Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'luster'.
-
Denne vigsli har eg leitt etter i årevis, men aldri greidd å fínna. Kanskje nokon har betre auge og teft enn eg? Andreas Henrik Nilsson Kvamme alias Andrew H. Nelson, fødd i Naustdal 3.10.1843 - son av Nils Gunderson og Pernille Mathiasdotter - utvandra 1870 Ingrid Christensdotter Øvrebø/Ekrene alias Emma C. Anderson, fødd i Luster 16.1.1848 - dotter av Christen Andersson og Siri Torkildsdotter - utvandra 1862 gifte seg kring 1875/1876 og busette seg som farmarar i Franklin township, Vernon Co., WI der eldste barnet Nellie Sophie var fødd 11.12.1877. FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9HYQ FT1900: vigde i 25 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SW9-74N FT1910: vigde i 34 år: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYYV-SWJK I prinsipet skal ALLE vigsler i Amerika vera offisielt registrert, so det er eit kjempemysterium kvar denne vigsli kan vera å finna. Men «voni døyr til sist», og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Då eg tidleg på 1980-talet jobba med huslyden til Sjur Olson, greidde eg IKKJE å finna koblingi til Aurland. Det har eg derimot greidd i dag (HURRA!) og eg er komen eit langt steg vidare! Men no ser eg at Anders Ohnstad i ætteboki for Aurland har mista kontakten med dei, so dei flytte tydeleg frå Aurland att, utan at me veit var dei vart av. Eldste dotteri, som var fødd i Luster, gifte seg i Bergen, men flytte snatt attende til Aurland. Kan foreldri òg ha vore i Bergen? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~ Sjur Olson Quam, frå Bakka i Aurland, var son av gardbrukar Ole Hansson på Bakka, opphavleg frå ##### (kvar hadde Ole opphavet sitt ifrå? - f. 1691!?) og kona Gro Sjursdotter frå Bakka, vart døypt i Aurland 28.12.1732 og gifte seg i Aurland 18.10.1764 med Britha Olsdotter frå Bergum i Aurland. Ho var dotter av gardbrukar Ole Monsson på Bergum, opphavleg frå ##### (kvar hadde Ole opphavet sitt ifrå? – f. 1683!?) og tredje kona Ragnhild Aamundsdotter frå ##### (kvar hadde Ragnhild opphavet sitt ifrå? – f. 1695?) ##### (var ikkje mori heller Synneva Jacobsdotter frå Otternes? - og vart døypt i Aurland ##### (eller 31.10.1739?) 1741. Sjur fekk 12.3.1765 bygsel på heile Bollingberg hjå Sjur Wilkenson og flytte nok hit på same tidi. Men han og Britha budde ikkje her lenger enn til våren 1768. Sjur Olson og kona Britha flytte våren 1768 attende til Aurland og var i mange år gardbrukarar i Kvam i Aurland til dei på 1780-talet flytte ##### (seinare lagnad? – flytte på ny, men kvar? – kan henda til Bergen?) ##### (dødsfalli deira?) Sjur og Britha fekk sju born i lag: ##### (sjekka om dei kanskje hadde fleire?) a. Synneva Sjursdotter, døypt i Luster 27.5.1765, truleg identisk med ei Synneva Sjursdotter som 17.2.1799 gifte seg i Bergen med Hans Monsson frå Ramsøy i Aurland, son av gardbrukardotteri Bertha Marie, kjend som Maria Olsdotter (Wedscher) frå Fuhr (1737-1811). Hans vart døypt i Aurland 24.3.1765. Hans var soldat i Bergen, men han og Synneva flytte alt i 1800 attende til Aurland. Der var dei mellom anna plassfolk på Bakka, men kring 1816 flytte dei til plassen Hausahalsen ved Refsnes i Lærdal der Synneva d. som husmannskone 30.3.1834. Hans d. som husmann same staden 16.3.1839. Dei fekk tre born i lag. b. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 23.4.1768, vart gravlagd i Aurland 30.3.1770. c. Ole Sjurson, døypt i Aurland 21.10.1770, ##### (lagnaden hans?) d. Mari Sjursdotter, døypt i Aurland 20.3.1774, ##### (lagnaden hennar?) e. Ingeborg Sjursdotter, døypt i Aurland 7.4.1776, ##### (lagnaden hennar?) f. Britha Sjursdotter, døypt i Aurland 4.10.1778, ##### (lagnaden hennar?) g. Gro Sjursdotter, døypt i Aurland 20.10.1782, ##### (lagnaden hennar?) ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar som mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein søskenflokk som eg har «plundra» med sidan 1980-talet! Sjå dette skiftet frå Luster 1756: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000001051681 Eg greidde den gongen å finna spor etter Susanna i Vik, men Christence og Kari er framleis heilt uløyste utfordringar! Her er manuskriptet mitt for heile denne huslyden, der me vil sjå at dei tre jentene var fullsøstrer fødde av same mor: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Anders Simonson Øvrebø, frå Lunden under Rønnei, var f. kring 1700 og vart gravlagd frå Øvrebø 2.2.1769. Han gifte seg første gongen kring 1730 med Christenca Knutsdotter, dotter av føregåande brukar og herifrå garden. Christenca var f. kring 1704, men vart gravlagd frå Øvrebø alt 4.4.1741. Anders gifte seg so andre gongen 26.11.1741 med Gjertrud Ellefsdotter frå Yttrishaugen under Yttri. Ho var f. kring 1716, men vart gravlagd frå Øvrebø 22.8.1756. Tredje kona til Anders Simonson vart so 2.2.1757 Siri Christensdotter frå Gjellene under Rønnei. Ho var f. kring 1725 og vart visstnok gravlagd som legdelem frå Lingjerde 12.9.1796. Anders fekk 2.4.1734 bygsel på bruket hjå Metta, enkja etter Christen Lemvig, og han dreiv det like til 1761. Kårbrevet hans vart dagsett 24.10.1761. Anders Simonson fekk i alt tolv born, fire frå første ekteskapet, seks frå det andre og to frå det siste: 1. Maria Andersdotter (1730-1740). 2. Knut Andersson (1735-1741). 3. Anders Andersson (1737-1801), vart husmann på Teigen under Dalsøyri. 4. Ole Andersson (1740-1809), vart husmann i Hagen under Eikum indre i Hafslo. 5. Christenca Andersdotter, døypt 20.12.1744, vart konfirmert i Luster i 1762. Christenca Andersdotter må vera fari frå bygdi kort etter ho vart konfirmerte, ##### (lagnaden hennar? – ytre Sogn eller Bergen?) 6. Ellef Andersson (1747-1747). 7. Simon Andersson (1748-1749). 8. Susanna Andersdotter, døypt 9.2.1750, Susanna Andersdotter flytte kring 1780 til Vik i Sogn og gifte seg der kring 1786 med Christen Hansson Sæbye frå Sæbø i Vik. Han var son av ##### (yrke? – gardbrukar?) Hans Madsson Sæbye på Sæbø, opphavleg frå ##### (kvar fødd/oppvaksen?) og kona Maren Andersdotter Kierumgaard frå ##### (kvar fødd/oppvaksi?) og var f. der kring 1737. ##### (dåpsdato?) Då det i 1760 vart halde skifte etter Maren Kierumgaard, vart Christen omtala som svakeleg, og det ser ut til at han og Susanna vart buande som innerstfolk på Sæbø der dei båe d. kring 1810. ##### (gravferdsdatoar?) Christen og Susanna fekk ikkje born i lag, men Susanna hadde to born frå før: a. Anders Berentson (1778-1780), son av Susanna og kapteinsonen Berent Christopher Thomasson von Krogh frå Vollen under Kvale (1755-1804), var f. og d. i Luster. b. Anna Olsdotter, dotter av Susanna og ##### (kanskje tingboki kan seia kven far hennar var?) var f. i Vik kring 1784, og tente i 1811 i Ortneviki i Kvamsøy ##### (seinare lagnad?) 9. Kirsti Andersdotter (1752-1752). 10. Kari Andersdotter, døypt 2.7.1753, levde framleis då mori fall ifrå i 1756. Også Kari Andersdotter må vera fari frå bygdi i ung alder, ##### (lagnaden hennar? – ytre Sogn eller Bergen?) 11. Christen Andersson (1757-1758). 12. Gjert Andersson (1759-1795), vart gardbrukar i Dversdalen i Hafslo. ~~~~~~~~~~~~~~~~ Det er fleire utfordringar i samband med huslyden til Susanna i Vik, som til dømes dødsfalli til ho og mann hennar, opphavi til svigerforeldri, inkl. Maren Kierumgaard (høyrest dansk ut!?) og ikkje minst lagnaden til dotteri Anna!? Christence Andersdotter syner seg vera ein svært uvanleg namnekombinasjon på Vestlandet, og den einaste eg finn som kan minna om denne jenta frå Luster, er denne mori i Bergen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000009199877 https://media.digitalarkivet.no/view/8635/174 Men kvar vart det av ho? Og kva med Kari? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips for å komplettera soga om desse søstrene!
-
Ole Olson (1813-1864) og Ingeborg Larsdotter (1813-1882) var gardbrukarar i Teigen, Øvrebø i Luster og hadde i alt sju born. Sonen Ole fekk garden i Teigen, og tre søstrer utvandra og budde i Franklin township, Vernon Co., WI der dei òg døydde. Men so var det dei tre yngste borni, som eg har leitt etter, både høgt og lågt, i 40 år, men utan hell! Er det mogeleg å komma på sporet etter dei? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye fine opplysningar er dette manuskriptet i kveld erstatta av eit nytt i innlegg #12 under! Kan kanskje ei av desse vera Ingeborg Olsdotter: https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:Q29P-YTW4 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:XRNP-XM6 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som eg jobba med alt på midten av 1980-talet, men som eg aldri greidde å finna ut av. Kan det vera enklare i dag? Gardbrukar Peder Hansson på Øvrebø i Luster (1720-1803) var gift to gongar, første kona Anna Olsdotter (1720-1744) døydde kort etter dei vart vigde, men let etter seg ei dotter: Kirsti Pedersdotter, døypt i Luster 26.6.1742 gifte seg i Luster 27.10.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/168 med Ole Olson, frå Bakka i Aurland, døypt i Aurland 18.5.1739, då mellombels busett hjå ein bror på nabogarden Bollingberg. Ole og Kirsti fekk ei dotter i Luster: * Anna Olsdotter, rimelegvis oppkalla etter mor hennar, døypt i Luster 7.9.1766: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/71 So flytte Kirsti og Ole til Domkyrkjesokni i Bergen der endå ei dotter kom til verdi: * Ingeborg Olsdotter, døypt i Domkyrkja 5.11.1769: https://media.digitalarkivet.no/view/8635/70 Men so døydde Kirsti i Bergen og vart gravlagd frå Domkyrkja 15.11.1769, og 18.7.1770 døydde ogso dotteri Ingeborg. Kvar det sidan vart av Ole og dotteri Anna er ei kjempegåte! Er det i det heile mogeleg å finna eit svar på denne utfordringi? Kanskje gifte Ole seg att? Kanskje kalla han opp første kona si? Mor hans heitte Gro og kan òg ha vorte oppkalla? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Johanna Christensdotter - fødd i Luster 1852 - til Amerika (Vernon Co., WI?) i 1876 - kvar vart det av ho?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Johanna Christensdotter var fødd i Luster 5.11.1852 som «uekte» barn av Martha Johannesdotter Lavold (1829-1916) og Christen Olson Ødegard (1828-1899). Mori Martha gifte seg sidan med Adam Andersson (Skildum) (1831-1908), og dei fekk ein son i lag, Anders (1858-1862). I 1875 utvandra Adam og Martha til Amerika, og dei busette seg som farmarar i Franklin township, Vernon Co., WI: * 1880: Adam and Martha Andrew: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9GXB * 1900: Adam and Martha Anderson (finn ikkje denne sida hjå FamilySearch!): https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120646_00156?usePUB=true&_phsrc=Nzx23776&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=74011296 * 1905: Adam and Martha Anderson: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-695S-BS3 * 1910: Martha Adams, enkje: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YYV-SQNL Johanna Christensdotter, dotter hennar, utvandra til Amerika i 1876, året etter mor og stefaren, men so langt har eg ikkje vore i stand til å finna att denne jenta nokon stad i Amerika, og som me ser av FT1900, hadde mori Martha hatt TO BORN, men ingen av dei var ilive! Det at Johanna var avlidi før 1900 MÅ ikkje seia at ho var ugift eller ikkje hadde born etter seg, og no har eg fått spørsmål frå ein etterkommar etter ein halvbror hennar Johanna på farssida, som bur i Luster, om det er mogeleg å finna lagnaden til denne «grandtanta» hennar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Eg har diverre ikkje notert kjeldereferansa til denne utfordringi (dette er opplysningar som eg fann på Statsarkivet i Bergen for 40 år sidan!), men det vart i 1801 halde skifte i Bergen etter: Christopher Johannessen, fødd på Øvrebø i Luster og døypt der 13.1.1743, var ei tid husmann i Lindalen under garden Skildeim i Luster, men flytte med kona Gjertrud Hansdotter til Bergen kring 1786 og vart gravlagd frå Nedre Dynnersmuget i Bergen 23.5.1801: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000446770 Christopher og Gjertrud var barnlause, og so vidt eg har kunna registrera, hadde Christopher etter seg berre to søsken: * Ole Johannesson, fødd 1735, bror, var strandsitjar i Årstu under Dale i Luster, der han døydde i 1810. * Kari Johannesdotter, døypt i Luster 7.6.1740 - levde i 1801 som enkje, men ingen veit KVAR ho då budde! Kari Johannesdotter budde i alle fall IKKJE i Luster, og eg har ein mistanke om at ho òg kan ha butt i Bergen!!!? Kanskje nokon kan finna att skiftet frå Bergen frå 1801 for å sjå litt nærare på om dette kan ha tilleggsopplysningar? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Denne utfordringi har eg jobba med i mange år, men aldri har eg greidd finna ut kvar det vart av denne guten! Torsten Nilsson, son av Nils Torgerson (1769-1829) og Kari Olsdotter (1771-1842), husmannsfolk i Dvergsdalen ved Marifjøra, men plass under Prestegard i Luster, vart døypt i Hafslo 30.10.1808 og vart konfirmert i Hafslo i 1823. Han er nemnd i live då faren døydde i 1829, men det er òg siste livsteikn me ser etter han! Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av denne guten? Det hadde vore svært so kjekt! Eg takkar so mykje å førehand for alle gode tips!
- 4 svar
-
- dvergsdal
- præstegard
-
og 1 flere)
Merket med:
-
Denne haugianarhuslyden representert av Andrea Pedersdotter Sandvig frå Luster (1816-1904) arbeidde eg første gongen med på 1980-talet, men med dei kjeldene som den gongen var tilgjengelege, var det mykje eg ikkje greidde å finna. No har eg teke opp att dette emnet og har finne ein del detaljar, men står fast på ein del andre, særleg frå Grytten og Lesja! Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange spennande opplysningar og oppdagingar er dette manuskriptet no erstatta av ei oppdatering i innlegg #6 under! Nokre av kjeldene eg har nytta: Første vigsli: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002682004 Andre vigsli: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000002312025 FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038293003387 FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052342000237 FT1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053050002811 FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037395001550 Eg vonar det let seg gjera fylla nokre av dei «hòli» som står att, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Erik Olson var fødd i Luster 10.8.1837 - foreldri hans var: ** Ole Erikson Prestegard (1796-1876) og første kona hans: ** Ingeborg Jensdotter Raaum (1810-1839): https://media.digitalarkivet.no/view/11592/48 Etter mori døydde so tidleg, kom Erik til oppfostring i Jostedalen, først hjå fasteri Øllegaard Eriksdotter (1801-1874) - gift til Grov i Jostedalen, og sidan til den barnlause farbroren Peder Erikson (1791-1871) - gardbrukar på Bjørk i Jostedalen. Her vart Erik konfirmert i 1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/84 Og Erik utvandra derifrå i 1856: https://media.digitalarkivet.no/view/8397/160 Faren Ole Erikson Prestegard budde 1865 framleis under Prestegard i Luster: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1426&kenr=010&bnr=0049&lnr=000 Men i 1870 var han framkomen til Burke township, Dane Co., WI der han som Ole Prescott var busett hjå dotteri Ingeborg og svigersonen Henrik: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-X56 Henrik og Ingeborg utvandra med Fido i 1866, og same året skal òg Christian Olson (Sanvik) (1844-1915), ein son som Ole hadde utanfor ekteskap og som delvis skal ha vokse opp hjå far sin(!), ha utvandra, men eg finn ikkje korkje Christian Olson eller Ole Erikson sjølv i passasjerlistene for 1866! Det høyrer med til soga at Ingeborg døydde hausten 1870, og Ole flytte sidan inn hjå sonen Christian i Blue Mounds township, Pope Co., MN der han d. 4.4.1876. Her er FT1875 frå Pope Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-65XS-DYH Er det nokon som kan hjeklpa meg freista finna svar på følgjande utfordringar: ** Kvar vart det av Erik Olson (Bjørk) i Amerika? ** Kva år utvandra faren Ole Erikson og halvbroren Christian Olson til Amerika (passasjerlister)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Christen Bjørnson (Valde), son av Bjørn Andersson (1796-1851) og Martha Pedersdotter (1799-1886), husmannsfolk på plassen Stein under Tandle i Luster, var fødd i Luster 9.3.1838: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/52 og vart konfirmert i Luster i 1855: https://media.digitalarkivet.no/view/8401/125 Etter den tid er han «borte vekk», og eg vonar no at ein eller annan kanskje dreg kjensel på denne karen og kan hjelpa meg finna ut kvar han vart av? Han hadde to søsken, og dei budde båe i Luster levetidi ut, men Christen KAN jo sjølvsagt ha utvandra til Amerika utan at det er oppskrive...? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ei ny kjempeutfordring som eg har brukt mykje til på å freista løysa, men eg står berre «bom fast», kanskje først og fremst fordi eg ikkje greier å identifisera brudgomen! Eg syner til denne vigsli frå Madison, WI som fann stad 4. januar 1871: ~~~~~~~~~~ Name Carl Pedersen Event Type Marriage Event Date 04 Jan 1871 Event Place Madison, Dane, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Drammen, Norway Europe Father's Name Andreas Pedersen Mother's Name Karen Pedersen Spouse's Name Kirsti Larsdaughter Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Father's Name Lars Larsen Spouse's Mother's Name Sigrid Larsen ~~~~~~~~~~ Kona Kirsti Larsdotter var fødd i Luster 30.7.1843 og utvandra til Dane Co., WI i 1864. Foreldri hennar var Lars Larsson (Hotlen) (1810-1849) og kona Siri Knutsdotter (1807-1894). Mori utvandra som enkje i 1867 til Dane Co., WI, men flytte sidan inn hjå eldste dotteri si i Vernon Co., WI og døydde der. Dei var i alt fem søsken som voks opp og som alle utvandra til Dane Co., WI. To av dei flytte etter kvart til Vernon Co., WI, medan to andre busette seg i Columbia Co., WI like nord for Madison, WI. Berre Kirsti og mann hennar «forsvinn» for oss! Her følgjer eit «formelt» manuskript for Kirsti og Carl: ~~~~~~~~~~~~ Kirsti Larsdotter {Hotlen}, f. {i Luster} 30.7.1843, Kirsti/Christi Larson utvandra til Amerika i 1864 og gifte seg i Madison, Wis. 4.1.1871 med Carl Andreasson Pedersen frå Drammen, i Amerika kjend som ##### (amerikansk namn? – Charles Peterson?) Han var son av ##### (vigselsattesten seier Andreas Pederson og Karen) ##### (dato og stad for fødsli hans? - vigselsattesten seier Drammen! - ein stad har eg notert «kring 1835», men usikkert kvar det kjem ifrå!) ##### (utvandringsåret hans?) ##### (lagnaden deira? – yrket hans er oppgjeve til «sailor» ved vigsli!) ##### (born??) ~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dette parfolket!
-
Då eg på 1980-talet arbeidde med denne personen frå Luster, fekk eg følgjande opplysningar frå etterkomarar etter søskeni hans: Salomon Olson Berge, fødd i Luster 12.9.1853, utvandra med mpr si til Amerika i 1867 og var i 1880 busett som farmarbeidar hjå broren Peder i Franklin township, Vernon Co., WI So fortel slekti følgjande: «Sam reiste frå Wisconsin og var farmarbeidar mange ulike stadar i Nord-Vesten». Han skal aldri ha vore gift,, men var i 1932 busett i Oregon! Sidan høyrde dei aldri meir gjete han...» Eg fann på Internett ein underleg liktale for ein Sam Berg frå Oregon: ~~~~~~~~~~~~~~ Obituary Salem, OR Sat. Aug. 26, 1939: Samuel B. Berg Aurora – Samuel B. Berg, 87, resident of Clacksmas county for the past 33 years, died at his home in Canby Monday morning after a short illness. Berg was born in Hegleland Sogue, Norway July 31, 1852. He came to the United States at the age of 16, and settled in Minnesota, and later homesteaded in North Dakota, returning to Minnesota where he was united in marriage to Gina Sandsness June 11, 1886. He returned to his homestead in North Dakota and lived there for three years when he, with his family moved to Melville, Montana, where they lived for 18 years. In the summer of 1905, Mr. Berg visited the World’s fair in Portland and while there he purchased the old Barlow place at Barlow, moving his family to Oregon in the spring of 1906, where the family lived until 1919, or until Mr. Berg retired from actve farm life. Mr. and Mrs. Berg moved to Silverton where they lived until 1921, moving to Canby at that time, where he had since resided. Mrs. Berg preceded him in death November 4, 1936. He is survived by nine children: Mrs. Clara Johnson of Junction City; Mrs. Agnes Drew of Castle Rock, Wash., Mrs. Emma Schreder of Salem, Mrs. Stella Avit of Los Banos, Calif., Mrs. Nellie Hams of Canby, Bernard and Albert Berg of Barlow, George of Canby and Elmer of Salem; one sister Julia Berg of Stanley, N. D., and 17 grandchildren. Funeral services will be held from the Canby Funeral home Tuesday afternoon with Rev. N. J. Aadland, Pastor of Zoar Lutheran church officiating. Interment Zion cemetery, Canby. ~~~~~~~~~~~~~~ MEN, denne Sam Berg syner seg vera fødd i Helleland på Jæren og er identisk med denne personen: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003184365 So, eg leiter stadig vekk etter «min» Salomon «Sam» Berge og ville setja kjempestor pris på om nokon kunne greia finna han att? Hjarteleg takk på førehand for alle gode tips!
-
Kirsti Jensdotter Raaum, døypt i Luster 8.7.1798, levde ugift til ho 12.7.1847 henta heim Nils Pederson frå Molland i Hafslo, og dei budde som kårfolk og sidan plassfolk i Råaberget under Råum i Luster der Kirsti døydde 13.5.1869. Ho hadde tre born før ho gifte seg med Nils, men to av dei var tydeleg avlidne, og om sonen: * Johannes Johannesson,fødd i Hafslo 24.3.1832, heitte det at dei ikkje hadde høyrt gjete han sidan han reiste frå bygdi i ung alder! Her ser me at Johannes Johannesson Raaum flytte til Bergen i 1849 - 17 år gamal (#30): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/207 Men opphaldet i Bergen varte ikkje lenge, for i 1851 flytte han til Nordland - 19 år gamal (#107): https://media.digitalarkivet.no/view/8401/213 Frå ei anna kjelde (passprotokoll?) får me opplyst at han i 1851 var middels høg, hadde blondt hår og blå auge. Frå endå ei anna kjelde, truleg ein lensmannsprotokoll, kan henda frå dødsmeldingi etter mori, får me so opplyst at Johannes var heime på ny i 1872, truleg for å gjera krav på arv etter mori, men kjeldene fortel oss ikkje kvar han då budde! Er det i det heile mogeleg å finna lagnaden til denne Johannes Johannesson Raaum? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Anna Johanna Eriksdotter Raaum var fødd i Luster 19.3.1877, dotter av gardbrukar Erik Erikson Raaum (1841-1924) og kona Maren Andersdotter f. Eikum (1843-1930) Ho nytta til dagleg namnet Johanna og er nemnd heime hjå foreldri * i 1891: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053010002515 * i 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037351002719 Ætti hennar i Luster fortalte meg på 1980-talet at Johanna skule vera flytt til Christiania kort etter hundreårsskiftet og «skal ha» utvandra derifrå til Amerika. Men då skifti vart haldne etter foreldri hennar i Luster, får me vita at ingen hadde høyrt gjete ho etter 1912! Det hadde vore kjempekjekt om me endeleg i dag kunne finna ut noko meir om lagnaden hennar, både i Christiania og i Amerika og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! PS: Ho hadde ein einaste bror, Anders «Andrew Erickson», som utvandra til Amarika, og han busette seg i Latah Co., Idaho, men heller ikkje der har nokon høyrt gjete ho!
- 18 svar
-
- raaum
- christiania
-
og 2 flere)
Merket med:
-
Mari Tollefsdotter, dotter av Tollef Einerson (1763-1824) og Ingeborg Andersdotter (1798-1869), husmannsfolk på Meinsete i Råaberget i Luster, var fødd kring 1819, men er ikkje innskrivi i kyrkjeboki. Derimot finn me ho konfirmert i 1834, og same året er ho òg nemnd i dette skiftet: https://www.digitalarkivet.no/view/27/pa00000001009167 Men sidan ser me ikkje noko meir til ho korkje i Luster eller i nabobygdene. Broren Anders (1822-1904) budde ei tid i Balestrand, men kom attende til Luster og døydde her som ugift legdelem! Er det mogeleg å finna ut kvar det vart av ho Mari? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ein huslyd som eg har jobba med ganske so intenst i over 30 år. Eldste sonen var forsvunnen då han vart innkalla til sesjon i 1833, medan yngste dotteri Anna rett og slett berre «forsvinn». Dotteri Martha utvandra til Amerika i 1853. Broren Torbjørn utvandra til Amerika i 1851 og busette seg i Vernon Co., WI og dels òg i Fillmore Co., MN. Ho hadde òg andre skyldfolk i desse områdi, men let det seg gjera finna ut kvar det vart av ho? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ Henrik Torbjørnson Aaberge, son av føregåande brukar og herifrå garden, vart døypt 6.12.1787 og d. som gardbrukar på Åberge 8.6.1833. Henrik fekk alt 22.10.1805 skøyte på heimebruket mot å yta kår til far sin, og 17.10.1809 gifte han seg første gongen med Britha Iversdotter frå Leirdalen. Ho vart døypt 16.6.1782, men vart gravlagd frå Åberge alt 25.10.1812. Henrik gifte seg så att 13.11.1814 med Gunnhild Trondsdotter frå Sandviki. Ho vart døypt 21.1.1787 og d. som enkje på Åberge 14.4.1854. Henrik dreiv garden levetidi ut og fekk i alt fjorten born, fem frå første ekteskapet og ni frå det andre; dessutan hadde første kona ein son frå før: 1. Torger Ludvigson, son av Britha og husmann Ludvig Ingebrigtson i Tubbene under Dalsøyri (1784-1847), vart døypt 24.1.1808. ##### (lagnaden hans? - ved sesjonen i Luster i 1833, var det ingen som hadde kjennskap til Torger Ludvigson – lagnaden hans er soleis heilt ukjend!) 2. Guri Henriksdotter (1810-1810). 3. Torbjørn Henrikson, tvilling (1811-1811). 4. Iver Henrikson, likeins tvilling (1811-1811). 5. Torbjørn Henrikson, tvilling (1812-1892), var i mange år gardbrukar på Nes (s.d.). 6. Iver Henrikson, likeins tvilling (1812-1853), vart husmann på Klype under Nes. 7. Trond Henrikson (1815-1815). 8. Britha Henriksdotter (1816-1818). 9. Ole Henrikson (1818-1900), vart gardbrukar på Haugen. 10. Guri Henriksdotter (1820-1904), vart sambuande med husmann og enkjemann Asbjørn Findson i Toi under Kjøtnes (1809-1890). 11. Martha Henriksdotter, f. 30.3.1822, Martha Hendrickson utvandra til Amerika i 1853, ##### (lagnaden hennar?) 12. Trond Henrikson, f. 20.8.1824, gifte seg 8.5.1855 med Sophia Gerhardine Melchiorsdotter Heiberg frå Kvalsøyri, Dalsøyri (bnr. 2). Ho var f. i Sogndal 30.7.1830. Trond og Sophia flytte i 1857 til Leikanger der dei i nokre år var gardbrukarar på Grinde. I 1864 flytte dei så vidare til Kvamsøy (no ein del av Balestrand) der dei vart gardbrukarar på garden Engum. Trond d. som gardbrukar på Engum 7.12.1887, medan Sophia d. som kårenkje same staden 8.11.1906. Dei fekk sju born i lag: a. Cathrina Dorthea Trondsdotter, f. i Luster 16.5.1855, flytte frå bygdi med foreldri i 1857 og d. som kårkone på Livden i Kvamsøy 8.7.1924. Ho gifte seg i Kvamsøy 2.5.1876 med Nils Gjertson, f. på Hanevik i Kvamsøy 11.3.1853. Han d. på eit sjukehus i Bergen 16.8.1932. Nils og Cathrina vart gardbrukarar på Livden, Engum i Kvamsøy og fekk åtte born i lag. b. Anna Marie, kjend som Maria Trondsdotter, f. i Leikanger 10.7.1857, d. som gardbrukarkone på Linde i Kvamsøy 25.2.1926. Maria gifte seg i Kvamsøy 6.7.1888 med Ole Hermundson frå Linde i Kvamsøy. Han var f. i Kvamsøy 29.12.1857 og d. som enkjemann på Linde 16.6.1930. Ole og Maria tok over heimebruket hans på Linde i Kvamsøy og fekk fem born i lag. c. Metta Gunhilde, kjend som Gunnhild Trondsdotter, f. i Leikanger 21.4.1860, d. som gardbrukarkone på Vollevik i Vik 9.4.1912. Gunnhild gifte seg i Kvamsøy 25.6.1884 med Andreas Simonson, f. på Vollevik i Vik 22.6.1855. Han d. som kårmann på Vollevik 25.12.1941. Gunnhild og Andreas tok over heimebruket hans på Vollevik i Vik og budde der levetidi ut. Dei fekk ti born i lag. d. Melchior Falch Heiberg Trondson, f. i Leikanger 21.11.1862, d. som gardbrukar på Engum i Kvamsøy 26.9.1920. Han gifte seg i Kvamsøy 10.5.1887 med Olina Gjertsdotter frå Hanevik i Kvamsøy. Ho var f. i Kvamsøy 4.7.1864 og d. på Engum 8.1.1954. Melchior og Olina tok over heimebruket hans på Engum i Kvamsøy og vart buande der levetidi ut. Dei fekk fem born i lag. e. Johanna Henrikke Trondsdotter, f. i Kvamsøy 20.4.1868, d. i Kvamsøy 27.1.1869. f. Johanna Henrikke Trondsdotter, f. i Kvamsøy 22.1.1871, d. i Kvamsøy 19.6.1875. g. Sophia Gerhardine Trondsdotter, f. i Kvamsøy 30.4.1873, d. i Kvamsøy 12.5.1873. 13. Bertha Henriksdotter, f. 3.6.1827, vart konfirmert i Luster i 1841. Bertha Henriksdotter flytte i 1850-åri med broren Trond til Grinde på Leikanger og sidan vidare til Engum i Kvamsøy der ho sidan livnærte seg som tenestejente. Ho d. ugift på Engum 5.5.1902. 14. Gjertrud Henriksdotter (1831-1918), vart gift med gardbrukar og smed Peder Pederson på Loi, Kroken i Hafslo (bnr. 14) (1833-1915). 15. Anna Henriksdotter, 19.10.1833, ##### (lagnaden hennar? - ikkje konfirmert i Luster!) ~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900), med ei dotter og gravid med dotter #2 - til Amerika i 1870 - gift i MN med Halvor Gulbrandson «Brotten» frå Jevnaker (1839-1924) - kvar vart det av døtrene hennar, kva med sønene Gilbert og Henry Brotten?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Sophia Andersdotter frå Nes i Luster (1844-1900) var ei jente eg jobba mykje med under vitjingi mi i Minnesota i 1982, og eg fekk bra med opplysningar om dei fleste borni hennar, men det var svært lite eg fekk av opplysningar om dei to døtrene, Bertha og Anna, som ho fekk før ekteskapet sitt med Halvor Gulbrandson «Brotten». Kanskje det let seg gjera no å finna ut litt meir om desse jentene? Eg saknar ogso ymse andre detaljar, som kanskje nokon kan hjelpa meg med? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter ei spennande oppdaging av Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #3! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Då eg på 1980-talet arbeidde med denne Næss-ætti frå Luster, hadde eg kontakt med dålevande etterkomarar, men INGEN kunne fortelja meg noko som helst om onkel Hermund som utvandra til Amerika i 1914. Han har tydeleg ikkje halde kontakten med søskeni sine i heimlandet... Når eg no rettar søket mot denne personen, finn eg eitt og anna interessant, som eg gjerne vil få attgje i dette manuskriptet: ~~~~~~~~~~~~~~~ Hermund Ingebrigtson Næss, f. {i Luster} 16.4.1893, Herman Ness utvandra til Amerika i 1914 og reiste då til skyldfolki sine i De Forest, Dane Co., Wis. 1917: Herman Ames Ness – farm laborer Vienna township, Dane Co., WI: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6482/images/005251453_01231?treeid=&personid=&hintid=&queryId=233b9e42f3630ab678bcf90805619ec4&usePUB=true&_phsrc=Nzx22164&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.26554045.1206450891.1606945684-1442769865.1532627837&pId=17244711 1920: Herman Ness – restaurant dish washer – Willoughby, Lake Co., OH: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/44544_03_00024-00994?treeid=&personid=&hintid=&queryId=233b9e42f3630ab678bcf90805619ec4&usePUB=true&_phsrc=Nzx22165&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.169099553.1206450891.1606945684-1442769865.1532627837&pId=16787762 1925: Herman Ness – servant – Groveland, Livingston Co., NY: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2704/images/32849_b094333-00338?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx22171&_phstart=successSource&pId=20727889 1930: Herman Ness – restaurant cook – Willoughby, Lake Co., OH: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/6224/images/4639645_00478?usePUB=true&_phsrc=Nzx22170&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=71437182 1940: Herman Ness – caretaker of …….(?) – Groveland, Livngston Co., NY: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/2442/images/m-t0627-02623-00300?usePUB=true&_phsrc=Nzx22172&_phstart=successSource&usePUBJs=true&pId=15035601 1942: Herman Ness – no occ. Conesus, Livingston Co., NY: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/1002/images/44544_03_00024-00994?treeid=&personid=&hintid=&queryId=233b9e42f3630ab678bcf90805619ec4&usePUB=true&_phsrc=Nzx22165&_phstart=successSource&usePUBJs=true&_ga=2.169099553.1206450891.1606945684-1442769865.1532627837&pId=16787762 1977: Herman Ness – social security – res. Geneseo, Livingston Co., NY: https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=3693&h=45132445&tid=&pid=&queryId=a79b187032e97c0d4fa8ba1e3198974f&usePUB=true&_phsrc=Nzx22173&_phstart=successSource ~~~~~~~~~~~~~~~ men det er fleire detaljar eg saknar som eg gjerne skulle ha føyd til: ** Den nøyaktige datoen og staden for dødsfallet hans? ** Hadde han andre bustadar og yrke enn dei eg har finne? Kva yrke hadde han i 1940? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Lucia Monsdotter (1756-1839) - frå Luster via Vik til Bergen
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Utgongspunktet for dette emnet er følgjande gamle tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201695-øyanes-påskenøtt-6-mons-torstenson-1723-1814-frå-luster-via-vik-til-sørebø-i-hyllestad-kvar-vart-det-av-borni-hans/?tab=comments#comment-1702644 der eg konkret går inn på biografien til ei av døtrene i denne huslyden, Lucia Monsdotter: Frå det gamle emnet sit me med følgjande biografi, og førebels «status», for Lucia Monsdotter: ~~~~~~~~~~~~ Lucia Monsdotter {Dulsvig}, døypt {i Luster} 5.3.1756, Lucia Monsdotter flytte òg med foreldri til Vikøyri i Vik, men fór sidan til Bergen. Ho er i 1801 nemnd som tenestejente i Bergen og enkje etter to ekteskap, ##### (opplysningar om tidlegare ekteskap?) men 7.6.1802 gifte ho seg på ny i Nykyrkja i Bergen med enkjemannen Mons Torbjørnson, opphavleg frå Hagen ##### (konkret opphav i Sogndal?) i Bergen kjend som Mons Torbjørnsen. Han var son av ##### (Torbjørn Pederson Hagen og Ragnhild Paulsdotter Kubben – vigde Sogndal 9.4.1741) og vart døypt i Sogndal 3.7.1756. Mons gifte seg første gongen i Domkyrkja i Bergen 12.5.1788 med ei Karen Christensdotter ##### (opplysningar om ho?) Mons var skolappar og budde i Ytre Markeveien i Bergen levetidi ut. Han d. i Bergen 1.6.1834, medan Lucie Torbjørnsen d. som enkje same stad 15.11.1839. Det vert sagt ho let etter seg myndige ervingar, men me kjenner ikkje til born etter ho. Derimot hadde Mons to born frå første ekteskapet sitt. ##### (eventuelle born etter Lucie? - borni etter Mons: * Rachel Johanne, f. NK, Bergen 14.12.789 * Martinus, f. NK, Bergen 11.5.1794) ~~~~~~~~~~~~ Den store utfordringi her ligg i perioden 1760 til 1801. Lucia skulle vera enkje etter to ekteskap i 1801! Me var i det gamle emnet innom ei Lucia Monsdotter som med mann Halvor Andersson på Hanekam i Vik fekk ei dotter Britha i 1787, men det synte seg at ho ved denne barnefødsli hadde feil farsnamn, og ho heitte Lucia Endresdotter. No har eg oppdaga ein ny «kandidat» til det som kan henda var første ekteskapet hennar Lucia Monsdotter frå Luster: Anders Simonson Dyrdal og Lucia Monsdotter Finden gifte seg i Vik 10.6.1781: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=11339&merk=11339#ovre https://media.digitalarkivet.no/view/11755/98 Mannen Anders Simonson er truleg døypt i Vik 8.7.1744 av far Simon Dyrdal ytre: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogndaap&gardpostnr=18600&merk=18600#ovre Eg finn ingen born etter Anders Simonson, og eg ser i det heile ikkje noko meir til denne mannen, men me skal ikkje gløyma at kyrkjebøkene for Vik manglar for perioden 1783-1787, so her kunne Anders Simonson vera avliden etter kort tid, og Lucia kunne hatt tid til å gifta seg ein 2x før ho kom til Bergen! Og for alt me veit, ho flytte kanskje til Bergen med denne andre mann sin...? Kanskje er det nokon som kan seia noko meir om denne Anders Simonson. Er eg kan henda fullstendig på «bærtur»? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Eg syner til følgjande skifte halde på «ein husmannsplass» under Nes i Luster, dagsett 28.12.1753: https://media.digitalarkivet.no/view/24138/126 Den avlidne personen Henrik Tollefson Næss døydde på ein reise til Bergen, men eg kan ikkje finna noki gravferd for Henrik korkje i Luster eller i Bergen. Har eg kanskje oversett noko? Det kjem mellom anna fram at enkja Kari Rasmusdotter (i skiftet feilaktig kalla Sjursdotter!) i mange år hadde levd fråskild frå mannen. Dei fekk berre eitt barn som døydde i 1831, 3 år gamal. Påfallande ved dette skiftet er alle dei utanbygds buande kreditorane, mellom anna i Lærdal, på Vangsnes og i Bergen. Eg slit soleis med desse utfordringane: ** Er det mogeleg å finna ein døds- eller gravferdsdato for Henrik? ** Finst det dokument til dømes i Bergen som fortel noko om aktiviteten til Henrik i Bergen (eller andre stadar)? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Huslyden til Tollef Henrikson (1673-1744) på Ongelsneset i Luster har eg jobba med sidan 1980-talet, men aldri har eg greidd å finna ut kvar han henta kona si, Lucia Aslaksdotter, ifrå. Eg veit heller ikkje kvar det vart av den eldste kjende sonen deira, Johannes, som me veit levde kring 1730. Dei kan òg ha hatt fleire born... Er kanskje tidi kommi for å finna fleire detaljar om denne huslyden. Eg satsar på at ekspertisen i Brukarforum kan hjelpa meg med gode tips og syner fram korleis manuskriptet mitt ser ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~~~~ Tollef Henrikson Ongelsnæs, frå Nes øvre, Nes (bnr. 3), var f. kring 1673 og vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744. Han gifte seg kring 1703 med Lucia Aslaksdotter frå ##### (opphavet hennar? – kom ho austante? – Aslak-namnet er ukjent i Luster på den tidi!) f. kring 1682. Tollef og Lucia budde visstnok som plassfolk under Seim i Årdal frå dei gifte seg og fram til kring 1712. Tollef vart soldat i 1696 og vart nemnd som det så seint som i 1711. ##### (sjekka om dei budde der lenger? – kva plass under Seim?) Kring 1712 fekk Tollef hand om ein plass her på Ongelsneset under Nes, og me trur det var han som då rydda denne plassen ytst på Neset. Her vart han og Lucia buande levetidi ut. Tollef vart gravlagd frå Ongelsneset 2.2.1744, medan Lucia vart gravlagd same staden 6.11.1755. Me veit nokolunde sikkert om fire born etter Tollef og Lucia på Ongelsneset, men dei kan godt ha hatt fleire: ##### (fleire born?) 1. Johannes Tollefson, f. i Årdal kring 1704, vart soldat i 1727 og tente visstnok på Høyeim i 1731. ##### (Johannes Tollefson ser ut til å vera faren frå bygdi i 1730-åri – lagnaden hans?) 2. Henrik Tollefson (1706-1753), var ei tid husmann eller leiglending i Uri (s.d.). 3. Synneva Tollefsdotter (1712-1755), vart gift med husmann og enkjemann Anders Olson i Krossviki under Nes (1699-1785). 4. Kari Tollefsdotter (1718-1765), vart gift med husmann Mons Torstenson i Dulsviki under Lingjerde (1723-1812). ~~~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Lars Andersson vart døypt i Luster 10.8.1817. Han var fødd utanfor ekteskap av foreldri: Anders Torbjørnson (1781-1867), som sidan vart husmann under Hengesteg i Luster Martha Larsdotter (1786-1861), husmannsdotter frå Bruheim i Jostedalen som i 1839 vart gift med ein husmann under Nes i Luster. Frå ei flytteliste har eg finne at Lars Andersson i 1833 flytte til Byrknes i Gulen for å tena der, men eg har aldri greidd å finna han att der ute! Er det mogeleg å komma vidare med denne utfordringi? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Eg har slite med lagnaden til Gunnhild Knutsdotter sidan 1980-talet, og eg har òg spekulert på kvar det vart av sonedotteri hennar i Hyllestad, Magnhild Trondsdotter (som heller ikkje bygdebokskrivaren for Hyllestad har greidd å spora opp)? Eg lyt leggja til at Gunnhild hadde fleire skyldfolk som flytte til Hyllestad og bygdene ikring, so eg ville ikkje verta overraska om Gunnhild dukka opp der... Son hennar frå Luster flytte i alle fall til Hyllestad i ung alder! Men denne Gunnhild Knutsdotter som dukkar opp i Bergen, ser absolutt svært spennande ut...! Kanskje er det no vorte mogeleg å finna ei løysing på desse gåtene? Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden: ~~~~~~~~~~~~~~~~ Etter nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Arne Pederson (1733-1774) og kona Kari Pedersdotter (1730-1701) var husmannsfolk i Krossviki under Nes i Luster, men etter Arne døydde, gifte Kari seg att med enkjemannen Bottolf Bottolfson (1710-1777), som var husmann på Notasva under Hauge i Luster og flytte dit. Arne og Kari fekk ein son i lag: * Hans Arneson, fødd i Luster kring 1760, flytte med mor si til Notasva og vart konfirmert derifrå i 1776: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457510 Etter den tid forsvinn Hans Arneson frå bygdi. Er det mogeleg å finna ut noko meir om lagnaden til Hans Arneson? Flytte han kan henda til Bergen eller til ytre Sogn? Soldat? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive