Gå til innhold
Arkivverket

Søk i nettsamfunnet

Viser resultater for emneknaggene 'bergen'.

  • Søk etter emneknagger

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Spør Arkivverket
    • Spørsmål om arkivmateriale og bruk av arkivene
    • Spørsmål om bruk av Digitalarkivet
    • Spørsmål og meldinger om tekniske feil og metadatafeil i Digitalarkivet
  • Spør Digitalarkivets brukere
    • Brukernes eget forum
    • Hjelp til skrifttyding
  • Samarbeid mellom Arkivverket og Digitalarkivets brukere
    • Spørsmål om dugnader og kilderegistrering
    • Spørsmål om korrektur av AMF-materiale
  • Arkiverte forum
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Annet

Finn resultater i...

Finn resultater som...


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filtrer etter antall...

  1. Ivar Moe har i eit anna emne presentert ein skippar frå Hafslo med bustad i Bergen, men som kring 1860 oppheldt seg i Trondheim. Eg syner til desse innlegg #405. 406 og 407 frå følgjande tema; https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=17 Det Norske Rigstidende 28.12.1859 Det er vel denne karen, bosatt i Bergen. https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003594991 ~~~~~~~~~~~~~~~~~ Eg er utifrå desse opplysningane ikkje i stand til å identifisera Ole Qvam/Kvam. Derimot trur eg at dette kan vera «fruentimmeret» som han var ifølgje med i desember 1859: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038310015803 018 Iver Christiansen Alder/født:30 Fødested:Odalen Familiestilling:Husfader Sivilstand:g Yrke:Arbeidsmand 019 Karoline Christiansen* f Kolberg Alder/født:31 Fødested:Throndhjem Familiestilling:hans Kone Sivilstand:g 020 Oline Johanne Christiansen Alder/født:1 Fødested:Throndhjem Familiestilling:deres Datter Sivilstand:ug Og her er nok same jenta i FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052377000079 Denne Caroline Kolberg var tydeleg ei hyppig «gjest» på tukthuset i Trondheim sist på 1850-talet, her innsett for sjette gong: https://www.digitalarkivet.no/view/84/pc00000000374688 og ho hadde minst eit barn til før ho gifte seg: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004458490 Men nokon dåp for Elen Caroline finn eg ikkje... Og som før sagt, identiteten til Ole Qvam/Kvam er ei stor utfordring! Det hadde vore kjempeflott å finna ut av denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Elisa Nelly Kristiansdotter Forthun (1906-1941), busett på Meland i Alversund, fekk med kontormann Gustav Mathiesen (1905-1959) to born: ** Gerd Ellinor Mathiesen, fødd i Bergen 13.3.1927, døydde ugift i Bergen 8.1.1972. ** Anfin Kaare Mathiesen, fødd .............. 18.1.1930, døydde ugift ved eit ulukkeshende i Roma 8.12.1985. Utfordringi her er å finna ut KVAR Anfin Kaare var fødd? I Bergen eller på Meland i Alversund? Mori gifte seg hjå sorenskrivaren i Nordhordland 5.5.1934 med Ole Jentoft Hansen (1899-1984) og busette seg på Haukås i Åsane. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Theodor Olai Sivertsen fra Askøy født 25.9.1867. 2 av hans sønner reiste til USA, Kanada: 1. Odd Theodorsen Kleppestø født 23.5.1904 i Bergen. Til USA med NAL III 27.6.1903 til New York. Løpenummer 1720. Ugift https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000749448 2. Henry Svane Theodorsen Kleppestø født 4.3.1895 i Bergen. Til Montreal 17.6.1929. Fruen Jenny Sigvarda Hansen født 1893 fulgte etter 27.8.1929. https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000763624 Hva skjedde med dem? Mvh Arne Hansen
  4. Kenneth Bratland har i dag gjort meg merksam på eit skifte i Bergen frå 1806 der avlidne Gjertrud Olsdotter syner seg å ha vore frå garden Yngsdalen i Hafslo og ei som eg aldri hadde greidd å finna att utan dette innspelet frå Kenneth! Hjarteleg takk, Kenneth! Slike innspel er gull verd! https://www.digitalarkivet.no/sk20081117630138 Gjertrud let ikkje etter seg born, men Jørgen gifte seg att tre gongar og fekk i alle fall ein son frå det andre ekteskapet sitt. Den største utfordringi no er likevel å identifisera dei btrte siste konene hans, lg der vonar eg få lite veta eksperthjelp i Brukarforum. Eg har sett opp følgjande manuskript: ~~~~~~~~~ Gjertrud Olsdotter {Yngsdal}, døypt {i Hafslo} 19.11.1769, Gjertrud Olsdotter flytte i ung alder til Bergen, kan henda i lag med broren Johannes, og ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 1.12.1805 med Jørgen Jonasson frå Øye i Lærdal ##### (sjekka at han voks opp der?) i Bergen kjend som Jørgen Jonassen. Han var son av ##### (Jonas Jørgenson og Martha Lassesdotter - vigde i Lærdal 4.4.1768) og f. i Lærdal 9.6.1775, men flytte til Bergen i 1801. Jørgen og Gjertrud busette seg på Store Sandviken i Bergen, men Gjertrud vart gravlagd frå derifrå alt 11.2.1806, og Jørgen gifte seg 11.7.1806 att i Krosskyrkja i Bergen med Bertha Andersdotter ##### (kven var ho? - d. før 1811!) So gifte Jørgen seg tredje gongen 16.6.1811 i Krosskyrkja i Bergen med Christine Hansdotter Sandvig ##### (kven var ho? - f. 1783!?) Ho d. i Bergen 28.2.1818, og Jørgen gifte seg so fjerde gongen i Domkyrkja i Bergen 22.8.1830 med enkja Elisabeth Paulsdotter, opphavleg frå Bergen, ##### (fødd KK 1781 - far Paul Paulsen - ved dødsfallet kalla Bernsdotter og f. 1772!!)) Jørgen Jonassen livnærte seg for det meste som dikselmann og dagarbeidar og budde i Bergen levetidi ut. Han d. i Bergen 10.8.1833, medan Elisabeth d. som enkje og almisselem i Bergen 15.9.1842. ##### (born? - inkl.: * Jeremias Anders, f. KK, Bergen 28.8.1807 - n. 1815) ~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  5. Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #35761 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/121286-35761-ole-ankersen-og-kari-hansdotter-1752-frå-luster-til-bergen-borni-deira/?tab=comments#comment-990484 men har lege som ei uløyst gåte hjå meg sidan 1980-talet. Kanskje er no tidi kommi for å finna ei løysing? Kanskje har eg no sjølv oppdaga lagnaden til ein av sønene? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Ole Ankerson Sandvig, frå ##### (opphavet hans? - kan henda frå Bergen??) var visstnok f. kring 1705 og gifte seg i Hafslo 31.5.1733 med Kari Hansdotter frå Alme i Hafslo, f. i Hafslo kring 1708. Ole Ankerson fekk 7.4.1734 bygsel på dette bruket i Sandviki, og han og Kari dreiv bruket til dei av økonomiske grunnar laut gå frå i 1744. Sidan budde dei nokre år i Hafslo, truleg som innerstfolk på Alme. Men kring 1752 flytte Ole Ankersen og kona Karen til Bergen. Dei busette seg på Nordnes i Bergen, visstnok i Claus Ockenssmuget, men Ole arbeidde som vektar på torget i Bergen. Karen d. i Bergen 5.9.1783, medan Ole d. same staden 12.10.1794. Me kjenner til åtte born etter dei: ##### (hadde dei òg ei dotter Martha Olsdotter?) a. Anna Olsdotter (1733-1735), f. i Hafslo og d. i Sandviki. b. Hans Olsen, døypt i Luster 6.12.1735, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen eller kan henda gift på Leikanger?) c. Anders Olsen, døypt i Hafslo 21.9.1738, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) d. Anna Olsdotter, døypt i Luster 11.11.1741, ##### (lagnaden hennar? - flytt til Bergen?) e. Lars Olsen, døypt i Hafslo 9.5.1745, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) f. Peder Olsen, døypt i Hafslo 18.2.1748, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) g. Henrik Olsen, døypt i Hafslo 15.3.1750, ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?) h. Ole Olsen, døypt i Bergen 4.8.1754, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~~ Når det gjeld eldste sonen Hans Olson har eg i det siste børja fatta mistanke om det kan vera han som i 1765 gifte seg med Synneva Rasmusdotter på Leikanger og som soleis vart ein del av huslyden drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/226866-synneva-rasmusdotter-frå-marifjøra-i-hafslo-fødd-1735-fekk-ei-dotter-på-leikanger-i-1757-kvar-vart-det-av-synneva-og-dotteri-ei-kjempeutfordring-synneva-kan-henda-gift-på-leikanger-1765-med-hans-olson-husebø/ Denne Hans Olson synest ikkje vera fødd på Leikanger og kan godt ha flytt dit frå indre Sogn, på same vis som Synneva! Dessutan hadde eldste dotteri til Synneva og Hans namnet Anna som KAN vera oppkalling etter mori hans...!? Ikkje godt å vita sikkert. Ole Ankerson sin son Hans var fødd i 1735 og var meir eller mindre vaksen då foreldri flytte til Bergen, og han kan godt ha vorte att i Sogn - på eige hand... Elles er det so mange born i huslyden til Ole Ankerson at i alle fall nokre av dei bør ha levd opp og kanskje gift seg i Bergen!? Eg har sett litt på ulike alternativ, og i augi mine fall denne: Lars Olson, dikselsmann - gift med Alida Eriksdotter - fekk desse borni i Nykyrkja i Bergen: * Erik Olai, døypt 18.12.1771 (ein av fadrane heitte Henrik Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005656830 * Anne Karine, døypt 27.11.1774 (ein av fadrane heitte Ole Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005658743 * Helene, døypt 18.12.1778 (ein av fadrane heitte Anna Margrethe Olsdotter): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005627646 * Karen, døypt 24.1.1781: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/29 * Karen, døypt 4.12.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/55 * Henrikke Oline, døypt 2.11.1788: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/75 Det hadde vore kjempeflott om det let seg gjera spora opp denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Eg har oppdaga eit spennande par i Bergen som eg treng litt hjelp til å identifisera: Gjert Gunderson (Asch) og Gjertrud Marie Madsdotter vart trulova i Domkyrkja i Bergen 12.9.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/4560/115 og vigde i Domkyrkja i Bergen 24.101784: https://media.digitalarkivet.no/view/8640/53 Eg finn desse borni: * Anna Gurine, fødd i Domkyrkja 14.8.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/127 * Anna Gurine, fødd i Nykyrkja 28.6.1787: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/65 * Gjertrud Marie, fødd i Nykyrkja 30.7.1791: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/91 * Guner Olai, fødd i Nykyrkja 29.6.1795: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/113 * Petricke Marie, fødd i Nykyrkja 6.3.1797: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/123 * Gjert Andreas, fødd i Nykyrkja 17.3.1802: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/153 Her finn me huslyden i FT1801 i Bergen med berre ei dotter buande heime: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390005605 Undersøkjingskommisjonen 1804/1805 syner Gjert Gunderson fødd i Askvoll: https://www.digitalarkivet.no/view/215/pp00000000010378 Men eg finn ikkje nokon Gjert Gunderson fødd i Askvoll til «rett tid». Når det gjeld Gjertrud Marie Madsdotter, so er det ho som spesielt fangar mi merksemd. Eg mistenker ho nemlig for å vera den «forsvunne» Gjertrud Madsdotter som var yngste dotter av Mads Pederson frå Kinserdalen i Hafslo - jmf. tema: https://forum.arkivverket.no/topic/188074-mads-pederson-kinserdal-1735-1768-frå-hafslo-til-årdal-frå-årdal-til-bergen-lagnad-til-huslyden/?tab=comments#comment-1767055 og difor lurer eg på om det let seg gjera finna fleire detaljar om ho gjennom eit særskilt tema som dette. Me har eit par indisiar på at dette godt KAN vera «vår» Gjertrud: ** Eg reknar med at ho ikkje hadde søsken i Bergen utover broren Peder Madson Dahl som døydde i 1795, og ingen Madsborn er nemnde som fadrar! ** Dei eldste to døtrene heitte Anna Gurine - mor til «vår» Gjertrud heitte Anna Eriksdotter! ** Dotteri Petriche Marie frå 1797 kan ha fått namn etter broren Peder som døydde i 1795. Skiftet frå 1805 der Gjertrud er nemnd som erving og busett i Bergen, gjev oss eit inntrykk av at ho den gongen var ugift - kanskje var ho enkje?? Ho ser ut til på ha gift seg att i Nykyrkja i Bergen 14.6.1812 med matrosen Clement Jensson!? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden og vonar at ein eller annan kan hjelpa meg finna prov på identiteten til Gjertrud Madsdotter!?
  7. Jeg har en Anders Jespersen som ble født i 1702 ifølge begravelsen hans. Han var gift i 1733 i Domkirken i Bergen. og var bosatt på Hetlevik på Askøy. Jeg finner ingen dåp på han. Min teori er at han er født på Askøy og døpt i Domkirken eller i Manger Her er Anders Jespersen i HBR: http://www.histreg.no/index.php/person/pv00000000988370 Jeg antar at faren må oppholde seg på Vestlandet i 1701. Så jeg har søkt i manntallet 1701 på farsnavnet for alle områder tilhørende Vestlandet. Siden fødselsåret er fra begravelsen i 1766, så er det jo stor sannsynlighet for at han var født før 1701 og jeg har derfor også søkt på "Anders" med "Jesper" som relatert person. Jeg får totalt to resultater som jeg mener kan passe, som jeg lenker til: Jesper Ollsøn: https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000618251 Jesper Suartzkop: https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000594626 Jesper Ollsøn er fra Dale sokn i Holmedal i Sogn og Fjordane. Han passer fordi han har en sønn som er født i 1698 som heter Anders og er den eneste "Jesper" som har en "Anders" som sønn. Men jeg finner ikke noe på han eller sønnen etter manntallet. Jesper Suartzkop/Schwartzkop er fra Manger prestegård. Han har riktig alder til å være faren og han er også den eneste i Nordhordland med "Jesper" til fornavn. Denne Jesper skal ifølge Radøy Bygdebok samt flere kilder på nettet være gift med en Anna Christina Smith rundt 1720 og bli sorenskriver i Hardanger. Min teori er at han får et uekte barn. rett etter manntallet. Jeg lurer på om noen kan finne noe mer på begge disse alternativene, samt å komme med flere?
  8. Ivar Moe presenterte i dag ei skikkeleg spennande opplysning om ein ung lustring som tok borgarskap i Bergen i 1759 som høkar: 13 juli 1758 Dette er ein person som eg ikkje har finne nemnd i nokon kjelder frå Luster, men når me veit han var frå Gaupne, MÅ han vera son av Baard Johnson frå Gaupne som i mange år var husmann på Skjolden under Bolstad i Luster. Paul må dels ha vokse opp hjå skyldfolk i Gaupne, men er ikkje konfirmert i Luster! Kanskje vart han konfirmert i Hafslo der me manglar konfirmantlister for den perioden... Ut ifrå dei mange fine opplysningane som Grethe har presentert i hitt emnet, sjå innlegg #364: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=15&tab=comments#comment-1944444 har eg no sett opp følgjande manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Det var ei stor overrasking å motta opplysningar om Paul Baardson, og eg eg takkar so mykje på førehand for alle tilleggsopplysningar som måtte dukka opp!
  9. Eg vil i dag gjerne få henta fram ein heller «spesiell» huslyd frå Luster. Korkje mann eller kone hadde tilknytting til Luster, og eg har alltid trudd dei berre var «innom» Luster for å få ein son i 1837. Men nye opplysningar syner at dei i alle fall budde i Luster eit par år, og eg har difor no sett opp eit manuskript for dei: ~~~~~~~~~~~~~ Nils Andreas Wilhelmsen, opphavleg frå Bergen, var son av los Wilhelm Nilssen i Bergen, opphavleg frå ##### (opphavet hans? - kalla Schaalevig ved vigsli i Bergen 7.1.1810) og kona Maren Vahl frå ##### (fullt namn og opphavet hennar? - kalla Maren Vahl Brynnnildsen ved vigsli) og f. i Bergen 10.12.1810. Han gifte seg i Nykyrkja i Bergen 26.12.1844 med Gjertrud Helene Haldorsdotter Sebjørnsen frå Bergen. Ho var dotter av tømmermann Haldor Sebjørnsen i Bergen og kona Ingeborg Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Bergen 13.12.1805. Ho gifte seg første gongen i Domkyrkja, Bergen 29.4.1832 med Nicolai Christopher Nicolaison Brodersen frå Bergen. Han var son av krambohandlar Nicolai Brodersen i Bergen, opphavleg frå ##### (opphavet hans? - Eyland i Føhr - jmf. 1804) og kona Gjertrud Cathrine Smit ##### (fullt namn og opphavet hennar?) og vart døypt i Bergen 7.5.1801. Nicolai var gullsmedmeistar, ##### (dødsfall? - skilde??) Nils Andreas Wilhelmsen var gullsmedmeistar, og han og Gjertrud budde til leige på Dalsøyri i Luster fram til kring 1839. Men kring 1839 flytte Nils og Gjertrud Wilhelmsen attende til Bergen, ##### (flytte før 1859 til Eid, Nordfjord!) men Gjertrud d. i Bergen 10.4.1863. ##### (1865 Nils enkjemann i Kristiansund - var før 1875 attende til Bergen!) og han d. som gullsmedmeistar og almisselem i Bergen 2.5.1884. Dei fekk sju born i lag, og dessutan hadde Gjertrud ein son frå første ekteskapet sitt: a. Nicolai Nicolaison Brodersen, f. i Bergen 4.9.1832, ##### (1885: ugift gullsmedsvein i Farsund - lagnaden hans?) b. Wilhelmine Marie Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 26.10.1835, d. i Bergen 2.12.1836. c. Wilhelm Sigfried Nilsson Wilhelmsen, f. Luster 17.10.1837, ##### (styrmann og skippar med borgarskap 8.6.1860 - dels busett i Ålesund - lagnaden hans?) d. Ingeborg Marie Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 11.4.1840, ##### (n. Kristiansund 1865 - lagnaden hennar?) e. Andrea Helene Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 25.7.1842, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Andrea gifte seg i Folda 13.7.1876 med Søren Johan Andersson frå Tretvik under Breivik i Folda, f. i Folda 24.3.1851. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Søren og Andrea var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Valle i Folda og fekk ##### (talet på søner og døtrer?) f. Nils August Nilsson Wilhelmsen, f. i Bergen 20.8.1843, d. i Bergen 21.11.1843. g. Johan August Nilsson Wilhelmsen, f. i Bergen 24.8.1845, ##### (konf. Eid 1859 - lagnaden hans?) h, Constance Zorida Nilsdotter Wilhelmsen, f. i Bergen 20.5.1847, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) Ho gífte seg i Folda 9.11.1884 med enkjemannen Johannes Gunderson, opphavleg frå Lakså i Folda, ##### (sjekka om han verkeleg var oppvaksen der?) f. i Folda 13.2.1831. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Johannes var husmann på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Valle i Folda ##### (talet på søner og døtrer? - hadde vore gift to gongar før!) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle tilleggsopplysningar som måtte dukka opp om denne huslyden!
  10. Ivar Moe har i kveld lagt ut eit nytt emne der han etterlyser ein del sjøfolk frå Sogn. Ein av desse, Peder Christenson, KAN høyra til denne huslyden som eg elles veit svært lite om, men som truleg har butt ein eller annan stad i ytre Sogn for so å hamna i Bergen: ~~~~~~~~~~~~~~ Christen Andersson Høyumsvig, frå Hengesteg, var f. kring 1712 og gifte seg 30.10.1735 med Maria Pedersdotter Blanke frå Sva under Høyeim, òg f. kring 1712. Christen og Maria fekk kring 1737 hand om ein husmannsplass i Høyeimsviki, og me trur det var her i Kvasshilleren dei busette seg. Men huslyden vart ikkje buande her lenger enn til kring 1743. Christen og Maria flytte frå Luster kring 1743, ##### (kvar i all verdi vart det av dei? – ytre Sogn eller Bergen??) ##### (dato og stad for dødsfalli deira?) Me kjenner til fem born etter dei: ##### (kan godt ha vore fleire?) a. Kari Christensdotter, døypt i Luster 22.1.1736, ##### (lagnaden hennar?) b. Peder Christenson, døypt i Luster 25.3.1737, ##### (lagnaden hans? – kan han vera identisk med Peder Christenson frå Sogn, fødd kring 1735, innrullert matros 22.1.1772, tente som artillerist 1778 – reiste til Grønland og sidan til Middelhavet, d. 1780 med Herman Sneyder??) c. Britha Christensdotter (1738-1739), f. og d. på Høyeimsviki, vart fem dagar gamal. d. Bertha Christensdotter (1740-1740), f. og d. på Høyeimsviki, vart òg berre fem dagar gamal. e. Britha Christensdotter, døypt 13.5.1741, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg ville vorte svært happy om det skulle syna seg vera ein samanhang med soldaten i Bergen, men ville sjølvsagt gleda meg over alle opplysningar som måtte dukka opp om denne huslyden! Kanskje finst det fleire opplysningar om Peder Christenson i Bergen? Kanskje var han gift og hadde born?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. For fleire år sidan samla eg følgjande opplysningar om Kristian Andersson Valaker frå Hafslo som sidan vart sporvognsførar i Bergen: No er det slekt av Kristian Valaker frå Gudbrandsdalen som er på leiting etter bilete av Kristian Valaker, og då han ikkje har slekt etter seg i Sogn, ser eg på slekti til kona hans frå garden Nes i Kvinnherad som siste utveg. Her er slekti på Nes i Kvinnherad i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037306002039 og her er dei på Nes i Kvinnherad i 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036671002391 For meg ser sjansane gode ut for at det her kan finnast etterkomarar, og er me ekstra heldige, har dei samla familiebilete... Om nokon han hjelpa med kontakt her, ville eg setja stor pris på det!
  12. Dette er ein huslyd som eg strevde med alt på 1980-talet, men som eg aldri heilt greidde å finna ut av. Både mann og kone døydde i Bergen alt i 1842 og let etter seg i alle fall tre små born. Døtrene vart i alle fall buande i Bergen, men kvar det vart av sonen, er eit «mysterium». Eg har heller aldri finne nokon dødsdatoen for eldste dotteri, og siste med ikkje minst; eg tykkjer det er merkeleg at dotteri var gift i heile fem år før det første av i alt sju hprn vart dødd! Kan dei ha butt utanfor Bergen ei tid? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange fantastiske og imponerande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #27 og sidan i innlegg #32 på neste side! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Denne utfordringi gjeld soga til dei to yngste sønene som voks opp etter Iver Torbjørnson (1815-1897) og kona Britha Sølfestsdotter (1822-1890), husmannsfolk på ein plass i Stein under Skagen i Luster. Lagnadane deire fekk eg aldri skikkeleg tak i då eg første gongen jobba med denne huslyden tidleg på 1980-talet, men no har eg greidd å få tak i ein heil del før eg møter veggen. No vonar eg at kanskje nokon kan hjelpa meg komma lite vetta lenger? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ 8. Christopher Iverson {Skagen}, f. {i Luster} 30.10.1860, Chris Skagen utvandra til Amerika i 1890 og var sidan ein gong heime på vitjing i 1903. Han budde i Viroqua, Vernon Co., Wis. der han livnærte seg som vertshushaldar («saloon keeper»). Men kring 1906 flytte han attende til Noreg, ##### (skulle ikkje heimreiseåret vera oppgjeve ved FT1910? –er ser det ikkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036708063002 og han gifte seg i Bergen 22.1.1910 med Ingeborg Andersdotter frå Lærdalsøyri i Lærdal. Ho var dotter av strandsitjar og skreddar Anders Henrikson på Lærdalsøyri og kona Anna Hansdotter frå Helland og f. i Lærdal 22.9.1876. Christopher Skagen var handelsmann («frihandlar») i Bergen, men d. i Kronviken i Årstad 12.5.1913. Ingeborg Skagen d. som enkje på Kronstad i Årstad, Bergen 10.7.1939. Dei fekk to born i lag: a. Anna Bergliot Christophersdotter Skagen, f. i Bergen 4.6.1911, ##### (n. 1922 – n. 1934 ugift kontordame hjå mori – lagnaden hennar?) b. Ivar Albert Christopherson Skagen, f. i Bergen 26.11.1912, d. ##### (dato og stad for dødsfallket hans? – fødselsdsto ved vigsli: 25.10.1912!) Han gifte seg i Sandvikskyrkja i Bergen 9.3.1940 med Erna Margareth Bertrandsdotter Olsen frå Bergen, f. i Bergen 9.6.1916. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?) ##### (yrke og bustad? – 1940: politikonstabel Bergen!) ##### (tslet på søner og døtrer?) 9. Arne Iverson {Skeagen}, f. {i Luster} 1.8.1863, Arne Skagen skulle ha utvandra til Amerika i 1885, men det vert fortalt at han «hoppa av« på vegen etter eit båtuhell på veg til Bergen. ##### (budde 1897 i Drammen, men var 1900 ugift skreddarmeistar busett på Trøgstad i Ullensaker) Han gifte seg ##### (1902? – finn ikkje vigde korkje i Ullensaker eller på Tyristrand!) med Maren Ovidie Olsdotter frå Ertelien, Åsterud på Tyristrand. Ho var dotter av gardbrukar og gruvestigar Ole Ellingson på Ertelien, Åsterud på Tyristrand, opphavleg frå Nordengen på Tyristrand, og andre kona Anna Julia, kjend som Julia Olsdotter frå Borgen på Modum og f. på Tyristrand 17.3.1873. Arne og Maren busette seg på Dalsrud, Galleberg i Sande ##### (budde der 1910 – seinare lagnad?) Dei fekk tre born i lag: ##### (hadde dei kan henda fleire?) a. Dagny Marie Arnesdotter Skagen, f. i Ullensaker 22.7.1903, ##### (n. 1910 – lagnaden hennar?) b. Ivar Olai Arneson Skagen, f. i Sande 9.11.1906, ##### (n. 1910 – lagnaden hans?) b. Borghild Julie Arnesdotter Skagen, f. i Sande 30.4.1910, ##### (n. 1910 – lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. Hans Morten Sundnes

    Norges første Mowinckel

    Hei, jeg prøver å skrive en liten tekst om Mowinckel-navnet, som jo er mer utbredt i Norge enn i noe annet land. (I hvert fall med den skrivemåten) Den første Mowinckel kom imidlertid fra Tyskland: Johan Ludwig Mowinckel (1717–1772), som ble kjøpmann i Bergen i 1757. Det jeg finner av oppslagsverk og omtale melder at han kom fra Hannover. Når jeg googler, finner jeg imidlertid at foreldrene Johann Ernst Mowinckel og Helena Ostersehlt bodde i landsbyenbyen Collenrade/Colnrade, som så vidt jeg kan skjønne, lå i Oldenburg. Så prøver jeg først og fremst å finne ut hvorfor Hannover-navnet kommer opp. Jeg kan ikke skjønne at det stemmer at Oldenburg lå under Hannover på den tiden, selv om det er en mulig forklaring. Ellers kan det tenkes at unge Johan Ludwig flyttet til Hannover først, eller at han bare hadde det som avreisested før ferden til Bergen. Noen som har tanker om dette, eller som endatil vet å grave frem papirene som viser unge Mowinckels ankomst på norsk jord eller annen aktuell dokumentasjon?
  15. Denne huslyden med opphav frå garden Bjørk i Jostedalen samla eg opplysningar om tidleg på 1990-talet, og eg fann ei god del, men vart òg ståande fast på ein del. Kanskje er no tidi kommi til å gjera denne biografien noko meir fullstendig? Sonen Nicolai døydde kan henda ung, men dotteri Serene er eit «mysterium» Manuskriptet mitt ser pr. i dag slik ut: ~~~~~~~~~~~~~~ Otto Tøgerson {Bjerk}, døypt {i Jostedalen} 16.9.1787, Otto Tygesen Bjerk flytte i ung alder til Bergen, kan henda var det som soldat, og der gifte han seg 3.9.1817 med Cecilia Nilsdotter frå Gåsemyr i Gloppen. Ho var dotter av gardbrukar Nils Jacobson på Gåsemyr, opphavleg frå ##### (kvar fødd og oppvaksen?) og kona Martha Gabrielsdotter frå Støve og vart døypt i Gloppen 12.1.1783. Otto livnærte seg i Bergen som famnesetjar, og han og Cecilia busette seg i Nedre Dynnersmuget der Cecilia d. 9.2.1839. Otto Tygesen d. same staden 2.2.1842. Dei fekk seks born i lag: a. Nicolai Søren Otteson Bjerk, f. i Bergen 1.4.1818, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – kort etter fødsli?) b. Anne Martine Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 27.12.1819, d. i Bergen 27.11.1901. Anne gifte seg i Bergen 26.12.1839 med Ole Ellingson frå Alværn i Lavik, i Bergen kjend som Ole Alværn. Han vart døypt i Lavik 16.8.1812, men flytte i ung alder til Bergen og d. der 29.7.1868. Ole Alværn var snikkar, og han og Anne budde i Øvre Dynnersmug i Bergen. Dei fekk ##### (talet på søner og døtrer? – åtte?) born i lag. c. Tyge Olai Otteson Bjerk, f. i Bergen 30.8.1821, d. i Bergen 24.6.1843. Tyge var anglemakarsvein og budde i Kjældersmuget i Bergen, ugift. d. Serene Marie Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 14.5.1824, tente i 1847 hjå overrettsjustitiarius Riis i Bergen, ##### (lagnaden hennar?) e. Marthe Margrethe Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 21.4.1826, d. i Bergen 16.12.1859. Marthe gifte seg i Førde 18.6.1848 med Ole Eliasson frå Ramstad i Førde, i Bergen kjend som Ole Ramstad. Han var f. i Førde 8.9.1823 og d. i Bergen 6.8.1895. Som enkjemann gifte Ole seg 11.5.1862 andre gongen i Bergen med Christiane Rasmusdotter Knudsen, f. i Gravdal på Laksevåg 3.2.1829. Ho d. i Bergen 9.1.1869, og 2.6.1873 gifte Ole Ramstad seg tredje gongen i Bergen med Rakel Gurine Andersdotter Knudsen, også ho f. i Gravdal på Laksevåg 30.10.1836. Rakel d. i Bergen 10.8.1893. Ole Ramstad var tømmermann og budde lengste tidi i Nøstegaten i Bergen. Han fekk i alt ti born, seks frå første ekteskapet, tre frå andre ekteskapet og eitt frå det siste. f. Bolette Sophie Ottesdotter Bjerk, f. i Bergen 12.2.1829, var sjukleg og d. som legdelem i Bergen 1.11.1866, ugift. ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Ved eit reint tilfelle har eg i dag oppdaga at ei heil rekke vigsler som er innførde i klokkarboki for Domkyrkja i Bergen i 1853 - i perioden frå mai til juli - ikkje finst i kyrkjeboki, i alle fall ikkje der dei skulle vera, og soleis heller ikkje i dei transkriberte vigselsregisteri for Bergen! Sjå denne sida av klokkarboki der berre den aller siste vigsli på høgre side synest vera inført ogso i kyrkjeboki: https://media.digitalarkivet.no/view/8649/91 Her er kyrkjeboki som syner den siste vigsli frå klokkarboki: https://media.digitalarkivet.no/view/8332/95 På denne sidan i kyrkjeboki skulle vigslene frå juni normalt ha vore: https://media.digitalarkivet.no/view/8332/92 Kva kan gjerast for å rydda opp i dette?
  17. Dette er ei gamal utfordring som eg har hatt liggjande i 35 år, og som eg vonar det kanskje kan finnast ei løysing på i dag? Eg finn ikkje noko om dei tre gutane i denne huslyden bortsett ifrå barnedåpane, men eg tykkjer det står i dødsmeldingi etter far deira frå 1851 at han etterlet seg ein myndig erving (?): https://media.digitalarkivet.no/view/23996/111 so kan henda var to av gutane avlidne før? Kanskje andre auge ser betre enn mine? Eg har òg vanskar med å definera foreldri hennar Ingeborg, men same ætti er innblanda i dette emnet som eg tok opp i fjor vår: https://forum.arkivverket.no/topic/207301-hesteskjerar-og-vevskeibindar-askild-jacobson-øgaard-i-bergen-fødd-kring-1800-frå-valen-i-fjelberg-huslyden-hans-delvis-reisande/?tab=comments#comment-1746129 Her følgjer eit oppdatert manuskript for huslyden til Torbjørn Olson: ~~~~~~~~~~~~~~ Torbjørn Olson {Ottum}, døypt {i Luster} 19.9.1802, Torbjørn Ottum flytte til Bergen som soldat og gifte seg der 21.9.1828 med Ingeborg Gurine Jacobsdotter frå ##### (kvar var ho oppvaksi? – Stavanger) Ho var dotter av sjauar og vevskeibindar Jacob Askildson Wahlen i ##### (bustaden hans? - budde 1807 i Fister sokn i Hjelmeland – sidan i Stavanger? – til Bergen 1821? - NB: Hadde òg ein son Askild Jacobson fødd i Fjelberg kring 1800, men som sjølv hevda han var fødd i Karmsund – Avaldsnes?) opphavleg frå Valen i Fjelberg, og andre kona Anna Bjørnsdotter frå ##### (kvar fødd og oppvaksi?) og vart døypt i Stavanger 28.6.1807. Torbjørn heldt fram som soldat (musketer), og dei budde ymse stader i Bergen, mellom anna i Nøstegaten og i Baneveien. Ingeborg Ottum d. i Bergen alt 19.8.1836. Torbjørn budde visstnok sidan i Bothullet i Bergen, og der d. han 20.11.1851. Dei fekk tre søner i lag: ##### (kan det ha vore fleire born? – oppl.? – dødsmeldingi hans – står det ein umyndig erving: https://media.digitalarkivet.no/view/23996/111 a. Erik Olai Torbjørnson Ottum, f. i Bergen 30.7.1830, ##### (lagnaden hans?) b. Jacob Andreas Torbjørnson Ottum, f. i Bergen 28.8.1832, ##### (lagnaden hans?) c. Gunder Christopher Torbjørnson Ottum, f. i Bergen 2.5.1835, ##### (lagnaden hans?) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  18. Hvem var Dampskipspike Petra Elise Vernes, født 1870 i 1892 / født 1873 i 1902 som får 2 barn utenfor ekteskap. Det er utelukkende barn nr.2, Sigrid Gunhild Bergersen, hennes foreldre Sigurd Bergersen og Petra Elise Vernes sine etterkommere jeg har intersse av. 1. Marie Elise Larsen, født 15. februar 1892 på Brodalsminde i Strinda Prestegjeld og døpt 17. april 1892 i Strinda Prestegjeld. Faren er ungkar og Fyrbøter Peder Larsen, bosatt i Bergen. Fadder i dåpen er bla Gunerius Vernes som da er sannsynlige far til Petra Elise Vernes født 1870-1873. Hun, Marie Elise Larsen, kjendt under navnet Vernes, blir senere gift med Fyrbøter Gerhard Kristian Andersen, født 1891 på Baklandet. Ekteparet flyttet til Horten 28/29-9-1913 sammen med sine 2 barn Reidun Andersen, født 26-2-1911 og Erling Johan Andersen, født 6-11-1912. Brukslenke for sidevisning for dåpen til Marie Elise Brukslenke for sidevisning for bryllupet til Gerhard Kristian Andersen og Marie Elise Larsen, kjendt under navnet Vernes 2. Sigrid Gunhild Bergersen, født 13. januar 1902 i Fritznersmug 7, Bergen, døpt i Nykirken, Bergen 6. april 1902. Faren er Styrmann Sigurd Bergersen, født 4. mai 1877 i Trondhjem, han vet jeg "alt" om. Hun blir den 18. juli 1931 gift med Anton Bang Johannesen, født 13. juli 1880 på Herøy i Møre og Romsdal. Brukslenke for sidevisning for dåpen til Sigrid Gunhild Brukslenke for sidevisning for bryllupet til Anton Bang Johannesen og Sigrid Gunhild Bergersen
  19. I 1854 vart ein del «unge mannskap» frå Luster og Hafslo etterlyste i samband med militærteneste - ein av desse var: Iver Gjertson Opheimshaug, fødd i Hafslo 26.7.1832 som son av Gjert Iverson (1799-1868) og Elisabeth Johannesdotter (1797-1885) som frå 1833 var husmannsfolknpå Ellingsete under garden Lie i Hafslo. Foreldri utvandra til Amerika i 1860, olg einaste broren Johannes (1838-1913) var utvandra alt i 1857. Einaste gongen Iver sidan dukkar opp i kjeldene våre i Hafslo er i 1859 då han fekk flytteattest for å dra til sjøs: https://media.digitalarkivet.no/view/6870/28 Og ser ein nærare på denne flytteattesten, står det at han «afreiste herfra for ca, 7 Aar siden». Han var med andre borte frå Hafslo før han i 1854 vart etterlyst av styresmaktene, men kvar vart det av han? Eg hadde inne eit spørsmål om sjekking av sjømannsrullane for 12 år sidan, sjå gamle arkivforum #37606: https://forum.arkivverket.no/topic/123117-37606-sjømannsrullar-1859/?tab=comments#comment-1005827 men den gongen var dei ikkje tilgjengelege på nettet. Det hadde vore kjempefint om det let seg gjera finna lagnaden til Iver Gjertson, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Dette er ein huslyd som eg freista samla opplysningar om alt på 1980-talet, og eg hadde den gongen kontakt med dålevande etterkomarar i Bergen. Eg fekk greie på mykje, men langt ifrå alt. No har eg greidd å finna ein del nye fakta på eigi hand, men etter kvart står eg ganske so «bom fast» og vonar at nokon kan hjelpa meg vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #13 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  21. Etter at det no i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/226952-etterlyste-rekruttar-frå-luster-og-hafslo-kvar-vart-det-av-dei-eldre-emnetitel-johannes-christenson-beim-fødd-i-hafslo-1815-konfirmert-1830-forsvinn-sporlaust-men-truleg-avliden-før-1879-lagnaden-hans-kan-henda-til-nordland/ har dukka opp nye opplysningar om den sonen som handelsmann Nils Erikson (Sviggum) frå Hafslo fekk før han flytte til Bergen, ønskjer eg å ta opp denne huslyden til eigi drøfting i brukarforum. Det er ikkje mange detaljane som mangler om denne huslyden, bortsett ifrå desse: ** Lagnaden til Erik Nilsson (Sviggum), skreddarlærlingen som i 1835 flytte til Lofoten? ** Lagnaden til Johan Didrik, fødd i Bergen 1825? ** Lagnaden til Anna Bergitt Johannessen, f. Hansen, fødd på Os 1852? Her følgjer so manuskriptet mitt for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  22. Ivar Moe har i kveld lagt fram ei etterlysning etter mellom anna Lars Pederson frå Leirdalen i Luster som dei meinte budde i Bergen i 1789: Lars Pederson var son av Peder Pederson (1716-1789) og første kona Britha Asbjørnsdotter (1714-1747) og var paktarar på Jostedal prestegard då Lars vart døypt der 1.7.1742. Lars Pederson skal ha vore innerst (tenar) på Rønnei i Luster, men flytte sommaren 1780 til Bergen der han dei meinte han framleis levde i 1789. Då halvbroren Lasse Pederson (1749-1821) døydde barnlaus på Rønnei i Luster i 1821, vert derimot Lars ikkje nemnd, so anten var han avliden, eller han var forsvunnen på anna vis!? For alt det me veit, kan han ha vore gift i Bergen?? Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av Lars Pederson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Christopher Olson, som skal ha vore veteran frå den store nordiske krigen, var visstnok fødd på husmannsplassen Slottet under garden Tandla i Gaupne sokn i Luster kring 1682. Han gifte seg første gongen kring 1724 men Martha Narvesdotter frå plassen Stein under Fuhr i Luster, fødd kring 1705. Dei fekk bygsel på eit brukj på garden Bringe der Martha døydde alt kring 1729. So gifte Christopher seg straks att med Metta Tollefsdotter frå Haganes, fødd kring 1711. Men dette gjekk ikkje so bra! Alt kring 1734 vert det fortalt at Christopher «gjekk frå gard og grunn», samstundes som han skulda kona Metta for å ha vore utru mot han! Me høyrer ikkje meir om saki, men Christopher er nok avliden, for i 1750 gifte Metta seg att med Asbjørn Østensoj i Skår i Luster og flytte dit. Christiopher og Metta hadde to born i lag, og dei vart buande i lag med mori i Luster, men so hadde Christopher tre gutar frå første ekteskapet med Martyha Narvesdotter, og her er det me finn dei store utfordringane: * Trond Christopherson, fødd i Luster kring 1724, budde i 1734 hjå Johannes Kolstad i Luster, som visstnok var formyndaren hans, men det er òg det siste me ser til Trond i Luster. * Halvor Christopherson, fødd i Luster kring 1726, budde endå so seint som i 1741 hjå formyndaren sin, Erik Alme i Luster, men sidan høyrer me heller ikkje meir til han i Luster! * Peder Christopherson, fødd i Luster kring 1728, budde i 1735 hjå formyndaren sin, Johannes Berge i Luster, men det er det siste me høyrer om han i Luster. Ingen av gutane vart konfirmerte i Luster, so dei må vera flytte før dei kom i den alderen...! Men kvar?? Dei mest relevante alternativi er vel Bergen, ytre Sogn eller kanskje Gudbrandsdalen? Eller reiste dei nordover til Møre og Romnsdal eller Nordland? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Kari Østensdotter vart døypt «uekte» i Luster 26.12.1734. Far hennar var Østen Andersson (1706-1755), sidan gardbrukar på Holmestad i Luster, medan mori Anna Pedersdotter (Sage) (1716-1782) sidan gifte seg med husmann Sølfest Ingebrigtson (1716-1763) og busette seg på plassen «ved Sjøen» under Eide i Luster. Faren Østen Andersson vart gift med ei enkje som var faster til Anna Pedersdotter, men dei fekk ikkje born i lag og tok tydeleg tiln seg dotteri hans, Kari Østensdotter, som vart konfirmert frå Holmestad i 1756. Men der sluttar alle spor! Kari flytte frå Luster, og sidan me veit at foreldri hadde slekt som om lag på same tid flytte til Lom, spekulerer eg på om Kari òg kan ha flytt dit? Eg ser at ei Kari Østensdotter «Elfseter» gifte seg i Lom 3.11.1760 med Ole Johnson Galde: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001184099 og truleg er det den same jenta som med namnet «Galde» gifte seg som enkje i Lom 11.7.1776 med Johannes Olson Gauper: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185249 Eg ser at ei innerst med namn Kari Østensdotter på 59 år bur på Galde i Lom i 1801, men det står ikkje noko om at ho er gift eller enkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058251001544 Og truleg er det ho som døydde på Galde i 1823, 83 år gamal: https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000001664529 Ser me på fødselseegisteri frå Lom, finn me at Østen Elveseter mellom anna hadde to døtrer: * Karen Østensdotter, døypt 2.12.1740: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002154431 * Kari Østensdotter, døypt 28.7.1743: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002155659 Eg reknar med at den første av desse to døydde kort etter fødsli...(?) Reint «empirisk» kan det sjå ut som om det var denne Kari Østensdotter fødd 1743 som sidan dukkar på Galde, MEN i so fall var ho berre 17 år då ho i 1760 gifte seg med Ole Johnson Galde, og det var for den tidi ganske so «ung alder» for ekteskap! Kan det ha vore TO personar med namnet Kari Østensdotter, og at det var Kari frå Luster som stod brur i Lom i 1760? Kva seier bygdeboki for Lom om dette? Elles skal me ikkje gløyma at det frå 1750-åri og utover var ei stor utflytting frå indre Sogn både til Bergen og til ytre Sogn/Sunnfjord, og eg ser ein barnedåp i Domkyrkja i Bergen som vekker interesse: * Anna Lovise, døypt 11.11.1759 av foreldri Johannes Larsson, bordarbeidsmann, og Karen Østensdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=6110&personpostnr=50144&merk=50144#ovre Fadrane seier meg ikkje noko som helst, lg dette er einaste barnet eg kan finna registrert for dette parfolket. Ikkje heller finn eg noki vigsle for Johannes og Kari/Karen noikon stad i landet! Førenamnet Anna Lovise KUNNE vera ei oppkalling av Anna Pedersdotter...!? Eg ser forresten ei vigsle i Askvoll 1.7.1765 for Ole Gjertson Roseth(?) og Kari Østensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/92 Dette parfolket fekk i alle fall desse borni (kjelde FamilySearch): * Anna Olsdotter, døypt i Askvoll 15.10.1768 * Mathis Olson, døypt i Askvoll 7.7.1772 * Borni Olsdotter, døypt i Askvoll 20.5.1774 * Eli Olsdotter, døypt i Askvoll 3.10.1776 * Sara Olsdotter, døypt i Askvoll 20.8.1779 Her har me òg Anna-namnet, men «vår» Kari var fødd i 1734, so då vert ho kanskje litt i eldste laget for alle desse borni? Det hadde vore skikkeleg «artig» om me kunne greidd å spora opp Kari Østensdotter frå Holmestad, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  25. Dette er ein huslyd som eg er vorten minnt om gjennom eit innlegg av Ivar Moe i eit anna tema: Kring 1760 kom det eit nytt klokkarektepar til Luster. Christen Andersson Berg og kona Henrikke. Truleg kom dei hit frå Bergen, men dei var barnlause, og det er fint lite me høyrer om dei. Men me kjenner til ein bror av Henrikka og ei søster av Christen. Kan dette vera til hjelp for å finna ut meir om opphavi deira? Eg attgjev frå manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~~~ Christen Andersson Berg, opphavleg frå ##### (kvar var han oppvaksen? – Bergen?? – hadde ei søster Anna Cathrine Andersdotter Berg, enkja etter Peder Rasmusson Berg – ho døydde i Bergen 1785) var son av ##### (foreldri hans?) og f. ##### (fødestaden hans?) kring 1702 og gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans?) Henrikka Nilsdotter Wolle frå ##### (kvar var ho oppvaksi? – hadde ein bror Carl som budde i Molde – var ho derifrå?) Ho var dotter av ##### (foreldri hennar?) og f. ##### (fødstaden hennar?) kring 1698. ##### (yrke og bustad før 1760? – Bergen?) Men kring 1760 kom Christen Berg til Luster som ny klokkar etter Rasmus Bandscher, og han og Hnrikke tok då over heimen her i Årstu etter dedn føregåand klokkaren. Henrikka vart gravlagd frå Årstu 26.4.1776. Etter ein del strid laut Christen slutta som klokkar kring 1778, men truleg vart han buande her i Årstu enno eit par år til. Christen og Henrikka fekk ikkje born i lag. Kring 1780 flytte Christen Berg attende til Bergen. Han budde i Marken i Bergen, og derifrå vart han gravlagd 30.4.1796. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.