Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'christiania'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
    • Spørsmål om transkribering i Transkribus
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Dette er ein huslyd frå Luster som ogso Ivar Moe har minnt meg om gjennom eit anna tema og der eg ser at eg manglar ymse detaljopplysningar, som eg svært gjerne skulle hatt på plass, både frå Amerika og frå Noreg (Christiania). Kanskje nokon kan hjelpa meg? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Narve Larsson Fuhr, frå Myrsete under Hengesteg, vart døypt 3.1.1797 og gifte seg 26.1.1824 med Sophia Haagensdotter frå Svangstu lille, døypt 29.7.1798. Narve og Sophia fekk overta plassen her på Myrane under Fuhr alt i 1824 og vart buande her som husmannsfolk like til 1867. Då vart plassen nedlagd, og jordi fall attende til garden. Narve og Sophie Larson utvandra til Amerika i 1867 i lag med sonen Anders; alle dei andre attlevande borni var farne over tidlegare. Og Narve og Sophie Larson slo seg ned hjå sonen Lars på farmen hans i Windsor township, Dane Co., Wis. ##### (lived there in 1870 – dates and places of their deaths?) Narve og Sophia på Myrane fekk åtte born i lag, mellom anna denne sonen: Lars Narveson Skildum, frå Myrane under Fuhr, var f. 12.4.1824 og gifte seg første gongen 5.5.1846 med Anna Andersdotter frå Mordla under Heltne i Dale, f. 22.10.1818. Lars og Anna fekk festesetel på denne plassen i Skildeimshaugen dagsett 15.2.1847, men dei kan ikkje ha hatt noko særleg med jord til plassen, og vart då heller ikkje buande her lenger enn til 1861. Då vart plassen nedlagd, og jordi gjekk attende til garden. Lars og Anna Narveson utvandra til Amerika i 1861 og slo seg først ned som farmarar i Windsor township, Dane Co., Wis., men flytte på 1870-talet til ein farm i Hampden township, Columbia Co., Wis. Anna d. i Columbia Co., Wis. 6.6.1878, og Lars gifte seg att i Dane Co., Wis. 15.1.1879 med Martha Olsdotter frå Hærishaugen under Hæri. Ho var f. i Luster 9.8.1835 og hadde utvandra til Amerika i 1873. Lars og Martha vart buande på farmen hans i Hampden township, Columbia Co., Wis., der Lars d. alt 11.3.1881. Martha Narveson d. i Dane Co., Wis. 7.11.1911. Lars fekk i alt sju born, som alle var frå første ekteskapet, men dessutan hadde andre kona Martha òg tre born frå før: a. Anna L. Narveson (1845‑1908), utvandra med foreldri i 1861 og vart der borte gift med husmannssonen Henrik Olson frå Langeteigen under Dalsøyri (1844‑1927). b. Sophia L. Narveson (1847‑1852), f. og d. i Luster. c. Narve L. Narveson, truleg kjend som Narve Lewis, ##### (American name to be verified?) f. i Luster 21.11.1850, utvandra med foreldri til Amerika i 1861. ##### (moved «West» at a young age – his destiny??) d. Sophia L. Narveson, kjend som Sophie Lewis, f. i Luster 12.11.1852, utvandra til Amerika med foreldri i 1861 og d. i Chicago, Ill. 7.1.1936. Ho flytte i ung alder til Chicago, Ill. der ho 13.10.1884 gifte seg med ##### (original name from Norway? – referred to as Olaf Olaus Lee) ##### (wherefrom in Norway? – Christiania?) ##### (full names of his parents?) f. i Christiania (Oslo) 16.4.1860. Han utvandra til Amerika i 1878 ##### (year of his emigration to be verified?) og d. i Oak Park, Ill. 26.6.1926. Oluf Lee var fabrikkformann («factory foreman»), og han og Sophie vart buande i Chicago, Ill. levetidi ut. Dei fekk to born i lag. e. Anders, kjend som Andrew L. Narveson, f. i Luster 4.8.1855, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 12.10.1880. f. Gunnhild, kjend som Julia L. Narveson, f. i Luster 1.1.1858, utvandra likeins med foreldri til Amerika i 1861, men d. ugift i Columbia Co., Wis. 22.2.1877. g. Malena L. Narveson, f. i Columbia Co., Wis. kring 1862, ##### (exact date of her birth?) d. i Columbia Co., Wis. 26.8.1877. h. Ole Andersson, kjend som Ole A. Harum, son av Martha Olsdotter og gardbrukar Anders Andersson på Lid øvre i Hafslo (1838‑1922), var f. i Luster 25.5.1861 og utvandra til Amerika med mori i 1873. Han d. i Sioux Falls, S.D. 23.11.1912. Ole Harum gifte seg i Fillmore Co., Minn. 16.12.1891 med Barbara O. Thyri. Ho var f. i Fillmore Co., Minn. 18.11.1868 og d. i Rochester, Minn. 29.9.1916. Ole og Barbara budde i Lanesboro, Fillmore Co., Minn. og fekk seks born i lag. i. Anders Andersson, son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871), var f. i Luster 19.5.1865, ##### (lagnaden hans? – ikkje utvandra til Amerika – døydde han heilt ung?) j. Christian Andersson, kjend som Christian A. Harum, var likeins son av Martha Olsdotter og husmannssonen Anders Andersson frå Teigane under Bolstad (1831‑1871) var f. i Luster 19.2.1870 og utvandra til Amerika i 1873 i lag med mori. Christian Harum var snikkar («carpenter») og vart buande i Windsor township, Dane Co., Wis. der han d. ugift 6.8.1940. ~~~~~~~~~~~~~~~ Her ser me Lars Narveson (her kalla Lewis Nelson!) med huslyden hans i FT1870 i Windsor township, Dane Co., WI. Ogso foreldri hans er nemnde her (ogso dei kalla Nelson!) og ein yngre bror Anders: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DT87-51V Me ser soleis at både Narve og Sophie levde i 1870, men båe er borte i 1880, og det er vel ikkje usannsynleg at dei båe døydde i 1870-åri, men nærare detaljar har eg ikkje greidd å finna so langt! Og her er ymse innførsler som gjeld Lars si dotter Sophie Lewis med mann Olaf Olaus Lee som skulle vera frå Christiania, skal me tru kjeldene frå Chicago * Dødsfallet hans: Name Olaf Olaus Lee Event Date 26 Jun 1926 Event Place Oak Park Village, Cook, Illinois Gender Male Race white Age 66 Birth Year (Estimated) 1860 Birth Date 16 Apr 1860 Birthplace Christicina, Norway Father's Name Olaus Lee Father's Birthplace Christicener, Norway Occupation foreman Residence Place Chicago, Ill. Spouse's Name Sophia Lee Burial Date 29 Jun 1926 Burial Place Mt. Olive * FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-63RT-2F * FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJL-QGX * FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R68-73Y Eg vonar det er mogeleg å identifisera Olaf Olaus utifrå desse kjeldene, både fødsli hans og utvandringi? Neste store utfordring her ver lagnaden til eldste sonen etter Lars Narveson, Narve Lewis(?). Familien fortel at han reiste heimefrå i ung alder og skal ha butt ein eller stad «in the West», men so langt har eg ikkje greidd å finna spor etter han! Siste store utfordringi er lagnaden til Anders Andersson, sonen som andre kona Martha fekk i Luster i 1865: https://media.digitalarkivet.no/view/8402/54 Her er mori Martha Olsdotter med båe dei eldste borni i FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261001880 Og her er utvandringi til mori frå 1873 med berre eldste og yngste barnet: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/422 Kvar er so Anders Andersson vorten av? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  2. Hei Jeg lurer på om det finnes noe arkiv etter en forening som ble oppretter i tiden rundt 1848/1849 og varte til utover 1850-tallet? Denne foreningen het Den demokratiske forening og var blant annet en alternativ forening (slik jeg har oppfattet det) til Studentersamfundet i Christiania. Jeg har lite å gå på men noe litteratur finnes om denne foreningen tilgjengelig på nb.no. Det meste står i boka Gesellar, rebellar og svermarar (1982) s. 99-124. Tilgjengelig her: https://www.nb.no/items/b25ed3a99e4bdf30a3d6b58ababf82bc?page=121&searchText=%22den%20demokratiske%20forening%22 Takker for oppmerksomhet, Mvh Dan André Fiskum Velle
  3. Hei, Halve slekta er født i Christiania, og det er stort sett KUN denne informasjonen jeg har, i tillegg til navn og årstall for fødsel. Når jeg vet at en person er født i Christiania, hvordan finner jeg ut av hvilken kirkebok jeg skal lete i da? Med vennlig hilsen Cecilie
  4. Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #62687 i det gamle brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/148072-62687-bertha-marie-og-august-fagerlurg-maridalsv-1918-fleire-opplysningar/?tab=comments#comment-1245148 Utgongspunktet for emnet den gongen var dødsfallet til Berthe Marie Fagerberg i Jakobs kyrkjelyd i Christiania 27.11.1918: https://media.digitalarkivet.no/view/1832/118 Stort lenger kom eg ikkje den gongen, men kanskje let det seg gjera i dag å finna litt fleire opplysningar om denne huslyden? Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Følgjande etterlysning er nettopp send ut på den norsk-amerikanske Rootsweblista - dette er vel noko som ein og annan lesar av Brukarforum lett kan løysa...: ~~~~~ My name is Rodney Price and I live in New Zealand.My maternal grandfather was Andrew Heinrich Stone born in Christiania, Norway. He applied for naturalization in New Zealand in 1914. In this application he stated that he was born on 18 November 1882, and that he arrived in New Zealand in September 1901.I understand that his parents were Carl Johan Steen / Marie Josephine Hemmingsen. I do not know the dates of birth or death of his parents. I further understand that Andrew changed his surname from Steen to Stone when he arrived in New Zealand.He married Barbara Ann Stenhouse in Wellington, New Zealand, on 9 March 1908; she was born in Scotland. She also went by the name Barbara Ethel Stenhouse.What I would like to do is apply for a birth certificate for Andrew Heinrich Stone/Steen. Can someone tell me how to apply for such a birth certificate? I'm hoping this birth certificate might give the ages of his parents at the time of his birth. I'm wanting to try and find when and where his parents were born, and when and where they died. I have a photo of the parents in Christiania, Norway, in 1902.I'm looking forward to any help that someone can give me.Rodney Price ~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Gunnar Bolstad - Oslohistorie.no

    Schrøder-familiene i Christiania

    Jeg forsøker å rydde i de ulike Schrøder-familiene som dukker opp i Christiania tidlig på 1800-tallet. I utgangspunktet er det den unge offiseren Christian Frederik Schrøder jeg er mest interessert i – han ble født i 1797 og døde i 1821. Det er en ytterst tragisk, men veldig interessant historie som ligger bak her. Vi finner ham som barn i denne familien i FT1801. I tillegg har jeg funnet tre nye søsken, født i Christiania i 1801 (Maren Andrine), 1802 (Maren Christiane) og 1804 (Frederik Ferdinand), og det framgår av kirkebøkene at kjøpmannfarens fulle navn er Christian Friederich Schrøder, mens moren, Maren Catharina, ser ut til å være datter av en Torsten Mogensen (og Marthe). Når Maren nr 2 blir født i 1802, er det vel rimelig å anta at Maren nr 1 (født 1801) allerede er død. I 1821 skriver moren (enke) i avisen at det sitter igjen «fire yngre Søskende» etter den nyss avdøde offiseren. Det er jo mulig at moren regnet inn storesøster Frederika også her, men her kan det altså være en jeg ikke har funnet. Jeg har heller ingen spor etter denne søskenflokken senere. Hvor ble de av? -- I FT1865 finner vi James Emanuel Schrøder boende i byen sammen med sin mor, enken Dorothea. Han skal være født i Christiania i 1824, men jeg finner ham ikke innført noe sted. Han kunne jo teoretisk vært en etterkommer av lillebror Mogens, men dette er jo bare en fri spekulasjon. -- Cirka 1830 dukker snekkermester Christian Frederik Schrøder opp i byen. Han er far til den berømte møbelsnekkeren Hans William Schrøder (1831-1912). Vi finner familien omtalt i Norsk biografisk leksikon, og det framgår her at Christian Frederik skal være født i Christiania i 1801. Han finner jeg imidlertid heller ikke i kirkebøkene. Er det noen som kjenner til ham? -- I 1850-årene dukker skolemannen og teatersjefen Hans Schrøder opp i Christiania, men han tror jeg vi har kontroll på. Hans far, Hans Daniel, skal være født i Tvedestrand i 1802. -- Jeg tar gjerne imot litt veiledning her.
  7. Utgongspunktet for denne huslyden finn me på Røros - vigde 27.11.1789: John Andersson Colgen og Olava Olsdotter Jemt - so ser det i alle fall ut som det står: https://media.digitalarkivet.no/view/2449/12 FT1801 syner at John då er husmann og hyttearbeidar, busett på Sandmæhlen i Tolga: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058247000136 Sonen Ole Johnson (d.y.) er fødd i Tolga 20.4.1807 og døypt same stad 7.5.1807: https://media.digitalarkivet.no/view/9220/196 So gifte Ole Johnson Sandmæhl seg i Oslo Domkyrkje 7.10.1833 med Rønnaug Jensdotter frå Lestebergeiget i Krødsherad: https://media.digitalarkivet.no/view/661/128 Rønnaug er dotter av Jens Evenson og Berit Bjørnsdotter og vart døypt i Krødsherad 27.10.1799, og huslyden budde 1801 som plassfolk på Tostenrud i Krødsherad: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058273002800 Jens og Berit gifte seg i Krødsherad 17.3.1799, men ingen gardsnamn er oppgjevne: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001459448 Bygdeboki for Krødsherad nemner desse berre svært kort og at dei sidan budde i Lestebergeiget!! Ole og Rønnaug flytter straks etter vigsli til Krødsherad der dei får tre born: * John Olson, fødd 15.4.1834: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/10 * Olava Olsdotter, fødd 23.5.1836: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/18 * Berit Olsdotter, fødd 2.5.1840: https://media.digitalarkivet.no/view/15928/30 Dei var sjølveigarar på Ormerud og sidan på Gigernes, båe parsellar av Ørgenvika, men i 1842 utvandra heile huslyden (utan gardsnamn) til Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/1103/215 Gerhard B. Naeseth omtalar dei i emigrantsoga si under namnet Lesteberg, men han har ingen opplysningar om lagnaden deira!! Eg finn derimot at Rønnaug Jensdotter som enkje gifte seg att i Columbia Co., WI 16.11.1850 med enkjemannen Bertel Olson frå Bringe i Luster, døypt på Kaupanger i Sogndal 14.6.1789, og denne Bertel er oppført som farmar i Lewiston township, Columbia Co., WI i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9LWB Bertel bur i 1860 åleine med ein svensk Isaacson huslyd. Kona Ronnaug og borni hennar ser eg ikkje noko til! Eg er særleg oppreken av å finna ut/kontrollera: ** Frǻ kva gard/plass (på Røros?) hadde John Andersson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass (på Røros?) hadde Olava Olsdotter opphavet sitt? ** Sandmælen er gnr. 58 i Tolga - kva heitte plassen der John Andersson og Olava budde? ** Frå kva gard/plass (i Krødsherad) hadde Jens Evenson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass (i Krødsherad) hadde Berit Bjørnsdotter opphavet sitt? ** Er det mogeleg å slå fast på kva plass under Lesteberg Jens Evenson og Berit Bjørnsdotter busette seg? ** So er eg sjølvsagt svært interessert i opplysningar om lagnaden til denne huslyden i Amerika - kvar vart det av Ole, Rønnaug og dei tre borni deira? Eg vonar det skal vera mogeleg å supplera med dei fleste opplysningane på «norsk» side om opphavet til slekti, men ser klart ei kjempeutfordring i å spora dei opp i Amerika! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. I samband med leiting etter noko heilt anna dukka denne jenta brått opp: Anna Iversen, fødd i Luster 1849, ugift «sypige» i Christiania i 1885: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295017999 Eg er ikkje i stand til å finna noki Anna i Luster som høver med denne omtalen, og no lurer eg på om nokon kan hjelpa meg identifisera ho? Kanskje vart ho gift og busett i Christiania? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Det vart 21.9.1873 feira eit bryllaup i Goodhue Co., MN. Brudgomen var Christopher Hansson Haium, fødd i Luster 15.3.1848 Bruri var Emilie Olsdotter, òg kjend som Amelia Mabel Knutson. Dette parfolket flytte i 1879 til ein farm i Parnell township, Brookings Co., SD og FT1900 syner dei slik: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-XHLQ-3Z1 Amelia er oppgjevi fødd i Noreg i mai 1852 og utvandra i 1867, og far hennar, Ole Knutson, budde der i lag med dei, fødd i Noreg i mai 1821. FT1905 oppgjev utvandringsåret hennar til 1868: Name: Amelia Haium Gender: Female Race: White Marital Status: Married Age: 53 Birth Date: 1852 Birth Place: Norway Years in State: 26 Arrival Year in State (Estimated): 1879 Residence Place: South Dakota, United States Years in United States: 37 Arrival Year in the United States (Estimated): 1868 Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway FHL Film Number: 2281586 Og her er gravstøtta hennar i Elkton cemetery, som syner fødselsdato 2.5.1852 og dødsdato 28.1.1909: https://www.findagrave.com/memorial/112565896 Eg finn berre eitt godt alternativ for denne Amelia Olsdotter med far Ole Knutson og fødselsdato 2.5.1852, nemlig fødd på Lyse nedre i Aker: https://media.digitalarkivet.no/view/570/395?indexing= attgjeve hjå FamilySearch: Name Emilie Olesdatter Gender Female Birth Date 02 May 1852 Christening Date 06 Jun 1852 Christening Place Oslo, Oslo, Norway Father's Name Ole Knudsen Mother's Name Karen Larsdatter Og her er vel vigsli til foreldri hennar i Aker 19.9.1845: https://media.digitalarkivet.no/view/570/464 attgjeve hjå FamilySearch: Name Ole Knudsen Birth Date 1821 Age 24 Spouse's Name Karen Larsdatter Spouse's Birth Date 1820 Spouse's Age 25 Event Date 19 Sep 1845 Event Place Oslo, Oslo, Norway Father's Name Knud Olsen Spouse's Father's Name Lars Iversen Men her er vel huslyden i FT1865 som gardbrukarar på Lyse nedre i Aker: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0218&kenr=003&bnr=0047&lnr=000 Ut ifrå desse opplysningane, er det nokon som kan hjelpa meg med følgjande: ** Frå kva gard/plass hadde Ole Knutson opphavet sitt? ** Frå kva gard/plass hadde Karen Larsdotter opphavet sitt (utifrå vigsli skulle ein tru ho var frå Lyse nedre...?)? ** Kan utvandringsåret for denne huslyden stadfestast, 1867 eller 1868? Andre del av denne utfordringi gjeld Christopher Hansson Haium. Det vert nemlig fortalt at han som enkjemann etter Amelia skal ha flytt til Spokane, WA og der gift seg att, men ingen kjenner namnet til denne andre kona og heller ikkje kvar det vart av ho! Her er Christopher i Spokane, WA i 1910 som enkjemann hjå dotteri Clara Anderson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBW-832 Eg finn han ikkje i FT1920, men i 1930 er han som enkjemann attende i Vance Creek township, Barron Co., WI (eg får ikkje òpna fili hjå FamilySearch, men her er ein utskrift frå ancestry): Name: Chris H Hanson [Chris H Haium] Birth Year: abt 1848 Gender: Male Race: White Birthplace: Norway Marital Status: Widowed Relation to Head of House: Father Home in 1930: Vance Creek, Barron, Wisconsin, USA Map of Home: View Map Dwelling Number: 133 Family Number: 134 Attended School: No Able to Read and Write: Yes Father's Birthplace: Norway Mother's Birthplace: Norway Language Spoken: Norwegian Immigration Year: 1861 Naturalization: Naturalized Able to Speak English: Yes Household Members: Name Age Grant C Hanson 35 Ella Hanson 32 Bernice Hanson 9 Chris H Hanson 82 Berre ei utfordring ligg her «i lufti»: ** Er det mogeleg å finna ut kven andre kona til Christopher var og detaljopplysningar om ho? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Dette er ein huslyd som eg jobba ein del med på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjelder laut liggja «på kvil»... Kanskje det i dag er enklare å finna svar på nokre av dei utfordringane som framleis står att? Særleg er eg oppteken av: ** Lagnaden til Østen Larsson Heltne, som eg ikkje finn avliden i Bergen! ** Lagnadane til dei to døtrene hans som gifte seg og flytte til Christiania! Her er Thora Christoffersen i Bergen 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052994044545 Her er Thora Christoffersen i Christiania 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037045197263 Her er Thora Christoffersen i Christiania 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392048417 Her er Anna Sundseth i Christiania 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036392051254 Og her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Østen Larsson {Heltne}, f. {i Luster} 9.9.1832, Østen Heltne flytte òg til Bergen i ung alder og gifte seg i Domkyrkja 16.5.1858 med Halfrid Halvorsdotter frå Risen i Gulen. Ho var dotter av gardbrukar Halvor Trondson på Risen og kona Ingeborg Hansdotter frå Dingen og f. i Gulen 23.6.1828. Østen Heltne var fyrbøtar og sidan maskinist. Han og Halfrid budde ei tid i Sydnæskleven og sidan i Skivebakken i Bergen, men Østen d. ##### (dato og stad for dødsfsllet hans? – e. 1880/før 1885?) Halfrid Heltne d. som enkje i Baglergaten 18.1.1896. Dei fekk seks born i lag: a. Laurits Ananias Østenson Heltne, f. i Bergen 5.5.1859, d. i Bergen 8.4.1874. b. Herman Johan Østenson Heltne, f. i Bergen 13.12.1860, d. som kontorbod i Bergen 8.4.1880, ugift. c. Laura Caroline Østensdotter Heltne, f. i Bergen 16.6.1863, d. i Bergen 4.6.1877. d. Thora Henrikke Østensdotter Larsen, f. i Bergen 9.7.1865, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Thora gifte seg i Nykyrkja i Bergen 28.11.1886 med Otto Johan Christoffersen frå Bergen, f. i Bergen 16.7.1863. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Otto var maskinist, først dampskipsmaskinist til sjøs og sidan ved vegstellet før han vart fabrikkmaskinist. Han og Thora budde i Christiania. ##### (inkl. 1900/1910 – kva sidan?) ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Petra, f. Bergen 1890 – n. 1900 * Rolf, f. Christiania 11.11.1903 – n. 1910!) e. Hilda Gurine Østensdotter Heltne, f. i Bergen 22.8.1867, d. i Bergen 20.4.1873. f. Anna Johanne Østensdotter Larsen, f. i Bergen 25.11.1869, d. i Oslo 28.9.1951. Ho gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 21.11.1896 med Marentius Martinusson Sundseth frå ##### (kvar oppvaksen? – fødestad oppgjeven som Ytterøy i 1896!) f. på Sundsethaug i Mosvik, Nord‑Trøndelag 5.10.1869. Han d. i Oslo 10.2.1947. Marentius var dampskipskokk, men vart sidan vegstellsarbeidar ##### (nemnd so 1910 – kva sidan?) og han og Anna budde i Christiania. Dei fekk ein son i lag. ##### (sjekka born? – inkl.: * Alf, f. Christiania 23.11.1903 – n. 1910) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  11. Dette er ogso ein huslyd som eg arbeidde med på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldetilgong ikkje greidde å gjera so fullstendig som eg ønskte meg, sjølv om eg den gongen hadde kontakt med dålevande etterkomarar... Kanskje er no tidi kommi til å fylla ein del av dei «hòli» som framleis finst? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye og spennande funn er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #16 nedanfor! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  12. Eg har motteke følgjande obituary frå Woodburn, OR: ~~~~~ Death of Mrs. James Kilen Mrs. James Kilen died at her home in this city on September 2, aged 58 years, 4 months and 22 days. Matilda Halvorsen was born in Christiania, Norway, April 11, 1857. In 1874, with her parents, sisters and a brother, she came to America and settled in Jackson county, Minn. On July 10, 1879, she was married to James Kilen and to this union three children were born, two sons and a daughter. In 1898, they left Minnesota on account of her health and came to Idaho, residing there until 1911, when they moved to California and two and one-half years later to Oregon. In spite of all they could do for her her condition would show improvement for a short time only. She suffered patiently with her affliction all these years, more than five of which she was an invalid. Mrs. Kilen was a devoted wife and mother, a faithful Christian for many years, a member of the Lutheran Church and always willing to lend a helping hand to one in need. She is survived by her husband, James Kilen; two sons, Elias Kilen of Woodburn and J. C. Kilen of Oatman, Aria.; two sisters in Minnesota, Mrs. J. T. Powell and Mrs. Mollie Christianson and a brother, Jule Halvorson, in Christiania, Norway, the daughter having passed on in February 1917.* The funeral was Monday morning the services being held at the Lutheran church at 10 o'clock. Rev. Mr. White of Silverton officiating. The choir consisted of Mrs. Benton Kilen, Miss Mabel Livesay, Perle Love and G. A. Landon. There were many beautiful floral offerings. The Woodburn Independent Newspaper Woodburn, Oregon September 9. 1915, Page 1, Column 3 ~~~~~ Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna ut/stadfesta følgjande: ** Fullt namn i Noreg? ** Dato og stad for fødsli hennar? ** Utvandringsåret hennar? ** Fulle namn på foreldri hennar samt yrke, bustad og opphav? Eg ser hjå FamilySearch ein einaste god kandidat: Mathilde Julie, fødd i Høland 12.4.1857 som dotter av gardbrukar Johan Halvorson Skarebøl og Inger Marie Olsdotter. Kan det vera ho? https://media.digitalarkivet.no/view/521/64 I 1865 busette på Kragtorp nedre i Høland: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0221&kenr=008&bnr=0092&lnr=000 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Inga M. Martinson vert oppgjevi fødd «nær Christiania» 22.8.1870. Ho gifte seg i Milnor, ND 30.12.1896 med Sivert Anderson, fødd i Crawford Co., WI 9.2.1867 av foreldre som båe var emigrantar frå Luster i Sogn. Eitt av vitni til vigsli var ein Harald Martinson, sikkert ein bror til bruri! Her er Sivert og Inga i ulike teljingar for ND: 1900 med utvandringsår 1883: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P63-2KH 1910 med utvandringsår 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJY-9SDZ 1920 med utvandringsår 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNN-VSY 1930 med utvandringsår 1882: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RZF-QXY Her er nok gravi til broren Harald D. Martinson, fødd 17.12.1874: https://www.findagrave.com/memorial/135737596 Er det ut ifrå desse opplysningane mogeleg å finna: * Fullt namn til Inga M. Martinson? * Dato og stad for fødsli hennar? Og kvar vaks ho opp? * Nøyaktig utvandringsår? * Fulle namn på foreldri hennar med yrkestitel, bustad og opphav? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Jeg har en sak jeg trenger hjelp til, her er saken: Peder Pedersen fra Roskilde i Danmark jobbet i Christiania som kusk. Han var sammen med Bolette Hansdatter f. 2. aug. 1831 (far Hans Corneliussen på Hollerud) Hole, Buskerud. Hun var kokke. Hun ble gravid og han "stakk av". Hun flyttet til Hole og fødte en datter Ingeborg Wilhelmine Pedersdatter f. 5. april 1858 dåp 2. mai 1858 Hole kirke Buskerud. (Bolette blir senere gift 1863 på Nesbyen med Ole Tandberg og bosetter seg der). Problemet er å finne noe om Peder Pedersen fra Roskilde Danmark. Antakelig født mellom 1820 til 1840. Ikke gift i 1858. Det nevnes i en kilde at Bolette og Peder begge jobbet hos Løwenskjold. I kirkeboka står det i margen at de jobbet sammen i Christiania. Peder er oppført som ungkar. Når han kom til Christiania eller når han dro vet jeg ikke. Har noen noe forslag til informasjon? Ingeborg Wilhelmine ble gift Øye og var min oldemor. Dag.
  15. Dette er ei skikkeleg «hard nøtt» som eg har jobba med i mange år, men som eg berre ikkje greier gjera noko med! Kanskje nokon har tanker kring denne personen? Ole Erikson (Bolstad) (1720-1771) og kona Mari Andersdotter (1725-1806), båe av «bondestand», slo seg ned som husmannsfolk «ved Vatnet» under garden Eide i Luster og fekk fire born. Dei tre eldste vart alle gifte og busette i nabolaget, men yngstemann forsvinn: Aamund Olson «ved Vatnet» vart døypt i Luster 31.3.1765: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/68, Han vart konfirmert i Luster i 1785: https://digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457935 Det var mykje flytting på den tidi til Bergen, men det var òg ein del ungdom som reiste austafjells som soldatar, og eg meiner eg ein gong for mange år sidan var borti ein soldat Aamund Bolstad som ved hundreårsskiftet (1800) budde i Christiania og som eg mistenkte kunne ha røter frå Luster!? Eg er vaken for alle gode tips om lagnaden til denne guten og takkar so mykje på førehand!
  16. Nils Aksel Horvei

    Borgermester i Christiania 1685

    Jeg har funnet en Christian Høeg som i 1685 er kalt stadsprokurator og borgemester! https://www.nb.no/nbsok/nb/b582a946e1f62a210c01c4d923ccdeb6?index=1#217 Jeg har funnet ham første gang 4. juni 1685 https://media.digitalarkivet.no/rg20090526680623 og siste gang 2. mars 1687 https://media.digitalarkivet.no/rg20090526690052, Finnes det noe arkiv som forteller hvor lenge han var stadsprokurator og borgemester, hvor lenge han levde og om han på noen måte var beslektet med Just Høeg?
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.