Søk i nettsamfunnet
Viser resultater for emneknaggene 'eide'.
Fant 14 resultater
-
i DFP etter Iver Pederson Kjøbstad er det oppgitt at sonen Gjert er i Amerika: https://www.digitalarkivet.no/sk10611901080053 (Lensmannen i Hyllestad, SAB/A-28301/0006/L0005: Dødsfallprotokoll, 1882-1912, s. 52) Eg finn Gjert i FT 1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052298000357 og som konfirmant nr. 6 i 1880: https://www.digitalarkivet.no/kb10081106284036 (Hyllestad sokneprestembete, SAB/A-80401: Klokkerbok nr. C 2, 1874-1894, s. 71b-72a) Familien er omtala i Bygdebok for Hyllestad, sjå VIII s. 33: https://www.nb.no/items/429c441cdfb31ec014c29f9430a49c20?page=33 Brita vart gm Axel Larsen fødd i Askvoll og hadde kun ein son som dø liten. Peter vart gm Anne Trulsdtr. f. Hersvik i Solund, dei fekk 7 born og budde i Bergen. Helene fekk ei dotter før ekteskapet, men ho dø ung. Ho fekk også ei dotter med Anton J. Hertzberg f. Gåsvær i Solund (sjå s. 32 i bygdeboka for Hyllestad). Andreas vart g men utan born (sjå s. 32 i bygdeboka for Hyllestad). Men kva skjedde med Gjert ?
-
Ref. Bygdeboka for Solund: https://www.nb.no/items/da6992a4b372b20e2faa2afbc07cac6d?page=379 - Nr. 37 c.: Då faren dø i 1913 står det at ho hadde opphald i 'Slesvig'. Er det mogeleg å finne ut kvar og når ho vart gift, kva mannen heitte, og kva som skjedde med ho seinare? Etterkommere?
-
Band I av Gards- og Ættesogeserien for Luster frå 1984 har mellom anna ein omtale av huslyden til sorenskrivar Mons Antoniusson (1590-1648): ~~~~~~~~~~~~~~ Mons Antoniusson Eide, frå Oslo, var f. i Oslo kring 1590 og d. på Eide kring 1648. Han var son av borgermeisteren i Oslo, Antonius Knudsen og kona Ingrid Monsdotter (Gyldenaar) frå Jämtland. Mons vart gift kring 1621 med Karen Johansdotter frå Iden som var f., truleg på Iden i Herdla, kring 1600 og som d. på Eide kring 1663. Ho var dotter av rådmannen i Bergen, Johan Andersson og Maren Jørgensdotter, busette på Iden i Herdla. Mori til Johan, Karen Johans‑ dotter f. Teiste, var kommi frå Kroken i Hafslo og høyrde til Kruckow‑ætti på Sørheim. Mons Antoniusson vart sorenskrivar i Indre Sogn og busette seg på Eide kring 1629. Her vart han buande fram til han gjekk bort i 1648, og han dreiv nok delvis og garden, men truleg var det helst Karen som hadde mest med drifti å gjera, og ho heldt fram til sonen Peder tok over kring 1662. Mons og Karen på Eide fekk tre born: 1. Antonius Monsson, truleg f. kring 1625, skal ha vorte gift med Johanna Johannesdotter frå Fortun som me trur var f. kring 1635. Me kan ikkje sjå noko meir til dette parfolket i Luster, så truleg fôr dei frå bygdi, men me kan ikkje seia noko om kvar dei reiste. Antonius d. før 1673. Om Johanna veit me at ho enno levde i 1679. Me veit ikkje om born etter dei. 2. Peder Monsson (1632‑1694), fekk garden på Eide etter foreldri. 3. Bertel Monsson, truleg f. kring 1636, budde hjå broren på Eide i 1665. So må også Bertel vera faren frå bygdi, men me har ikkje opplysningar om kvar han kan vera reist. Faren til desse brørne, Mons Antoniusson, kom som me har sett, austfrå, og kanskje fôr Antonius og Bertel dit? Noko som kan peika i den leii, er at systerdotteri til Johanna Johannesdotter, Britha Torbjørnsdotter, av ei eller anna uforklarleg årsak, reiste og busette seg i Fredrikstad tidleg på 1700‑talet! Kanskje mosteri budde der? ~~~~~~~~~~~~~~ I ettertid oppdaga me ei kjelde frå 1903 (Personalhistorisk tidsskrift) der E. A. Thomle hevder at Mons og Karen ogso hadde ein son Johan Monsson Teiste som var sokneprest til Fet. Denne artikkelen har eg ein gong lese, men her ved Middelhavet har eg ikkje tilgjenge til. No vonar eg at nokon kan hjelpa meg? Eller er det nokon som har oversyn over denne ætti? Det vert ein annan stad hevda at Mons og Johanna òg skal ha hatt ei dotter Ingrid som var gift og budde i Luster. Og kanskje finst det fleire opplysningar om Antonius og Bertel? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Bent/Bernt Arneson Eide, fødd på garden Eide i Innvik 1.11.1847, skal ha utvandra til Amerika kring 1870/1875 og gifte seg i Crawford Co., WI 19.10.1877 med Anna Olsdotter frå Aspviki i Lærdal. Dei slo seg ned som farmarar i Becker Co., MN. I 1914 var Bent Eide ein tur på vitjing i Noreg: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000736811 Ikkje lenge etter flytte han med ei dotter til Stanley, MB der han døydde 22.2.1928. * Kan nokon hjelpa meg finna det nøyaktige utvandringsåret til Be(r)nt Eide? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Desse tre søskeni har skapt vanskar for meg, særleg broren Johannes og halvbroren Anders Olson: Eg greidde ikkje løysa gåta for 40 år sidan, men kanskje er det mogeleg i dag? Foreldri var Johannes Sølfestson (1802-1849) og Anna Olsdotter (1806-1869), plassfolk på Jervateigen under garden Bolstad i Luster! Anders var ein son som Anna hadde «frå før» Mellom borni deira var fleire som utvandra til Buffalo Co., WI: * Sølfest «Sylvester» Johnson (1839-1901) - utvandra i 1866 og farma for det meste i Modena township, Buffalo Co., WI * Endre «Andrew» Johnson (1839-1903) - utvandra i 1866 og farma i Nelson township, Buffalo Co., WI Desse tvillingane har eg bra oversyn over, men so var det dei hine søskeni: * Anders Olson, fødd i Luster 28.11.1833, utvandra til Amerika - årstal ukjend, men truleg kring 1870!? - gifte seg i Buffalo Co., WI 7.4.1875 med enkja Martha Christensdotteer (Ottum), men dei skilde lag etter kort tid og i 1880 farma Andrew Olson åleine i Modena township, Buffalo Co., WI der han d. 19.2.1912 FT1880 i Modena township «widowed»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-HV7 FT1910 i Modena township «widowed, emigrated 1864»: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-S7M7 * Johanna Johnson, fødd i Luster 20.1.1837, utvandra til Amerika i 1873 og skal ha vore hushaldar ulike stadar i Buffalo Co., WI og d. ugift i Modena township 31.5.1917: Find-a-grave: https://www.findagrave.com/memorial/150069785/johanne-eide FT1900 i Modena township med sonen John Eide (1881-1931): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-68D7-M35 FT1910 i Modena township med eldste sonen Christ og ættenamnet Eide: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBM-S7M7 * Johannes Johnson, fødd i Luster 15.5.1848, utvandra til Amerika - årstal ukjend, men truleg kring 1870!? - skal ha butt i lag med søsteri Johanna i Modena township, Buffalo Co., WI og d. truleg ugift kring 1915. FT1880 i Modena township (alder 10 år feil!) med hin sonen til søsteri Johanna, Christen Eide (1858-1943): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YB2-HPJ Utfordringane mine her er følgjande: ** Utvandringsåret til Anders Olson? ** Utvandringsåret til Johannes Johannesson? ** Lagnaden og dødsfallet til Johannes Johannesson? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette er ei skikkeleg utfordring som eg har hatt liggjande sidan føregåande hundreår. Kanskje er det mogeleg i dag å komma vidare? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Johannes Christenson Eide, frå Bolstadmoen under Bolstad, vart døypt 23.7.1809 og gifte seg 8.7.1857 med Britha Olsdotter, dotter av føregåande husmann og herifrå plassen, f. 2.7.1828. Det ser ut til at dei fekk plassen her i Eidsbakken etter foreldri hennar frå 1856, men reiste herifrå alt i 1858. John og Britha Christenson utvandra i 1858 til Amerika, men ##### (lagnaden deira? – døydde tidleg? - kvar var dei i 1860? - kva med sønene?) Me kjenner til ein son etter dei, men Britha hadde òg ein son frå før: a. Ole Johan Johannesson, son av Britha og gardbrukarsonen Johannes Arneson frå Kvalsviki (1830-1913), var f. i Bergen 5.5.1851, ##### (lagnaden hans? – truleg utvandra med mori og stefaren til Amerika? - eller ikkje?) b. Christen, kjend som Christian J. Fortney (1857‑1913), utvandra med foreldri i 1858, men vart oppalen hjå gardbrukar Torger Olson frå Fortun (1808-1880) og andre kona hans, kjende som Torger og Gena Fortney, farmarar i Kickapoo township og sidan i Franklin township, Vernon Co., Wis. og tok difor dette namnet. Han vart gift første gongen med Susan Salmonson (1862‑1892), dotter av gardbrukarsonen Ole Salomonson frå Ottum (1811‑1871), og sidan attgift med husmannsdotteri Gunnhild Larsdotter frå Hestedalen under Kroken (1863-1945) (s.d.). ~~~~~~~~~~~~~~ Torger Olson var fødd på garden Fortun i Luster og vart døypt derifrå 17.7.1808. Han utvandra med første kona si i 1848. Ho døydde visstnok av kolera kort etter ankomsten, og Torger gifte seg att i Dane Co., WI 25.7.1853 med Gjertrud Kirstine Pedersdotter Hjermann frå Stødnum i Lærdal, fødd der 23.2.1820. Torger Fortney døydde 18.2.1880, men dødsfallet til Gertrude «Gena» har eg ikkje finne, enno! Her ser me dei i FT1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GBSF-9N78 Her ser me dei i FT1870: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6P89-RMY Her ser me Gjertrud i FT1880: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBV-9HYZ Som me ser, var to av borni hans frå første ekteskapetr framleis i lag med dei i 1860, medan Christian er komen til dei før 1870. Han er framleis hjå fostermori i 1880. Men kvar Christian heldt til i 1860, har eg ikkje greidd å finna ut, enno! Dei største «kjernepunkti» i denne huslyden vil vel vera: ** Finna att Christen i FT1860 - kva no enn namnet hans kan ha vore...? ** Freista finna halvbroren Ole Johan, fødd 1851 - me veit jo ikkje om han utvandra eller kanskje voks opp i Bergen? ** Finna dødsfallet til fostermori Gertrude «Gena» Fortney, f. Hjermann? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Dette emnet vart i 2018 grunna skyldskap «hengt på» følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/202828-tre-søsken-frå-luster-skalperte-av-indianarar-i-1860-åri-er-det-mogeleg-å-finna-fleire-opplysningar-om-dette/?tab=comments#comment-1882466 men då det ikkje er komme nokon attendemeldingar på det, tek eg det i dag opp som eige tema. Her er kva opplysningar eg sit med om Margretha og Synneva: ~~~~~~~~~~~~~ Margretha Endresdotter {Eide}, f. {i Luster} 13.9.1818, Margretha Anderson(?) flytte til Bergen i 1851, og derifrå utvandra ho i 1856 til Amerika ##### (her destiny?) Ho fekk to born i Noreg: a. Mari Andersdotter, dotter av Margretha og husmannssonen Anders Thomasson frå Sage under Fuhr (1818- ), var f. i Luster 12.7.1843, men utvandra til Amerika med mor si i 1856 ##### (her destiny? – perhaps this one? Name Ole Johnson Aas Event Type Marriage Event Date 09 Apr 1879 Event Place Armenia, Juneau, Wisconsin, United States Gender Male Race White Birthplace Kingston, Norway Father's Name John Johnson Aas Mother's Name Ingabar Johnson Aas Spouse's Name Mary Anderson Spouse's Gender Female Spouse's Race White Spouse's Father's Name Andrew Anderson Spouse's Mother's Name Margaret Anderson b Petra Andrea Pedersdotter, dotter av Margretha og hattemakarmeistar Peder Andreas Thistel i Bergen (1828-1897), var f. i Bergen 30.10.1852, men d. i Bergen 27.11.1854. ##### (more children in America?) ~~~~~~~~~~~~ Synneva Endresdotter {Eide}, f. {i Luster} 21.1.1827, Synneva Anderson(?) utvandra til Amerika i 1860 ##### (her destiny?) Synneva fekk to born i Luster: a. Bertha Thomasdotter, dotter av Synneva og husmann Thomas Trondson på Stubbøy under Øyene (1825‑1879), var f. i Luster 17.4.1852, men utvandra til Amerika med mor si i 1860, ##### (her destiny?) b. Ole Jensson (1859‑1859), f. og d. i Luster, var son av Synneva og gardbrukar Jens Olson på Fuglesteg (1838 1880). ##### (more children in America?) ~~~~~~~~~~~~~ Mor til dei tre søskeni som vart etterlyste i ovennemnde tema, Christi Endresdotter (som døydde i Luster), var søster til Margretha og Synneva, og dei hadde ogso ei anna søster Johanna Endresdotter, som utvandra til Amerika og som eg har sport opp der borte. Eg tenkte at Johanna kanskje kunne leia oss til Margretha og/eller Synneva der borte, men so løangt har det ikkje lukkast... Her er opplysningane eg sit med når det gjeld denne Johanna Endresdotter og mann hennar: ~~~~~~~~~~~~~ Erik Rasmusson Kilen, opphavleg frå Fura under Hauge, var f. 11.12.1817 og gifte seg 12.10.1843 med Johanna Endresdotter frå Eidsbakken under Eide, f. 14.3.1822. Erik og Johanna hadde først ein plass på Bøen under Berge i Dale, men kring 1854 kom dei til Gjerdet, og her vart dei buande som plassfolk til 1858. Erick og Johanna Kilen utvandra til Amerika i 1858 og farma først nokre år i Hampden township, Columbia Co., Wis., men flytte kring 1862 til Arendahl township, Fillmore Co., Minn. og derifrå i 1867 til ein farm i Belmont township, Jackson Co., Minn. der dei vart buande levetidi ut. Erick Kilen d. i Jackson Co., Minn. 31.5.1897, medan Johanna d. same staden 25.6.1901. Dei fekk tretten born i lag: Her er denne huslyden i FT1860 for Hampden township, Columbia Co., WI: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSF-9LNF Her er denne huslyden i FT1870 for Belmont township, Jackson Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6LDQ-238 ~~~~~~~~~~~~~ Eg har mellom anna søkt meg gjennom vigselsregistrene i Wisconsin, og eg fann den eine vigsli mellom Ole Johnson Aas og Mary Anderson som er innfelt ovanfor og som eg MISTENKER kan vera dotteri som Margretha hadde med seg til Amerika i 1856. Men kan Ole og Mary finnast att i andre kjelder? Eg takkar so mykje for alle gode tips når det gjeld denne huslyden og lever i voni!
-
Denne huslyden låg på teiknebrettet mitt alt i 1984, men eg kom ikkje nokon veg den gongen grunna manglande kjelder. Og dessutan levde borni til langt ut på 1900-talet... Særleg var interessa mi den gongen knytt til Martha Eriksdotter, fødd 1.8.1878, dotteri som Martha Olsdotter hadde før ho vart gift. Denne jenta voks opp som fosterbarn hjå mosteri Anna og utvandra med ho til Amerika i 1889, men sjølv om mosteri og huslyden hennar er godt dekt, ser eg ikkje spor etter Martha nokon stad. Her er huslyden til mosteri Anna: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar om denne huslyden er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #13 (#21) under! Og her følgjer eit oppdatert manuskript for Martha og huslyden hennar: ~~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye opplysningar om denne huslyden er dette manuskriptet erstatta av eit nytt i innlegg #13 (#21) under! Det hadde vore kjempebra om nokon greidde å finna att Martha Eriksdotter i Amerika, men eg er sjølvsagt òg svært takksam for alle gode tips om huslyden på Fjærestad i Balestrand.
-
Det var fleire personar frå Luster som busette seg på Alvøen i Strudshavn sokn, og ein av dei var husmannsguten Nils Olson Eide. Dette er nok ein huslyd som eg strevde med for 35 år sidan, men som eg den gongen laut gje meg på grunna manglande eller utilgjengelege kjelder. Eg har no søkt på ny etter opplysningar, og eg har finne ein del, men merkeleg er det at eg IKKJE greier finna vigslene til nokon av dei tre borni som i alle fall i børjingi må ha butt i Bergens-området, og eg finn heller ikkje spor etter eldste sonen som skal ha levt og butt i Amerika då faren døydde i 1911! Eg er overtydd om at det sit nokon i Brukarforum som greier dette betre enn eg!? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~~~ Nils Olson {Eide}, f. {i Luster} 30.4.1825, Nils O. Eide flytte i ung alder til Bergen der han 29.6.1855 gifte seg med Britha Rognaldsdotter frå Tuftedal i Balestrand, i Bergen kjend som Berte Marie Tuftedal. Ho var dotter av ##### (yrkestitel?) Rognald Pederson på Tuftedal, opphavleg frå ##### (garden på Tuftedal!) og kona Synneva Anfindsdotter frå Tue og f. i Balestrand 16.9.1825. Nils var ei tid dagarbeidar i Bergen, men vart sidan murar, og huslyden flytte kring 1856 til Alvøen på Askøy der sidan budde levetidi ut. Berte d. på Alvøen ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – før 1911) medan Nils Eide d. som enkjemann same staden 13.2.1911. Dei fekk fem born i lag: a. Sivert Andreas Nilsson Eide, f. i Bergen 23.12.1854, ##### (levde 1911 – må vera barnet som ifølgje dødsmeldingi etter Nils var busett i Amerika! – lagnaden hans?) b. Nilsine Bertine Nilsdotter Eide, f. på Askøy 3.4.1857, d. ##### (e. 1911!) Nilsine gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hennar? – e. 1875!) med Mons Erikson frå Prestbø på Fitjar, i Bergen kjend som Mons Prestbø. Han var f. på Fitjar 28.9.1851 og d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910! - https://digitalarkivet.no/census/person/pf01036708041999 Mons var mekanisk verksarbeidar, og han og Nilsine budde i Bergen. ##### (talet på søner og døtrer? – ingen n. 1910!) c. Ole Andreas Nilsson Eide, f. på Askøy 18.2.1859, d. på Askøy 6.12.1859. d. Andreas Olai Nilsson Eide, f. på Askøy 20.9.1863, d. ##### (dsato og stad for dødsfallet hans? – e. 1911!) Han gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans?) med Elen Caroline Carlsdotter Hermansen frå Bergen, f. i Bergen 13.11.187o. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01036615044389 ##### (yrke og bustad? – 1910: dykkar og steinarbeidar Stavanger!) #####(talet på søner og døtrer? – inkl.: * Agnes Elvine Eide, f. Bergen 20.10.1889 – n. 1910 * Berthold Marius Eide, f. Haugesund 29.5.1894 – n. 1910 * Nils Olai Eide, f. Bergen 26.2.1896 – n. 1910 * Dagmar Elena Eide, f. Stavanger 25.4.1902 – n. 1910 * Andreas Olai Eide, f. Stavanger 29.9.1903 – n. 1910 * Erling Eide, f. Stavanger 25.3.1905 – n. 1910 * Einar Eide, f. Stavanger 23.1.1906 – n. 1910 * Ellen Karoline Eide, f. Stavanger 26.5.1910 – n. 1910) e. Hans Christian Nilsson Eide, f. på Askøy 23.5.1867, d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1911!) Hans gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans?) med Anna Bolette Knutsdotter frå ##### (kvar på Tysnes oppvaksi? - https://media.digitalarkivet.no/view/8312/125 f. på Tysnes 20.9.1868. Ho d. ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910: https://digitalarkivet.no/census/person/pf01036708065076 ##### (yrke og bustad? – 1900: røyrleggjarsvein Bergen – sidan røyrleggjar!) ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.: * Haakon August Eide, f. DK, Bergen 20.11.1891 – n. 1900/1910 * Nils M. Eide, f. Bergen 13.7.1894 – n. 1900/1910 * Laura Birgitte Eide, f. DK, Bergen 25.7.1896 – n. 1900/1910 * Marie Karoline Eide, f. DK, Bergen 2.3.1899 – n. 1900/1910 * Alvilda Eide, f. Bergen 15.9.1901 – n. 1910 * Olaf Johan Eide, f. DK, Bergen 31.3.1904 – n. 1910 * Karl Eide, f. Bergen 13.3.1907 – n. 1910 * Borghild Eide, f. Bergen 30.3.1909 – n. 1910 * Alfred Martin Eide, f. KK, Bergen 24.5.1911) ~~~~~~~~~~~~~~ PS: Eg treng ikkje detaljar om dei mange barneborni etter Nils og Berte, men eg har teke dei med her for betre å ha oversyn over kor mange dei var... Eg takkar so mykje på førehand fior alle gode tips!
-
Eg vil i dag få presentera ein «ny» huslyd, som eg jobba mykje med tidleg på 1980-talet, men som eg grunna manglande kjeldetilgong aldri vart liksom heilt nøgd med. Moderne hjelpemiddel har gjort det mogeleg å komma litt lenger, men eg står likevel fast på ein del greiner og vonar no på lite vetta hjelp i Brukarforum! «Hovudutfordringane» her er: ** Lagnadane til dei to søstrene Elisabeth Olsdotter og Mari Olsdotter - som kanskje mest sannsynleg er flytte til Bergen? ** Lagnaden til Knut Olson Eide sin son og steson i Bergen? ** Soga om kona til Nils Olson i Bergen - Massie Johannesdotter og hennar eventuelle born? ** Lagnaden til Ole Olson Eide i Bø, opphavet til kona hans og lagnaden til dotteri Berthe Elisabeth!? Her følgjer so eit fersk oppdatert manuskript for denne huslyden der eg òg har teke med bakgrunnsopplysningar frå Luster: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet erstastta av eit nytt i innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Kirkebok for Kvernes, Bremsnes, Kornstad og Eide
Jonny Lyngstad postet et emne i Spørsmål om skannet materiale
For perioden 1869 - 1877 er kirkebøkene for Kvernes pr.gjeld med sokna Kvernes, Bremsnes, Kornstad og Eide ført sammen i ei og samme ministerialbok. For perioden 1878-1884 er sokna ført hver for seg i den samme ministerialboka. Dersom jeg søker etter Bremsnes, Kornstad eller Eide, enten samla eller hver for seg, kommer ikke denne boka opp. Jeg må bruke søkeordet Kvernes for å få de andre sokna opp, men for Bremsnes, Kornstad og Eide får jeg ikke opp handlingene for 1878-1884. Kirkeboka står oppført slik på Digitalarkivet: SAT/A-1454 568: Kvernes L0805: Ministerialprotokoll, Kvernes prestegjeld Arkivreferanse: SAT/A-1454/568/L0805 Ministerialbok for Kvernes prestegjeld 1869-1877 / Kvernes sokn 1878-1884 Geografi Fylke: Møre og Romsdal Kommune (1947): Kvernes Geografisk område: Kvernes prgj., Kvernes sokn, Eide sokn, Kornstad sokn, Bremsnes sokn -
Sophia Olsdotter Eide, fødd i Luster 1841 - sporlaust borte frå alle kjelder - kvar kan ho ha vorti av?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Nokre gongar har eg inntrykk av at kjeldene våre held meg «for narr», som i dette tilfellet: Husmannsparet Ole Arneson (1797-1880) og kona Anna Nilsdotter (1796-1873) på plassen Eidsbakken under Eide i Luster fekk fire born i lag. Yngste dotteri Sophia var fødd 23.9.1841 då mor hennar var 45 år gamal: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/7 Denne dotteri Sophia ser me ikkje noko meir til: * Ho er ikkje avlidi i Luster (listene er systematisk analyserte for mange år sidan!). * Ho er ikkje vaksinert i Luster 1841-1848. * Ho er ikkje konfirmert i Luster 1855-1863. * Eg finn ho ikkje nokon stad i FT1865! Eg kjenner kyrkjebøkene frå Luster «inn og ut», og i motsetnad til Hafslo, skal dei for Luster vera ganske nær 100% komplette for den perioden me her talar om! Me veit frå våre dagar at risikoen for å få eit funksjonshemma barn stig med alder, og eg kan ikkje anna enn å spekulera på om so kan ha vore tilfelle her, men kva kjelder har me i so fall å halda oss til? Hamna ho kan henda i so fall på ein sjukeheim i Bergen? Eller på eitt av sjukehusi som den gongen fanst i Sogn, anten i Sogndal eller i Lærdal? Det hadde vore kjempekjekt om lagnaden til denne jenta kunne finnast, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips! -
Dette er ei skikkeleg «hard nøtt» som eg har jobba med i mange år, men som eg berre ikkje greier gjera noko med! Kanskje nokon har tanker kring denne personen? Ole Erikson (Bolstad) (1720-1771) og kona Mari Andersdotter (1725-1806), båe av «bondestand», slo seg ned som husmannsfolk «ved Vatnet» under garden Eide i Luster og fekk fire born. Dei tre eldste vart alle gifte og busette i nabolaget, men yngstemann forsvinn: Aamund Olson «ved Vatnet» vart døypt i Luster 31.3.1765: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/68, Han vart konfirmert i Luster i 1785: https://digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457935 Det var mykje flytting på den tidi til Bergen, men det var òg ein del ungdom som reiste austafjells som soldatar, og eg meiner eg ein gong for mange år sidan var borti ein soldat Aamund Bolstad som ved hundreårsskiftet (1800) budde i Christiania og som eg mistenkte kunne ha røter frå Luster!? Eg er vaken for alle gode tips om lagnaden til denne guten og takkar so mykje på førehand!
-
Christen Pederson, fødd på Eide i Luster i 1801 - levde i 1823 - forsvinn - kvar kan han ha vorte av?
Lars E. Øyane postet et emne i Brukernes eget forum
Peder Ellingson (1754-1802) og Ingeborg Haagensdotter (1757-1833) var husmannsfolk på Galden under Eide i Luster. Dei fekk i alt åtte born, men fleire av desse døydde i ung alder. Ei dotter Inga tok over heimeplassen etter foreldri sine på Galden, og so flytte to døtrer til Bergen; * Anna (1788-1846) gifte seg i Bergen i 1831 med Ellef Ellefsen og fekk to born. Denne huslyden har eg oversyn over. * Cecilie (1794-1816) døydde på sjukehuset i Bergen, ugift. MEN, so var det yngste sonen: * Christen Pederson, døypt i Luster 2.2.1801. Me veit at han i 1823 framleis budde på Eide i Luster (kjelda for dette har eg ikkje for handi), men so forsvinn han som «dogg for soli»! Kan ogso Christen vera flytt til Bergen? Eg har so langt ikkje greidd å finna han att der, men kanskje andre har betre syn enn meg? Eller flytte han ein heilt annan stad i landet?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
-
Hvem er aktive 0 medlemmer
- Ingen innloggede medlemmer aktive