Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'lavik'.



More search options

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • The National Archives of Norway
    • Spør Arkivverket
  • The Digital Archives
    • Brukernes eget forum
    • Tyding av skannede kilder
    • Kilderegistrering
    • Spør Digitalarkivet
    • Arkiv
  • Miscellaneous
    • Tekniske tilbakemeldinger

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

Found 3 results

  1. Dette er ein etter måten ganske so «komplett» grein av den gamle «Svends-ætti», omstreifarætti med sterk forankring i Luster i Sogn. Men, eg har aldri greidd å finna korkje faren Daniel eller sonen Johannes døypte nokon stad, og sidan desse folki stadig var «på vandring», mistenker eg dei for å ha fått born som er døypte andre stadar enn i Luster. Og eg ser at både Daniel og Johannes døydde utanfor bygdi, ein i Lavik og ein i Vik. Og eg trur kanskje kona til Johannes, Kirsti Sørensdotter, òg må vera avlidi ein eller annan stad langs Sognefjorden, men KVAR? Eg har følgjande oppdaterte manuskript å syna fram for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ Daniel Svendson Høyum, frå Slottet under Skildeim, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1755?) og d. i Båsen under Hellebø i Lavik 29.7.1832, medan han var på vitjing (og arbeid) der ute. Han gifte seg i Luster 4.3.1778 med enkja Martha Olsdotter, opphavleg frå Salbuneset under Talle. Ho vart døypt 8.7.1736 og hadde før vore gift med husmann og enkjemann Johannes Olson på Salbuneset under Talle (1738-1773). Martha d. 9.2.1824, og det vart då sagt at ho var strandsitjarkone på Nes. Kva tid Daniel og Martha slo seg ned her i Trondviki, er ikkje godt å seia, men det har truleg vore i 1780-åri. Elles var Daniel hesteskje­rar liksom faren, og det var helst lite dei budde på plassen i sommarhalvåret. Dei hadde ikkje noko jord, men vart i alle fall buande her til ut på 1800-talet. Som me såg, budde Martha på Nes då ho døydde, men om dei nokon gong hadde ein plass der ute, er uvisst. Daniel skreiv seg i alle høve til Høyeim då han fall ifrå i Lavik i 1832. Dei fekk ein son i lag: 1. Johannes Danielson (1779-1856), fekk plassen her i Trondviki 4 etter foreldri. Johannes Danielson Høyum, son av føregåande strandsitjar og herifrå plassen, var f. ##### (fødestaden hans? - dåpsdato? - 1779?) og d. på Vikøyri i Vik 21.3.1856, medan han var på vitjing (eller arbeid) der ute. Han gifte seg 30.4.1804 med Kirsti Sørensdotter frå Haugen under Skildeim, døypt 11.3.1773. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? - truleg i ytre Sogn?) Johannes var hesteskjerar liksom faren og bestefaren. Han og Kirsti tok over denne strandsitjarplassen på Viki etter foreldri hans kring 1804, og jamvel om dei nok var mykje på farten, vart dei buande meir eller mindre fast her levetidi ut. Då Johannes var avliden i 1856, vart plassen nedlagd, og den vesle jordi som måtte ha vore til han, gjekk attende til garden. Me veit om fem born etter Johannes og Kirsti i Viki: ##### (kan dei ha hatt fleire born fødde andre stadar?) 1. Daniel Johannesson (1804-1856), vart strandsitjar og budde i Hundaviki under Høyeim. 2. Jørgen Johannesson (1807-1807). 3. Søren Johannesson (1807-1807). 4. Søren Johannesson (1814-1896), vart strandsitjar på Tvingeborg under Sandviki. 5. Ole Johannesson, f. 24.1.1818, Ole Johannesson flytte visstnok i ung alder til Vikøyri i Vik og budde der som innerst. Han d. ugift på Vikøyri 24.12.1855. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til komplettering av denne biografien!
  2. Etter at eg no er komen til ein so høg grad av truverde når det gjeld ei løysing på dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/207995-elielen-ingebrigtsdotter-havelden-fødd-i-luster-kring-1730-flytte-kring-1750-til-eikefjorden-i-kinn-vart-gift-med-ein-peder-men-var-enkje-i-1771-hadde-med-seg-ein-son-johannes-janson-fødd-i-luster-1747-lagnadane-til-mor-og-son/ har eg i kveld omskrive heile manuskriptet mitt for denne huslyden som eg gjerne vil få syna fram i eit nytt tema: ~~~~~~~~~~~~~ Eli Ingebrigtsdotter {Havelden}, f. {i Luster} kring 1730, Eli Ingebrigtsdotter flytte truleg i 1750-åri til Lavik der ho 11.6.1764 gifte seg med Peder Josephson frå ##### (opphavet hans? – kalla Myren 1764) Han var son av ##### (foreldri hans?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hans? – ein Peder Josephson døypt på Kjelby i Gulen 27.6.1700 – kan det vera han: https://media.digitalarkivet.no/view/11433/38 Peder og Eli busette seg som gardbrukarar på Myri i Lavik der Peder d. kring 1770. ##### (nøyaktig dato?) Eli vart gravlagd som legdelem frå Myri 24.4.1812. Før Eli flytte til Lavik fekk ho ein son i Luster: a. Johannes Janson, son av Eli og husmann Jan Ingebrigtson på Havelden 3 under Flahammar (1731-1806), vart døypt i Luster 30.8.1747. Johannes Janson flytte med mor si på 1750-talet til Lavik der han 4.11.1775 gifte seg første gongen med Anna Lassesdotter frå ##### (opphavet hennar? – Rå eller Båsdal? – f. kring 1748? - finn ikkje døypt i Gulen!) Johannes og Anna budde visstnok som gardbrukarar på Rå og sidan på Ringereide i Lavik. Og derifrå vart Anna gravlagd 10.4.1786. Som enkjemann vart Johannes 9.12.1786 trulova på ny med Kari Philipsdotter frå Instefjord i Brekke, ##### (sjekka opphavet hennar?) ##### (Johannes og Kari ser ut til å forsvinna frå området kort etter – kvar vart det av dei??) Me kjenner til to søner etter Johannes Janson, båe frå første ekteskapet: a. Ole Johannesson, døypt i Lavik 23.6.1771, ##### (lagnaden hans?) b. Ingebrigt Johannesson, døypt i Lavik 16.4.1779, vart gravlagd frå Rå 28.1.1780. ##### (fleire born? – oppl.?) Dette var altso sonen som Eli hadde frå Luster. Men Eli og Peder fekk òg tre born i lag: b. Ingebrigt Pederson, døypt i Lavik 10.3.1765, ##### (lagnaden hans?) c. Inger Pedersdotter, døypt i Lavik 8.6.1767, ##### (lagnaden hennar?) d. Pernille Pedersdotter, døypt i Lavik 8.1.1770, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~ Det er merkeleg kor «flinke» desse folki ser ut til å vera med å «gøyma» seg for oss, eller er kjeldematerialet for Lavik verkeleg so «tunt»? Kanskje bygdeboki har eitt og anna svar å ny på? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Jeg trenger hjelp til å finne hvem som var foreldrene til Ingeborg Hansdtr. Ytre Torvund (Brekke,Eivindvik) Hun skal være født omlag 1732 og døde 1807 på gården Engeset. Hun ble gift i 1759 med Hans Ivarson Haugland 1730-1810. Brekke Bygdebok er ikke tilgjengelig annet enn om man besøker Nasjonalbiblioteket, så jeg får ikke sjekket hva som evt. kan stå der. Jeg ser i kirkebok for Gulen at Hans Olsen og Synneve Olsdtr. Ytre Torvund døper en datter Ingeborg 02.05.1732, men vet ikke om dette er rett. Og om så var skulle jeg gjerne hatt fødsel og dødsår på dem. Jeg finner ingen skifter på gården Ytre Torvund relatert til denne Hans og/eller Synneve. Har noen vært borti denne familien, eller er det noen som har bygdeboken fro Brekke for hånden og som er villig til å gjøre et oppslag der? Her er for ordens skyld 1801 tellingen for gården Engesætter hvor man finner Hans og Ingeborg, samt noen av deres barn. http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=f18011411&gardpostnr=266&personpostnr=3788&merk=3788#ovre
  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.