Search the Community
Showing results for tags 'lærdal'.
-
Kvar kjem Håkon Håkonson Ø. Ljøsne (1711*-1791) i Borgund/Lærdal frå og kven er foreldra til han?
Arne Natvik posted a topic in Users' own forum
Frå Lærdal bygdebok: Lærdal bygdebok. 1 : Heim og ætt : Borgund sokn (nb.no) Det står i bygdeboka at Håkon er innflyttar. Er bruken av gardsnamnet Ljøsne misvisande? -
Bergen: Rasmus Olss. Helland (1784-?), hans opphav, ekteskap, ektefeller og barn
Gisle Hersvik posted a topic in Users' own forum
Prøver å nøste litt rundt denne personen. Nokre åpne punkt merka med rød tekst farge. Rasmus skal vere døypt i Domkirken, og det kan då vere han som vert døypt 20.10.1784: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009196207 ? Domkirken sokneprestembete, SAB/A-74801/H/Haa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1758-1789, s. 248-249 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070306650492 I så fall er det foreldra hans som gifter seg i mai 1784: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000993730 Faren var gift tidligare, i 1778: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000993134 - men han vart enkemann alt i 1782: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000441588 Rasmus sine foreldre ved FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058390013504 [bustad 18-93] - Ole Rasmuss. Helland dø 1807 [18-96]: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000447929 - Berte Nilsd. Leerdal eller Helland dø 1816: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000453897 Om Rasmus Olss. Helland: 1) Han gifter seg 7.11.1802: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000433231 m. Ingebor Margthe Olsdtr. - vert far i 1803: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009225854. Kva skjedde med denne Ole Christian? - fekk dei fleire barn? - når døydde kona hans? 2) Han gifter seg 24.3.1823: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002905259 m. Cathrine Erichsdtr. [f. 1796 Halsøy / Bulandet, Askvoll] - vert far i 1824: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007603484. Død 1824. - vert far i 1827: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007605689. Død 1827. - vert far i 1831: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007609124. Død 1831. - kona døyr kun få dager etter siste barnet vart fødd i 1831, mor og barn vart gravlagt same dag. - dei fekk truleg ikkje fleire barn. (det er hovedsakelig dette ekteskapet som eg har interesse for då Cathrine Erichsdtr. er frå 'mitt område' (inkl. Askvoll).) 3) Er det han som gifter seg 3.10.1834: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000009379498 m. Rangele Olsdatter? - fekk dei barn? Rangele skal vere f. ca. 1791 så det er kanskje ikkje veldig truleg... - når døydde kona? Kvar og når døydde Rasmus? Ein som passer med fødselsår er denne Rasmus som døydde i 1857: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000689322 / https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000004489985 - men eg er usikker...! -
Dødsfall i Lærdal 1928 - Ole Olson Aspevik - hjelp?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Eg er på leiting etter ein dødsdato frå Lærdal (Hauge sokn) for kårmann Ole Olson Aspevik, som ifølgje bygdeboki for Lærdal, band V skal vera avliden i 1928, men diverre går ikkje dei skanna kyrkje- og klokkarbøkene lenger enn til 1925. Er det nokon som har tips om korleis denne datoen kan finnast? Dødsannonse? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
USA: Olena H “Lena” Harried g. Hjortland (1858-1965) - Kvar kom ho frå i Norge?
Gisle Hersvik posted a topic in Users' own forum
Mannen hennes var f. i Lærdal; https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000027035584, med foreldre frå hhv. Kvinnherad og Lærdal. Her ved FT1865: https://www.digitalarkivet.no/en/census/person/pf01052305000613. Hjortland-mavnet skriv seg frå Kvinnherad. Ifølge FaG https://www.findagrave.com/memorial/55532220/olena-h-hjortland skal ho vere f. i Norge: BIRTH 28 Aug 1858. Norway DEATH 1954 (aged 95–96). Stoughton, Dane County, Wisconsin, USA BURIAL Riverside Cemetery, Stoughton, Dane County, Wisconsin, USA Då ho gifte seg i 1888 er foreldra skrevne som Ole og Mari Herried / Heried: Obits for Johan aka John Hjortland: https://www.newspapers.com/clip/90282334/obituary-for-john-k-hjortland-aged-84/ https://www.newspapers.com/clip/90282424/obituary-for-john-k-hjortland-aged-84/ Dei 3 døtrene er: Mabel, Della og Annie. -
Nordland: Tre søstre frå Askvoll / Bø - Under Røsnes, Hausgnes og Nykvåg - På leit etter informasjon.
Gisle Hersvik posted a topic in Users' own forum
Tre søstre frå Askvoll (Sogn og Fjordane) / Bø gifte seg til Bø i Nordland og vi finn dei nemnde under hhv Røsnes, Hausgnes og Nykvåg: Lenker til Bygdebok for Bø... https://www.nb.no/items/fdd3f72ee4f8531595dff551ca348dfa?page=401&searchText=askvoll - Nils Martin Hansen f. 17.5.1853 og Anne Marie Knutsdtr. f. 22.5.1859 (fld. Knut Knutsen og Oline Ingemarsdtr). - Eg har ikkje klart å finne informasjon om dette paret etter at dei døypte ein son Hartvik Leonard i 1881 - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000028793785 - https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000030236173 - Kva skjedde med dei etter 1881 - kan dei ha emigrert til Amerika? https://www.nb.no/items/fdd3f72ee4f8531595dff551ca348dfa?page=419&searchText=askvoll - Dottera til Elen Karine Knutsdtr., nemleg Hilma Karoline f. 3.3.1888, skal ha gifta seg i Amerika, eg skulle gjerne visst med kven og om det finnes etterkommere. https://www.nb.no/items/084ff71f79051f0555727cc288e7b010?page=71&searchText=l%C3%A6rdal - Den tredje søstera er Anne Gurine Knutsdtr. - Eg meiner det må vere ho som får ei dotter før ho vart gift, sjølv om det står Anne Marie: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000028281439 - Dottera ved FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053180003484 - Kvar skjedde med dottera Ragna Amalia etter FT1920? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01074287005019 - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01074287004379 -
LØYST: Unni Andersdotter Seltun - døypt i Lærdal 30.1.1829 - men kvar er denne dåpen innført?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Bygdeboki for Lærdal (band 2, side 57) oppgjev at Unni Andersdotter Seltun skal vera fødd i 1829. FamilySearch syner at Unni Andersdotter vart døypt i Lærdal 30.1.1829: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NCQP-789 Unni Andersdotter, 15 år, vart konfirmert i Lærdal i 1844: https://media.digitalarkivet.no/view/11599/48 MEN, kyrkjeboki for Lærdal har ingen barnedåpar 30.1.1829, og heller ingen Unni Andersdotter døypte dei næraste åri: https://media.digitalarkivet.no/view/11597/49 Greier nokon å finna denne dåpen (og den tilhøyrande fødselsdatoen)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Dette er ein annan huslyd frå Fortun i Luster som eg har plundra med sidan førre hundreåret, men no har eg greidd å finna svar på dei fleste spørsmåli eg hadde om dei. Christopher må ha gift seg kort etter han kom bort med Siri Gautesdotter, som truleg var på same skipet, men noki vigsle har eg ikkje greidd å finna, sjølv om alle vigsler i Wisconsin i prinsipet skal verta offisielt registrerte! Eg finn heller ikkje dødsfallet hennar, men eg veit det gjekk ei farang i Vernon/Crawford Cos., WI hausten 1870 som tok livet av mange tilsynelatande friske vaksne personar, so kanskje òrsaki ligg der? Elles har eg finne andre vigsli hans med Synneva Johannesdotter frå Gald i Innvik, og sidan gifte ei av døtrene hans seg med bror hennar, Mons Johannesson. Opphavet til denne huslyden frå Gald har eg noko vanskar med å identifisera, var faren frå Bergen? Men kanskje finst det ein eller annan med lokal kunnskap i Innvik, som kan hjelpa vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i Innlegg #4! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
F.h.v. skulestyrar Anna Sophie Andersdotter Nesse døydde i Lærdal 7.11.1988, 88 år gamal. Kan nokon hjelpa meg med ei dødsannonse for Anna? Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!
-
Eg syner til følgjande skifte halde på «ein husmannsplass» under Nes i Luster, dagsett 28.12.1753: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/126 Den avlidne personen Henrik Tollefson Næss døydde på ein reise til Bergen, men eg kan ikkje finna noki gravferd for Henrik korkje i Luster eller i Bergen. Har eg kanskje oversett noko? Det kjem mellom anna fram at enkja Kari Rasmusdotter (i skiftet feilaktig kalla Sjursdotter!) i mange år hadde levd fråskild frå mannen. Dei fekk berre eitt barn som døydde i 1831, 3 år gamal. Påfallande ved dette skiftet er alle dei utanbygds buande kreditorane, mellom anna i Lærdal, på Vangsnes og i Bergen. Eg slit soleis med desse utfordringane: ** Er det mogeleg å finna ein døds- eller gravferdsdato for Henrik? ** Finst det dokument til dømes i Bergen som fortel noko om aktiviteten til Henrik i Bergen (eller andre stadar)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Margretha Knutsdotter Norra under Hæreid i Årdal - døydde 1777 - ervingane hennar og lagnadane deira?
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Det vart 18.10.1777 halde eit skifte etter husmannskona Margretha Knutsdotter på plassen Norra under Hæreid i Årdal. Ho var fødd på Fodnes i Lærdal som yngste dotter av husmann Knut Olson (Bagge) og kona Martha Andersdotter og vart døypt i Lærdal 8.12.1736. Skiftet finn me på høgre sida her: https://media.digitalarkivet.no/view/24141/168 Det levde att tre søsken etter Margretha: * Anders Knutson (1724-1799), bror, var busett i Lærdal * Anna Knutsdotter (døypt i Lærdal 14.10.1719) - 55 år, busett i Bergen med formyndar broren Anders Knutson * Martha Knutsdotter (døypt i Lærdal 11.7.1734) - 43 år, formyndar John Jørgenson på Øyri i Årdal Lagnadane til dei to søstrene er ei kjempeutfordring! Det vart 21.4.1745 halde skifte etter faren Knut Olson på Fodnes i Lærdal (venstre side): https://media.digitalarkivet.no/view/24137/172 Mellom borni som er opprekna, finn me: * Anna Knutsdotter, gift med Johannes ..............? - kva farsnamn står det her? Einaste alternativ eg finn i Lærdal er denne vigsli: Anna Knutsdotter med Johannes Johnson vigde 6.11.1744: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:N7BC-J9F https://media.digitalarkivet.no/view/11593/100 * Martha Knutsdotter, umyndig * Margretha Knutsdotter, umyndig Martha Knutsdotter finn me i ekstraskatten for Årdal frå 1762 som tenestejente på Hæreid, tydeleg ugift, og truleg vart ho aldri gift, men noko dødsfall har eg ikkje greidd å finna for ho! Og kva med lagnaden til Anna? Ho var tydeleg enkje i 1777, og i kyrkjebøkene for Bergen finn eg fleire «kandidatar»: ** Anna Knutsdotter, 25.2.1782, 61 år, enkje frå 11-116 ** Anna Knutsdotter, 5.6.1788, 78 år, enkje ** Anna Knutsdotter, 15.5.1786, 69 år, frå enkjehuset i Bergen Er det ei av desse?? Eit anna spørsmål: Dersom bror hennar var formyndar i 1777, tyder ikkje dette på at ho ikkje hadde born etter seg? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Anna og Martha! -
Isak Andersson var fødd på Fodnes i Lærdal kring 1698 og gifte seg som enkjemann i Lærdal våren 1750 med Guri Nilsdotter, døypt i Lærdal 27.9.1727. Dette parfolket skal ha butt på Lærdalsøyri i Lærdal, men dei er ikkje å sjå i ekstraskattmanntalet frå 1762 nokon stad i Lærdal, og heller ikkje har eg finne dei avlidne i Lærdal, men dødslistene er heller uoversiktlege, so eg kan ha oversett dei.... Derimot har eg finne to born etter dei: * Anders Isakson, døypt i Lærdal 12.6.1751: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/121 * Gunnhild Isaksdotter, f. i Lærdal 11.11.1754: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/118 Kanskje er det Gunnhild Isaksdotter me finn att på Lærdalsøyri i 1801, sjølv om alderen har eit avvik på 5 år(?): https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058396001108 Og ho som gifte seg her i Lærdal i 1782: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000478680 Uansett er eg svært nysgjerrig på lagnadane til Isak og Guri og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Tyding av SAB, Lærdal Sokneprestembete, Ministerialbok nr. A 3, 1783-1804, s. 154
Anita S. Johannessen posted a topic in Assistance with transcribing handwriting
Hei og fortsatt god jul 🙂 Trenger litt hjelp med tyding av teksten i kirkebok fra Lærdal: https://media.digitalarkivet.no/view/11595/139 Hva står det på side 154, den 9. april, ca midt på siden. Mvh Anita -
Engebret Christiansen og Ingri Olsdatter ble copulert i Hauge i Lærdal 22. september 1777 Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Viede 1775-1778, Side 222 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514620292 Ingebreth Christiansen og Ingri Olsdatter ble trolovet (med kausjonister) i Hauge 7. desember 1777 Sogn og Fjordane fylke, Tønjum, Borgund, Hauge, Årdal i Lærdal, Ministerialbok nr. A 2 (1752-1782), Trolovede 1776-1778, Side 209 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070514620279 I mellomtiden hadde de døpt sønnen Christian i Stedje i Sogndal 16. november 1777 Sogn og Fjordane fylke, Stedje i Sogndal, Ministerialbok nr. A 5 (1768-1782), Kronologisk liste 1777, Side 110 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070515660357 Noen som kjenner til lignende? Paret er omtalt i bygdebøker: Under Øvre Joranger i Hafslo (Øyane, Lars E. & Jordanger, Terje Mikael Hasle: "Gards- og Ættesoge for Luster kommune, band VI, Eikum ytre - Høgi", Luster, 2006, s. 830). Der sies det feilaktig at de ble viet 22/7 1777. Under Ørnegata 6 på Lærdalsøyri (Hovland, Kåre og Espe, Alfred: "Lærdal Bygdebok, IV, Heim og ætt, Hauge sokn", Lærdal, 2001, s. 82)
-
Dette er ein huslyd med utgongspunkt på Kroken i Luster og på Lærdalsøyri i Lærdal, som eg sleit veldig med på 1980-talet. Eg var i kontakt med slektningar i 1983, og dei gav meg det meste av dei opplysningane eg har. Noko er kome til sidan, men no har eg nådd «veggen» og kjem ikkje lenger. Særleg er eg oppteken av å identifisera andre kona Else og lagnadane til dei tre eldste borni frå første ekteskapet. Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~ Britha Larsdotter {Krogen}, f. {i Luster} 3.12.1854, Britha Larson utvandra til Amerika i 1880 og gifte seg ##### (date and place of her marriage? - 1880?) Ole Ingebrigtson frå Lærdalsøyri i Lærdal, i Amerika kjend som Ole Ingebretson. Han var son av postførar og landhandlar Ingebrigt Christopherson på Lærdalsøyri og kona Ragnhild Olsdotter, òg frå Lærdalsøyri og f. i Lærdal 2.7.1854, men utvandra til Amerika òg til Amerika i 1880. Ole Ingebretson var skreddar («tailor»), og han og Britha budde for det meste i Minneapolis, Hennepin Co., Minn. Men Britha d. ##### (date and place of her death? - 1889?) og i 1900 finn me Ole som enkjemann busett i Sauk Centre, Stearns Co., Minn. Han gifte seg so att ##### (place of his 2nd marriage?) 12.11.1907 med Elsa Evensdotter frå ##### (opphavet hennar?) i Amerika kjend som Elisa Olson. Ho var dotter av ##### (foreldri hennar? - Even Olson og ??) og var f. ##### (fødestaden hennar? - Gudbrandsdalen?) 2.7.1854, same dag som mann sin, og utvandra til Amerika i ##### (utvandringsåret hennar?) og hadde før vore gift med gardbrukarson og enkjemann Johannes Larsson frå Rønnei i Luster (1835-1906) (s.d.). Ole og Elisa Ingebretson busette seg visstnok ##### (verify?) i Willmar, Kandiyohi Co., Minn. der Ole d. 13.9.1935. Elisa d. same staden 1.4.1943. Ole Ingebretson fekk fire born, og dei var alle frå første ekteskapet med Britha Larson: a. Ingvald Richard Ingebretson, f. i Hennepin Co., Minn. 6.8.1881, ##### (his destiny? - died young??) b. Berthina, kjend som Tena Ingebretson, f. i Pope Co., Minn. 21.7.1883, ##### (with father 1900 - her destiny? - «joined a circus and was never heard from again») c. Andrew Ingebretson, f. i Hennepin Co., Minn. ##### (date of his birth? - 1886?) var soldat i første verdskrigen («WW1 soldier») og sette livet til på slagmarki. ##### (date and place of his death?) Han var ugift. d. Olaf Louis Ingebretson, sidan kjend som Olaf Louis Dahley, var f. i Hennepin Co., Minn. 5.6.1889, men vart adoptert av ein huslyd Dahley i Fargo, Cass Co., N.D. då mori gjekk bort kort etter han var fødd. Olaf d. i Fargo, N.D. 18.11.1976. Han gifte seg i Clay Co., Minn. 12.3.1915 med Emma Josephine Ellefson. Ho var f. i Griggs Co., N.D. 11.3.1892 og d. ##### (place of her death?) 2.11.1990. Olaf Dahley var brannmann («fireman»), og han og Emma budde i Fargo, Cass Co., N.D. Dei fekk tre born i lag. ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Ifølge konfirmerte i Lærdal i 1836 er Henrik Olai Olsen Lysne født i Bergen i 1920. Han er nr 1. Er det noen som kan hjelpe meg med å finne hvor han ble født i Bergen? Stemmer det at hans far kun er innført som sergeant Lysne i konfirmasjonen ? mvh Bente Borgen
-
Kenneth Bratland har i dag gjort meg merksam på eit skifte i Bergen frå 1806 der avlidne Gjertrud Olsdotter syner seg å ha vore frå garden Yngsdalen i Hafslo og ei som eg aldri hadde greidd å finna att utan dette innspelet frå Kenneth! Hjarteleg takk, Kenneth! Slike innspel er gull verd! https://www.digitalarkivet.no/sk20081117630138 Gjertrud let ikkje etter seg born, men Jørgen gifte seg att tre gongar og fekk i alle fall ein son frå det andre ekteskapet sitt. Den største utfordringi no er likevel å identifisera dei btrte siste konene hans, lg der vonar eg få lite veta eksperthjelp i Brukarforum. Eg har sett opp følgjande manuskript: ~~~~~~~~~ Gjertrud Olsdotter {Yngsdal}, døypt {i Hafslo} 19.11.1769, Gjertrud Olsdotter flytte i ung alder til Bergen, kan henda i lag med broren Johannes, og ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 1.12.1805 med Jørgen Jonasson frå Øye i Lærdal ##### (sjekka at han voks opp der?) i Bergen kjend som Jørgen Jonassen. Han var son av ##### (Jonas Jørgenson og Martha Lassesdotter - vigde i Lærdal 4.4.1768) og f. i Lærdal 9.6.1775, men flytte til Bergen i 1801. Jørgen og Gjertrud busette seg på Store Sandviken i Bergen, men Gjertrud vart gravlagd frå derifrå alt 11.2.1806, og Jørgen gifte seg 11.7.1806 att i Krosskyrkja i Bergen med Bertha Andersdotter ##### (kven var ho? - d. før 1811!) So gifte Jørgen seg tredje gongen 16.6.1811 i Krosskyrkja i Bergen med Christine Hansdotter Sandvig ##### (kven var ho? - f. 1783!?) Ho d. i Bergen 28.2.1818, og Jørgen gifte seg so fjerde gongen i Domkyrkja i Bergen 22.8.1830 med enkja Elisabeth Paulsdotter, opphavleg frå Bergen, ##### (fødd KK 1781 - far Paul Paulsen - ved dødsfallet kalla Bernsdotter og f. 1772!!)) Jørgen Jonassen livnærte seg for det meste som dikselmann og dagarbeidar og budde i Bergen levetidi ut. Han d. i Bergen 10.8.1833, medan Elisabeth d. som enkje og almisselem i Bergen 15.9.1842. ##### (born? - inkl.: * Jeremias Anders, f. KK, Bergen 28.8.1807 - n. 1815) ~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Siri/Sigrid Andersdotter er ei jente som har leitt etter sidan 1980-taletk, men som eg førebels ikkje har greidd å komma på sporet etter. Kanskje har nokon tips å komma med? Siri var fødd i Luster kring 1729 som dotter av husmann Anders Olson på Myrane under Fuhr i Luster og første kona Martha, som døydde i 1749. Siri vart konfirmert i Luster i 1749: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456539 Ho hadde ein einaste bror Nils Andersson (1726-1780) som vart gift i Luster og døydde som husmann i Haugen under Flahammar. Det er ikkje noko som tyder på at Siri må ha flytt so langt av stad, og FamilySearch har fleire spennande alternativ: ** Sigri Andersdotter (Skjeldestad) gift i Sogndal 17.4.1758 med Mads Christenson (Sogndalsfjæren) Name Mas Christensen Spouse's Name Sigri Andersdr Event Date 17 Apr 1758 Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway ** Sigrid Andersdotter (Stigen) gift i Sogndal 15.10.1764 med Ole Erikson (Kvåle) Name Ole Erichson Spouse's Name Sigrid Andersdr Event Date 15 Oct 1764 Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway ** Sigri Andersdotter gift i Lærdal (Hauge sokn) 16.3.1761 med Guttorm Johannesson Name Guttor... Johannesen Spouse's Name Sigri Andersdr. Event Date 16 Mar 1761 Event Place Lærdal, Sogn Og Fjordane, Norway ** Siri Andersdotter (Nummedal store) gift i Vik 16.6.1752 med Ole Hermundson (Gullteig) Name Ole Hermundsen Spouse's Name Siri Andersdr Event Date 16 Jun 1752 Event Place Vik I Sogn,Sogn Og Fjordane,Norway Kan ei av desse vera jenta frå Luster?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som har lege hjå meg utan merksemd i mange år. Ein del opplysningar har eg greidd å finna, men eg står fast på ein del detaljar, særleg når det gjeld identifikasjon av foreldri på Lagmannsås i Fresvik og svigerdotteri Kirsti Olsdotter. Kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare? Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Eli Zachariasdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Leikanger kring 1742. ##### (dåpsdato?) Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739. Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen. Her vart dei til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid. Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1. Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der ##### (bustaden deira i Lærdal?) men kriong 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster. Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster. b. Torger Olson, dypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789. c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hove i Leikanger 4.7.1848. Hans gifte seg i Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå ##### (ein plass, men kva for ein?) under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780. Ho d. som husmannskone på Hove 12.2.1846. Hans og Lussi var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Hove i Leiklanger og fekk tre born i lag. d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814. Christen gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1807!) med Kirsti Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1772?) og d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845. Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen. Kirsti fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre. e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813. Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789. Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen. Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834. Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen. Han vart døypt i Hamre 25.10.1793. Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866. Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866. Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Huslyden til Johannes Torkildson på Brattegjerdet i Lærdal stod på «blokken» min alt for 40 år sidan, men grunna manglande kjeldetilgong kom eg ikkje noko lenger. Med moderne hjelpemiddel er det vorte enklare, og eg har finne fleire detaljar, men no sit eg fast... Stesonen Find Christenson er «borte vekk», og Torkild var visstnok jarnbanearbeidar på Sørvestlandet. So har me ei dotter som forsvinn i Amerka og ein son Anders som i mange år budde i Bergen, men som òg ser ut til å forsvinna... Kanskje nokon kan hjelpa meg litt vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande og interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #19 under! Her er sonen Torkild i FT1865 for Risør: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01038158004056 Her er sonen Torkild med kone og steborn i FT1875 i Helleland: https://www.digitalarkivet.no/nn/census/person/pf01052241000394 Og her er dåpen til Johan Mejer Andersson i Sokndal 17.11.1822 - eg greier ikkje lesa kva yrke faren Anders hadde: https://media.digitalarkivet.no/view/15867/57 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
- 27 replies
-
- brattegjerdet
- lærdal
-
(and 3 more)
Tagged with:
-
Eg syner til denne vigsli i Hauge sokn i Lærdal 29.10.1730 (heilt øvst i venstre spalte på høgre side) https://media.digitalarkivet.no/view/11593/52 Christopher Monsson og Dordi (Dortha) Eriksdotter og til denne vigsli i RTinde sokn i Leikanger 3.8.1743 https://media.digitalarkivet.no/view/11565/51 Christopher Messingsmed og Britha Lassesdotter Eg finn desse borni: * Elisabeth, døypt i Lærdal 6.6.1730: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/51 * Erik, døypt i Lærdal 23.8.1733: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/59 * Kirsti, døypt i Luster 25.2.1737: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/9 * Mons, døypt i Leikanger 24.11.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/52 * Dortha, døypt i Leikanger 25.10.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/56 * Anna, døypt i Leikanger 10.10.1745: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/62 * Mons, døypt i Leikanger 7.9.1749: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/99 Ved eit par høve finn eg yrkestitelen «messingsmed», anten ved dåpen eller ved introduksjonen til mori, og dei hamna etter kvar på Osen i Feios, Leikanger der dei fire siste borni er døypte. Bygdeboki for Leikanger skriv under garden Rinde på s. 675/676: ~~~~~~~~~~~ Kristoffer Monsson «Messersmed» 1704-1770 g. 1743 m. Brita Larsdtr. 1705-1780 a. Eirik b. Lisbet 1730- c. Kristi 1740- ~~~~~ d. Mons 1743- e. Dordei 1744- f. Anna 1745- {referert til Rinde 120 som gift 1778 med Knut Knutson 1754-1814 - med sju born} Husfolk i Osen under Rinde. Kristoffer var messersmed, knivsmed, men er òg kalla messingsmed. ~~~~~~~~~~~ No er me so heldige at det 3.10.1770 vart halde skifte etter Christopher Monsson på Rinde i Feios: https://media.digitalarkivet.no/view/24166/256?indexing= Her kjem det fram at han let etter seg enkja, her kalla Britha Larsdotter, og fire born: * Erik Christopherson, myndig * Elisabeth Christophersdotter, 40 år * Christi Christophersdotter, 30 år * Anna Christopersdotter, 24 år Britha Larsdotter vert sett til formyndar for dei tre døtrene! Erik Christopherson er nok utan tvil han som med namnet Brekke gifte seg 11.11.1763 i Vik med Martha Aslaksdotter Vange: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=10901&merk=10901#ovre Dei budde på ein husmannsplass i Vik som heitte Holen og fekk minst fire born der, mellom anna dotteri Dortha i 1770: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap Men utfordringi er i første rekke denne: ** Kven var Christopher Monsson og dei to konene hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er etter mitt syn ein svært «merkeleg» huslyd. Sjur Andersson dukka opp i Luster kort før 1700 utan at me har greidd å finna opphavet hans. Han gifte seg to gongar og var gardbrukar på Drevdal søndre i Luster. Skiftet hans vart halde i Luster 6.7.1739: https://media.digitalarkivet.no/view/24136/160?indexing= Her går det mellom anna fram at dotteri Anna var gift med Axel Lasseson, men so er det at eg finn vigsli til Anna med Asle Lasseson i Borgund, Lærdal 22.5.1729: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/48 Og eg finn dei fekk tvillingar i Borgund 6.1.1731, Lasse og Kari: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/53 men deretter forsvinn dei! Kvar kan dei ha gjort av seg? Eller det denne Kari Aslesdotter som gifte seg i Borgund 7.1.1754 med Lars Thomasson: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/217 Den følgjande personen høyrer ikkje til her, jmf. innlegg #2 under! Eg ser ein Asle Lasseson og ei Synneva Lassesdotter, båe av Tønjum sokn, gifte seg i Lærdal 19.11.1754, men det står ikkje noko om at Asle var enkjemann, so kan henda er dette ein heilt annan person...: https://media.digitalarkivet.no/view/11594/218 Dette parfolket hadde to born i Lærdal: * Martha Aslesdotter, f. i Lærdal 18.8.1754 (Anna Lassesdotter Nedre Æri bar barnet til dåpen): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/116 * Lasse Asleson, f. i Lærdal 10.10.1758 (Anders Lasseson og Svend Lasseson er mellom fadrane): https://media.digitalarkivet.no/view/11594/145 Også to av dei yngre søstrene til Anna Sjursdotter, Agatha Sjursdotter og Martha Sjursdotter, som framleis var ugifte i 1739, må vera farne frå Luster. Kanskje finn me alle søstrene att på same staden? Her er eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje jobbing med denne utfordringi i dag, er det dukka opp ein del nye opplysningar, og dette manuskriptutdraget vert erstatta av eit nytt i innlegg #3 under! Eg ville vorte svært so lukkeleg om nokon kan hjelpa meg finna att desse søstrene, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Johannes Olson Fotland, fødd på Fotland i Hosanger 2.5.1837, gifte seg i Bergen 21.5.1866 med Torborg Larsdotter, fødd på Gjerdet, Lærdalsøyri i Lærdal 21.6.1835. Johannes var snikkar, og parfolket budde visstnok i Markesmuget i Bergen til dei i 1870 utvandra til Amerika. Med dei reiste òg døtrene: * Ingeborg Marie, fødd i Bergen 19.4.1867: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007431676 * Karen Lovise, fødd i Bergen 13.10.1868: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000007432375 Passasjerlista over Québec kallar dei for Hovde, men dette er truleg ei feilskriving - oppatttaking av namnet før dei på lista...: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=Quebec65&gardpostnr=12825&merk=12825#ovre Kvar vart det av denne huslyden i Amerika? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som eg jobba med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen berre måtte gje meg på grunna vanskar med kjeldetilgong. No tenkte eg det ville vera lettare, og nokre opplysningar har eg finne, særleg om einaste dotteri i huslyden, men kven kona var og kvar det vart av dei tre sønene deira, er ei stor utfordring! Dei gøymer seg svært so godt, og eg vonar no på lite vetta hjelp i Brukarforum til å komplettera dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mykje leiting har eg no greidd å finna att to av sønene i denne huslyden, som tydeleg har vore «bortsette» som born, ein i Mæland og ein i Fana. Eit oppdatert manuskript følgjer i innlegg #2! Kanskje kan nokre av dei vera flytte nordover? Ein eller annan stad må dei jo ha teke vegen...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Leiting etter ein barnefar i Lærdal(?) som fekk ein son i Wisconsin i 1886? - ei skikkeleg utfordring!
Lars E. Øyane posted a topic in Users' own forum
Olina Olsdotter Sjøbakken, fødd i Lærdal 3.2.1865 som dotter av Ole Olson og Ragnhild Larsdotter på Sjøbakken, utvandra til Amerika frå Lærdal i 1886: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=EMIBERG&gardpostnr=19786&merk=19786#ovre Kyrkjeboki for West Prairie Lutheran church i Vernon/Crawford Co., WI syner denne barnedåpen frå mars 1887 (sorry, finst berre hjå ancestry.com): https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314961-00119?pid=1643356&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?_phsrc%3DNzx10310%26_phstart%3DsuccessSource%26usePUBJs%3Dtrue%26indiv%3D1%26db%3DELCAbmd%26gss%3Dangs-d%26new%3D1%26rank%3D1%26msbdy%3D1890%26msbdy_x%3D1%26msbdp%3D5%26msbpn__ftp%3Dvernon,%20wisconsin,%20usa%26msbpn%3D2993%26msbpn_x%3D1%26msbpn__ftp_x%3D1%26msfng%3DLars%26msfng_x%3D1%26msmng%3DOline%26msmng_x%3D1%26MSAV%3D1%26uidh%3D008%26pcat%3D34%26fh%3D1%26h%3D1643356%26recoff%3D%26ml_rpos%3D2&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx10310&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314961-00118 Elmer Lewis, fødd 7.10.1886 av foreldre: T. Torkelsen og Oline Olsen med ein merknad som seier: «uægte, fader i Norge» Etterkommarane etter Elmer Lewis, som sidan tok ættenamnet Peterson etter stefaren Lars Pederson frå Luster i Sogn, er svært opptekne av å finna ut kven som var far til Elmer Lewis, og med dette er spørsmålet lagt vidare «til høyring» i Brukarforum! Dersom denne barnefaren var frå Lærdal, ser eg berre eitt alternativ, ein Tørris Torgilson som i 1865 budde på Skårheim i Borgund, Lærdal, men eg er langt frå sikker på om det er «syndebukken» vår: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1422&kenr=001&bnr=0036&lnr=000 Faktisk so finn eg ingen andre alternativ i heile indre Sogn!! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Recently Browsing 0 members
- No registered users viewing this page.