Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'minnesota'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Det er gongar då eg lurer på om eg er blind eller ikkje ser skogen for berre trestammar? Eg har i lenger tid vore på leiting etter denne vigsli: Johannes, son av Endre Hermundson Nesse frå Kvamsøy, var fødd i Kvamsøy 4.7.1865, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1867 og voks opp i Houston Co., MN under namnet John Hermanson. Tina Marie, dotter av Sjur «Sever» Thomasson frå Hafslo (1847-1929), som utvandra i 1867 og slo seg ned som farmar i Vernon Co., WI, var fødd i Vernon Co., WI 20.1.1873 og voks opp der under namnet Mary T. Thompson. Ein biografi påstår at John og Mary gifte seg 5.9.1903, men dette er den vigsli som eg ikkje greier finna nokon stad! John og Mary busette seg i Houston Co., MN, men Mary døydde i barselseng i Minneapolis, MN alt 15.4.1909. Dei fekk tre born i lag. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å finna dato og stad for vigsli deira!?
  2. Ved ei vigsli i Fargo, ND 1.10.1883 er brudgomens namn oppgjeve til: Bror Adam Proschwitz Fredriksson. Kona var Ingeborg Marie «Mary» Erickson, fødd i Luster 1.9.1855. Han skal vera fødd i Sverige 10.6.1846 og utvandra kring 1867, jmf. FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-67M9-L4S Adam skal ha vore offiser i den amerikanske hæren, men farma sidan med kona si i Lee township, Norman Co., MN der han døydde 22.6.1901. Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna/stadfesta: ** Fullt «svensk» namn? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Utvandringsåret hans? ** Fulle namn på foreldri hans med yrkestitel, opphav og bustad? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Denne huslyden arbeidde eg med på 1980-talet, men med manglande kjeldetilgong kom eg den gongen ikkje so langt. I dag er det nok noko enklare, men eg står likevel fast på fleire punkt: ** Utvandringi til Peder Jensson - eg finn han ikkje i Québec-liste, der ein vel hadde kunna venta at han ville dukka opp? Men her er han i alle fall i FT1865 - framleis busett heime på Heltne i Luster hjå mor si: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261003045 ** Frå Amerika har eg fått opplyst at Ellen Marie skulle vera frå ein gard Kvåle i Orkdal, men FamilySearch syner til denne dåpen i Domkyrkja i Trondheim: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003108875 FamilySearch har òg ei referanse til ei vigsle, men seier ikkje KVAR: Name Johan Peter Olsen Birth Date 1815 Age 27 Spouse's Name Gjertrud Sivertsdatter Spouse's Birth Date 1815 Spouse's Age 27 Event Date 01 Aug 1842 Event Place Sør-Trøndelag, Norway Father's Name Ole Erichsen Spouse's Father's Name Sivert Jacobsen Eg prøvde Orkdal, men der fann eg dei ikkje... Derimot fann eg huslyden i FT1865 på Kvålsås under garden Kvåle øvre i Orkdal, og dotteri Marie er fødd i Trondheim, so då er den saki under «kontroll»...: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038321005859 Berre utvandringi til Marie og opphavi til foreldri hennar manglar, men kanskje finst det ei bygdebok for Orkdal som har svar på dette? Elles er eg sjølvsagt svært «nysgjerrig» på lagnaden til denne huslyden i Amerika, men skal me tru dei ulike folketeljingane, ser det ikkje ut til at Peder og Mary fekk meir enn den eine sonen og at han døydde ung, sjølv om det i 1900 står at ho hadde SEKS born som alle var ilive! Korkje i 1900 eller i 1910 er det oppgjeve noko utvandringsår! FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB8-99DR FT1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DT67-7K5 FT1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LSW-4L8 FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTLS-84M FT1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY9-9J3 FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJ8-YZX Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Peder Jensson {Heltne}, f. {i Luster} 13.12.1831, Peter J. Heltne utvandra til Amerika i ##### (year of his emigration? – about 1870?) og gifte seg i Goodhue Co., Minn. 19.6.1878 med Elen Maria Johansdotter frå Kvåle øvre i Orkdal, i Amerika kjend som Mary Kvaale. Ho var dotter av husmann Johan Peter Olson på Kvålsåsen under Kvåle øvre, opphavleg frå ##### (opphavet hans? – f. Orkdal 1815?) og kona Gjertrud Sivertsdotter frå ##### (opphavet hennar? – f. Melhus 1815?) og f. i Trondheim 12.10.1842, men utvandra til Amerika i ##### (year of her emigration? – after 1865!) Peter Heltne var smed («blacksmith»), men han og Mary slo seg ned som farmarar i Merton township, Steele Co., Minn. der Peter d. 8.3.1896. Mary Heltne flytte sidan til Kenyon, Goodhue Co., Minn. der ho d. 3.6.1913. ##### (children? – only one son is known) a. Hans P. Heltne, f. i Steele Co., Minn. ##### (exact date of his birth? – 1879!?) ##### (destiny? – may have died prior to 1885?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  4. Lars Hansen Orderløkken og søsteren Mathea Hansdatter Orderløkken reiste fra Fåvang i Ringebu til Amerika i henholdsvis 1880 og 1883, men jeg har ikke funnet spor etter disse søsknene i Amerika. Foreldrene er Hans Knutsen (Syltodden) Orderløkken og Marit Johnsdatter Breivegen. Lars Hansen Orderløkken: Lars Hansen Orderløkken ble f. 13 jun 1864 i Nedre Orderløkken, Fåvang, Ringebu (døpt 26 jun 1864) Nr. 97 SAH, Ringebu prestekontor, Ministerialbok nr. 7, 1860-1877, s. 38 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070201650042 Han utvandrer til Amerika den 4 jun 1880. Reisemål er New York. Billetten er betalt. https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000938223 Her ankommer han New York https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939V-5RSS-V4?i=247&cc=1849782 Mathea Hansdatter Orderløkken: Mathea Hansdatter Orderløkken ble f. 11 mai 1861 i Nedre Orderløkken, Fåvang, Ringebu (døpt 2 jun 1861) Nr. 85 SAH, Ringebu prestekontor, Ministerialbok nr. 7, 1860-1877, s. 12 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070201650016 Hun utvandrer til Amerika den 5 okt 1883. Reisemål er Zumbrota (Minnesota). Navnet er feilskrevet som Marthe. Billetten er betalt. https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000992008 Her ankommer hun Boston https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89KZ-99GN-R?i=4045&cc=2304666 Lars og Mathea hadde en tante og onkel i Minnesota, Anne Knutsdatter (Orderløkken) Imsdahl og Tharald Jensen Imsdahl. Disse utvandret til USA ca 1865. Disse bor i Goodhue, Minnesota i 1880, 1885, 1900 og 1910, og det kan være Lars som bor hos dem i Goddhue i 1885, selv om alder ikke stemmer. https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MQFW-Q1F Tharald og Anne døde begge i 1914, og er begravet i Zumbrota, Minnesota Jeg har ikke funnet mer om Lars og Mathea i USA. Er det noen som vet noe om disse to søsknene som reiste til USA?
  5. Dette er ein huslyd som eg tok til å forska på i 1980-åri, men som eg laut liggja grunna manglande kjeldetilgong. No har det vore mogeleg å komma litt vidare, men eg står likevel fast på fleire punkt og vonar på lite vetta hjelp til å komma vidare? Her er eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar om opphavet til denne ætti er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under. Finst det kan henda ei bygdebok for Holum (Laudal) i Vest-Agder som kan bidra med fleire detaljar om opphavet hans derifrå? Her er elles vigsli til foreldri hans i Holum, men er ho fødd i Holum? https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000094099 Her er tydeleg far til Thor som gardbrukarson på Mjåland i 1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058338002296 Her er so utvandringi til Ingeborg med sonen Johan August i 1874: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000657248 http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=1266&merk=1266#ovre Her er Ingeborg med sonen i FT1880 Albert Lea, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-3GQ Og her er dei same stad i FT1885 (indeksert feil under Gulbrandson!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTCX-SX Kanskje er dette gravi til sonen i Denver, CO(?): https://www.findagrave.com/memorial/8061486 Den siste er eg SVÆRT usikker på... Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan komplettera denne biografien!
  6. Tidleg på 1980-talet intervjua eg norske etterkomarar etter Johannes Christenson (1819-1907) og kona Anna Monsdotter (1828-1881), som fram til garden deira vart seld på tvangsauksjon i 1880, hadde vore gardbrukarar på Kleivi, eit bruk av garden Søvde i Dale sokn i Luster. Dei kunne då fortelja meg følgjande om dei to sønene etter Johannes og Anna som tvandra til Amerika: * Christen Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 17.4.1863, utvandra til Amerika i 1884, skal ha busett seg i Chicago, IL der han gifte seg, men kona døydde barnlaus, og Christen flytte som enkjemann til Minneapolis, MN der han skal vera avliden... * Christopher Johannesson Søvde (Kleivi), fødd i Luster 7.5.1868, utvandra til Amerika i 1889 og skal òg ha busett seg i Chicago, IL. Han gifte seg òg, og med kona som dei ikkje kjente namnet til, flytte han til Pomona, CA der dei båe døydde. Dei hadde ingen born. Når eg no etter so mange år freistar gripa tak i desse brørne att for å greia ut biografiane deira, råkar eg på skikkelege utfordringar: * Christen Johannesson Søvde ser eg absolutt ikkje noko til. Ei ekstra utfordring er det at me har fleire personar med same namn som òg hadde tilknytting til Luster, mellom anna ein Christen Christopherson Søvde (1865-1931) som attpåtil gifte seg i Chicago, IL i 1896 og budde der nokre år før han flytte til Washington state. Den einaste eg ser som KAN vera Christen Johannesson, er ein Christian J. SOVD som er nemnd «coachman» og innskriven i Minneapolis city directory frå 1894 busett på 2303 Park Avenue: https://www.ancestry.com/interactive/2469/13545871?pid=821215215&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D821215215%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11799%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11799&_phstart=successSource&usePUBJs=true * Christopher Johannesson Søvde finn eg derimot att, men ikkje før i FT1910, og då er han gift med ei Agnes, og dei er alt komne til Pomona, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVG-RM3 Her er dei òg i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6X-9D2 og i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR4F-N7Q I 1940 er Christopher vorten enkjemann: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MT-F3F2 Hjå ancestry finn eg dessutan eit family tree som inneheld Christopher, og der går det fram at kona hans heitte Agnes Barbara Slebiska, og ho var fødd i Winneshiek Co., IA 20.1.1870 av «Bohemian« foreldre. Agnes var i 1900 framleis ugift, men då busett i Chicago, IL: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-68DV-YH Agnes Sovde døydde i Los Angeles Co., CA 26.12.1939, medan Christopher Sovde døydde same staden 16.7.1953. Dei store utfordringane i denne huslyden kan oppsummerast slik: ** Opplysningar om Christen Johannesson Søvde, fødd 1863, etter han utvandra i 1884? ** Dato og stad for vigsli til Chrístopher Søvde med Agnes Barbara Slebiska? Kan det tenkjast, sidan me ikkje ser noko som helst til Christen, og Christopher ikkje dukkar opp før i 1910 med ei noko «merkeleg» skrivemåte av namnet sitt (Sode?). at dei kan ha nytta eit anna namn i Amerika? Kanskje Kleven? Kanskje Johnson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om desse brørne?
  7. Eg syner i denne samanhangen til denne barnedåpen i Hurdal frå 20.1.1882: https://media.digitalarkivet.no/view/3082/39 Inga Josefine, fødd 6.1.1882 «uekte» av Ingrid Karine Nilsdotter Sørgarden (1864) og tenestegut Martin Andersson (1859), «nu i Amerika»! Våren same år utvandra Inga Josefine med mori og foreldri hennar til Amerika: https://www.digitalarkivet.no/view/291/pu00000000094509 So har me eit family tree hjå ancestry.com som syner at Martin R. A. Bjortomt skal vera fødd på Toten 2.2.1859: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/81375965/person/40569035650/facts Og her er foreldri Martin og Karine Bjortomt i FT1900 på ein farm i Beaver township, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-3TH Her er so fødsli til den Martin Andersson som family tree'et påstår skal heita Martin Andersson Bjortomt i Amerika, Martin, fødd Austre Toten 2.2.1859 av foreldri Anders Andreasson og Johanna Gundersdotter, plassfolk i Bergsjøbrenna under Fæstad på Toten: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000205407 Her er huslyden på same stad i FT1865, men no er plassen komen til Vestre Toten: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0529&kenr=011&bnr=0100&lnr=000 Eg ser ikkje bort ifrå at dei i Amerika har finne fram til «rett» Martin, men kvar i all verdi har han då Bjørtomt-namnet ifrå? Bjørtomt er jo m.a. eit gardsnamn i Hurdal! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. At utvandrarprotokollane over Stavanger på 1800-talet er svært mangelfulle, er noko dei fleste veit, men kanskje det likevel let seg gjera finna ut kva tid i alle fall to av sønene i denne huslyden utvandra? Eg syner til denne passasjerlista frå Ellis Island, New York 1892: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-81DW-9CFZ Her finn me mellom Rasmus Aarsvold på 60 år med kone Malene på 40 år samt fleire born! Her er Rasmus Rasmusson Aarsvold og første kona Anna Reiersdotter på Årsvold i Høyland i 1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038205001819 Her er Rasmus Orsvold med kona Malene og born på ein farm i York township, Fillmore Co., MN i 1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DZD7-8TH Om me samanliknar passasjerlista frå 1892 med FT1895, ser me at fleire born manglar på passasjerlista, og særleg vil eg peika på desse to som eg er spesielt interessert i: ** Reinert Andreas Rasmusson Aarsvold, fødd i Høyland 20.9.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/1608/90 ** Rasmus Rasmusson Aarsvold, Jr., fødd i Høyland 13.10.1877: https://media.digitalarkivet.no/view/1609/132 Når det gjeld Reinert, vert det oppgjeve utvandringsår slik: * 1900: 1888: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-3WF * 1910: 1886: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJ1-QDC * 1920: 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRNN-JNB * 1930: 1887: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHW-7KR * 1918: 1885 ved søknad om pass for å reisa til Noreg på vitjing: https://www.ancestry.com/interactive/1174/32296_520306900_0034-00156?pid=2074586&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D1174%26h%3D2074586%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx11517%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx11517&_phstart=successSource&usePUBJs=true Kva skal me tru på?? Når det gjeld Rasmus Jr., ser eg at han oppgjev utvandringsår 1892 både i 1900, 1920 og i 1930. Berre i 1910 seier han at han kom i 1891: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJR-P92 Etter mitt syn er det svært sannsynleg at Rasmus Jr. verkeleg var med foreldri sine i 1892 og at han berre er utegløymd på passasjerlista, men kva med Reinert Andreas? Utfordringi vert soleis denne: ** Kva år utvandra Reinert Andreas Rasmusson Aarsvold til Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Dette er ein huslyd som har greidd å gøyma seg godt bort i Amerika, sjølv om ein del detaljar er komne til rette! Morten Trondson frå Glimsdal i Lom er ved minst eit høve kalla for «civil engineer» i Amerika, og om so er tilfelle, må han ha fått utdanningi si i Amerika. Han gifte seg i Luyster i 1859 og utvandra same året med kona si til Madison, WI. Sidan må han ha butt ei tid i Illinois før han sist på 1870-talet busette seg i Minneapolis, MN. Manuskriptet mitt for denne huslyden ser i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Anna Christina Nilsdotter {Optun}, f. {i Luster} 18.3.1838, gifte seg i Luster 26.4.1859 med Morten Trondson frå Glimsdal i Lom. Han var son av gardbrukar Trond Mortenson på Glimsdal og kona Embjørg Larsdotter frå Gutubø og f. i Lom 8.2.1831, men kom truleg til Luster i ung alder for å tena på Eide hjå Anders Saareim. Annie og Martin Glimsdale utvandra til Amerika i 1859 og budde ymse stader i Wisconsin og Illinois, men frå kring 1877 busette dei seg i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der Martin d. 25.3.1903. Annie Glimsdale d. same staden 18.9.1911. Martin Glimsdale var sivilingeniør («civil engineer») og arbeidde mellom anna som symaskinreparatør og låsesmed («sewing machine repair man and lock smith»). Då han d. i 1903, finn ein i skiftepapiri at han åtte helfti av patentet til ei oppfinning av eit nytt slag oljekanne. Patentet var verdsett til $50. Annie og Martin fekk seks born i lag: ##### (eitt barn manglar! – 1900 census Robbinsdale, Hennepin Co., MN: 6 children – one living!) a. Thron Glimsdale, f. i Dane Co., Wis. 23.4.1860, d. ##### (biography? – not listed 1880/1885 – apparently died childless prior to 1900!) b. Nels Edward Glimsdale, f. i Dane Co., Wis. 21.12.1861, d. ##### (biography? – not listed 1880/1885 – apparently died childless prior to 1900!) c. Emma Tollina Glimsdale, f. i Dane Co., Wis. 31.8.1863, d. ##### (biography? – not listed 1880/1885 – apparently died childless prior to 1900!) d. Ida Amelia Glimsdale, f. i ##### (exact date and place of her birth? – IL Jan. 1870!?) .1.1870, ##### (only child mentioned 1895 – 1900: stenographer – lived single in Minneapolis, MN 1905 – still living 1910, but then not with mother! – biography?) e. Alexander Glimsdale, f. i ##### (exact date and place of his birth? – WI! – about 1875!) d. i Minneapolis, Minn. 23.11.1886. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg har so langt ikkje greidd å finna denne huslyden i folketeljingar før 1880, og då har dei berre to born med seg, Ida og Alexander. Dei er òg nemnde i 1885, men etter den tid er Ida åleine barn, og i FT1900 og FT1910 går det fram at berre EITT av i alt SEKS born levde. FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBK-G84 FT1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-XCZS-RDW FT1895: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTLQ-PN5 FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DHH9-QZN FT1905: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSY3-Y1D FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-7SB Her er dåpen til eldste sonen Thron i Bethel Lutheran church i Madison, WI: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314945-00029?pid=3536374&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx10822%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3D8plXuHBZVIAb5OXD/CWSqg%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1865%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msfng%3DMartin%26msfns%3DThronsen%26msmng%3DAnna%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D0%26h%3D3536374%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10822&_phstart=successSource&usePUBJs=true Her er dåpen til andre sonen Niels Edward i Bethel Lutheran church i Madispon, WI: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314945-00032?pid=3536495&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx10827%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DZ5g8nTjrrjmQBEk7zCxR0A%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DEmma%20Tolline%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1863%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DWisconsin,%20USA%26msbpn%3D52%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D3536495%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10827&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314945-00030 Her er dåpen til eldste dotteri Emma Tolline i Bethel Lutheran church i Madison, WI: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314945-00032?pid=3536495&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx10827%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26qh%3DZ5g8nTjrrjmQBEk7zCxR0A%3D%3D%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26gsfn%3DEmma%20Tolline%26gsfn_x%3DNP_NN%26msbdy%3D1863%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D1%26msbpn__ftp%3DWisconsin,%20USA%26msbpn%3D52%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D3536495%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10827&_phstart=successSource&usePUBJs=true Og her er dødsfallet (Find-a-grave) for sonen Alexander: https://www.findagrave.com/memorial/122773240 Den store utfordringi når det gjeld denne huslyden, er, attåt å finna dei i 1870 og eventuelle tilleggsopplysningar om dei fem avlidne borni, er følgjande: ** Kvar vart det av den einaste attlevande dotteri, Ida Amelia Glimsdale? Siste gongen eg ser ho nemnd, er i Minneapolis, MN city directory frå 1912: https://www.ancestry.com/interactive/2469/15192430?pid=967415142&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D2469%26h%3D967415142%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx10837%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10837&_phstart=successSource&usePUBJs=true Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  10. Dette er ein huslyd som eg òg har slite med i mange år, utan nemneverdig resultat! Slekti fortel at denne Hans Sandvik reiste til Nord-Noreg og gifte seg der med Andrea Einum frå Vardø. So utvandra dei til Amerika og dreiv mellom anna eit hotell der borte til dei i 1934 flytte attende til Bergen. Hans døydde i Bergen i 1938, og Andrea kom til sist atende tul Vardø og døydde der i 1951. No har eg finne nokre detaljar gjennom «moderne» kjelder, men ikkje noko om at dei budde nordpå, og heller ikkje at dei dreiv hotell i Amerika. Manuskriptet mitt ser no slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ Hans Olson {Sandvik}, f. {i Luster} 29.8.1856, Hans O. Sandvik flytte i ung alder som sjømann til Tromsø, men gifte seg ##### (dato og stad for vigsli deira? – finn dei ikkje i Vardø!! – 1910: hadde vore gifte i 15 år!) med Andrea Berentine Andersdotter Einum frå Vardø, ei søsterdotter av kona til husmannssonen Anders Andersson frå Grandane under Flattun (1845-1911). Andrea var dotter av fiskar Anders Arntson Einum i Vardø, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Maria Magdalena Isaksdotter Clemo frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Vardø 12.11.1869. Hans var Steinarbeidar, og han og Andrea budde på Frydenlund i Ankenes, Narvik ##### (budde i alle fall der frå 1900 til 1907! - kva med 1890-talet?) men utvandra til Amerika, han i 1906 og ho i 1907. Me finn att Hans som fiskar («fisher man»), og han og Andrea busette seg i Schroeder township, Cook Co., Minn. ##### (finn dei ikkje att etter 1920! – kvar kan dei då ha vore? – det vert i Noreg fortalt at Hans skal ha drive hotell før han kom attende til Bergen i 1934!) men i 1934 kom dei attende til Noreg. Dei busette seg då i Bergen der Hans livnærte seg som steinhoggar. Han d. i Bergen 6.7.1939. Andrea flytte same året attende til Vardø der ho d. 5.4.1951. Dei var barnlause. ~~~~~~~~~~~~~ Mellom dei opplysningane som eg no har oppdaga hjå FamilySearch er desse: * Ankomsten til Andrea Sandvik i Amerika i 1907: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-99D9-CT4T * Parfolket i FT1910 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RVN-VWQ * Parfolket i FT1920 for Cook Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RXR-HWT Det hadde vore kjempeflott om nokon greidde å finna ut av denne «jungelen», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Dette er ein huslyd som eg freista finna i Amerika på 1980-talet, og ifølgje slekt i Noreg, skulle dei ha butt i Tacoma, WA der dei fekk to søner. Eg leitte høgt og lågt, men først no har eg greidd å «avsløra» sanningi: Det syner seg nemlig at Lena og mann hennar faktisk budde ei tid i Tacoma, WA, men i 1918 flytte dei til Minneapolis, MN. Ikkje lenge etter vart Lena sjuk, og ho kom på ein sjukheim. Dette hadde tydeleg slekti i Noreg aldri fått greie på! Eg har no greidd å finna ein del detaljar, men manglar framleis noko. Slik ser no det oppdaterte manuskriptet mitt ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Anna Lena, kjend som Lena Olsdotter Drevdal, f. {i Luster} 9.3.1875, Lena Drevdal utvandra til Amerika i 1907 og fór då til broren Johannes som den gongen budde i Starbuck, Pope Co., Minn., men flytte snart vidare til Seattle, Wash der ho 1.10.1910 gifte seg med Anders Theodor Torkelson Skjerve frå Vossevangen på Voss, i Amerika kjend som Theodore Shervey. Han var son av typograf Torkel Torkildson Skjerve på Vossevangen, opphavleg frå garden Skjerve på Voss, og kona Torbjørg Andersdotter frå Æen og f. på Voss 14.1.1883, men utvandra til Amerika i 1902. Theodore Shervey var murarbeidar («brick layer»), og han og Lena budde dels i Tacoma, Pierce Co., Wash. og dels i Seattle, King Co., Wash. til dei i 1918 flytte til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Ein gong på 1920-talet vart Lena sjuk og flytte inn på ein sjukeheim i Willmar, Kandiyohi Co., Minn., men ho d. i Minneapolis, Minn. 9.1.1968. Theodore tok etter kvart til å skriva seg for Andrew Shervey; han vart skild frå Lena og gifte seg att ##### (date and place of his 2nd marriage? - ?married Olmsted Co., MN Mar. 11 or 20, 1943 to Laura M. Brady!?) med Laura Marie Hansen, ##### (where on Norway did she come from?) ##### (parents?) Ho var f. ##### (exact place of her birth?) 10.11.1883. Andrew og Laura vart buande i Minneapolis, Hennepin Co., Minn., men Laura d. i Los Angees, Cal. 11.5.1944. Andrew Shervey d. i Minneapolis, Minn. 7.7.1965. Andrew Shervey fekk i alt tre born, som alle var frå første ekteskapet med Lena: ##### (to be verified there were no additional children!?) ##### (NB: Andrew T. Shervey appears to have married a 3rd time in Minneapolis, MN Jan. 13, 1949 to Arla May Fliegel, born May 10, 1888 or 1889, died Minneapolis, MN June 12, 1975!? – info?) a. Theodore Oliver Shervey, f. i Pierce Co., Wash. 19.8.1913, ##### (death record shows birth date Aug. 8, 1913! – NB: WA birth index shows another Theodore Oliver Shervey born in Pierce Co., WA June 9, 1918!! – must be an error!?) d. i Minneapolis, Minn. 31.12.1970. Theodore gifte seg i Minneapolis, Minn. 2.5.1942 med Ethel Eleanor, kjend som Eleanor Larsen, ##### (info on her?) ##### (occupation and place of residence? – 1940 single salesman res. with father and stepmother in Minneapolis, MN!) ##### (number of sons and daughters?) b. Margaret S. ##### (middle name?) Shervey, f. i ##### (date and place of her birth? – WA 1915!) ##### (listed 1920 – later biography!? – perhaps Margery Shervey married Minneapolis, MN June 18, 1934 to Mickey Mickelson?) c. Alfred Woodrow Shervey, f. i Hennepin Co., Minn. 6.9.1918, d. i Minneapolis, MN 11.6.1922. ~~~~~~~~~~~~~~ Her er huslyden i FT1920 for Minneapolis, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R6L-23R Og her er mannen med nytt namn og ny kone i Minneapolis, MN i 1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-89MT-446K Her har me WW2 draftet hans: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C91R-Y7ZL-Y Og her var han i 1948 på Noregsvitjing: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-994V-46YX Eg ville setja stor pris på lite vetta hjelp til å finna fleire opplysningar og takkar so mykje på førehand for alle gode tips! Kanskje nokre obituaries vil dukka opp?
  12. Eg er komen over eit Family Tree frå Amerika som påstår at: Herman K. Halvorson (1872-1938), fødd og oppvaksen i Fillmore Co., MN, gifte seg i Fillmore Co.,. MN 18.8.1908 med MARIE OLSEN, fødd i 1888 i «Nordland» som dotter av Hans Petter Olsen og Maria Johannesdotter med tilknytting til Vang på Hedmarken! Ho skal ha utvandra i 1906! https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/113378207/person/150118382329/facts Den einaste huslyden eg finn som synest «harmonera» so nokolunde med desse opplysningane, er denne hjulmakaren på Hamar: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037051000466 Og dotteri Marie er fødd på Hamar 9.1.1888: https://media.digitalarkivet.no/view/9007/89 Familietreet oppgjev ingen fødselsdato, berre at Marie Halvorson skal vera avlidi 14.1.1961. * Men kanskje kan ho finnast som utvandra i 1906? * Eller kanskje greier nokon å finna ein obituary for ho? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Eg har for mange år sidan motteke følgjande opplysningar frå Amerika: Andrew Christopher Hagness, fødd i Grand Forks Co., ND 6.5.1917 Gladys Evelyn Sabo, fødd i Pennington Co., MN 16.3.1916 gifte seg i Thief River Falls, Pennington Co., MN i desember 1939. Vigselsregisteret for MN, som mellom anna omfattar Pennington Co., MN, har INGEN vigsle i heile staten for dette parfolket. Rett nok manglar me ein del Counties, men slekt påstår at vigsli fann stad i Thief River Falls, MN! MEN eg finn denne vigsli: Andrew C(hristopher) Hagness of Fordville, ND, 21 år gamal, og Vivian Vera Jennings of Thief River Falls, MN, 19 år gamal, gifte seg i Grand Forks, ND 8.9.1938: https://www.ancestry.com/interactive/61305/47904_b377482-21402?pid=900081344&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord%3D1%26r%3Dan%26db%3DNorthDakotaMarriage%26indiv%3Dtry%26h%3D900081344&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true ~~~~~ Andrew og Gladys Hagness fekk to døtrer i lag: * Geraldine Ann Hagness, fødd i Pennington Co., MN 20.3.1940: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=8742&h=9851301&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10081&_phstart=successSource * Beverly Jane Hagness, fødd i Pennington Co., MN 11.11.1942: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=8742&h=9849110&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10082&_phstart=successSource Andrew og Gladys vart skilde kort etter, og Andrew flytte til Oakland, CA der han gifte seg på ny i 1951, men det er ei anna soge... ~~~~~ Når det gjeld Vivian Vera Jennings, bruri frå Grand Forks, ND 1938, so finn me ho att i FT1940 som gift med Willard Lavoie og busett hjå mor si i Thief River Falls, MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9MT-W726 Og denne vigsli finn me i det offisiellle vigselsregisteret for Minnesota: PENNINGTON 5-157 01/20/1940 LAVOIE, WILLARD R JENNINGS, VIVIAN Utfordringi er soleis å finna vigsli til Andrew Christopher Hagness og Gladys Evelyn Sabo, men kvar skal me leita?? Kanskje finst det noko i avisene for Thief River Falls, MN - både om vigsli og om skilsmålet? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Eg syner til denne fødsli som eg har finne i Aker (Austre Aker?): Johan Magnus, fødd 28.3.1845, døypt 6.7.1845 av foreldri paktar Jens Larsson og Malena Olsdotter på Bjølsen: https://media.digitalarkivet.no/view/570/103 Vigsli til foreldri: Jens Larsson frå «Lysegaard i Aggers...», 27 år og enkja Malena Olsdotter «Hago(?)», 33 år finn eg i Nittedal 3.6.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/755/220 Eg ser ikkje noko til denne huslyden i Christiania 1865! Johan Magnus utvandra før 1871, for under namnet Magnus Johnson gifte han seg i Fillmore Co., MN 1.5.1871 med Gjertrud Christenson frå Luster i Sogn (1851-1882). Han gifte seg sidan att med ei ukjend Bertha Nelson og døydde i Fillmore Co., MN 22.8.1919 Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut/stadfesta: ** Utvandringsåret til Johan Magnus Jenssen? ** Kvar Johan Magnus voks opp, d.v.s. den (endelege) bustaden til foreldri Jens og Malena? ** Kva gard/plass hadde Jens Larsson opphavet sitt ifrå? ** Kva gard/plass hadde Malena Olsdotter opphavet sitt ifrå? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Gena Julia, kjend som Julia Benton (namn frå ein husmannsplass kalla Bentehilleren i Luster!), fødd i Fillmore Co., MN 11.9.1872, gifte seg i Fillmore Co., MN 20.6.1905 med: Charles L. Johnson - fødd i Noreg kring 1868 - utvandra i 1869 * busett 1910 med kona Julia i Lanesboro, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RJ1-WX5 * busett 1920 med kona Julia i Lanesboro, Fillmore Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNN-DKP Men so døydde Julia i Lanesboro, MN 6.8.1920, og slekti fortel meg at Charles då pakka sakene sine og dro til ARKANSAS! Er det mogeleg ut ifrå desse spinkle opplysningane å finna ut: ** Kven var Charles L. Johnson - norsk namn? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Utvandringsåret? ** Kven var foreldri hans - namn, yrke, bustad og opphav? ** Og endeleg, kva lagnad fekk Charles etter han dro frå Lanesboro, MN? Eg veit dette er ei ganske so utfordrande sak å løysa, men om nokon greier det, so har eg klokketru på dykk i Brukarforum! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. I Fillmore Co., MN er det dukka opp ein person med namn: Ole A. Quarstad - han døydde i Lanesboro, Fillmore Co., MN 11.2.1919 og vert då oppgjeven fødd i «Trondheim» 8.7.1851. FT1900 oppgjev utvandringsår 1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6763-SGZ men han reiste nok eitt eller to år etter, for eldste sonen Ole Syver Quarstad var fødd i Noreg 6.1.1881: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3Q9M-C91R-TS6Y-F Kona heitte Hanna, men ho døydde alt i 1892. FT1895 syner at Ole då hadde buande hjå seg ei «vaksi» dame med namn Sophie Quarstad, som eg reknar med må vera mor hans: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DZD7-8G3 Eg finn ikkje noko gardsnamn Quarstad eller Kvarstad nokon stad i landet, so kanskje er det namnet på ein husmannsplass? Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å finna ut/stadfesta om Ole A. Quarstad følgjande detaljar: ** Fullt namn i Noreg? ** Dato og stad for fødsli hans? ** Fulle namn på foreldri hans samt yrkestitel, bustad og opphav? ** Opplysningar om første kona hans? ** Utvandringsåret? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Denne gravstøtta finst i Boyd, Lac qui parle Co., MN: https://www.findagrave.com/memorial/94467383/martha-serina_rassmussdatter-swenson Martha Serina Rassmussdatter Wallem Swenson Birth 24 Jun 1862 Norway Death 19 Dec 1941 (aged 79) Dawson, Lac qui Parle County, Minnesota, USA Burial Trinity Cemetery Boyd, Lac qui Parle County, Minnesota, USA Martha skal ifølgje FT1910 ha utvandra til Amerika i 1878: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVG-75G?i=11&cc=1727033 Ho hadde vore gift med Peter Swenson i 16 år, men hadde ein son frå første ekteskapet fødd i Illinois i 1889 Er det mogeleg utifrå desse opplysningane å finna ut/stadfesta: ** Fullt norsk namn? ** Dato og stad for fødsli hennar? ** Fulle namn på foreldri hennar med yrke, bustad og opphav? ** Utvandringsåret hennar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Eg har motteke følgjande opplysningar frå Amerika: Petter Svendson Fjell, alias Peter Swenson, fødd i Nes på Hedmarken 25.11.1845, utvandra i ung alder til Amerika og gifte seg i Fillmore Co., MN 13.5.1872 med Anna Østensdotter, fødd i Luster 1.7.1849 og utvandra i 1854. Dette parfolket budde visstnok i Carrington township, Fillmore Co., MN, men flytte kring 1876 til ein farm i Ten Mile Lake township, Lac qui parle Co., Minn. der Anna døydde mellom 1880 og 1885. Peter Swenson døydde same staden 21.10.1915. Dei fekk fem born i lag: * Martha Marie, kjend som Marie Swenson, fødd i Fillmore Co., MN 23.5.1872 * Petra Emilia Swenson, fødd i Fillmore Co., MN 10.11.1873 * Sam Oskar Swenson, døypt i Fillmore Co., MN 28.11.1875, døydde kort etter fødsli. * Stina Swenson, fødd i Lac qui parle Co., Minn. kring 1877 * Sina Swenson, fødd i Lac quii parle Co., Minn. sept. 1879 ~~~~~ Dåpen til Petter finn eg her i Nes på Hedmark: https://media.digitalarkivet.no/view/9091/69 Og her er vigsli til foreldri hans i Nes 15.11.1846: https://media.digitalarkivet.no/view/9091/210 Svend Svendson Field, 38 år, og Martha Pedersdotter Field, 26 år. Truleg er dette Petter Svendson, i 1865 dreng på Mællum i Nes: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0411&kenr=007&bnr=0085&lnr=000 ~~~~~ Her er Peter Swenson med kona Anna og tre av borni busette i Lac qui parle Co., MN (eldste dotteri var då hjå besteforeldri i Fillmore Co., MN) https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YBV-9YPT I FT1885 er Anna borte, men dotteri Martha Marie er attende hjå far sin: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBB7-637 I 1900 har Peter fått ny kone og fleire born: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SS9-JP8 Her er huslyden i FT1910 i Lac qui parle Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVG-75G Og her er gravstøtta til Peter Swenson som stadfester fødselsdatoen 25.11., om enn med feil år: https://www.findagrave.com/memorial/94467384 Då er etter kvart soga til Petter Svendson frå Nes so nokolunde «i boks», men eg skulle gjerne hatt litt fleire detaljar, først frå Nes: ** Kvar i Nes voks Petter Svendson opp, plass/gard (= bustaden til foreldri hans)? ** Kva gard/plass i Nes er Svend Svendson fødd/oppvaksen på? ** Kva gard/plass i Nes er Martha Pedersdotter fødd/oppvaksi på? ** Kva år utvandra Petter Svendson til Amerika? og so frå Amerika: ** Dødsfallet til Anna Swenson mellom 1880 og 1885? ** Kan lagnadane til borni følgjast, dei tre fødde i Fillmore Co., MN, Martha Marie (1872), Petra (1874) og Sam Oskar (1875), og dei to fødde i Lac qui parle Co., MN, Stina (1877) og Sina (sep. 1879)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  19. Eg har motteke følgjande obituary frå Woodburn, OR: ~~~~~ Death of Mrs. James Kilen Mrs. James Kilen died at her home in this city on September 2, aged 58 years, 4 months and 22 days. Matilda Halvorsen was born in Christiania, Norway, April 11, 1857. In 1874, with her parents, sisters and a brother, she came to America and settled in Jackson county, Minn. On July 10, 1879, she was married to James Kilen and to this union three children were born, two sons and a daughter. In 1898, they left Minnesota on account of her health and came to Idaho, residing there until 1911, when they moved to California and two and one-half years later to Oregon. In spite of all they could do for her her condition would show improvement for a short time only. She suffered patiently with her affliction all these years, more than five of which she was an invalid. Mrs. Kilen was a devoted wife and mother, a faithful Christian for many years, a member of the Lutheran Church and always willing to lend a helping hand to one in need. She is survived by her husband, James Kilen; two sons, Elias Kilen of Woodburn and J. C. Kilen of Oatman, Aria.; two sisters in Minnesota, Mrs. J. T. Powell and Mrs. Mollie Christianson and a brother, Jule Halvorson, in Christiania, Norway, the daughter having passed on in February 1917.* The funeral was Monday morning the services being held at the Lutheran church at 10 o'clock. Rev. Mr. White of Silverton officiating. The choir consisted of Mrs. Benton Kilen, Miss Mabel Livesay, Perle Love and G. A. Landon. There were many beautiful floral offerings. The Woodburn Independent Newspaper Woodburn, Oregon September 9. 1915, Page 1, Column 3 ~~~~~ Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna ut/stadfesta følgjande: ** Fullt namn i Noreg? ** Dato og stad for fødsli hennar? ** Utvandringsåret hennar? ** Fulle namn på foreldri hennar samt yrke, bustad og opphav? Eg ser hjå FamilySearch ein einaste god kandidat: Mathilde Julie, fødd i Høland 12.4.1857 som dotter av gardbrukar Johan Halvorson Skarebøl og Inger Marie Olsdotter. Kan det vera ho? https://media.digitalarkivet.no/view/521/64 I 1865 busette på Kragtorp nedre i Høland: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0221&kenr=008&bnr=0092&lnr=000 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Denne søskenflokken har eg hatt mykje arbeid med, d.v.s. eg har søkt «høgt og lågt» etter dei, men greier berre ikkje å finna dei att! Arne Sjurson (1808-1878) og kona Ingrid Jørgensdotter (1815-1869) budde som strandsitjarar i Marifjøra i Hafslo og fekk i alt åtte born. Dei fire som eg har «kontroll» på, var: * Aamund Arneson (1837-1869), var jekteskippar og budde på Lindås, ugift. * Jørgen Arneson (1843-1934), var gardbrukar og fiskar i Vågsøy, var gift og hadde sju born. * Johannes Arneson (1849-1920), utvandra i 1868 til Goodhue Co., MN og 1881 vidare til Lac qui parle Co., MN. Han tok etter kvart namnet ANDERSON, var gift og hadde fjorten born. * Anna Arnesdotter (1858-1875), døydde i Marifjøra. Men desse fire er det verre med: ** Britha Arnesdotter, fødd i Hafslo 6.5.1840, utvandra til Amerika i 1861 - lagnad ukjend. ** Sjur Arneson, fødd i Hafslo 9.1.1847, fekk i 1869 flytteattest til BERGEN, men eg ser ikkje noko meir til han der - kanskje utvandra han òg til Amerika? ** Arne Arneson, fødd i Hafslo 31.8.1852, utvandra til Amerika i 1869 - lagnad ukjend. ** Christian Arneson, fødd i Hafslo 3.7.1855, utvandra i 1875 til Goodhue Co., MN, men flytte nokre år etter til Eau Claire, WI der han 4.6.1885 gifte seg med Britha Andreasdotter frå Kalhagen i Luster (1858-1902). Dei tok etter kvart òg namnet ANDERSON, og denne huslyden er ei kjempeutfordring i seg sjølv! Her følgjer eit detaljert manuskriptutdrag: ~~~~~~~~~~~~~ Christian Arneson, f. 3.7.1855, Christian Anderson utvandra til Amerika i 1875 og farma først nokre år i Cherry Grove township, Goodhue Co., Minn., men gifte seg i Eau Claire, Wis. 4.6.1885 med Britha Andreasdotter frå Lunden under Kalhagen i Luster, i Amerika kjend som Britta Anderson. Ho var f. i Luster 27.3.1858, men utvandra til Amerika i 1882. Christian var arbeidar («laborer»), og han og Britta vart buande i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. der Britta d. 7.7.1902. Som enkjemann skal Christian Anderson vera faren til Canada, ##### (what became of him?) Britta og Christian fekk seks born i lag: a. Ida Susanna Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 23.8.1885, d. i Eau Claire, Wis. 11.9.1955. Ho gifte seg i Eau Claire Co., Wis. 4.2.1906 med Charles Edson Jordan. Han var f. i Eau Claire Co., Wis. 2.7.1875 og d. i Eau Claire, Wis. 20.9.1962. Charles Jordan var smed («blacksmith»), og han og Ida budde levetidi ut i Eau Claire, Eau Claire Co., Wis. Dei adopterte ein son. b. George Albert Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 30.4.1887 ##### (listed 1900) c. Alfred Berthinus, kjend som Fred Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 20.8.1888 ##### (listed 1900) d. Edmund Thomas Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 23.4.1890, ##### (must have died prior to 1900!) e. Lilly Berthea Cornelia, kjend som Cora L. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 14.1.1892, d. i Minneapolis, Minn. 14.9.1978. Cora gifte seg første gongen ##### (place of her 1st marriage? – Swift Current, Sask.?) 14.1.1909 med Olof Emanuel, kjend som Oliver Hoberg, f. i Phelps Co., Neb. 28.9.1879. Oliver Hoberg farma og dreiv treskemaskin («farmer and threshing machine owner and operator»). Han og Cora budde i Swift Current, Sask. ##### (1911 census shows Moose Jaw – East Swift Current) der Oliver d. 18.3.1913, og etter mange år som enkje gifte Cora seg 25.10.1939 att i Northwood, Ia. med Thomas Thompson. Han var f. i Hennepin Co., Minn. 21.12.1886 og d. i Minneapolis, Minn. 18.6.1958. Thomas Thompson var køyrekar («drayman»), og han og Cora budde i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Cora fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. f. Agnes Elize, kjend som Elizabeth A. Anderson, f. i Eau Claire Co., Wis. 22.2.1895, d. i Minneapolis, Minn. 11.12.1985. Elizabeth gifte seg første gongen i Regina, Sask. ##### (date of her marriage? – about 1914!) med William Robertson, ##### (info?) Han livnærte seg som vegarbeidar («road construction worker»), og parfolket budde i Regina, Sask. der William d. kring 1920. ##### (date and place of his death? – about 1920!) Elizabeth gifte seg so att i Regina, Sask. ##### (date and place of her 2nd marriage? – about 1923!) med John Adams. Han var f. i England ##### (place of his birth? – where in England?) 1.1.1892, men utvandra i ##### (year of emigration?) til Canada. Han d. i Minneapolis, Minn. 26.10.1957. John var slaktar («meatcutter»), og han og Elizabeth flytte i 1925 til Minneapolis, Hennepin Co., Minn. der dei budde levetidi ut, men dei vart skilde i 1948. Elizabeth fekk ikkje born i nokon av ekteskapi sine. ~~~~~~~~~~~~~ Eg hadde kontakt med etterkomarar etter søsken av Britha Andreasdotter då eg først forska på denne huslyden for over 30 år sidan, og dei fortalte med den gongen at Britha og Christian berre hadde dei TRE døtrene, Ida, Cora og Elizabeth. Dei sa òg at Christian FORSVANN då han vart enkjemann, og dei trudde han kunne vera faren til Canada der to av døtrene reiste i ung alder. FT1905 for Eau Claire, WI syner Ida som ugift tenestejente, men ingen av dei andre borni er å sjå, so dei var tydeleg borte FØR 1905, men kvar?? Kvifor sønene ikkje vart nemnde av slektningane deira, er for meg eit stort mysterium. Kanskje døydde dei alle tre i ung alder? Sidan både Johannes og Christian ser ut til å ha teke namnet Anderson, vil eg ikkje sjå bort ifrå at Arne og Sjur kan ha gjort det same... Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  21. Hans Olson Raaum, sidan kjend som Henry O. Raaum, var fødd i Luster 3.1.1855 som son av Ole Olson og Britha Jensdotter, gardbrukarar på garden Råum i Luster. Hans/Henry utvandra til Amerika i 1873 og skal først ha busett seg i Willmar, Kandiyohi Co., MN der han var «laborer». Sidan flytte han som jarnbanearbeidar til Minneapolis, Hennepin Co., MN der me finn han i 1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6Q2W-XG4 men kort etter hundreårsskiftet forsvinn han for oss. Me trur han kan vera faren til Milbank, Grant Co., SD, men han må vera avliden ikkje lenge etter. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om kva lagnad Hans/Henry kan ha hatt i Amerika!
  22. Eg har i mange år vore på leiting etter lagnaden til Ingeborg Andersdotter Raaum frå Jostedalen/Luster, fødd 1848, som i 1901 utvandra frå Sogndal til Amerika. I kveld har eg endeleg oppdaga kvar ho fór, og eg kan følgja ho fram til 1920, men mannen hennar, svensken Nils Peter Nordvall, døydde i 1924, og deretter forsvinn Ingeborg heilt sporlaust! Ingeborg hadde ein son før ho gifte seg, som òg utvandra til Amerika, men han er òg «borte vekk»... Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #10 nedanfor! Her er Nils og første kona Cristena i FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-674W-DVP Her er Nils og Ingeborg i FT1910: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRJP-DQR Her er Nils og Ingeborg i FT1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRXY-D6Z Her er dei to sønene hans i FT1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RHV-VZS Dei to sønene var: * Charley Nordvall, fødd 20.4.1879 (jmf. WW1 draft) * Oscar Nordvall, fødd 11.12.1887 i Sundvale, Sweden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-G1Z1-JC2?i=2459&cc=1968530 Her er gravi til Nils Peter Nordvall: https://www.findagrave.com/memorial/72972432 Det vert synt til ein obituary, men denne ser eg ikkje... Når det gjeld sonen Anders, so utvandra han med bestemori i 1883. Bestemori busette seg i Buffalo Co., WI, men der ser eg ikkje noko meir til Anders. Derimot finn eg ein Andrew Raaum som bur i lag med andre indresogningar i Lac qui parle Co., MN i 1885: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBB7-692 Og då han søkjer om medborgarskap, har han til og med mellombokstaven A: http://www.ironrangeresearchcenter.org/details/7/313239/ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden, og om nokon kan hjelpa meg finna det svenske opphavet til Nils Peter Nordvall, ville det òg vore kjempeflott!
  23. Synneva Henriksdotter var fødd «uægte» i Goodhue Co., MN 21.4.1864. Foreldri er oppgjevne vera Henrik Davidson og Martha Hermundsdotter: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314954-00117?pid=151294683&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D151294683%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx7933%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx7933&_phstart=successSource&usePUBJs=true Martha Hermundsdotter var fødd i Luster 31.8.1839 og utvandra til Amerika med far sin og ei stemor i 1862. Men kven kan Henrik Davidson ha vore? Ein Henrik Davidson er skriven fødd i Luster 19.3.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/30 men denne innførsli er feil, for namnet til faren er bytt om; han heitte Anders Davidson, og sonen heitte soleis Henrik Andersson. Han var forresten aldri i Amerika! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Erick John SANDEEN døydde i Minneapolis, MN 11.2.1961. Då vert som fødselsdato oppgjeve 4.5.1870. Foreldri hans er ukjende, men Erick var fødd i Sverige og skal ha utvandra til Minnesota i 1893. Er det utifrå desse opplysningane mogeleg å finna: ** Nøyaktig dato og stad for fødsli hans i Sverige? ** Hans fulle namn? ** Sjekka utvandringsåret? ** Fulle namn på foreldri hans samt yrkestitel, bustad og opphavi deira? ** Erick skal ha gift seg, rimelegvis i MN, kring 1901 med Ida Petrine Thuney, men denne vigsli finn eg ikkje nokon stad!? Kanskje eg har oversett noko? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Tallef Tarjeson var fødd på husmannsplassen Botnen under garden Bilstad i Skafså sokn i MO i Telemark 3.8.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/4971/17 Då han utvandra til Amerika i 1885, har han fått fødselsdatoen 1.8.1867, som han sidan nytta i Amerika: https://media.digitalarkivet.no/view/5980/266 Ved konfirmasjonen i 1882 står det òg fødd 1.8.1867: https://media.digitalarkivet.no/view/4971/64 Her er foreldri hans i FT1865 på Botnen under Bilstad: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0832&kenr=006&bnr=0003&lnr=000 Og her er vigsli deira i Skafså sokn 15.11.1857 (han Botnen og ho Lien): https://media.digitalarkivet.no/view/4971/72 Og då er det at eg gjerne skulle hatt litt hjelp frå lokalkjende krefter: ** Kva skal me nytta som fødselsdato for Tollef Torgerson? ** Frå kva plass/gard hadde Tarje Olson opphavet sitt? ** Frå kva plass/gard hadde Joraand Paulsdotter opphavet sitt? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.