Jump to content
Arkivverket
Lars E. Øyane

Johannes Olson Lavold - fødd i Luster 1683 - flytte visstnok herifrå kring 1742 med andre kone Margrethe og fire born frå første ekteskap - truleg til ytre Sogn? - kvar vart det av dei?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette er ein huslyd som eg har slite med sidan tidleg på 1980-talet og som rett og slett berre «forsvinn» for meg.

 

Johannes Olson Lavold var av gamal Lustra-ætt, og det var ogso første kona Clara, men andre kona Margretha har han nok henta utante, kan henda frå Åretun i Lærdal(?).  Men so selde han garden sin og flytte bort.  Broren John hadde mellom anna tre døtrer som alle flytte til Fresvik og sjølv hadde eldste sonen hans, som var «etablert» før faren reiste frå Luster, òg ei dotter som i ung alder flytte til Vik.  No har eg oppdaga at dei to yngste sønene hans, Jens og Claus, KAN vera gifte i Gulen, men dette kan eg ikkje finna prov på.

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Olson Lavold, son av føregåande brukar og herifrå garden, var f. kring 1683 og fekk alt 20.3.1705 bygsel hjå faren på størstedelen av bruket.  Han gifte seg første gongen kring 1714 med Clara Nilsdotter frå Nes.  Ho var f. kring 1686, men vart gravlagd frå Lavoll 26.6.1731.  Johannes gifte seg so 19.11.1735 att med enkja Margretha Andersdotter, opphavleg frå

 

     ##### (opphavet hennar - gift før med kven? - oppl.? - truleg frå ei anna bygd? - NB: ei Margretha Andersdotter gifte seg i Tønjum, Lærdal 27.10.1715 med ein Johannes Anfindson! - budde kanskje på Åretun med born:

            * Samuel Johannesson, døypt Lærdal 15.6.1720, gravlagd Lærdal 23.6.1720

            * Anders Johannesson, døypt Hafslo 16.8.1721 - d. 1791 - g. Lærdal 9.11.1740 med Elsa Nilsdotter Rikheim (Nygard, Lærdal bd. II - s. 443 - f. 1719) - budde under Rå (Lærdal bd. II - s. 358) - sidan på Glitre (Lærdal bd. II - s. 103))

            Ei anna Magretha Andersdotter gifte seg i Stedje, Sogndal 1.1.1708 med Baard Larsson

 

     der ho visstnok var f. kring 1690.  I 1715 fekk broren John (sjå under) bygsel på eine helfti av garden, so frå den tid brukte Johannes Olson berre hi helfti, og formelt fekk han 9.3.1720 bygslebrev på helfti si.  Skøyte må han truleg ha fått hjå faren 4.4.1725, same dagen som broren John fekk skøyte på helfti si, men me kan ikkje sjå at skøyta til Johannes nokon gong vart tinglesi.  Ved skiftet etter frste kona slutta 24.3.1732 vart garden for gjeld utlagd sorenskrivar Jersin på Talle, men han skøytte 24.4.1737 attende til Johannes som elles hadde drive bruket òg medan Jersin var eigar.  Same året selde so Johannes vidare til broren.  Det ser likevel ut til at Johannes og Margretha vart buande på Lavoll fram til kring 1742.

Johannes og Margretha ser ut til å vera farne frå Luster kring 1742

 

##### (kvar flytte dei? - NB: tre av borni til broren John flytte sidan til Fresvik, og ei av sønedøtrene til Johannes frå første ekteskapet flytte til Vik, so kanskje det var til ein av desse stadane at Johannes og Margretha tok vegen? - dødsfalli deira?)

 

Johannes Olson på Lavoll fekk sju born, som var alle frå første ekteskapet:

 1. Lars Johannesson (1715‑1788), vart husmann på Hammarslott under Dalsøyri.

 2. Ole Johannesson (1718‑1763), vart gardbrukar på Berge i Dale.

 3. Anna Johannesdotter, f. kring 1720,

Anna Johannesdotter gifte seg truleg i Luster 3.11.1742 med husmannen Jacob Olson

 

##### (flytte frå bygdi på same tid - lagnaden deira?)

 

 4. Nils Johannesson (1722‑1762), hadde ei tid bruket her på Lavoll, men vart sidan husmann i Skildeimskleivi under Søvde i Dale (s.d.).

 5. Jørgen Johannesson, f. kring 1725, levde på Lavoll i 1741.

Jørgen Johannesson flytte truleg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori

 

##### (lagnaden hans?)

 

 6. Jens Johannesson, f. kring 1727, levde på Lavoll i 1741.

Jens Johannesson reiste nok òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori

 

##### (lagnaden hans? - ein Jens Johannesson Kraagaas gifte seg i Gulen 17.7.1751 med Kari Knutsdotter Fallebø!?)

 

 7. Claus Johannesson, f. kring 1730, levde på Lavoll i 1741.

Claus Johannesson flytte sikkert òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori

 

##### (lagnaden hans? - ein Claus Johannesson Fallebø gifte seg i Gulen 1.7.1759 med Bertha Torkildsdotter Sognefest!?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å løysa denne kjempeutfordringi!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik
8 hours ago, Lars E. Øyane said:

6. Jens Johannesson, f. kring 1727, levde på Lavoll i 1741.

 

Jens Johannesson reiste nok òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori

 

 

 

##### (lagnaden hans? - ein Jens Johannesson Kraagaas gifte seg i Gulen 17.7.1751 med Kari Knutsdotter Fallebø!?)

 

Solund Bygdebok (II), Kråkås; Her er det sagt at dei var "nemnde berre ein gong".

 

Bygdeboka for Gulen, Fallebø: Denne Kari var frå Vatne, hadde vore gift to gonger før ho gifta seg med Jens Johansson Kråkås, "men alt 30/7 1752 vart det skifte etter han". Born: Jens f. 30/7 1752 g. 29/12 1784 m. Kari Hansdtr Virkesdal.

 

Eg har ikkje funne opphavet til denne Jens. Kari K. vart gift ein gong til og døydde i 1793.

 

8 hours ago, Lars E. Øyane said:

 7. Claus Johannesson, f. kring 1730, levde på Lavoll i 1741.

 

Claus Johannesson flytte sikkert òg kring 1742 frå bygdi med faren og stemori

 

 

 

##### (lagnaden hans? - ein Claus Johannesson Fallebø gifte seg i Gulen 1.7.1759 med Bertha Torkildsdotter Sognefest!?)

 

Bygdeboka for Gulen, Fallebø: Klaus f. 1714  skal vere son av Johan/Johannes Torkesson Engeseter (Brekke Bygdebok, s.509). Klaus og kona skal ha flytta til Engeseter.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Gisle for eit svært spennande og utfordrande innlegg!

 

Dess meir eg tenkjer på denne Jens Johannesson på Fallebø, dess sikrare vert eg på at han må vera frå Lavoll i Luster og son av Johannes Olson og første kona hans!  Alderen stemmer «på ein prikk», mannen er ukjend i Gulen, Jens levde opp, og ikkje minst har enkja hans gift seg att med ein annan utflyttar frå indre Sogn, Christopher Pederson frå Hillestad!  Sjå kva eg har skrive i band X i bygdebokserien vår under gnr. 155, Hillestad, husmannsplassen Botnen 2:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christopher Pederson, truleg døypt 30.5.1728,

Christopher Pederson flytte i ung alder til Gulen der han 4.7.1755 gifte seg med enkja Kari Knutsdotter, opphavleg frå Vatne i Gulen.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Gunderson på Vatne og kona Eli Johnsdotter frå Vatne og vart døypt frå Sæternes i Gulen 12.10.1713.  Ho gifte seg første gongen i Gulen 18.7.1738 med Ole Erikson frå Fallabø i Gulen.  Han var son av gardbrukar Erik Aslakson på Fallabø og kona Lucia Pedersdotter frå Vatne og vart døypt i Gulen 20.5.1709.  Han vart gravlagd frå Fallabø 15.4.1742, og Kari gifte seg att i Gulen 1.9.1743 med Lasse Pederson frå Orvedal i Vik.  Han var son av gardbrukar Peder Lasseson på Orvedal, opphavleg frå Undi, og kona Britha Iversdotter frå Bø og f. i Vik kring 1699.  Han vart gravlagd frå Fallabø 14.6.1750, og Kari gifte seg so tredje gongen i Gulen 17.7.1751 med ein Jens Johannesson som den gongen budde på Kråkås i Solund, men som me ikkje kjenner opphavet til.  Han var f. kring 1726, men vart gravlagd frå Fallabø alt 7.5.1752.  Ole Erikson tok over som gardbrukar på heimebruket sitt på Fallabø i Gulen, og dette bruket dreiv både Lasse, Jens og Christopher etter kvart som dei gifte seg med enkja Kari.  Christopher og Kari vart buande på Fallabø levetidi ut.  Kari vart gravlagd frå Fallabø 6.1.1793, medan Christopher vart gravlagd same staden 16.2.1801.  Kari fekk i alt sju born, to frå første ekteskapet, tre frå det andre og eitt frå det tredje, medan ho i ekteskapet med Christopher fekk denne dotteri:

a. Helga Christophersdotter, døypt i Gulen 24.8.1755, d. som kårkone på Fallabø 21.10.1825.  Ho gifte seg i Gulen 18.7.1785 med Lars Hansson frå Vatne i Gulen, døypt i Gulen 18.12.1748.  Han d. som kårenkjemann på Fallabø 10.11.1830.  Helga og Lars tok over som gardbrukarar på Fallabø i Gulen og fekk tre born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Denne huslyden har vore debattert i Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/187532-christopher-pederson-fallebø-i-gulen-kven-var-kona-sine-tre-første-ektemakar-born-etter-ho/?tab=comments#comment-1913986

 

So til spørsmålet om Claus Johannesson.  Dersom han var heimehøyrande på Engeseter i Brekke, kvifor skreiv han seg då Fallebø ved vigsli?

 

Eg finn desse dødsfalli i Guilen:

 

* Claus Johannesson Engeseter døydde i 1785: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001734092

* Britha Torkildsdotter Engeseter døydde i 1791: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769161

 

Utifrå desse dødsfalli kan det sjå ut som om du (og Ivar Kleiva) har rett, men eg har òg sett lite vetta på dåpslistene frå Gulen og observerer ein spennande kar:

 

Claus Stølen med ukjend kone, døyper i alle fall desse borni i Gulen:

 

* utan namn 6.4.1759

* Mari 26.7.1761

* Jacob 29.11.1762

* Ole 3.2.1764

* Johannes 17.8.1766 - ?1801 på Vatsvik i Gulen: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391000999

eller kanskje på Kalgraf: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391002735

* Cornelius 13.8.1769

 

Kven var Claus Stølen?

 

Dette er nok ein komplisert huslyd, men ein eller annan stad der ute må dei jo finnast.  Kanskje Jacob Olson med kone Anna Johannesdotter kan identifiserast??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å lokalisera denne huslyden etter 1742!

Share this post


Link to post
Share on other sites
Gisle Hersvik

Takk Lars,

Eg trur du kan ha rett mtp Jens Johannesson.

 

Når det gjelder Claus Stølen så meiner eg han var fødd på Stølen (Solund) og dermed ikkje han du er på leiting etter. Første kona hans dø i 1800 så der er han som er enkemann ved FT1801. Eg har dessverre ikkje fått kartlagt alle barna til denne Claus.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.