-1789).

 

~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for alle gode tips til komplettering av denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.