Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'ytre sogn'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

Fant 7 resultater

  1. Denne huslyden har eg slite med i mange år og vel meir eller mindre gjeve opp å finna lagnaden til. MEN, sjølv om dei hamna på legd og kjem fram i fattigprotokollane for Hafslo, må dei jo ha hamna ein eller annan stad. Etter at Gulbrand døydde i 1774 forsvinn både enkja og borni frå Hafslo, men kvar i all verdi vart det av dei?? Kanskje ytre Sogn? Sonen Mons kanskje til Os i Hordaland? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~ Gulbrand Olson Steen, opphavleg frå Haustaker, Kaupanger i Sogndal, var son av gardbrukar Ole Andersson på Haustaker og kona Kirsti Gulbrandsdotter frå Hovland, vart døypt på Kaupanger i Sogndal 28.2.1702. Han gifte seg i Sogndal kring 1744 med Rannei Monsdotter frå Nes i Sogndal. Ho var dotter av husmann Mons ¤¤¤¤¤ (farsnamn og opphav?) på Tangen under Nes og kona Cecilia Clausdotter frå Bjørgen under Årøy og f. i Sogndal kring 1716. Gulbrand og Rannei budde først eit par år på Tangen under Nes i Sogndal, men flytte kring 1748 til Offerdalen ytre i Årdal der Gulbrand truleg var sagarbeidar fram til kring 1757. Kring 1757 flytte so Gulbrand og Rannei til Luster, og her var dei plassfolk i Stein under Kroken i alle fall so lenge Gulbrand levde. Han er rett nok skriven Dalen då han vart gravlagd 15.3.1774, men i protokollane frå fattigvesenet er han aldri kalla noko anna enn Steen! ¤¤¤¤¤ (lagnaden til Rannei?) Plassen vart nok nedlagd etter dei var borte. Gulbrand og Rannei fekk visstnok fem born i lag: 1. Kirsti Gulbrandsdotter, f. i Sogndal kring 1745, ¤¤¤¤¤ (n. ekstraskatten 1762 – lagnaden hennar?) 2. Cecilia Gulbrandsdotter, døypt i Sogndal 3.9.1747, ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar? – d. ung?) 3. Maria Gulbrandsdotter, døypt i Årdal 4.5.1749, ¤¤¤¤¤ (lagnaden hennar?) 4. Ole Gulbrandson, døypt i Årdal 2.1.1752, ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans?) 5. Mons Gulbrandson, f. i Årdal 12.12.1755, ¤¤¤¤¤ (lagnaden hans? - kan dette vera Mons som brudgom på Os i Hordaland: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000728733) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei skikkeleg utfordrande huslyd frå Luster som eg har slite med i over 40 år for å finna ut av. Eg syner til skiftet etter (leiglendingen) Ole Otteson Leirdal i Luster, dagsett 25.2.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/144 Her er enkja og alle borni opprekna, og i tillegg til desse fekk dei òg ein son etter at husfaren døydde. Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Otteson Leirdal, frå Sperle i Jostedalen, var f. i Jostedalen kring 1697 og d. i Leirdalen først på året i 1744. Han gifte seg i Jostedalen ved påsketider i 1726 med Britha Olsdotter frå Bakken i Jostedalen. Ho var f. i Jostedalen kring 1706 og d. visstnok i Leirdalen kring 1750. Ole Otteson fekk 12.12.1734 bygselsbrev på dette bruket i Leirdalen, og han og Britha tok over styringi frå våren 1735. Ole dreiv garden dei åri han levde. Han og Britha fekk sju born i lag: 1. Ole Olson, d.e., f. i Jostedalen ?.6.1726, ##### (n. 1744 – lagnaden hans? – ytre Sogn?) 2. Kari Olsdotter, f. kring 1729, ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?) 3. Otto Olson, f. kring 1732, ##### (n. 1744 – lagnaden hans? – ytre Sogn?) 4. Anna Olsdotter, døypt 8.5.1735, ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?) 5. Christenca Olsdotter, døypt i Hafslo 12.1.1738, ##### (n. 1744 – lagnaden hennar? – ytre Sogn?) 6. Martha Olsdotter (1740-1800), vart gift med husmann Peder Pederson Døl i Eidsbakken under Eide (1742-1784). 7. Ole Olson, d.y., døypt 6.9.1744, voks opp som legdelem på Leirmo. ##### (lagnaden hans? – ytre Sogn?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Yngste dotteri Martha kom på legd i Fortun og vart gift og busett der, sjå: https://forum.arkivverket.no/topic/211742-peder-pederson-døl-fødd-kring-1742-truleg-i-lom-vart-konfirmert-i-luster-1762-og-var-husmann-her-kven-var-han-kvar-vart-det-av-borni-hans-til-gulensolundaskvoll/?tab=comments#comment-1782666 medan yngste sonen er nemnd som legdelem på garden Leirmo. Kjelda for desse opplysningane meiner eg er komne frå fattigprotokollane for Luster som børja kring 1756. Dei eldre borni hadde truleg òg vore på legd som born, men ser alle ut til å vera flytte frå Luster før dei kom i konfirmasjonsalderen. Ogso den yngste Ole må vera bortflytt. Berre Martha vart konformert her: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456956 Men kvar kan det ha vorte av dei?? Kan dei, som so mange andre foreldrelause born, vera flytte til ytre Sogn eller kanskje til ytre Sunnfjord? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Jens Sjurson (1740-1800) var husmann på Tadlagjerdet under garden Heltne i Luster, den EINASTE bustaden i Luster der soli ALDRI når fram til stovehuset, sjølv ikkje midt på sommaren. Første kona hans døydde barnlaus i 1791, og han gifte seg i 1792 att med: Unni Larsdotter, fødd på Prestegard i Hafslo kring 1752. Dei fekk en son i lag: * Sjur Jensson, døypt i Luster 19.12.1794. FT1801 syner mor og son som plassfolk under Heltne (mori med feil farsnamn Sjursdotter - skal vera Larsdotter!): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058398000108 Men Unni treivst nok ikkje i den evige skuggen, og i 1802 fekk ein ny husmann feste på plassen, medan Unni og Sjur flytte herifrå. Det har ikkje vore mogeleg å finna ut kvar mor og son flytte i 1802. Eg ser ikkje noko meir til dei korkje i Luster eller i Hafslo, so no ber eg Brukarforum om hjelp til å leita etter dei? Ein kompliserande faktor her er at det finst fleire personar lokalt med namnet Sjur Jensson, nemlig: * Sjur Jensson (1792-1878), i 1801 busett på Bergheim i Luster, vart buande levetidi ut på Bergheim og døydde der. * Sjur Jensson (1797-1862), i 1801 busett på Nes i Luster, vart buande levetidi ut på Nes og døydde der. Kanskje flytte mor og son til ytre Sogn? Eller fór dei til Bergen? Redigert: Eg har no etter ein ekstra «sjekk» oppdaga at i tillegg til dei to andre personane med dette namnet i Luster (Bergheim i 1809 og Nes i 1815), vart ogso ein Sjur Jensson Vigdal konfirmert i Luster i 1812, 16 år gamal, og det er nok mykje som tyder på at dette er «vår» Sjur: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/65 Og truleg er det same karen som i 1865 var ugift legdekall på garden Rønnei i Luster: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005270 Men eg har ikkje registrert noko dødsfall korkje for Sjur eller mori i Luster - merkeleg! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Mange fattige born frå Luster vart på 1700-talet «sende» ut for å tena og komma seg fram. Ein av desse var tydeleg: Lars Einerson, døypt i Luster 2.8.1761, son av Einer Johannesson og første kona Synneva Larsdotter som den gongen var plassfolk i Skildeimskleivi under Søvde i Luster, men som kring 1767 busette seg på plassen Haugen under Skildeim i Luster. Lars vart ikkje konfirmert i Luster, men me har ei kjelde (som eg i farten ikkje finn att) frå 1785 som seier at han var i live på den tidi! Men kvar kan so Lars Einerson ha vorte av? Eg har leitt i mange år, men står «bom fast»! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i minst 35 år og som eg aldri har greidd å finna løysing på, heller ikkje med dei noverande moderne søkemetodane. Kan ein eller annan hjelpa meg med tips? Mons Olson, truleg ein innflyttar til Luster, fødd kring 1700, gifte seg her kring 1725 med Anna Jacobsdotter frå Loven i Luster, fødd kring 1703, og fekk same året bygsel på heimebruket til mkona si på Loven i Luster. Der vart dei buande fram til kring 1740 då dei flytte til ein plass under nabogarden Lingjerde kalla Kvitten, truleg same plassen som sidan fekk namnet Runningen. Anna døydde på Kvitten og vart gravlagd der 12.5.1743. Skiftet hennar vart halde 7.5.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/24137/106 I skiftet les me at ho vart etterlevd av mannen Mons og fem born, sønene Ole og Nils og døtrene Johanna, Anna og Britha. Ei eldre dotter Siri er ikkje nemnd. Buet var fallitt! Mons gifte seg att, men døydde før 1762 då andre kona Bertha Tollefsdotter var legdelem på Flattun i Luster. Av borni etter Mons og Anna vart døtrene Siri, Johanna og Britha buande i Luster og døydde her. MEN dei tre hine forsvinn frå bygdi: ** Ole Monsson, døypt i Hafslo 30.5.1728 ** Nils Monsson, døypt i Luster 11.5.1735 ** Anna Monsdotter, døypt i Luster 19.1.1738 Kvar i all verdi kan dei ha vorte av? Særleg namnekombinasjonen Nils Monsson er ganske so uvanleg. Me finn eit par av dei på Leikanger i Sogn, men eller er det fleire i og kring BERGEN. Det same gjeld for Anna Monsdotter, men denne kombinasjonen finn me mellom anna òg i Gulen, medan Ole Monsson finst «overalt»...! Eg står heilt utan konkrete spor, men vonar på hjelp og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Knut Findson Forthun, son av Find Knutson og Kirsti Torbjørnsdotter, gardbrukarar på Fortun i Luster, vart døyptm i Luster 18.3.1742. Diverre manglar me konfirmantlister for Luster i åri kring 1759/1760, so han kan godt ha vorte konfirmert her, men me veit det ikkje. Derimot veit me at han levde då det i 1769 vart halde skifte etter faren Find Knutson. Han var då til stades, men i Luster ser me ikkje noko meir til denne karen etter den tid. https://media.digitalarkivet.no/view/24140/19?indexing= Kvar kan han ha vorte av? Bergen? ytre Sogn? Lom? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Christopher Olson, som skal ha vore veteran frå den store nordiske krigen, var visstnok fødd på husmannsplassen Slottet under garden Tandla i Gaupne sokn i Luster kring 1682. Han gifte seg første gongen kring 1724 men Martha Narvesdotter frå plassen Stein under Fuhr i Luster, fødd kring 1705. Dei fekk bygsel på eit brukj på garden Bringe der Martha døydde alt kring 1729. So gifte Christopher seg straks att med Metta Tollefsdotter frå Haganes, fødd kring 1711. Men dette gjekk ikkje so bra! Alt kring 1734 vert det fortalt at Christopher «gjekk frå gard og grunn», samstundes som han skulda kona Metta for å ha vore utru mot han! Me høyrer ikkje meir om saki, men Christopher er nok avliden, for i 1750 gifte Metta seg att med Asbjørn Østensoj i Skår i Luster og flytte dit. Christiopher og Metta hadde to born i lag, og dei vart buande i lag med mori i Luster, men so hadde Christopher tre gutar frå første ekteskapet med Martyha Narvesdotter, og her er det me finn dei store utfordringane: * Trond Christopherson, fødd i Luster kring 1724, budde i 1734 hjå Johannes Kolstad i Luster, som visstnok var formyndaren hans, men det er òg det siste me ser til Trond i Luster. * Halvor Christopherson, fødd i Luster kring 1726, budde endå so seint som i 1741 hjå formyndaren sin, Erik Alme i Luster, men sidan høyrer me heller ikkje meir til han i Luster! * Peder Christopherson, fødd i Luster kring 1728, budde i 1735 hjå formyndaren sin, Johannes Berge i Luster, men det er det siste me høyrer om han i Luster. Ingen av gutane vart konfirmerte i Luster, so dei må vera flytte før dei kom i den alderen...! Men kvar?? Dei mest relevante alternativi er vel Bergen, ytre Sogn eller kanskje Gudbrandsdalen? Eller reiste dei nordover til Møre og Romnsdal eller Nordland? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.