Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'wisconsin'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Denne huslyden arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet, men det var ikkje so mykje eg fekk greie på. Ein av brørne var gift og hadde to søner, men «stakk av» frå kone og born. Om lag på same tidi forsvann ogso hin broren etter at han hadde butt i same nabolaget i Wisconsin. Først i nyare tid, etter at WW1 drafti og andre kjelder er vortne tilgjengelege, har me greidd å spora den eine broren i alle fall eit stykke på veg... Når det gjeld søsteri Thea, var det ingen i Noreg som visste at ho hadde vore gift to gongar, og denne første mann hennar, Theodore Anderson, er ikkje so heilt lett å identifisera... No vonar eg på lite vetta bistand i Brukarforum for å komma vidare med denne huslyden. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ei gåte som har lege hjå meg i over 35 år, men som eg aldri har greidd å komma nokon veg med, kanskje til i dag!? Det er underleg at ein stundom lyt studera utfordringar fleire gongar før det ein stad seier «pling», som eg vonar det kan ha gjort i dag! Guri Sjursdotter var yngst av åtte søsken fødde av Sjur Pederson og Guri Nilsdotter, husmannsfolk på Talsete under Flahammar og fødd her 31.7.1825. Ho hadde ei eldre søster Britha som i 1851 utvandra til Amerika med mann Lars Einerson Lindgjerde. Dei busette seg i Dane Co., WI, men Lars døydde i 1854, medan Britha må vera avlidi kort tid etter. Dei overlevande borni deira flytte kring 1860 til Chicago, IL Eg har vore inne på tanken om at Chicago, IL òg kan ha vore reisemålet til Guri Sjursdotter i 1861, men eit par funn i dag har fått meg til å spekulera.... Lat meg først få syna fram eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Guri Sjursdotter {Fladhammer}, f. {i Luster} 31.7.1825, tente visstnok på Indre Hafslo i mange år. Men i 1861 utvandra Guri Severson(?) til Amerika, ##### (lagnaden hennar?) Ho fekk to born, medan ho budde i Noreg: a. Lars Aanundson, son av Guri og husmannssonen Aanund Pederson frå Furehaugen under Sviggum i Hafslo (1828-1900), var f. i Luster 16.8.1852 og utvandra til Amerika med mori i 1861, ##### (lagnaden hans?) b. Gunnhild Johannesdotter, dotter av Guri og gardbrukarsonen Johannes Johannesson frå Opheimshaugen i Hafslo (1832- ), var f. i Hafslo 15.1.1858 og utvandra truleg òg med mori til Amerika i 1861, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg finn ingi Guri/Julia Severson vigde i Amerika som høver med «vår» Guri, men so søkte eg i dag etter Lars/Louis/Lewis fødd i Noreg i august 1852 og utvandra i 1861, og der fekk eg eit svært so spennande treff: FT1900: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DZNS-1WK Men diverre syner dette seg å vera ein sambygding av Lars Aanundson - frå nabogarden Hengesteg: ~~~~~~~~~~~~~~~ . Lars, kjend som Lewis Lewison, f. i Luster 19.8.1850, utvandra med foreldri til Amerika i 1861 og d. i Lake Preston, S.D. 2.8.1919. Han gifte seg i Dane Co., Wis. 2.3.1876 med Anna R. Boyum. Foreldri hennar utvandra i 1840-åri frå Balestrand, men Anna var f. i Columbia Co., Wis. 26.6.1851. Ho d. i Kingsbury Co., S.D. 5.7.1923. Lewis og Anna farma i Leeds township, Columbia Co., Wis., men flytte i 1917 som pensjonistar til Lake Preston, Kingsbury Co., S.D. Dei fekk seks born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Men før eg oppdaga dette tenkte eg so at Leeds township, Columbia Co., WI høyrer til Spring Prairie,. og på Spring Prairie fann eg etter mykje leiting konfirmasjonen til Lars Aamundson i 1869 (#47 på høgre side): https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314946-00330?pid=1471681&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1471681%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16814%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16814&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.26793150.2053247276.1568908615-1442769865.1532627837#?imageId=41742_314946-00367 Konfirmasjonen til halvsøsteri Gunnhild finn eg ikkje... No er det det å seia at far til Lars Aanundson, Aanund Pederson, som då kalla seg for Melheim (Mellem), utvandra til Amerika alt i 1857, og han farma med kona Andrea i Vienna township, Dane Co., WI, her i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBP-99P til dei i 1888 flytte til Holt township, Fillmore Co., MN. Kan det tenkjast at Aanund har teke seg av son sin i Wisconsin (han er nemnd som dåpsvitne då Lars vart konfirmert i 1869!) og at Guri og halvsøsteri Gunnhild har reist ein annan stad? Ikkje so lett å svara på alt dette, men eg vonar at nokon kan hjelpa meg finna spor etter Guri og borni hennar i Amerika, og kanskje særleg sonen Lars, som me no veit litt meir om?
  3. Johannes Christopherson Berge, fødd i Luster 23.7.1838 som son av Christopher Thomasson og Rannei Samuelsdotter, husmannsfolk i Utladalen på fjellet mellom Luster og Årdal, utvandra til Dane Co., WI i 1857, men er sporlaust forsvunnen der borte. Broren Thomas utvandra i 1859, òg til Dane Co., WI, og med kona Martha Tollefsdotter fekk han 12.5.1863 ei dotter Johanna. Kanskje er det berre «laus gissing», men eg trur at sidan Johannes forsvinn nettopp på den tidi, at Johanna kan vera oppkalla etter han og at Johannes kan vera omkomen i Borgarkrigen!? Fleire av brorborni til Johannes tok ættenamnet Christopher i Amerika, og difor har eg antyda i overskrifti at Johannes KAN ha kalla seg for John Christopher... Lat meg elles leggja til at Johannes hadde to brør i Amerika, i tillegg til Thomas, var det òg ein Peder, og dei flytte båe med huslydane deira kring 1864 til Dakota Co., NE, men der har eg ikkje sett noko til Johannes!! Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips om lagnaden til Johannes!
  4. Ingebreth Estenson Trøan vert i amerikanske kjelder oppgjeven vera fødd 6.11.1840 på Røros som son av Esten Ingebrigtson og kona Kari Ingebrigtsdotter. FT1900 og 1910 oppgjev utvandringsåret hans til 1866 og 1865 - ogso foreldri skal ha utvandra, og faren Esten Trøan var visstnok boktrykkjar i Madison, WI! Eg finn ikkje spor etter huslyden på Røros, so eitt eller anna synest ikkje å stemma her, men kva? Her er vigsli til Ingebreth og kona hans på Spring Prairie, WI: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314946-00185?pid=1464692&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D1464692%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx16081%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx16081&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.229062940.1838428864.1567436143-1442769865.1532627837 Name: Ingebrickt E Traan Gender: Male Record Type: Marriage Birth Place: Roraa Marriage Date: 14 Sep 1868 Marriage Place: Dane, Wisconsin, USA Father: Esten Traan Mother: Kari Negebrecktsdr Spouse: Kari Ingebrechtad Church Name: Spring Prairie Lutheran Church Church Location: DeForest, Wisconsin Eg finn hjå ancestry eit «underleg» norsk family tree som tydeleg omhandlar denne huslyden, men utan nærare opplysningar, bortsett ifrå utsegni om Eltedalens familier! https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/27491547/person/5000852109/facts Men Eltedalen er vel i Trysil, på hi sida av fylkesgrensa... Eg har følgjande manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no oppdatert med eit nytt i innlegg #7 under: Eg vonar at nokon dreg kjensel på denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Ludvig Ingebrigtson, eldste son av Ingebrigt Ludvigson (1810-1846) og kona Synneva Haaversdotter (1812-1884), husmannsfolk på plassen Tubbene under Dalsøyri i Luster, var fødd i Luster 24.12.1838 og utvandra til Amerika i 1862 i lag med bestemori Kari Østensdotter (fødd 1786). Mori og tre søsken var utvandra året før til Madison, WI. Huslyden skreiv seg i Amerika for det meste under namnet BRICKSON, som òg kan ha vore namnet so Ludvig nytta (Louis Brickson?), men medan eg har finne att både mori opg søskeni, har eg so langt ikkje greidd å finna lagnaden til bestemori Kari og unge Ludvig! Kvar kan dei ha gøymt seg? Ludvig var i rett alder til å verva seg som soldat i borgarkrigen, so kanskje det vart lagnaden hans? Det hadde vore skikkeleg moro om me kunne finna att denne ungdomen i Amerika, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg vil i kveld få presentera ei ny utfordring som eg sleit mykje med tidleg på 1980-talet. Dette var ein haugianarætt som i fleire år budde på Rise i Lesja før dei kom til Luster. Sidan fór det vidare til Amerika der i alle fall ein av brørne til Henrik var gullgravar i California, kjend som «California-Johnson»! Henrik var nok aldri i California, men eg har likevel vanskar med å finna ut av borni hans, særleg gjeld det sonen John som var gift to gongar og budde i Green Co., WI. Kven var konene hans? Dessutan dei to yngste borni i huslyden. Christine og Henry Jr., som er heilt borte for meg! Det hadde vore kjempefint om nokon kunne sjå på denne huslyden og kanskje supplera med eitt og anna... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Henrik Nitter Johannesson Bjerk, frå Høyeim, var f. på Rise i Lesja 15.11.1815, men kom til Luster i ung alder med foreldri sine. Han gifte seg 21.11.1841 med Kari Christensdotter frå Berge i Fortun, døypt 22.12.1811. Henrik og Kari var visstnok først plassfolk på Haugen under Berge i Fortun, men kom kring 1844 til Bjørk. Me trur det var dei som då rydda denne plassen i Ekrebakken, og her budde dei fram til 1848. Hendrik og Kari Johnson utvandra til Amerika i 1848 og slo seg ned som farmarar i Springdale township, Dane Co., Wis. der Kari d. 12.11.1890. Hendrik d. same staden 30.4.1895. Dei fekk seks born i lag: a. Johannes H. Johnson (1841‑1842), f. og d. i Luster. b. Johannes, kjend som John H. Johnson, f. i Luster 10.2.1843, utvandra med foreldri i 1848 og d. i Green Co., Wis. 23.7.1914. John gifte seg første gongen ##### (date and place of his 1st marriage? - about 1865!?) med Anna Tidemannsdotter frå ##### (norsk opphav?) Ho var dotter av ##### (foreldri? - fulle namn, yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (fødestaden?) 27.8.1840, men utvandra til Amerika i ##### (year of emigration?) Anna d. i Green Co., Wis. 14.5.1894, og John gifte seg att ##### (date and place of his 2nd marriage - about 1895!?) med Ingeborg ##### (norsk opphav?) Ho var dotter av ##### (foreldri? - fulle namn, yrke, bustad og opphav?) og f. ##### (dato og stad for fødsli hennar?) .1.1852, men utvandra til Amerika i ##### (year of emigration? -1885? ) Ho d. ##### (date and place of her death? - after 1900) John H. Johnson farma i York township, Green Co., Wis. og fekk i alt ##### (number of sons and daughters? - at least eight!) som alle var frå første ekteskapet. c. Britha, kjend som Betsy H. Johnson, f. i Luster 22.1.1846, utvandra òg med foreldri i 1848 og d. i Minnehaha, Co., S.D. 26.3.1919. Betsy gifte seg i Dane Co.. Wis. 11.12.1876 med enkjemannen Mons Jensson frå Berdal i Leikanger, i Amerika kjend som Mons J. Berdahl. Han var son av gardbrukar Jens Monsson på Berdal, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Kari Olsdotter frå Berdal og f. på Leikanger 3.10.1835. Han utvandra til Amerika i 1861 og d. i Colton, S.D. 30.1.1915. Mons gifte seg første gongen ##### (date and place of his 1st marriage?) med Britha Hermundsdotter frå Eggum i Leikanger, i Amerika kjend som Betsy Eggum. Ho var dotter av gardbrukar Hermund Erikson på Eggum og kona Synneva Larsdotter frå Grinde og f. på Leikanger 15.2.1839, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1854. Denne første kona hans d. i Dane Co., Wis. kring 1873. ##### (exact date and place of her death?) Mons Berdahl farma først i Springdale township, Dane Co., Wis., men flytte kring 1878 til ein «homestead» i Taopi township, Minnehaha Co., S.D. der han og andre kona Betsy budde levetidi ut. Mons Berdahl fekk i alt ##### (number of sons and daughters? - incl. five from 2nd marriage!) d. Karen H. Johnson (1848-1893), vart gift med Erik, kjend som Elick Thompson (1844-1908), son av husmannen Torsten Erikson frå Øygarden under Dalsøyri (1812‑1881) (s.d.). e. Christine H. Johnson, f. i Dane Co., Wis. ##### (date of her birth? - 1854?) ##### (lived at home 1860 - her destiny?) f. Hendrik Nitter, kjend som Henry H. Johnson, f. i Dane Co., Wis. ##### (date of his birth? - 1859?) ##### (lived at home 1880 - his destiny?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  7. Huslyden til Torsten Erikson som i 1856 utvandra til Amerika frå Luster med kone og fire born har i mange år vore eit «mysterium». Truleg er det slik at både kona og ei av døtrene døydde på vegen over havet, men nokon dokumentasjon på dette har eg so langt ikkje greidd å finna. Det har ogso vore ei gåte kvar det vart av sonen Anders «Andrew Thompson» som etter det dei seier skal ha flytt til California, medan dotteri Anna «Anna Aaberg» skal ha butt i Hancock, IA. Dette er vel kanskje Andrew Thompson som i 1910 dukkar opp i Pasadena, Los Angeles Co., CA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RV6-77X Og her er Bertha som enkje i 1920: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GR69-3CD og likeins i 1930: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRHM-SB men dødsfalli deira har eg ikkje finne so langt... Anna Aaberg ser eg ikkje noko meir til i det heile! Kanskje nokon har betre auge enn eg? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  8. Denne huslyden arbeidde eg første gongen med tidleg på 1980-talet. Eg fann dei att i Dane Co., WI, men dei to borni, ein son Andreas som kona hadde frå før, og ei dotter Johanna, som dei fekk i lag, er sporlaust borte. No set eg mi von til at nokon i Brukarforum greier løysa denne kjempegåta om kvar det vart av dei... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Thomas Trondson og Anna Larsdotter var i fleire år husmannsfolk på Stubbøy under Øyene i Luster, på same plassen som der bestefar min var fødd nokre år seinare, men i 1861 utvandra dei til Crawford Co., WI. Det er likevel merkeleg kor lite spor dei har sett etter seg i amerikanske kjelder, men kanskje nokon kan bidra til å få ei endring på det? Ekspertise i Vernon og Crawford Cos., WI har arbeidd med dette for mange år sidan, men utan å komma nokon veg...! Eg syner til eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ Thomas Trondson Øyene, frå Hilleren under Steig, var f. 8.2.1825 og gifte seg 24.11.1853 med Anna Larsdotter frå Skogen under Hauge, f. 29.9.1823. Dei fekk feste på plassen her i Stubbøy 17.10.1855 og budde her fram til 1861. Thomas Tronson og kona Anna utvandra til Amerika i 1861 og slo seg ned som farmarar i Clayton township, Crawford Co., Wis. der Thomas d. 11.3.1879. Anna Tronson d. same staden 10.7.1899. Dei fekk fire born i lag: a. Ingeborg, kjend som Emma Tronson, f. i Luster 28.1.1849, utvandra med foreldri i 1861 og d. ##### (date and place of her death? - prior to 1925!) Ingeborg gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### (full name of husband?) Olson. ##### (info. on him?) ##### (occupation and place of their residence?) ##### (number of sons and daughters?) b. Thomas T. Tronson, f. i Luster 15.3.1856, utvandra òg med foreldri til Amerika i 1861 og d. i Prairie du Chien, Wis. 25.9.1937. Han gifte seg i Crawford Co., Wis. 20.3.1882 med Rønnaug Eriksdotter frå Slålien i Lom, i Amerika kjend som Rhoda Erickson. Ho var dotter av ##### (gardbrukar?) Erik Rolfson i Slålien, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Anna Johnsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Lom 29.1.1849. Ho utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret?) og d. i Vernon Co., Wis. 22.10.1923. Thomas og Rhoda farma i Viroqua township, Vernon Co., Wis., men var barnlause. c. Gjertrud, kjend som Jane Tronson, f. i Crawford Co., Wis. ##### (exact xdate of her birth?) 1862, d. ##### (date and place of her death? - after 1937!) Jane gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### (full name of husband?) Onsrud. ##### (info on him?) ##### (occupation and place of their residence? - she lived 1937 at Bangor, La Crosse Co., WI!) ##### (number of sons and daughters?) d. Larsina, kjend som Louise Tronson, f. i Crawford Co., Wis. ##### (exact date of her birth?) 1865, d. ##### (date and place of her death? - after 1937!) Louise gifte seg ##### (date and place of her marriage?) med ##### (full name of husband?) Hanson. ##### (info on him?) ##### (occupation and place of their residence? - she lived 1937 at Bangor, La Crosse Co., WI!) ##### (number of sons and daughters?) ~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Eg slit med å finna lagnadane til desse søstrene som i 1892 utvandra til Amerika frå Årdal i Sogn: * Susanna Sølfestsdotter Avdal, fødd i Årdal 4.4.1872. * Maria Severina Sølfestsdotter Avdal, fødd i Årdal 28.1.1874. Foreldri deira var Sølfest Olson Avdal (1837-1907) og kona Maria Thomasdotter f. Opthun (1837-1909) Det går fram av eit skifte frå 1912 at dei då båe var i live, men nokon adresse er ikkje oppgjeven. Ein yngre bror av dei var: * Ole Sølfestson Avdal, fødd i Årdal 21.6.1876, utvandra til Dane Co., WI i 1907 og skal ha gift seg der i 1910 med Margrethe Jørgensdotter Hjelle, fødd i Årdal 5.1.1891. Ho utvandra òg i 1907. Dei flytte heim att til Sogn kort tid etter, men dato og stad for vigsli deira har eg ikkje greidd å finna...? Er det nokon som dreg kjensel på desse namni og som kan hjelpa meg finna lagnadane til dei to søstrene og opplysningane om vigsli til Ole og Margrete? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Ole Christenson Berge i Luster (1823-1910), òg kalla «Post-Ola», utvandra til Amerika i 1862 med kona Kari Pedersdotter (1826-1885). Dei slo seg ned som farmarar i Ridgeway township, Iowa Co., Wis. og skreiv seg med ættenamnet POAST - sidan forenkla til POST. Dødsdatoen til Ole Poast var 2.4.1910, og kanskje finst det ein obituary etter han? I dette emnet tek eg først for meg nesteldste sonen i denne huslyden, Peder alias Peter O. POST, som flytte til Lyon Co., MN, gifte seg og fekk ti born. Eg har freista plukka ut frå ancestry og familysearch det eg kan finna av opplysningar om Peter og kona og dei ti borni med ektemakar, men no møter eg «veggen». Eg kjem ikkje lenger, og eg vonar no at nokon kan hjelpa meg finna obituaries eller andre kjelder som kan bidra med biografiske opplysningar? Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar er dette manuskriptet oppdatert med eit nytt i innlegg #15 under! So hadde Peter Post tre yngre brør, som eg har vanskar med å finna ut noko meir om, men om dei skreiv seg POST eller OLSON, er usikkert: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Dette avsnittet er òg oppdatert i innlegg #15 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å komplettera biografien til denne huslyden i Amerika!
  12. Frå Amerika har eg fått opplyst at Bert August, kjend som Gustav B. Anderson skal vera fødd i Skjeberg 5.9.1871. Eg finn ikkje denne fødsli i kyrkjeboki for Skjeberg! Foreldri skal ha vore Johan Martin Andersson, ein svenske, og kona Lovise Marie Gundersdotter, og huslyden utvandra til Amerika i 1873 eller 1874! Den borgarlege vigsli til foreldri har eg finne i databasen frå Skjeberg: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001432523 Kan nokon hjelpa meg finna ut: ** Fullt namn på Bert August «Gustav»? ** Stadfesta fødselsdatoen hans? ** Kvar i Skjeberg budde denne huslyden før dei utvandra, og kva yrke hadde faren? ** Utvandringsåret deira? ** Kvar var faren Johan Martin Andersson oppvaksen? ** Kvar var mori Lovise Marie Gundersdotter oppvaksi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Dette var utan tvil ein huslyd som levde i tråd med tankane til Hans Nielsen Hauge. Johannes og Britha gifte seg i Luster, men flytte tidleg til Lom der dei var gardbrukarar på Heslatadkjørvet. Eg veit ikkje kva bygdebøkene for Lom skriv om dei, men eg har oppdaga fem born. Dei to eldste flytte til haugianske slektningar i Grytten, medan ein tok over garden i Lom, og dei to siste utvandra til Buffalo Co., WI. Mange detaljar er komne på plass, men eg er ganske so «blank» på dei to eldste og manglar òg ein del detaljar for dei andre og huslydane deira. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Torbjørnson {Forthun}, døypt 11.11.1786, gifte seg 12.6.1815 med Britha Arnesdotter frå Hauge, døypt 27.7.1788. Johannes og Britha budde som innerstfolk på Fortun fram til kring 1820. Johannes Torbjørnson og kona Brit flytte kring 1820 til Lom der me finn dei att som gardbrukarar på Helstadkjørvet, og der vart dei buande levetidi ut. Johannes d. som kårmann på Helstadkjørvet 15.8.1853, medan Brit d. same staden 14.9.1854. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka om dei kan ha fått fleire born i Lom??) a. Torbjørn Johannesson, f. i Luster 13.1.1817, flytte med foreldri til Lom og vidare i 1830‑åri til Grytten i Romsdalen der ##### (lagnaden hans?) b. Sophia Johannesdotter, f. i Luster 11.7.1819, flytte òg til Lom med foreldri og sidan vidare til Grytten i lag med bror sin, men kom snart etter til Trondheim der ho 27.7.1843 gifte seg med Ole Halvorson frå Osdalen i Rendal, i Trondheim kjend som Ole H. Aas. Han var son av gardbrukar Halvor Semmingson på Osdalen og kona Sigrid Olsdotter frå Otnes og f. i Rendal 17.6.1821. ##### (lagnaden deira?) ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.: * Anna Bergitte, f. Vår Frue, Trondheim 25.5.1844 * Johan, f. Vår Frue, Trondheim 16.11.1845 ?* Annette Cecilie Bernhoff, f. Nesna 18.5.1849 c. Arne Johannesson, f. i Lom 2.4.1823, d. som kårenkjemann på Helstadkjørvet i Lom 24.10.1896. Han gifte seg i Lom 9.11.1848 med Marit Eriksdotter frå Lilleøygarden i Lom. Ho var f. i Lom 2.9.1816 og d. som kårkone på Helstadkjørvet 26.12.1886. ##### (yrke og bustad? – 1865: paktarar på Helstad søndre i Lom! – elles? – tok tydeleg over heimebruket på Helstadkjørvet!) og fekk sju born i lag. ##### (sjekka at eg har fått med meg alle? – inkl.: * Anna, f. Lom 19.11.1849 - n. 1865 * Brit, f. Lom 23.2.1853 - n. 1865 * Johannes, f. Lom 28.9.1855 * Marit, f. Lom 28.9.1855 - n. 1865 * Erik, f. Lom 17.12.1857 - n. 1865 * Johannes, f. Lom 4.2.1861 - n. 1865 * Arne, f. Lom 10.9.1862 - n. 1865) d. Thor Johannesson, f. i Lom 24.2.1826, gifte seg i Lom 30.7.1858 med Marit Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) Ho var f. i Lom ##### (fødselsdatoen hennar? – Skjåk?) 1830. Thor og Marit var ei tid plassfolk på Lilleblaker under Blaker i Lom, men utvandra til Amerika i 1866. Under namni Thor og Mary Johnson finn me parfolket att som farmarar i Nelson township, Buffalo Co., Wis. der Thor d. 3.9.1891. Mary Johnson d. ##### (date and place of her death?) ##### (number of sons and daughters born to Thor and Mary? – five or six? – incl.: * Hans. born Lom 12.8.1854, listed 1865 * Brit, born Lom 4.5.1859, listed 1865 * Anna, born Lom 6.12.1862, listed 1865 * Jane, born Wis. 1868, listed 1880 * Sophia, born Wis. 1870, listed 1880 * Ole, born Wis. 1871, listed 1880) e. Gunnhild Johannesdotter, f. i Lom 17.12.1829, gifte seg i Lom 7.4.1857 med Syver Hansson frå ##### (opphavet hans? - Teigen?) f. i Lom 15.7.1827. Syver og Gunnhild var først plassfolk på Teigen søndre under Kjestad i Lom, men utvandra òg til Amerika i 1866. Under namni Syver og Gunnilda Hanson finn me dei att som farmarar i Modena township, Buffalo Co., Wis. der Syver d. 19.6.1895. Gunnilda Hanson d. same staden ##### (place of her death to be verified?) 21.6.1919. ##### (number of sons and daughters? – incl. three born in Norway: * Hans, born Lom 12.1.1857, listed 1865, 1880 * Johannes, born Lom 21.6.1861, listed 1865 * Ole, born Lom 1864, listed 1865, 1880 * Ben, born Wis. 1867, listed 1880 * Tena, born Wis. 1870, listed 1880 * Arne, born Wis. 1872, listed 1880) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Anders Sjurson Leinum er frå Trempealeau Co., WI oppgjeven fødd i Noreg 12.8.1852 som son av Sjur Andersson og kona Kari Iversdotter. Ved litt leiting i folketeljingsmaterialet finn eg denne huslyden på Leinum i Melhus, som vel må vera den rette(?): http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1653&kenr=010&bnr=0018&lnr=000 Farsnamnet til mori stemmer ikkje heilt, og heller ikkje finn eg fødsli hans Anders i kyrkjeboki! Kanskje er det nokon med lokal kunnskap som kan hjelpa meg med følgjande: * Stadfesta fødselsdatoen til Anders Sjurson (Sivertson) Leinum, 12.8.1852? * Fulle namn på foreldri hans med opphavi til båe? * Utvandringsåret for Anders? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Dette er ei utfordring som eg har hatt liggjande i mange år. Det dreier seg om Gjert Andersson Eide frå Luster, som i Amerika skreiv seg for Lee Anderson. Han gifte seg med Marie Louise Haugh frå Eidsvoll, men reiste sjølv heimatt til Luster og døydde der. Marie gifte seg so att med ein Carl «Charles» Moen, men han veit me ikkje noko om! Ogso utvandringsåret hennar er ukjent. Kanskje nokon ser ei løysing her? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange gode innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #8 under: Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  16. Dette er ein annan huslyd som eg arbeidde med for 35 år sidan, men som eg aldri vart heilt «klok» på, Peder Johannesson Gjerseggen utvandra med foreldri sine i 1856 og gifte seg kring 1883 med Bertha Evensdotter frå Stange. Eg har før fått oppgjeve at ho skulle vera frå ein plass under Hestnes på Stange, men eg ser at foreldri hennar, Even Jensson og Bertha Johnsdotter, i 1865 var busette på Evenrud under Morstu nedre på Stange: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0417&kenr=011&bnr=0086 so eg veit ikkje kva eg skal skriva som opphav på ho...? Dotteri ser eg ikkje noko til i Stange i 1865! Kanskje finst det ei bygdebok for Stange som omskriv desse folki? Svigersonen Peder Julius Holmen skal ha vore frå Elverum, men stemmer dette? Eg finn han ikkje i kyrkjeboki som døypt på Elvetum, i alle fall ikkje i 1878... Slik ser manuskriptet mitt ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nyue spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #7 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  17. Eg viser til denne debatten; https://forum.arkivverket.no/topic/233036-sf-johannes-h-asheim-1863-1932-sine-etterkommere og oppsummering i #26 der. To av barna til Johannes H Asheim er ikkje kartlagt ennå; 7.Sjur J. Asheim, adr ukjent [f. 15 Dec 1892, d. ???] ---> Mangler: Evt kone, barn, bustad, dødsdato. 8.Johan J. Asheim, adr ukjent [f. 3 Aug 1893, d. ???] ---> Mangler: Evt kone, barn, bustad, dødsdato. Eg kan ikkje sjå at Bygdeboka for Brekke, gnr. 50 Asheim, gir noko svar om kvar dei tok vegen. Egil J. fann ut at Sjur reiste til USA i 1912: The New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957 Name: Sjur J Asheim Arrival Date: 8 Apr 1912 Birth Date: abt 1892 Birth Location: Nrw Birth Location Other: brokke sogn [Brekke Sogn] Age: 20 Gender: Male Ethnicity/ Nationality: Scandinavian Port of Departure: Liverpool, England Port of Arrival: New York, New York Ship Name: Caronia Utreisen - Egil J. fann også ut av Johan reiste til USA i 1913: The New York, Passenger and Crew Lists (including Castle Garden and Ellis Island), 1820-1957 Name: Johan J Ashum Arrival Date: 24 Mar 1913 Birth Date: abt 1894 Birth Location: Norway Birth Location Other: sojn [Sogn] Age: 19 Gender: Male Ethnicity/ Nationality: Scandinavian Port of Departure: Liverpool, England Port of Arrival: New York, New York Ship Name: Carmania Reisemål: Til broren Sjur i Wisconsin. Utreisen - https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000731971
  18. Eg har i lang tid vore på leiting etter ei vigsle i Amerika mellom ei enkje frå Våle og ein gut med røter frå Luster i Sogn - skal ha finne stad kring 1928, Manuskriptet mitt syner huslyden meir i detalj: ~~~~~~~~~~~~~~~ Albert Haugen, f. i Buffalo Co., Wis. 4.2.1892, d. i Washburn Co., Wis. 23.7.1976. Han gifte seg kring 1928, ¤¤¤¤¤ (date and place of his marriage? – about 1928! – her dau: Solveig Kristine – Sylvia (Mrs.Hugo Carlson)) med enkja Maren Elise, kjend som Elise Olsdotter f. Grytemark, opphavleg frå Grytemark i Våle, Vestfold. Ho var dotter av gardbrukar Ole Sørenson på Grytemark og kona Karen Marie Jacobsdotter frå Haslum i Sannidal (Kragerø) og f. i Våle 6.10.1889, men gifte seg første gongen i Våle 5.7.1913 med Ole Olson Haugen frå Skjerpinghaugen, Skjerping på Ål. Han var son av gardbrukar Ole Thomasson på Skjerpinghaugen, Skjerping, opphavleg frå Bergahagen under Reiersgard, og kona Sissel Olsdotter frå Bakke og f. på Ål 11.11.1891. Ole Haugen var målarsvein, og han og Elise busette seg i Tønsberg der Ole d. alt 7.11.1918. Under namnet Elsie Haugen utvandra enkja i 1922 til Amerika, og ho d. i Washburn Co., Wis. 9.1.1949. Albert og Elsie tok over heimefarmen hans i Barronett township, Washburn Co., Wis., men fekk ikkje born i lag. Derimot hadde Elsie ei dotter frå første ekteskapet sitt. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Her Albert og Elise i FT1930 for Barronett, Washburn Co., WI som syner brudgomen på 35 år gift i ein alder av 33 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R82-58B Her er dei same stad i FT1940: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9M1-69DW Kan nokon hjelpa meg finna denne vigsli, eventuelt gjennom obituaries eller newspaper announcement? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Denne utfordringi er dukka opp i samband med drøftingi av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/232546-sjur-pederson-urnes-sever-peterson-1829-1876-eit-kjempemysterium-i-wisconsin-tolking-av-kart-frå-1877-kan-gåta-kring-sjur-frå-hafslo-og-kona-anna-frå-gransherad-endeleg-løysast/ Peter Hansson Finstuen var fødd på Finstuen i Land 23.10.1848 som son av Hans Nilsson og Ingrid Knutsdotter, gardfolk på Finstuen: https://media.digitalarkivet.no/view/8980/13 FT1865 syner Peder Hansson busett på Finstuen i lag med foreldri sine: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0536&kenr=004&bnr=0172&lnr=000 Og 3.3.1878 stod Peter Finstuen brudgom i Buffalo Co., WI: Name: Peter Nelson Finsluen Marriage Date: 3 Mar 1878 Marriage Place: Buffalo , Wisconsin, USA Eg har blatt igjennom utflyttelistene for Land 1866-1878, men finn ikkje spor etter Peter der, men kanskje han er «fanga opp» av bygdeboki eller av ei passasjerliste over Christiania? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Sjur Pederson (Urnes), yngste son av Peder Olson (1788-1833) og Elisabeth Ambjørnsdotter (1793-1857), husmannsfolk på Plassen i Kinsedalen under Urnes i Hafslo. var fødd i Hafslo 16.2.1827 og utvandra til Amerika ugift i 1857, kort før mori døydde. FT1860 syner at Sever Peterson (30) då budde hjå broren Peter i Ridgeway township township, Iowa Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBS6-8FR?i=9&cc=1473181 I 1867 flytte Peter med huslyden sin til ein farm i Burnside township, Trempealeau Co., WI, og FT 1870 syner dei alle, inkl. Sever (40) på nemnde bustad: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6SXS-BLP?cc=1438024 Men kva skjedde so? Følgjande vigsle er finni i Trempealeau Co., WI i 1872: Name Syvert Pederson Event Type Marriage Event Date 03 Apr 1872 Event Place Burnside, Trempealeau, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Norway Father's Name Peder Olson Mother's Name Elizabeth Andy.Nsdatter Spouse's Name Anna Ke.Byansdatter Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Father's Name Kezbion Su.Mufsen Spouse's Mother's Name Mariah Ke.Byansdatter Kona er før identifisert som Anna Herbjørnsdotter frå Hovindbøle i Gransherad (Tinn), ei dotter av gardbrukar Herbjørn Gunnulfson på Hovindbøle og kona Margit Tovsdotter frå Brynildsrud og f. i Gransherad 25.12.1834. Anna utvandra til Amerika i 1871. Broren Peter flytte våren 1880 med huslyden sin til Minneapolis, MN og sidan vidare til Norman Co., MN Her er eit kart over Burnside township frå 1877, men eg greier ikkje å lesa den vesle skrifti... Kanskje nokon andre greier dette? I alle fall bør Peter vera nemnd på dette kartet, men kva med Sjur og Anna? På kyrkjegarden East Bennett Valley nær Chimney Rock, Trempealeau Co., WI finn me gravi til Sever Peterson, som vert sagt ha mist livet då hestespannet hans sprang vekk, i 1876. * Men nokon dødsdato har eg ikkje greidd å finna...? * Og eit anna stort mysterium er spørsmålet om lagnaden til kona Anna? Dei siste to utfordringane er vel kjernepunkti i denne saki, men kanskje landkartet frå 1877 kan vera ein veg til målet? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Denne utfordringi gjeld soga til dei to yngste sønene som voks opp etter Iver Torbjørnson (1815-1897) og kona Britha Sølfestsdotter (1822-1890), husmannsfolk på ein plass i Stein under Skagen i Luster. Lagnadane deire fekk eg aldri skikkeleg tak i då eg første gongen jobba med denne huslyden tidleg på 1980-talet, men no har eg greidd å få tak i ein heil del før eg møter veggen. No vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg komma lite vetta lenger? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ 8. Christopher Iverson {Skagen}, f. {i Luster} 30.10.1860, Chris Skagen utvandra til Amerika i 1890 og var sidan ein gong heime på vitjing i 1903. Han budde i Viroqua, Vernon Co., Wis. der han livnærte seg som vertshushaldar («saloon keeper»). Men kring 1906 flytte han attende til Noreg, ##### (skulle ikkje heimreiseåret vera oppgjeve ved FT1910? –er ser det ikkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708063002 og han gifte seg i Bergen 22.1.1910 med Ingeborg Andersdotter frå Lærdalsøyri i Lærdal. Ho var dotter av strandsitjar og skreddar Anders Henrikson på Lærdalsøyri og kona Anna Hansdotter frå Helland og f. i Lærdal 22.9.1876. Christopher Skagen var handelsmann («frihandlar») i Bergen, men d. i Kronviken i Årstad 12.5.1913. Ingeborg Skagen d. som enkje på Kronstad i Årstad, Bergen 10.7.1939. Dei fekk to born i lag: a. Anna Bergliot Christophersdotter Skagen, f. i Bergen 4.6.1911, ##### (n. 1922 – n. 1934 ugift kontordame hjå mori – lagnaden hennar?) b. Ivar Albert Christopherson Skagen, f. i Bergen 26.11.1912, d. ##### (dato og stad for dødsfallket hans? – fødselsdsto ved vigsli: 25.10.1912!) Han gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 9.3.1940 med Erna Margareth Bertrandsdotter Olsen frå Bergen, f. i Bergen 9.6.1916. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) ##### (yrke og bustad? – 1940: politikonstabel Bergen!) ##### (tslet på søner og døtrer?) 9. Arne Iverson {Skeagen}, f. {i Luster} 1.8.1863, Arne Skagen skulle ha utvandra til Amerika i 1885, men det vert fortalt at han «hoppa av« på vegen etter eit båtuhell på veg til Bergen. ##### (budde 1897 i Drammen, men var 1900 ugift skreddarmeistar busett på Trøgstad i Ullensaker) Han gifte seg ##### (1902? – finn ikkje vigde korkje i Ullensaker eller på Tyristrand!) med Maren Ovidie Olsdotter frå Ertelien, Åsterud på Tyristrand. Ho var dotter av gardbrukar og gruvestigar Ole Ellingson på Ertelien, Åsterud på Tyristrand, opphavleg frå Nordengen på Tyristrand, og andre kona Anna Julia, kjend som Julia Olsdotter frå Borgen på Modum og f. på Tyristrand 17.3.1873. Arne og Maren busette seg på Dalsrud, Galleberg i Sande ##### (budde der 1910 – seinare lagnad?) Dei fekk tre born i lag: ##### (hadde dei kan henda fleire?) a. Dagny Marie Arnesdotter Skagen, f. i Ullensaker 22.7.1903, ##### (n. 1910 – lagnaden hennar?) b. Ivar Olai Arneson Skagen, f. i Sande 9.11.1906, ##### (n. 1910 – lagnaden hans?) b. Borghild Julie Arnesdotter Skagen, f. i Sande 30.4.1910, ##### (n. 1910 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Knut Sjurson alias Knut Sivertson (1827-1911), fødd på Ottum i Luster var gift og budde som gardbrukar på Øibukt i Meløy. Han og kona Nicoline fekk i alt ni born, som alle budde i Meløy med unntak av ein son: Peder Johan Hagen Knutson, fødd i Meløy 1.1.1880: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004321090 Peder utvandra i 1904 med reisemålet Nelson, Buffalo Co., WI og på same tid skifte han namn til Peder Eibogt eller Eibugt! Alt i 1905 er han farm laborer i Granite Falls, Chippewa Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-7T4 og i 1910 er han farm laborer i Sparta township, Chippewa Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNT-Y14 So har me WW1 draftet frå 1918 som syner han då var i McGregor, Williams Co., ND, men han er registrert under Burke Co., ND(!)): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-L1WS-DJR Han er ogso nemnd fleire gongar i tilknytting til både naturalization og land records i Burke Co., ND Men i 1927 flytta han frå Columbus, Burke Co., ND til Paddockwood, SK. Av same dokument kjem det fram at næraste slektning i USA var tanta Mrs. Marthe Oleson i Nelson, WI: https://www.ancestry.com/interactive/1344/30928_2000913130-00497?pid=2671599&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15198&_phstart=successSource Fasteri Martha Sjursdotter Ottum frå Luster (1834-1936) var gift med Christen Olson og budde i Nelson, WI! Peder tok homestead i Saskatchewan same år: https://www.ancestry.com/interactive/9209/42589_83024005549_1105-00179?pid=535523&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15199&_phstart=successSource Er det nokon som kan hjelpa meg finna opplysningar om den seinare lagnaden til denne guten frå Meløy?
  23. Peder Sjurson frå Ottum i Luster var fødd i 1832, men flytte alt i 1849 til Nordland og sidan vidare til Tromsø, Han vart etterlyst i samband med militærtenesta si i 1854, men flytte nok ikkje heimatt på den tidi. I staden gifte han seg i Tromsø med ei jente frå Berg på Senja, som det finst svært lite opplysningar om(?), og dei utvandra straks til Amerika. Eg har hatt mykje bàl med å finna ut av denne huslyden i Amerika og vonar at det kanskje er nokon som kan ha gode tips å komma med? Her følgjer manuskriptet mitt for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innkomne opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #6 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Anders Arneson er mellom ungdomane som vart etterlyste då dei ikkje møtte til hærteneste i Luster i 1854. Då det same året vart halde skifte etter faren i Luster, kjem det fram, at Anders reiste frå Luster kring 1849, og han skal ha butt ei tid i Nordland, men han utvandra sidan til Amerika der han vårern 1863 dukkar opp som brudgom i Dane Co., WI, so han må ha utvandra seinast i 1862! Men er det mogeleg å finna ut kvar han var, medan han var i Nordland, og kva år utvandra han til Amerika? Han hadde ein eldre bror Johannes Arneson, fødd i 1830, som òg reiste til Nordland. Johannes gifte seg i Øksnes i 1855 og fekk ein son Anton Christian på Gimsøy i Vågan i 1858 før huslyden utvandra til Amerika kring 1860! Kanskje Anders reiste i lag med dei?? Eg har finne bra med opplysningar om Anders i Amerika, men står fast på detaljar om stedotteri og konene til dei to sønene John Christian og Nels Louis. Kanskje er det nokon som kan hjelpa meg komma vidare med denne huslyden? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Anders Arneson {Kvalsvik}, f. {i Luster} 8.10.1832, Andrew Weigen flytte fra Luster kring 1849, truleg til Nordland, men hamna noko seinare i Amerika. ##### (year of his emigration??) Han gifte seg Dane Co., Wis. 27.3.1863 med Anna Johannesdotter frå Hola under Venjum i Hafslo, i Amerika kjend som Anna Johnson. Ho var f. i Hafslo 26.2.1836 og utvandra til Amerika i 1856. Andrew og Anna Johnson farma nokre år i Dane Co., Wis., men flytte kring 1867 til ein farm i Lodi township, Mower Co., Wis. der dei sidan budde levetidi ut. Andrew d. i Mower Co., Minn. 2.8.1889, medan Anna Weigen d. same staden 10.6.1907. Dei fekk åtte born i lag, men Anna hadde òg ei dotter frå før: a. Britha, kjend som ##### (what was she known as?) dotter av Anna og gardbrukarsonen, dåverande enkjemann, Halvor Bugge Olson frå Hatleberg i Borgund, Lærdal (1820-1868), var f. i Dane Co., Wis. 7.8.1859, ##### (lived 1860 with mother in Bristol township, Dane Co., WI – not listed 1870 or 1875 – what became of her??) b. John Christian Weigen, f. i Columbia Co., Wis. 30.5.1863, d. i Mower Co., Minn. 2.3.1894. Han gifte seg i Mower Co., Minn. 13.10.1889 med Ragnild Gilbertson, f. ##### (place of her birth? – where in Wisconsin?) Wis. 21.1.1867 og d. i LeRoy, Minn. 24.12.1935. John og Ragnild Weigen farma i Lodi township, Mower Co., Minn. og fekk to døtrer i lag. c. Arne Johan, kjend som Earnie J. Weigen, f. i Dane Co., Wis. 2.4.1865, farma i Lodi township, Mower Co., Minn., men d. ugift i LeRoy, Minn. 16.4.1935. d. Nels Louis Weigen, f. i Dane Co., Wis. 26.5.1867, d. i Longmont, Colo. 7.5.1944. Han gifte seg i Mower Co., Minn. 27.12.1894 med Gina A. ##### (full name and middle name? – parents Ole Larson and Betsey Peterson!) Larson, f. i ##### (place of her birth? – WI) 8.1.1871. Ho d. i Longmont, Colo. 5.10.1936. Nels og Gina Weigen farma i Lodi township og sidan i Taopi township, båe i Mower Co., Minn., men flytte kring 1912 til McIntire, Mitchell Co., Ia. der Nels var jarnbarehandlar («hardware merchant») til dei kring 1925 tok pensjon og flytte til Longmont, Boulder Co., Colo. Dei fekk ti born i lag. e. Anton Olai Weigen, f. i Mower Co., Minn. 16.7.1869, farma i lag med broren Martin i Lodi township, Mower Co., Minn., men d. ugift i LeRoy, Minn. 7.5.1940. f. Martin Weigen, f. i Mower Co., Minn. 26.11.1871, farma som nemnt i lag med broren Anton i Lodi township, Mower Co., Minn. og d.likeins ugift i LeRoy, Minn. 13.8.1949. g. Anne Marie Weigen (1873‑1944), vart gift med Samuel Forthun, Jr. (1871‑1909), son av husmannssonen Samuel Olson frå Lovolden under Fortun (1832‑1903) (s.d.). h. Lise Kirstine, kjend som Eliza Weigen, f. i Mower Co., Minn. 16.5.1878, d. ugift i Mower Co., Minn. 27.11.1901. i. Sina Josephine Wigen, f. i Mower Co., Minn. 18.9.1880, d. i Austin, Minn. 4.12.1963. Sina var hushaldar («housekeeper¤) for brørne Anton og Martin på farmen deira i Lodi township, Mower Co., Minn. og vart likeins ugift. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Torsten Hermundson og Eli Johnsdotter, husmannsfolk i Hagen under Sande i Luster, utvandra i 1860 til Amerika, og dei farma mange år i Gilmanton township, Buffalo Co., WI til dei i 1878 dukka opp i Grand Forks Co., ND. Eg leitte i svært lang tid for å finna denne huslyden i FT1870, og for å syna korleis einskilde huslydar verkeleg snudde på namni sine i Amerika, sjå på denne huslyden i 1870 (Andrew og Alma Thomson!): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6Q6H-FJ Eg visste dei budde i dette området, for her er konfirmasjonane til Andreas, Elias og Ole i Thompson Valley, Buffalo Co., WI 1866, 1872 og 1877: https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314994-00356?pid=3092315&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx14614%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3Delcabmd%26gsfn%3DAndreas%26gsfn_x%3DNP_NN%26gsln_x%3DNP_NN%26cp%3D12%26msypn__ftp%3Dbuffalo,%20wisconsin,%20usa%26msypn%3D408%26msbdy%3D1850%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D2%26new%3D1%26rank%3D1%26redir%3Dfalse%26uidh%3D008%26gss%3Dangs-d%26pcat%3D34%26fh%3D0%26h%3D3092315%26recoff%3D%26ml_rpos%3D1&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx14614&_phstart=successSource&usePUBJs=true Eldste dotteri Anna vart nok att i Dane Co., WI då foreldri flytte nordover, men underleg er det at dotteri Mari ikkje er å sjå korkje i konfirmantlistene for Thompson Valley eller i FT1870. Kanskje var ho då alt avlidi?? Her er Torsten og Eli i FT1880 for Blooming township, Grand Forks Co., ND: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY8-SGG1 Torsten døydde i Blooming township, Grand Forks Co., ND 2.5.1895 men eg greier ikkje å finna denne husyden i FT1885 for North Dakota Heller ikkje finn eg enkja Eli (Thompson) i FT1900, men derimot er enkja Ella Thompson i FT1905 skrivi som farmar på 83 år i Copley township, Clearwater Co., MN som næraste nabo til svigersonen Andrew Larson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-VSJ?i=13&cc=1503056 Ella Thompson skal vera avlidi i Bartlett, Ramsey Co., ND kring 1908, men dette dødsfallet finn eg heller ikkje nokon stad! Her følgjer manuskriptet mitt for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Torsten Hermundson Sande, opphavleg frå Solvornstrondin under Solvorn, vart døypt i Luster 11.1.1817. Torsten voks opp i Luster og ser ut til å ha tent på Sørheim i ungdomen. Han gifte seg her 27.10.1846 med Eli Johnsdotter, opphavleg frå Kvalsøyri under Kvale, men sjå Bringebakken under Dalsøyri, f. 27.2.1822. Torsten og Eli var innerstfolk på Sørheim nokre år etter at dei vart gifte, men kring 1851 fekk dei hand om ein plass under Sande, og me trur det var dei som på same tidi rydda plassen her i Hagen. Torsten og Eli vart buande her til 1860. Torsten og Ellen Hermanson utvandra til Amerika i 1860 og etter eit kort opphald i Dane Co., Wis. slo dei seg kring 1862 ned som farmarar i Gilmanton township, Buffalo Co., Wis., men kring 1878 flytte dei til ein farm i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. der Torsten d. 2.5.1895. Ellen, som sidan skreiv seg for Thompson, flytte ##### (year of removal? – after 1895 – prior to 1905) til ein farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men d. ##### (date and place of her death? – after 1905! – d. Bartlett, ND about 1908??) Torsten og Ellen fekk åtte born i lag: a. Anna Thompson (1846-1933), utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og vart der borte gift {Iowa Co., WI 20.5.1863} med husmannssonen Samuel Olson frå Lovolden under Fortun (1832-1903) (s.d.). b. Andreas, kjend som Andrew Thompson (1850-1926), utvandra òg med foreldri til Amerika i 1860 og vart der borte gift {Buffalo Co., WI Feb. 28, 1874} med husmannsdotteri Kirstina Wangensteen Christophersdotter frå Hamni under Sjøtun i Hafslo (1854-1931) (s.d.). c. Mari, kjend som Mary Thompson, f. i Luster 10.6.1853, utvandra til Amerika med foreldri til Amerika i 1860, ##### (what became of her?) d. Elias Thompson, f. i Luster 18.10.1856, utvandra òg til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Benson Co., N.D. 10.9.1930. Elias gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Elen Rasmusdotter frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Ellen Rice. Ho var dotter av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Møklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Møklebust og f. Innvik 18.5.1851. Ellen utvandra til Amerika med foreldri sine ##### (utvandringsåret?) og d. i Larimore, N.D. 8.12.1940. Elias og Ellen Thompson farma først i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte kring 1890 til ein farm i Nesbit township, Polk Co., Minn. Noko etter hundreårs­skiftet flytte dei so til ein farm i Beaver township, Benson Co., N.D. der dei sidan budde levetidi ut. Dei fekk fire born i lag. e. Torbjørn Thompson (1858-1858), f. og d. i Luster. f. Susanna, kjend som Susie Thompson, f. i Luster 15.5.1859, utvandra til Amerika med foreldri i 1860 og d. i Williston, N.D. 8.7.1935. Susanna gifte seg i ##### (date and place her marriage? – about 1882!?) med Andrew B. Larson. Han var f. i Winneshiek Co., Ia. 12.5.1854 og d. i Williston, N.D. 25.10.1932. Susie og Andrew farma ei tid i Blooming township, Grand Forks Co., N.D., men flytte på 1890-talet til Fosston, Polk Co., Minn. der Andredw var brønngravar («well digger»). Kort etter hudreårsskiftet flytte dei so til en farm i Copley township, Clearwater Co., Minn., men kring 1906 flytte dei vidare til Bartlett, Ramsey Co., N.D. der Andrew var jarnbanearbeidar («railroad worker»). Men alt kring 1909 flytte dei vidare til Williston, Williams Co., N.D. der Andrew på ny var brønngravar («well digger»). Dei fekk sju born i lag. g. Ole H. Thompson (1861-1939), {i Dane Co., Wis. 23.7.1861} vart gift {Grand Forks Co., ND 6.5.1885} med husmannsdotteri Johanna Christensdotter frå Haugen under Leri (1864-1911) (s.d.). h. Johanna Thompson, f. i Buffalo Co., Wis. 9.2.1863, d. i Grand Forks, N.D. 18.3.1941. Johanna gifte seg i Grand Forks Co., N.D. 22.9.1879 med Ingebrigt Rasmusson frå Myklebust i Innvik, Nordfjord, i Amerika kjend som Albert Rice. Han var son av husmann Rasmus Rasmusson på Mjølkevold under Myklebust, opphavleg frå Augsborg og kona Sigrid Ingebrigtsdotter frå Myklebust og f. i Innvik 24.6.1856. Han utvandra til Amerika med foreldri sine ##### (utvandringsåret?) og d. i Grand Forks, N.D. 19.5.1918. Johanna og Albert Rice farma i Blooming township, Grand Forks Co., N.D. og fekk åtte born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~ Dei store «utfordringane» her er soleis: ** Kvar er Torsten og Eli i FT1885? ** Kvar er Eli som enkje i FT1900? ** Dødsfallet til Ella Thompson kring 1908? ** Og endeleg lagnaden til dotteri Mari, fødd 1853? samt desse som so langt ikkje er nemnde: ** Utvandringsåret til Rasmus og Sigrid Myklebust frå Innvik etter 1865? ** Vigsli til Susie Thompson og Andrew B. Larson i Amerika kring 1882? Eldste barnet deira var født i MN i 1883! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.