Gå til innhold
Arkivverket

Arne Knutson (1698) og Margretha Narvesdotter (1725) frå Luster til ytre Sogn med to døtrer i i 1750-åri - kvar vart det av dei? - Askvoll, Gulen, Solund eller Balestrand? - svogar Thomas Jørgenson (1731) til utlandet - men kvar??


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Lars !

 

Har vitja Statsarkivet i Bergen, der eg fekk vita at «Fattige år 1800 i Bergen», sjå # 22, var orginalen på  Byarkivet. 

 

Så på torsdag var eg på Byarkivet i Bergen, for å sjå på dei fattige. Diverre så var det KUN år 1800 som Byarkivet hadde. Og det som stod i # 22, var akkurat det som stod i orginalen. Så langt kom eg, ang Knud Svensen !

 

Då eg var på Byarkivet ville eg også sjå på Søndagsskolen, i håp om at nokon kunne ha byrja der av sønen til Kari og Knut Svendsen.    Men den var skuffande. Ikkje noko navn om far, bortsett frå den/dei som budde hos far. KUN navn på eleven, alder og kven som var husbonden !

 

Eg vil ta kontakt med Chr Harris, kjent som kart-mannen, men som også hadde opplysningar om fattige her i Bergen. Og det viktigaste: Liste over verdige fattige og Uverdige fattige.  

Lars: Vi får håpa at opplysningar om fattige (verdige og uverdige) også er frå 1801-10 !

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Sit no på Statsarkivet het i Bergen.

 

Konfirmerte på Voss 1753-1817 har vi 2 stk Knud Svendsen.

Eimstad, konf 3 tia post Trinitatis 1775 på Wangen

og Giernæs, konf Palmarium 1782 på Wangen.

 

Nr 3 av desse Knud Svendsen Qvarme, konf 4 S i Fasten 1802 på Winje, er for ung for oss !

——-

Lars: Har du nokon kunnskap / bygaforfatteren på Voss noko om konfirmanten på Giernæs ?  Reiste han til Bergen ?

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for nye spennande innlegg!

 

Knut Svendson veit å gøyma seg skikkeleg godt, men denne Knut Sverndson som vart konformert frå Gjernes i 1782 høyrest i mine øyre ut som han kan vera ein svært so god «kandidat» til posten som mann hennar Karen Dinesdotter.  Gjernes ligg vel, om ikkje eg tek heilt feil, like aust for Vossevangen.  Når ein kryssar elvi på «snøgg»-vegen mot Granvin, so køyrer me forbi eit vegskilt som det står Gjernesvegen på!

 

Eg har sendt av stad eit spørsmål om dette til bokskrivaren på Voss, so får me sjå kva han seier...?

 

Men uansett, so ser eg på FT1801 for Gjernes på Voss, og der har me mellom anna denne huslyden: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058378003317

 

Svend Larsson  80  jordlaus husmann i 2dre ekteskap

Guri Knutsdotter 62  kona hans i 1ste ekteskap

Kari Svendsdotter 15 dotter deira

 

Og dette ser jo lovande ut: Eldste dotteri til Knut Svendson heitte Gurine Margrethe, Margrethe etter mor hennar Kari og Gurine etter mor hans?  Og dessutan: Guri Knutsdotter kan jo godt ha ein son som er kalla opp etter far sin!

 

På Ål finn me ein Svend Lasseson som i 1761 gifte seg med ei Guri Knutsdotter, og desse hadde nok ein son:

 

* Knut Svendson døypt på Skarsgård på Ål 14.2.1762: https://media.digitalarkivet.no/view/8544/90

 

Og her er kva bygdeboki for Ål seier om denne husyden:

 

~~~~~~~~~~~

 

Svein Lassesson Skarsgard 1732-
Foreldre: Lasse Brynjulvson ... Skarsgard og Kari Sveinsdtr. Holto.
Gm Birgit Eiriksdtr. Tistilsgard Skarsgard 1704.-1761
Foreldre: Eirik Olson Lappegard/Tistilsgard og ... ... .
Gm Guri Knutsdtr. Skurdalen 1732m-
Foreldre: Knut Syverson Øvremyro Aslegard-Skurdalen og Lukris Aslesdtr. Aslegard, Skurdalen.
*Barn i andre ekteskap
1. Knut Sveinson Skarsgard 14.02. 1762-1801?
2. Svein Sveinson Skarsgard 11.04. 1764-1801?
3. ... Sveinson Skarsgard 1768-1768
4. Kari Sveinsdtr. Skarsgard 01.11. 1769-
5. Lars Sveinson Skarsgard 16.03. 1772-1801?

Birgit var ugift i 1751 og hadde tilhald på Skarsgard. Same året lånte ho ut 20 rd til Ivar Guttormson og Birgit mot brukeleg pant i åkeren Brattåkeren og ei slåtte. Dessutan skulle dei fore kua hennar sumar som vinter.
    Svein Lasseson gifte seg med Birgit Eiriksdatter kring 1754. Svein og Birgit hadde ingen barn. Frå før hadde Svein døtrene Barbro og Guri f. 1751 med "Birgit Olsdtr. frå Nordland" , dvs. Brita Olsdtr. Bruheim frå Jostedalen. Sjå om Bastian Nilsson. (Luster V s 399-400.)
    Svein overtok Skarsgard hjå far sin ved skøyte av 1754 for 230 rd og kår: to mål åker ved ålmannvegen og fritt hus.
    På skiftet etter Birgit vart 240 rd utlagt til kreditorar og enkjemann. Svein vart attgift same året med Guri og fekk fleire barn med henne, men truleg vaks ingen opp.
    I 1757 fekk Svein dottera Anne med Anne Olsdtr. Dagelien.
    Svein selde 1 1/2 laupsbol i garden til Guttorm Ivarson i 1764, og i 1774 selde han resten av garden til Lars Anderson. Svein sa 1775 at Lars gav han "125 rd formedelst min fattigdom."

 

~~~~~~~~~~~

 

Bokskrivaren på Ål har tydeleg ikkje «oppdaga» at Svend og Guri flytte til Voss...

 

Men dette MÅ jo vera den Knut Svendson som me har etterlyst!  Sjå der, Jon, då var turen på Statsarkivet likevel til god nytte!

 

Hadde me no berre greidd finna:

 

** Opphavet til Dines Jacobson?

 

** Opphavet til Synneva Olsdotter, gift med Arne Dinesson?

 

** Lagnaden til Anna Arnesdotter (Bolstad)?

 

** Lagnaden til Christen Dinesson?

 

** Og sist, men ikkje minst lagnaden til morbror til dei to siste, Thomas Jørgenson, som reiste «utanlands»...!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fint, Lars !

 

Spyrsmål nr 1: Kvar Dines kjem frå, får vi mogelig vita, men då må meir Transkiberast. Mykje vært transkibert/skanna kvar veke ser du.

Men MYKJE står att ! Det at kona, Margrete Narvesdtr, var konfirmert i Lyster, kom fram pga Arkivverket som Transkiberar !!

 

Spyrsmål 3: Lagnaden til Anna ?  Her må også mykje Transkibering til før vi får svar.

Spyrsmål 4: Christen Dineson ? Det mest opplagte svaret (og det einklaste): Han døydde før han vart konformert.

Her har TRULIG presten mista hugsa-lappen, og på sjø-reisa frå Tjugum - Leikanger, er hugselappen borte vekk.

 

Spyrsmål 5: Tomas Jørgensen ? Han overlet eg til dei Proffesjonelle !  Innkl deg, Lars !

 

Spyrsmål 2:  Synniva Olsdtr ? Kona til Arne Dinesdtr ! Her eg god grunn til å væra grøn og blå + littt til, som ikkje lykkast å finna ut kven som er foreldra !!!

 

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for siste kommentar!

 

Det som me opplever stadig vekk, er at manglande opplysningar har ein tendens til å komma til rette, før eller sidan, om det er gjennom nye databasar eller transkriberingar eller på andre vis.  So det er berre a «stao pao», som sogningane seier, og vona å det beste!

 

Elles er eg smigra av omtalen som profesjonell.  I utgongspunktet er eg siviløkonom, men eg har etter so mange år som autodidakt med sjølvlært forsking lært meg ein og annan teknikk, men svært ofte er det snakk om «flaks», å leita etter rett opplysning på rett stad!  Og ikkje minst er det viktig å ha eit solid nettverk i bakhånd, som alle dei fantastiske hjelparane i Brukarforum.  Hadde det ikkje vore for dei, er det mange fine detaljar eg aldri hadde greidd å få tak i!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 uker senere...

Lars Er diverre IKKJE komen nokon veg med desse 5 punkta du nevner i # 28.

 

Det einaste (og einklaste) er å dytta emnet øverst opp, så lenge det varer.....

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon og Terje for siste innleggi om denne utfordrande huslyden.  Dei fem «hovudutfordringane» frå innlegg #28 står framleis uløyste, men «den som leiter, han finn», og eg har ikkje tenkt å gje meg på dette...

 

Med omsyn til Thomas Jørgenson som reiste «utanlands», kan han sjølvsagt ha fare nær sagt kvar som helst.  Eg har tenkt ein del på Danmark, men Danmark var jo ikkje den gongen utanlands i kongeriket, so meir sannsynleg er det kan henda at me lyt sjå etter han i Tyskland eller i Holland?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
  • 1 måned senere...

Håpar du «kraona til att» og vorten frisk, Lars !

 

Høyrde nettopp på ein Pod-Kast, der opplysninga om dei militære fengsalene i Danmark var opna. IKKJE for sjølve straffa, men navnet på dei innsatte.

 

Då teinkjer eg sjølvsagt på spyrsmål 5 i # 29.

 

I innlegg # 33 nevner du både Holland og Tyskland. 

——-

Vår felles venn, Ivar med tankar om helgenøter. Og Ivar har tydeligvis god greie på Holland.

 

Så Ivar kjem ei Påske-not frå meg:

Var Thomas Jørgenson f 1731 innom Holland og sette spor etter seg det ?

Lars vil suplera med opplysningar.

 

Premien ?

Ein stor TAKKK frå meg pluss ein stooor sjokolade dersom vi kan møtast fysisk ! 

Har diverre ikkje noko ynskje om å subsidiere Postverket med ei einaste krone !!!!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
På 7.4.2019 den 15.20, Jon Sværen skrev:

Lars !

 

Då teinkjer eg sjølvsagt på spyrsmål 5 i # 29.

 

I innlegg # 33 nevner du både Holland og Tyskland. 

——-

Vår felles venn, Ivar med tankar om helgenøter. Og Ivar har tydeligvis god greie på Holland.

 

Så Ivar kjem ei Påske-not frå meg:

Var Thomas Jørgenson f 1731 innom Holland og sette spor etter seg det ?

Lars vil suplera med opplysningar.

 

Premien ?

Ein stor TAKKK frå meg pluss ein stooor sjokolade dersom vi kan møtast fysisk ! 

Har diverre ikkje noko ynskje om å subsidiere Postverket med ei einaste krone !!!!

Ivar !

 

Du har ikkje funne nokon Thomas Jørgenson f 1731, korkje i Danmark eller Nederland eller Tyskland ?

 

Eller likar du ikkje sjokolade, Ivar ??

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
På 17.11.2018 den 17.00, Jon Sværen skrev:

 

Spyrsmål nr 1: Kvar Dines kjem frå, får vi mogelig vita, men då må meir Transkiberast. Mykje vært transkibert/skanna kvar veke ser du.

Men MYKJE står att ! Det at kona, Margrete Narvesdtr, var konfirmert i Lyster, kom fram pga Arkivverket som Transkiberar !!

 

Spyrsmål 3: Lagnaden til Anna ?  Her må også mykje Transkibering til før vi får svar.

Spyrsmål 4: Christen Dineson ? Det mest opplagte svaret (og det einklaste): Han døydde før han vart konformert.

Her har TRULIG presten mista hugsa-lappen, og på sjø-reisa frå Tjugum - Leikanger, er hugselappen borte vekk.

 

Spyrsmål 5: Tomas Jørgensen ? Han overlet eg til dei Proffesjonelle !  Innkl deg, Lars !

 

Spyrsmål 2:  Synniva Olsdtr ? Kona til Arne Dinesdtr ! Her eg god grunn til å væra grøn og blå + littt til, som ikkje lykkast å finna ut kven som er foreldra !!!

 

 

 

 

Har diverre ikkje komen nokon veg m/ desse 5 spyrsmåla for over 4 år sidan.

Dessutan er Lars gått bort ! 
 

Er det nokon der ute no januar / februar som har nokre kunnskaper ?

 

Lev vel !

 

Jon Sværen

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.