Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Torsten Erikson Dalsøren (1812-1881) - frå Hafslo/Luster til Wisconsin i 1856 - kom fram som enkjemann - kvar vart det av borni Anders (CA?) og Anna (IA)?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Huslyden til Torsten Erikson som i 1856 utvandra til Amerika frå Luster med kone og fire born har i mange år vore eit «mysterium».  Truleg er det slik at både kona og ei av døtrene døydde på vegen over havet, men nokon dokumentasjon på dette har eg so langt ikkje greidd å finna.

 

Det har ogso vore ei gåte kvar det vart av sonen Anders «Andrew Thompson» som etter det dei seier skal ha flytt til California, medan dotteri Anna «Anna Aaberg» skal ha butt i Hancock, IA.

 

Dette er vel kanskje Andrew Thompson som i 1910 dukkar opp i Pasadena, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV6-77X

 

Og her er Bertha som enkje i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR69-3CD

 

og likeins i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHM-SB

 

men dødsfalli deira har eg ikkje finne so langt...

 

Anna Aaberg ser eg ikkje noko meir til i det heile!

 

Kanskje nokon har betre auge enn eg?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!

Edited by Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Los Angeles times 15/3 1915

 

andrew e thompson.JPG

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Andrew Aaberg kan være denne Andreas døpt 6/1 1850

SAH, Nord-Aurdal prestekontor, Ministerialbok nr. 4, 1842-1863, s. 29
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207610033

 

Familien emigrerer i 1851

SAH, Nord-Aurdal prestekontor, Ministerialbok nr. 4, 1842-1863, s. 264
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070207610168

 

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Obituary Andrew Oberg

 

a oberg.JPG

Share this post


Link to post
Share on other sites
Ann-Mary Engum
Akkurat nå, Anne Tonby skrev:

Obituary Andrew Oberg

 

a oberg.JPG

 

Hvilken avis og hvilken dato? 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Anne Tonby

Preston Times 12/8 1920

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne for mange kjempespennande innlegg om denne huslyden.  Eg er imponert over alt du greier å finna!

 

No har eg sjølv greidd å finna nokre tilleggsopplysningar, mellom anna om andre kona til Andrew Oberg, men eg har vanskar med å identifisera opphavi til foreldri hans Andrew Oberg!  Eg har elles med stor fryd oppdatert manuskriptet mitt for denne huslyden til erstatning for manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Torsten Erikson Dalsøren, frå Skogateigen under Sviggum i Hafslo, vart døypt i Hafslo 26.7.1812 og gifte seg første gongen i Luster 27.6.1844 med Britha Hansdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 4.11.1820.  Men Britha d. som husmannskone på Dalsøyri alt 18.12.1846, og Torsten gifte seg att i Luster 14.11.1850 med Martha Andersdotter frå Hjellen under Hillestad i Hafslo, f. i Hafslo 26.10.1822.  Torsten fekk plassen her på Øygarden 1 under Øyri etter svigermori frå kring 1845 og vart buande her fram til 1856.

Torsten og Martha Erickson utvandra til Amerika i 1856, men Martha d. visstnok under overfarten.  Torsten slo seg som enkjemann ned som farmarbeidar («farm laborer») i Vermont township, Dane Co., Wis., og der d. han 5.11.1881.  So vidt me veit, gifte han seg ikkje att etter Martha fall ifrå. 

 

##### (sjekka dette?)

 

Han fekk i alt fire born, eitt frå første ekteskapet og tre frå det siste, alle fødde i Luster:

a. Erik, kjend som Elick Thompson, f. i Luster 25.7.1844, utvandra med faren og stemori til Amerika i 1856 og d. i Dane Co., Wis. 19.3.1908.  Han gifte seg i Dane Co., Wis. 17.10.1870 med Karen H. Johnson, dotter av husmannen Henrik Nitter Johannesson frå Ekrebakken under Bjørk (1815‑1895).  Karen var f. i Dane Co., Wis. 17.10.1848 og d. i Dane Co., Wis. 5.9.1893.  Elick og Karen Thompson farma først i Blue Mounds township, Dane Co., Wis., men flytte sidan til ein farm i Springdale township, Dane Co., Wis.  Dei var barnlause.

b. Anders, kjend som Andrew E. Thompson, f. i Luster 2.2.1851, utvandra til Amerika med foreldri i 1856 og d. i Pasadena, Cal. 14.3.1915.  Andrew gifte seg i Dane Co., Wis. 10.11.1874 med Bertha A. Michaelson, f. i Dane Co., Wis. 4.4.1853.  Ho d. i Pasadena, Cal. 24.8.1937.  Andrew Thompson var snikkar («carpenter»), og dei budde ei tid i Mt. Horeb, Dane Co., Wis.  Men i 1903 flytte dei til Pasadena, Los Angeles Co., Cal. der Andrew heldt fram som byggmeistar («building contractor»).  Dei fekk fem born i lag.

c. Britha Thompson, f. i Luster 22.8.1852, utvandra med foreldri til Amerika i 1856, men ser liksom mori ut til  vera avlidi under overfarten.

 

     ##### (sjekka dette?)

 

d. Anna Thompson, f. i Luster 31.3.1854, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1856 og d. i Mt. Horeb, Wis. 26.12.1900.  Anna gifte seg i Dane Co., Wis. 10.2.1878 med Andreas Arneson frå Åberg i Nord-Aurdal, i Amerika kjend som Andrew Oberg.  Han var son av gardbrukar Arne Arneson i Åbergshagen, Åberg, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hans? - ved vigsli 27.12.1849 kalla Aaberg - https://media.digitalarkivet.no/view/8983/122?indexing=

 

     og kona Astrid Engebretsdotter frå

 

     ##### (opphavet hennar? - ved vigsli kalla Vestrebøeiget!)

 

     og f. i Nord-Aurdal 23.12.1849, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1851.  Andrew d. i Fillmore Co., Minn. 2.8.1920.  Som enkjemann gifte han seg 23.10.1901 att i Harmony, Minn. med Aletta, kjend som Lettie Nupson, f. i Fillmore Co., Minn. 27.3.1871.  Ho d. i Grand Meadow, Minn. 5.8.1949, men dei vart skilde kring 1918.  Andrew og Anna farma ei tid i Avery township, Hancock Co., Ia., men flytte sist på 1880-talet attende til Mt. Horeb, Dane Co., Wis. der Andrew var farmarbeidar («farm laborer»).  Med andre kona Lettie budde Andrew i Harmony, Fillmore Co., Minn. der han livnærte seg som målar («painter»).  Andrew fekk i alt ti born; av dei var ni frå første ekteskapet med Anna.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Kanskje finst det passasjerlister frå 1856 som nemner dødsfalli mellom passasjerane?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.