Jump to content
Arkivverket

Search the Community

Showing results for tags 'luster'.

  • Search By Tags

    Type tags separated by commas.
  • Search By Author

Content Type


Forums

  • Ask the National Archives of Norway
    • Questions about archival material and use of the archives
    • Questions about the use of the Digital Archives
    • Inquiries and messages about technical errors and metadata errors in the Digital Archives
  • Ask users of the Digital Archives
    • Users' own forum
    • Assistance with transcribing handwriting
  • Collaboration between the National Archives and users of the Digital Archives
    • Questions about volunteer efforts and source registration
    • Questions about proofreading of AMF material
  • Archived forums
    • Arkiv
    • Spørsmål om skannet materiale
    • Spørsmål om transkribert materiale
    • Andre spørsmål til Digitalarkivet
    • Tekniske tilbakemeldinger
  • Miscellaneous

Find results in...

Find results that contain...


Date Created

  • Start

    End


Last Updated

  • Start

    End


Filter by number of...

  1. Kari Østensdotter vart døypt «uekte» i Luster 26.12.1734. Far hennar var Østen Andersson (1706-1755), sidan gardbrukar på Holmestad i Luster, medan mori Anna Pedersdotter (Sage) (1716-1782) sidan gifte seg med husmann Sølfest Ingebrigtson (1716-1763) og busette seg på plassen «ved Sjøen» under Eide i Luster. Faren Østen Andersson vart gift med ei enkje som var faster til Anna Pedersdotter, men dei fekk ikkje born i lag og tok tydeleg tiln seg dotteri hans, Kari Østensdotter, som vart konfirmert frå Holmestad i 1756. Men der sluttar alle spor! Kari flytte frå Luster, og sidan me veit at foreldri hadde slekt som om lag på same tid flytte til Lom, spekulerer eg på om Kari òg kan ha flytt dit? Eg ser at ei Kari Østensdotter «Elfseter» gifte seg i Lom 3.11.1760 med Ole Johnson Galde: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001184099 og truleg er det den same jenta som med namnet «Galde» gifte seg som enkje i Lom 11.7.1776 med Johannes Olson Gauper: https://digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185249 Eg ser at ei innerst med namn Kari Østensdotter på 59 år bur på Galde i Lom i 1801, men det står ikkje noko om at ho er gift eller enkje: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058251001544 Og truleg er det ho som døydde på Galde i 1823, 83 år gamal: https://digitalarkivet.no/view/267/pg00000001664529 Ser me på fødselseegisteri frå Lom, finn me at Østen Elveseter mellom anna hadde to døtrer: * Karen Østensdotter, døypt 2.12.1740: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002154431 * Kari Østensdotter, døypt 28.7.1743: https://digitalarkivet.no/view/255/pd00000002155659 Eg reknar med at den første av desse to døydde kort etter fødsli...(?) Reint «empirisk» kan det sjå ut som om det var denne Kari Østensdotter fødd 1743 som sidan dukkar på Galde, MEN i so fall var ho berre 17 år då ho i 1760 gifte seg med Ole Johnson Galde, og det var for den tidi ganske so «ung alder» for ekteskap! Kan det ha vore TO personar med namnet Kari Østensdotter, og at det var Kari frå Luster som stod brur i Lom i 1760? Kva seier bygdeboki for Lom om dette? Elles skal me ikkje gløyma at det frå 1750-åri og utover var ei stor utflytting frå indre Sogn både til Bergen og til ytre Sogn/Sunnfjord, og eg ser ein barnedåp i Domkyrkja i Bergen som vekker interesse: * Anna Lovise, døypt 11.11.1759 av foreldri Johannes Larsson, bordarbeidsmann, og Karen Østensdotter: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011719dk&gardpostnr=6110&personpostnr=50144&merk=50144#ovre Fadrane seier meg ikkje noko som helst, lg dette er einaste barnet eg kan finna registrert for dette parfolket. Ikkje heller finn eg noki vigsle for Johannes og Kari/Karen noikon stad i landet! Førenamnet Anna Lovise KUNNE vera ei oppkalling av Anna Pedersdotter...!? Eg ser forresten ei vigsle i Askvoll 1.7.1765 for Ole Gjertson Roseth(?) og Kari Østensdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/8596/92 Dette parfolket fekk i alle fall desse borni (kjelde FamilySearch): * Anna Olsdotter, døypt i Askvoll 15.10.1768 * Mathis Olson, døypt i Askvoll 7.7.1772 * Borni Olsdotter, døypt i Askvoll 20.5.1774 * Eli Olsdotter, døypt i Askvoll 3.10.1776 * Sara Olsdotter, døypt i Askvoll 20.8.1779 Her har me òg Anna-namnet, men «vår» Kari var fødd i 1734, so då vert ho kanskje litt i eldste laget for alle desse borni? Det hadde vore skikkeleg «artig» om me kunne greidd å spora opp Kari Østensdotter frå Holmestad, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  2. Dette er ein utfordrande huslyd, som eg i dag er vorten gjort merksam på av Ivar Moe gjennom eit innlegg i eit anna tema! Ætteboki for Kyrkjebø omskriv under garden Tune denne huslyden: Knut Knutson Tune, fødd 1696, avliden 1765, gift med Sigrid Andersdotter frå Stronda(?) Ætteboki påstår at Knut var son av Knut Knutson Tune, d.e. (1675-1699). Denne Knut hadde ei søster Lussi Knutsdotter, som døydde barnlaus på Tune i 1749 og ein bror John Knutson som døydde før 1749, men som let etter seg ei dotter Anna Johnsdotter gift med Ole Rappen i Luster. Ein annan bror Ole Knutson var òg avliden , men hadde etter seg to døtrer gifte i Gulen! 21.8.1765 https://media.digitalarkivet.no/view/24165/333?indexing= vart det halde skifte på Tune etter Knut Knutson, og her kjem det fram at enkja ikkje visste anna on ætti hans enn at han hadde: * ein erving i Luster * ein erving på Hjertholm i Lavik * ein erving på Henriksbø i Gulen Ved ei oppattaking av skiftet 7.10.1765 kjem det fram følgjande: * Henrik Monson Østgulen og Ingeborg Monsdotter, søsteri hans som sa at mor deira var søskenbarn av avlidne Knut Knutson Tune * Britha Andersdotter gift med Løen ytre Hjertholm som sa at mor hennar òg var søskenbarn av Knut Knutson Tune * Anna Johnsdotter gift med Ole Rappen sa seg vera søskenbarn av Knut Knutson Tune Gravferdi hans i Vik syner ein alder på 72 år: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sogngrav&gardpostnr=22414&merk=22414#ovre 17.12.1749 https://media.digitalarkivet.no/view/24162/265?indexing= vart det halde skifte etter huskone Lucie Knutsdotter på Tune og følgjende ervingar er nemnde: * fullbror Ole Knutson * halvbror John Knutson, avliden, men let etter seg dotteri Anna gift og busett i Luster * halvbror Knut Knutson, avliden, men let etter seg sonen Knut Knutson på Tune Det var svært uvanleg at folk på den tidi flytte innover fjorden. Det gjekk helst utover, og eg trur at denne søskenflokken (Knut den eldre og søskeni/halvsøskeni hans) opphavleg var komne frå Luster, men eg er in kveld ikkje i stand til å seia kva gard dei kan vera komne ifrå!? Einaste sikre sporet me har i Luster er Anna Johnsdotter gift med Ole Rappen, og dette parfolket finn me att under garden Hærum på plassen Hærishaug: ~~~~~~~~~~~ Ole Sjurson Hærishaug, som me diverre ikkje kjenner opphavet til, var f. kring 1722 og vart konfirmert her i Luster i 1743. Han vart gravlagd frå Hærishaugen 22.4.1769. Han gifte seg 18.11.1745 med ei Anna Johnsdotter, men heller ikkje opphavet hennar er no kjent. Ho var truleg f. kring 1720 og vart visstnok gravlagd som legdelem 15.3.1781. Ole og Anna budde først nokre år på Rappatun under Høyeim, men dei ser ut til å vera flytte hit til Hærishaugen kring 1755. Ole hadde plassen so lenge som han levde, og det varte nok ikkje lenge før enkja kom på legd; ho flytte i alle fall snart ifrå plassen. Ole og Anna i Hærishaugen fekk ein son: 1. Sjur Olson (1746‑1790), vart strandsitjar i Årstu under Dale. ~~~~~~~~~~~~ Ser me på dei andre ervingane frå 1765, so kan eg ikkje finna spor etter Henrik Monson på Austgulen i Gulen. Brekke-boki har eg ikkje, men ekstraskatten 1762 for ytre Hjertholm i Brekke syner Løen med kone: https://media.digitalarkivet.no/view/47516/314 Løen er forresten eit svært uvanleg namn som eg ifrå Sogn berre kjenner frå Årdal! No vonar eg at nokon kan hjelpa meg identifisera desse ervingane etter Lussi og Knut på Tune i Kyrkjebø og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  3. Ho vært konformert i Nes kyrkje Luster på Palmesyndag 1740, 16 år gamal http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511680441.jpg nest nederst til venstre Kva skjer med henne etterpå ? Lagnad ? Luster har mange bygdebøker. Er ho og familien nevnt der ? Event i kva bind og side ? Med helsing Jon Sværen, Bergen
  4. Eg syner til denne merknaden i Kyrkjeboki for Luster A5 side 115: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/108 Heilt nedst står det at resten av konfirmantane for 1838 samt for 1839 skal finnast frå side 234 og utover, men desse sidene finn eg ikkje! Ligg dei kan henda gøymde ein annan stad? Eg takkar so mykje på førehand for oppklaring!
  5. Gardbrukar Sølfest Endreson på Ottum i Luster (1712-1763) var gift to gongar og fekk i alt fjorten born. Andre kona Britha Aamundsdotter frå Vikeim i Sogndal (1736-1810) var mor til dei fire yngste, men to av dei døydde unge, og dei to hine gifte seg i Danmark!! Ei av dei kom sidan attende til Sogndal, men einaste son hennar fór på ny Danmark då han vart vaksen! Eg samla det meste av desse opplysningane på 1980-talet, men har sidan greidd å supplera med ein del detaljar før eg no står «bom fast» utan å komma vidare... Kanskje nokon kan hjelpa meg? Slik ser eit oppdatert manuskript ut pr. i dag: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante og nyttige innlegg er dette manuskriptet no erstatta av ei nytt i innlegg #21 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  6. Kyrkjeboki for Jostedalen inneheld for 16.1.1785 denne teksten: «D. 16de blev jordet En gammel svag omfarende Stakkar som hiemmehørdte til Loms Præstegield men var fød i Lysters gield nafnlig Christopher Kystelsen 65 Aar» https://media.digitalarkivet.no/view/11519/40 Denne namnekombinasjon er svært uvanleg, men faktisk dukkar det opp ein slik person i Lom som brudgom 22.10.1776: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001185284 Denne Christopher Kjøstelson Galde er enkjemann, medan bruri Marit Jacobsdotter Galde er enkje. Eg har tross leiting ikkje greidd å finna noko meir av opplysningar om denne personen, so no spør eg Brukarforum: ** Er det mogeleg å finna ut lite vetta om livet til Christopher? ** Kven var første kona hans? ** Kven var Marit Jacobsdotter? ** Hadde han elles slekt i Lom? Eg reknar forresten med at Christopher må ha vore ein «uekte» son av gardbrukar Kjøstel Pederson på Berge i Luster (1696-1741), for han er ikkje i nemnd i skiftet etter Kjøstel i 1741. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  7. Johannes Tøgerson Yttri frå Luster er utgongspunktet for ein huslyd som eg jobba med på 1980-talet, men der manglande kjeldetilgong gjorde det vanskeleg å komplettera biografien. Eg har i dag greidd å finna nokre nye detaljar, men no står eg «bom fast». Johannes og kona levde lenge, men dødsmeldingane deira er utan innhald: https://media.digitalarkivet.no/view/27889/83?indexing= https://media.digitalarkivet.no/view/27890/120?indexing= Fattigvesenet reiste med det som var att etter dei... Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg er manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #14 under Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  8. Denne huslyden, som eg først jobba med på 1980-talet, har vorte liggjande utan at eg har fått på plass dei siste detaljane om dei. Finst det kan henda ei bygdebok som kan gje svar på dei detaljane som manglar? Eller kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg? Slik ser det oppdaterte manuskriptet mitt ut: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter fleire nye spennande innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt innlegg #4 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  9. Denne personen har eg leitt etter i snart 40 år utan å finna spor etter kvar han vart av. Kanskje nokon kan hjelpa meg leita etter han? Johannes Paulson (1724-1780) og kona Mari Torgersdotter (1738-1814) var husmannsfolk på Sanden under Fjøsne i Luster. Dei hadde fleire born som alle vart buande i Luster; berre denne eine sonen har eg vanskar med å finna att: ** Christen Johannesson, døypt i Luster 3.9.1761, er nemnd som konfirmant i 1781 og var då busett på Mørkrid i Luster, men det er siste gongen me ser han nemnd: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000457738 Kvar i all verdi kan han ha vorte av? Flytte han kan henda til Bergen? Eller kan han vera identisk med denne gardbrukaren i Aure i Møre og Romsdal; https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058432001580 https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051103002054 Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  10. Dette er ein huslyd som har lege hjå meg utan merksemd i mange år. Ein del opplysningar har eg greidd å finna, men eg står fast på ein del detaljar, særleg når det gjeld identifikasjon av foreldri på Lagmannsås i Fresvik og svigerdotteri Kirsti Olsdotter. Kanskje nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg vidare? Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt: ~~~~~~~~~~~~~ Ole Hansson Stegen, frå Lagmannsås i Fresvik, Leikanger, var son av gardbrukar Hans Bottolfson på Lagmannsås, opphavleg frå ##### (opphavet hans?) og kona Eli Zachariasdotter frå ##### (opphavet hennar?) og f. i Leikanger kring 1742. ##### (dåpsdato?) Ole gifte seg i Leikanger 22.6.1767 med Ingeborg Torgersdotter frå Hengesteg (bnr. 1), døypt i Luster 17.8.1739. Ole og Ingeborg flytte straks til Luster og busette seg som plassfolk i Bjørkestegen. Her vart dei til plassen frå 1773 på ny vart liggjande øyde for ei tid. Truleg brukte både Ole Hansson og ovannemnde Iver heile Bjørkestegen, og det er umogeleg å seia nett kvar dei hadde stova si ståande, men den mest naturlege plassen har nok vore her i Bjørkestegen 1. Ole og Ingeborg flytte kring 1773 til Hauge sokn i Lærdal der ##### (bustaden deira i Lærdal?) men kriong 1778 flytte dei attende til Fresvik i Leikanger der dei vart husmannsfolk på Stegen under Bøtun, ein plass som visstnok vart oppkalla etter heimen dei hadde i Luster. Ingeborg vart gravlagd frå Stegen i Leikanger 9.6.1811, medan Ole Hansson vart gravlagd same staden 23.4.1815. Dei fekk fem born i lag: ##### (sjekka at alle er medkomne?) a. Hans Olson (1768‑1772), f. og d. i Luster. b. Torger Olson, dypt i Luster 31.12.1770, flytte med foreldri til Lærdal og vidare til Fresvik og vart gravlagd frå Stegen 21.5.1789. c. Hans Olson, f. i Lærdal 1.11.1773, d. som husmann på Hove i Leikanger 4.7.1848. Hans gifte seg i Leikanger 21.11.1808 med Lussi Aamundsdotter frå ##### (ein plass, men kva for ein?) under Bøtun, døypt i Leikanger 29.4.1780. Ho d. som husmannskone på Hove 12.2.1846. Hans og Lussi var husmannsfolk på ##### (ein plass, men kva for ein?) under Hove i Leiklanger og fekk tre born i lag. d. Christen Olson, f. i Lærdal 18.2.1776, vart gravlagd frå Bøtun i Leikanger 3.7.1814. Christen gifte seg ##### (dato og stad for vigsli hans? – kring 1807!) med Kirsti Olsdotter frå ##### (opphavet hennar?) ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar? – kring 1772?) og d. som husmannsenkje på Bøtun 21.3.1845. Som enkje gifte ho seg 27.3.1815 att i Leikanger med Ole Lasseson frå Skau, døypt i Leikanger 23.3.1782. Han d. ##### (dato og stad for dødsfallet hans?) Christen Olson delte heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Peder, og sidan fekk Ole Lasseson hand om same plassen. Kirsti fekk i alt tre søner, to frå første ekteskapet og ein frå det andre. e. Peder Olson, f. i Leikanger 2.4.1779, gifte seg første gongen i Sogndal 7.2.1806 med Gjøri Rasmusdotter frå Nes i Sogndal, ei dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Hafslo 29.5.1778, men vart gravlagd frå Bøtun 25.4.1813. Peder gifte seg 24.5.1813 att i Sogndal med Ingeborg Rasmusdotter, ei søster av Gjøri og likeins frå Grøt under Nes i Sogndal og dotter av husmann Rasmus Andersson i Grøt under Nes (1757-1820), opphavleg frå Løken under Kvam nedre i Hafslo. Ho vart døypt i Sogndal 20.9.1789. Peder delte som nemnt heimeplassen på Stegen under Bøtun med broren Christen, men kring 1821 flytte Peder og Ingeborg til Sogndalsfjøra under Årvoll i Sogndal der Peder ei tid var strandsitjar til dei kring 1824 flytte til Bergen. Peder livnærte seg der som smed, men er kalla «dimittert soldat» då han d. i Bergen 7.11.1834. Ingeborg gifte seg 9.10.1842 att i Krosskyrkja i Bergen med enkjemannen Mikkel Iverson, opphavleg frå Fosse ytre i Hamre, i Bergen kjend som Michael Iversen. Han vart døypt i Hamre 25.10.1793. Michael og Ingeborg budde som strandsitjarar på Jægersminde i Sandviken i Bergen der Michael d. 2.5.1866. Ingeborg d. som enkje same staden 10.5.1866. Peder fekk i alt åtte born, to frå første ekteskapet og seks frå det andre. ~~~~~~~~~~~~~ Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  11. Eg har i mange år freista finna opphavet til spelemann og skreddar Anders Ingebrigtson som på 1820-talet dukka opp i Luster og gifte seg her 2.7.1827 med Anna Hansdotter Rønnei, fødd i Aurland 1804. Vigsli deira i Luster 1827 oppgjev alderen hans til 28 år med fødestad Stende i Valdres og far Ingebrigt Olson: https://media.digitalarkivet.no/view/11591/112 Anders Ingebrigtson «fra Ourdals Præstegield» var alt i 1821 komen til Luster då han 17.10.1821 vart far til ein Erik Andersson, fødd på Rønnei av mori Gjertrud Endresdotter: https://media.digitalarkivet.no/view/11590/132 Denne sonen Erik vart forresten ikkje konfirmert i Luster og er truleg flytt frå bygdi i svært ung alder!! Faren Ingebrigt Olson flytte òg til Luster på sine eldre dagar og døydde her 21.9.1833, 80 år gamal under namnet Stende av Nordre Aurdal: https://media.digitalarkivet.no/view/11592/144 FT1865 for Rønnei i Luster syner Anders som Anders Embrigtsen og fødd i Lærdal 1795: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038261005132 Anders døydde i Luster 8.2.1881, og då er fødselsåret oppgjeve til 1797: https://media.digitalarkivet.no/view/6916/393 MEN, FT1801 for Stende i Nord-Aurdal syner ingen personar som høver med Anders eller far hans: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058264005664 Og eg er ikkje stand til å finna nokon Anders Ingebrigtson/Embrigtson med far Ingebrigt/Embrigt Olson fødd i Valdres på den tidi, so den store utfordringi er: * Kven var Anders Ingebrigtson, og kven var foreldri hans? Eg kan forresten leggja til at Anders og kona Anna fekk to døtrer i lag, Martha og Elisabeth. Mor hennar heitte Martha, so kanskje Elisabeth er oppkalling etter mor hans?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om Anders og opphavet hans, og skulle nokon greia å finna att sonen Erik, fødd 1821, ville det vore ein ekstra «juvél»!
  12. Erik Lageson er ei kjempegåte som eg har hatt liggjande sidan 1980-talet, men som eg aldri har greidd å gjera noko med. Kanskje tidi no er kommi: Erik Lageson var fødd i Vigdalen i Luster og vart døypt der 25.1.1755. Foreldri Lage Andersson (1719-1784) og Martha Pedersdotter (1719-1765) var gardbrukarar i Vigdalen til dei i 1763 flytte til Bringe i Luster. Lage vart enkjemann kort tid etter, og i 1770 laut han gå frå garden, truleg grunna armod. Det vart halde skifte etter Lage i 1784, men buet var fallitt, og ingen ervingar er nemnde: https://media.digitalarkivet.no/view/24142/81 Lage og Martha fekk fem born i lag, fire døtrer og ein son. Eine dotteri døydde kort etter fødsli, og dei tre hine vart buande i nabolaget. Derimot har sonen Erik Lageson ei anna soge: Han vart utlagd til barnefar då Synneva (Sjursdotter) Bakken i Jostedalen 12.6.1775 bragte ein 24 veker gamal son (namn ikkje oppgjeve) til dåpen, og då står følgjande merknad i kyrkjeboki om barnefaren (litt vanskeleg å lesa): https://media.digitalarkivet.no/view/11519/14 «Erich Lagesen Grov som reiste til Kiøbenhavn 4 Uger før» Truleg tente han på garden Grov då dette skjedde... Eg har leitt «høgt og lågt» etter Erik Lageson, både i Noreg og i Danmark, men greier ikkje finna spor etter guten nokon stad! Kan han ha endra namnet sitt? Kanskje til Lausen?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  13. Siri/Sigrid Andersdotter er ei jente som har leitt etter sidan 1980-taletk, men som eg førebels ikkje har greidd å komma på sporet etter. Kanskje har nokon tips å komma med? Siri var fødd i Luster kring 1729 som dotter av husmann Anders Olson på Myrane under Fuhr i Luster og første kona Martha, som døydde i 1749. Siri vart konfirmert i Luster i 1749: https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000456539 Ho hadde ein einaste bror Nils Andersson (1726-1780) som vart gift i Luster og døydde som husmann i Haugen under Flahammar. Det er ikkje noko som tyder på at Siri må ha flytt so langt av stad, og FamilySearch har fleire spennande alternativ: ** Sigri Andersdotter (Skjeldestad) gift i Sogndal 17.4.1758 med Mads Christenson (Sogndalsfjæren) Name Mas Christensen Spouse's Name Sigri Andersdr Event Date 17 Apr 1758 Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway ** Sigrid Andersdotter (Stigen) gift i Sogndal 15.10.1764 med Ole Erikson (Kvåle) Name Ole Erichson Spouse's Name Sigrid Andersdr Event Date 15 Oct 1764 Event Place Sogndal,Sogn Og Fjordane,Norway ** Sigri Andersdotter gift i Lærdal (Hauge sokn) 16.3.1761 med Guttorm Johannesson Name Guttor... Johannesen Spouse's Name Sigri Andersdr. Event Date 16 Mar 1761 Event Place Lærdal, Sogn Og Fjordane, Norway ** Siri Andersdotter (Nummedal store) gift i Vik 16.6.1752 med Ole Hermundson (Gullteig) Name Ole Hermundsen Spouse's Name Siri Andersdr Event Date 16 Jun 1752 Event Place Vik I Sogn,Sogn Og Fjordane,Norway Kan ei av desse vera jenta frå Luster?? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  14. I samband med leiting etter noko heilt anna dukka denne jenta brått opp: Anna Iversen, fødd i Luster 1849, ugift «sypige» i Christiania i 1885: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295017999 Eg er ikkje i stand til å finna noki Anna i Luster som høver med denne omtalen, og no lurer eg på om nokon kan hjelpa meg identifisera ho? Kanskje vart ho gift og busett i Christiania? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  15. Dette er ei utfordring som eg vart merksam på alt tidleg på 1980-talet, men med dårleg kjeldetilgong fekk eg aldri gjort noko meir med saki den gongen. No er kanskje tidi kommi til å sjå litt meir på denne utfordringi? Christen Johannesson og kona Rønnaug Stenersdotter gifte seg i Lom 10.11.1756: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001183882 Christen og Rønnaug får ei dotter Kirsti som vart døypt frå Eidsneset (plass under garden Eide) i Luster 16.2.1772: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/82 So forsvinn dei att frå Luster! Kvar kan dei ha vorte av? Og kven var dei? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  16. Eg syner til denne vigsli i Hauge sokn i Lærdal 29.10.1730 (heilt øvst i venstre spalte på høgre side) https://media.digitalarkivet.no/view/11593/52 Christopher Monsson og Dordi (Dortha) Eriksdotter og til denne vigsli i RTinde sokn i Leikanger 3.8.1743 https://media.digitalarkivet.no/view/11565/51 Christopher Messingsmed og Britha Lassesdotter Eg finn desse borni: * Elisabeth, døypt i Lærdal 6.6.1730: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/51 * Erik, døypt i Lærdal 23.8.1733: https://media.digitalarkivet.no/view/11593/59 * Kirsti, døypt i Luster 25.2.1737: https://media.digitalarkivet.no/view/11589/9 * Mons, døypt i Leikanger 24.11.1743: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/52 * Dortha, døypt i Leikanger 25.10.1744: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/56 * Anna, døypt i Leikanger 10.10.1745: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/62 * Mons, døypt i Leikanger 7.9.1749: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/99 Ved eit par høve finn eg yrkestitelen «messingsmed», anten ved dåpen eller ved introduksjonen til mori, og dei hamna etter kvar på Osen i Feios, Leikanger der dei fire siste borni er døypte. Bygdeboki for Leikanger skriv under garden Rinde på s. 675/676: ~~~~~~~~~~~ Kristoffer Monsson «Messersmed» 1704-1770 g. 1743 m. Brita Larsdtr. 1705-1780 a. Eirik b. Lisbet 1730- c. Kristi 1740- ~~~~~ d. Mons 1743- e. Dordei 1744- f. Anna 1745- {referert til Rinde 120 som gift 1778 med Knut Knutson 1754-1814 - med sju born} Husfolk i Osen under Rinde. Kristoffer var messersmed, knivsmed, men er òg kalla messingsmed. ~~~~~~~~~~~ No er me so heldige at det 3.10.1770 vart halde skifte etter Christopher Monsson på Rinde i Feios: https://media.digitalarkivet.no/view/24166/256?indexing= Her kjem det fram at han let etter seg enkja, her kalla Britha Larsdotter, og fire born: * Erik Christopherson, myndig * Elisabeth Christophersdotter, 40 år * Christi Christophersdotter, 30 år * Anna Christopersdotter, 24 år Britha Larsdotter vert sett til formyndar for dei tre døtrene! Erik Christopherson er nok utan tvil han som med namnet Brekke gifte seg 11.11.1763 i Vik med Martha Aslaksdotter Vange: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=sognvigd&gardpostnr=10901&merk=10901#ovre Dei budde på ein husmannsplass i Vik som heitte Holen og fekk minst fire born der, mellom anna dotteri Dortha i 1770: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=sogndaap Men utfordringi er i første rekke denne: ** Kven var Christopher Monsson og dei to konene hans? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  17. Johan Peter Pedersen (Hopen) frå Bodø (fødd 1849) og Anna Olsdotter Eide frå Luster (1858) gifte seg i Krosskyrkja i Bergen i 1882 og fekk, so vidt eg kan sjå, fire born i lag. Dette er ein huslyd som eg freista finna ut av tidleg på 1980-talet, men eg kom ikkje særleg lenger enn dette grunna manglande kjelder. Med moderne hjelpemiddel er det lettare, men eg står likevel fast på denne huslyden som, bortsett ifrå eldste sonen, rett og slett ser ut til å «forsvinna»... Manuskriptet mitt ser slik ut: ~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye interessante opplysningar vert dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under! Her er huslyden i FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335040257 Mannen døydde 25.9.1902, men ddsmeldingi foprtel oss ikkje noko som helst: https://media.digitalarkivet.no/view/27889/174 Et ser ikkje noko meir til Anna som enkje, men eg finn ei ugift Anna Pedersen, fødd i Luster 1859? som var utsett frå Bergen fattigvesen til forpleining på Hopland i Austrheim 1910 - kan dette vera «vår» Anna?? - https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036705001141 Eg finn elles ingen av dei fire borni i FT1910, heller ikkje Peder Johan, so anten har dei oppgjeve feile fødselsdatoar, eller, for dei tre yngste sine vedkommande, var dei alt avlidne? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om denne huslyden!
  18. Omreisande hesteskjærar Ole Christopherson (1778-1824) og kona Dortha Marie Johannesdotter (1766-1823), som i mange år hadde vinteropphald på Slottet under Skildeim i Luster, fekk i alt åtte born. Eg har etter mykje strev greidd å gjera greie for ALLE desse borni med eitt unntak: ** Dortha Marie Olsdotter, døypt i Luster 16.9.1808, fekk flyutteattest tilo Sund i 1835, men det er òg det siste me ser til ho! Av søskeni hennar hadde ho ein tvillingbror Johannes, som vart gardbrukar på Vasvik i Hadsel. Tre andre brør døydde som barn, medan dei andre søskeni, tre fullsøstrer og ei halvsøster, alle budde i eller nær Bergen. Ei av dei var Monsina gift med handelsstyrar Jens Lars Arneson som på 1830-talet budde på Glesnesholmen i Sund, og som KAN vera grunnen til at Dortha flytte nettopp dit! Det hadde vore heilt kjempe om nokon greidde å komma på sporet etter Dortha Marie, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  19. Dette er ein huslyd som eg jobba med tidleg på 1980-talet, men som eg den gongen ikkje greidde å gjera so mykje med grunna manglande kjeldetilgong. Eg var meint på å ta huslyden opp til drøfting for fleire år sidan, men eg trur det vart gløymt, og eg vil difor no gjerne få henta han fram att frå «gløymsli». Kanskje er det nokon med lokal kunnskap i Øksnes og/eller Dverberg og Sortland som kan bidra med lite vetta hjelp til å gjera dette manuskriptet meir komplett? Her følgjer eit oppdatert manuskript: ~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange nye innlegg med kjempefine opplysnngar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #14 under! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  20. Adam Stevelinson Reutz (1683-1722), priviligert handelsmann busett på Heltnhe i Luster, var gift med Metta Andersdotter frå Rønnei (av den «sokalla» Heiberg-ætti) og fekk fem born. Yngst av desse var Else Malene Reutz, som må ha vore fødd kring 1705. Ho levde i 1722, men etter den tid har me ingen opplysningar om ho. Ho må ikkje forvekslast med den eldre søsteri Elsebe Margrethe Reutz som var gift i Bergen med Hans Hansson Rødberg og fekk elleve born med han! Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Else Malene!
  21. Me finn denne vigsli i Krosskyrkja i Bergen 5.4.1858: Ingebrigt Sjurson Bergsnes, fødd i Strandebarm 4.8.1832, smedsvein, og Christi Andersdotter (Qvale), fødd i Luster 1822 https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000948969 https://media.digitalarkivet.no/view/8345/88 Kyrkjeboki for Strandebarm syner at Ingebrigt er døypt under namnet Brigt Sjurson: https://media.digitalarkivet.no/view/11682/40 Men då han vart konfirmert i Strandebarm i 1849, heitte han Ingebrigt Sjurson: https://media.digitalarkivet.no/view/8305/179 Kanskje har han «adoptert» Ingebrigt-namnet undervegs? Finst det kan henda ei bygdebok for Strandebarm som har opplysningar om denne huslyden? Uansett: Den store utfordringi her er følgjande: Kvar vart det av Ingebrigt og Christi etter dei gifte seg i Bergen våren 1858? Eg ser ingen born fødde korkje i Bergen eller andre stadar i Noreg, og eg lurer på om dei straks etter vigsli i april 1858 kan ha «hoppa på» ei seglskute og utvandra til Amerika? Til orientering hadde Christi to søstrer: * Anna Andersdotter (1818-1878) - gifte seg med Lars Narveson (Skildum) og utvandra i 1861 til Columbia Co., WI * Susanna Andersdotter (1825-1912) - gifte seg i 1856 med Peder Friis i Flakstad og budde der levetidi ut. Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnaden til Ingebrigt og Christi! NBNB: Tematitelen er vorten endra etter at denne huslyden vart oppdaga i Skånevik og sidan i Fjelberg!! Innhaldet elles er stort sett uendra!
  22. Kårfolket på garden Kleivi, Søvde i Luster, Peder Pederson, fødd kring 1679, og andre kona Gunnhild Larsdotter, fødd kring 1695, var minst ti år før komne «på kåret» då dei i 1747 på tinget vart dømde for tjuveri og laut i fengsel. Men me ser ikkje noko meir til nokon av dei i Luster etter den tid, og eg lurer på om dei kan ha hamna på tukthuset eller festningen i Bergen sjølv i so høg alder? Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  23. Tøger Johannesson Bringe, yngste barn av Johannes Tollefson (1830-1921) og Bertha Tøgersdotter (1824-1888), gardbrukarar på Bringe i Luster, var fødd i Luster 3.10.1864: https://media.digitalarkivet.no/view/8402/49 Han utvandra til Amerika i 1882: https://www.digitalarkivet.no/view/8/pe00000000666441 Det har so langt ikkje vore mogeleg å finna ut kvar det vart av Tøger i Amerika, men eg finn ein god «kandidat» i denne karen: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6SV7-4G3 Johnson, Thomas Oct 1864 Nor Nor Nor - emigrated 1882 - teamster Johnson, Clara May 1871 WI Nor Nor - wife married 10 children no children Same mannen med mellombokstaven M(!) var i FT1910 vorten farmar i Machias precinct, Snohomish Co., WA: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9YY2-SHY4 Då er det oppgjeve eitt barn født, men ingen i live. Dessutan bur svigerforeldri der i lag med dei, Carl og Johanna Wester. Men denne Thomas Johnson må vera avliden (eller skild??), for i 1916 gifte Clara seg att i Everett, WA med Ernest Dolphin: https://www.digitalarchives.wa.gov/DigitalObject/Download/9cc080b2-8efd-4dbd-934e-5e8ce3cdae49 Her er dødsfallet hennar i 1934: Name Clara Dolphin Event Date 26 Jan 1934 Event Place Everett, Snohomish, Washington Gender Female Age (Formatted) 62 years 8 months 4 days Birth Year (Estimated) 1872 Marital Status Married Spouse's Name Ernest Father's Name Carl Wester Mother's Name Johanna Ramstead Det er jo litt «påfallande» at denne Thomas Johnson har same fødselsmånad og -år som Tøger, og ogso same utvandringsår som Tøger, men er det han?? Eg står heilt «bom fast» og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!
  24. Dette er ei utfordring som eg jobba mykje med på 1980-talet, men som eg med dei ressursane som var tilgjengelege den gongen, aldri greidde å finna ei løysing på! Kanskje er tidi komi no? Mari Andersdotter Drevdal, yngst av seks born fødde av Anders Olson (1824-1868) og Mari Hansdotter (1826-1871), husmannsfolk på Hagale under Drevdal i Luster, var fødd i Luster 17.4.1866 (#37): https://media.digitalarkivet.no/view/8402/62 Ho vart konfirmert i Luster i 1881 (#37): https://media.digitalarkivet.no/view/6916/271 Av søskeni hennar døydde ein gut kort etter fødsli, medan to brør var gifte og budde i Luster. To søstrer, som var dei eldste, båe i ung alder til Sogndal. Ingen var dei var gifte, men båe let born etter seg. Etterkomarar etter søskeni fortalte meg på 1980-talet at «Mari flytte frå Gaupne i 1914», men eg har aldri vore i stand til å stadfesta denne opplysningi, og ikkje finn eg ho att nokon stad i landet, korkje i FT1900 eller i FT1910! So no vonar eg at ein eller annan i Brukarforum kan komma med tips om kva som kan ha skjedd med denne jenta! Eg takkar so mykje på førehand!
  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.