Jump to content
Arkivverket

Ole Monsson (1728), Nils Monsson (1735) og Anna Monsdotter (1738) - tre søsken frå Loven/Lingjerde i Luster - alle levde i 1743, men so forsvinn dei som «dogg for soli» - kan henda til ytre Sogn eller til Bergen? - ei kjempeutfordring?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i minst 35 år og som eg aldri har greidd å finna løysing på, heller ikkje med dei noverande moderne søkemetodane.  Kan ein eller annan hjelpa meg med tips?

 

Mons Olson, truleg ein innflyttar til Luster, fødd kring 1700, gifte seg her kring 1725 med Anna Jacobsdotter frå Loven i Luster, fødd kring 1703, og fekk same året bygsel på heimebruket til mkona si på Loven i Luster.  Der vart dei buande fram til kring 1740 då dei flytte til ein plass under nabogarden Lingjerde kalla Kvitten, truleg same plassen som sidan fekk namnet Runningen.  Anna døydde på Kvitten og vart gravlagd der 12.5.1743.  Skiftet hennar vart halde 7.5.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/106

 

I skiftet les me at ho vart etterlevd av mannen Mons og fem born, sønene Ole og Nils og døtrene Johanna, Anna og Britha.  Ei eldre dotter Siri er ikkje nemnd.  Buet var fallitt!

 

Mons gifte seg att, men døydde før 1762 då andre kona Bertha Tollefsdotter var legdelem på Flattun i Luster.

 

Av borni etter Mons og Anna vart døtrene Siri, Johanna og Britha buande i Luster og døydde her.  MEN dei tre hine forsvinn frå bygdi:

 

** Ole Monsson, døypt i Hafslo 30.5.1728

 

** Nils Monsson, døypt i Luster 11.5.1735

 

** Anna Monsdotter, døypt i Luster 19.1.1738

 

Kvar i all verdi kan dei ha vorte av?

 

Særleg namnekombinasjonen Nils Monsson er ganske so uvanleg.  Me finn eit par av dei på Leikanger i Sogn, men eller er det fleire i og kring BERGEN.  Det same gjeld for Anna Monsdotter, men denne kombinasjonen finn me mellom anna òg i Gulen, medan Ole Monsson finst «overalt»...!

 

Eg står heilt utan konkrete spor, men vonar på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

  • 11 months later...

Eg vil i dag gjerne få henta fram att denne svært so «frustrerande» utfordringi som vart teki opp for eitt år sidan.  Eg står framleis heilt utan spor etter desse søskeni og ville vorte «hoppande glad» om nokon skulle ha tips om kvar det vart av dei!

 

Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden og held fingrer og tær vel krossa!!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.